DFDMK - Sesj 11 - Snupunktet Report | World Anvil | World Anvil

DFDMK - Sesj 11 - Snupunktet

General Summary

Dei Få brukte den første delen av sesjen til å roe nervene, og deretter gjekk dei i gong med å finne informasjon. Dei fann informasjon som tilsa at KMA var bak drapet på faren til Yema, informasjon om eit komande orkeangrep, at nokon var på veg for å rekrutere Su R’esill, samt eit kart over Kolonnøy med kryss på forskjellige plassar på Kolonnøy. Etter dette gjekk dei tilbake til hovedrommet for å sjå om alteret kunne virke interessant. Etter litt undersøkjing fann dei ut at dei kunne kome seg igjennom alteret gjennom ei dør berre dei fekk opna den. Tragn fann ut at å tenne eit bål på alteret ville gjere susen, noko det gjorde.   Gjengen tok seg då gjennom døra og fann eit rom med eit skjelett av Arlax, ein stor drake frå barnehistoriar på Kolonnøy. Etter litt undersøkingar tok Nobina seg vidare i grotta, og Tragn følgte like etter. Plutseleg begynte heile grotta å riste, og resten av gjengen måtte også legge på sprang. Vegen grotta bar var tilsynelatande ut i dagslyset.   Når dei kom ut såg dei et sverande luftskip kome flygande nedover dalen. Det blei eit strekt inntrykk for fleire. Nobina følte seg plutseleg veldig dårleg, og hadde ei kjensle av at nokon eller noko såg på ho. Når ho snudde seg, såg ho ein kjempestor drake stå eit stykke oppe på fjellet og sjå på dei. Draken gjorde seg klar til å ta vingene fatt, og satt blikket mot Dei Få. Etter kjapp tenking nappa Tragn opp kjeksen dei fekk frå Dangfart Sjøsalt og knaska han i seg medan han holdt dei andre i handa. Magisk lys kom opp rundt dei, og dei forsvant inn i ei magisk sky. Gjengen kjem til å havne plassen dei var 24. Seksmånad 55-4T klokka 10:00. Her slutta sesjen.

DFDMK_Main_Small.jpg
Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
23 Nov 2023
Primary Location
Fort Transitus

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild