DFDMK - Sesj 13 - Metal Gear Sæbe Report | World Anvil | World Anvil

DFDMK - Sesj 13 - Metal Gear Sæbe

General Summary

Etter å ha greidd å navigera seg usett gjennom slottet i førre sesj, tok gjengen seg ut av slottet iført forkledning. Der fekk dei til sin store skrekk sjå at hærane til kongeriket var i mobilisering oog heilt vanlege innbyggjarar blei verva inn i hæren. Dei greidde å lure seg vekk frå dette, og kom seg sør for slottet mot Sørmarkane i Sæbe. Der blei partyet splitta: Yema drog tilbake til heimen sin for å sjekke Tharlock Blomendal, og Sal reiste sørover mot Shank-tempelet i fjella aust for Vantar. EXIT JOAKIM.   Deretter gjekk vegen vidare nordover mot Havnebassenget Spa og Velvære der Matheus hadde fått beskjed om å møta Dangfart Sjøsalt. Dei tok ruta gjennom Sørhaug i Sæbe og haldt seg utanfor dei mest trafikkerte vegane. På veg kom dei over Dág Lykke som gjøymde seg i Lykke Dagligvarer. Ein spesiell og muffins fyr som tilsynelatande gjøymde seg for verving til hæren. Dei tok han med seg nordover mot destinasjonen deira.   Nesten heilt nord oppdaga dei at Kongen sine hærar nærma seg lokasjonen deira, så dei sneik seg innimellom husa for å unngå å bli sett. Dei fann til slutt fram til møteplassen og begynte å ta seg inn. Matheus sona ut eit sekund og gløymde heilt at han hadde passordet til døra, og det gjorde at Tragn I'Pizn braut ho ned. Då blei han møtt med ladde arbrøster, men dei fekk roa det heile i det Matheus kom på passordet. Sjøsalt møtte dei i døra og leda dei ned i kjellaren der han og fleire har laga eit operasjonsrom for motstandsbevegelsen. Der nede møtte dei på vinkjennaren Drei Zehn som driv Herr Zehn’s Vineri, samt Gunther Stålsatt som var der med krystallen sin.   Dei fekk ein periode der dei snakka ut om kva som hadde skjedd og Sjøsalt kunne fortelje at Kongeriket Kolonnøy har som intensjon å gå inn i Alveriket og ta over resten av Skjermøy. Dei vervar alt frå menn, kvinner, unge og gamle til dette. Einaste som er fritatt er barn under tenåringsalder og mødrene deira. Han kunne også fortelje at dei sjølv hadde som intensjon å flykte frå Sæbe og kome seg til Vesterstaa i første omgang. Det anbefalte han Dei Få også å gjere, då med eit flyktningsskip som skulle gå frå Sæbe Havn natta om ein dag. Dei vurderar det, men føler dei har ugjorte ting som må tas hand om før den tid.   Sesjen avsluttas med at Nobina ville sjå på krystallen til Stålsatt. Det fekk ho og ho valde så å ta på begge krystallane samstundes. Om det skjer noko, og i så fall kva, vil me sjå i neste sesj.

DFDMK_Main_Small.jpg
Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
31 Dec 2023
Primary Location
Sæbe

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild