DFDMK - Sesj 3 - Enter Sjøsalt Report | World Anvil | World Anvil

DFDMK - Sesj 3 - Enter Sjøsalt

General Summary

Gjengen har no kome seg fram til Dangfart Sjøsalt og fekk så snakke med han. Etter ei stund fekk Dangfart ein beskjed telepatisk at nokon hadde tatt seg inn for å finne han. Då transformerte han til ein sver goliat og stilte dei til veggs. Dei vart so enige om å inngå eit parnarskap for å finna ut kva som gjer at kobolder er ute etter denne krystallen. Dei blei so teleportert ut av bygget sånn at dei ikkje skulle verte tatt. Då hadde Nobina  eit nytt syn.   Dei vakna so opp i Nordhaug i Sæbe og bestemte seg for å splitte seg. Tragn I'Pizn og Sal T'pote gjekk ner igjen til Fagmannen's Brønn for å vente, medan Matheus og Nobina gjekk innom Sæbe Folkebibliotek for å finne meir informasjon om kobolder. Der fekk dei ein lore-dump om historien på Kolonnøy og om korleis dei forskjellige rasane går i lag.   Dei to andre møtte på ein småfrustrert Olufén McDarch som hadde hyra inn Harmonica til å spele hjå han, men dei mangla bassisten deira Riff Bru’Tonn. Oppdraget dei då fekk var å finne Riff Bru’Tonn og hente han tilbake. På veg sørover for å finne han traff dei på Matheus og Nobina Lulås som vart med dei på oppdrag. Etter eit kort møte med ein gjeng goblinar, etter at Sal T'pote hadde leda dei rundt i gokk ei stund, fekk dei til slutt tak i Riff Bru’Tonn. Dei fann også eit teppe i høla som Matheus tok med seg.   Seinare på kvelden tok dei seg ein velfortent drink og fekk servert ein personleg song frå Harmonica. Etter ei stund blei Matheus møtt av ei maskert kvinne som tipsa dei om "gamle herr Fredriksen" sitt hus. Der hadde ho sett kobolder kome ut. Kvinna viser seg å vere Yema Blomendal.

DFDMK_Main_Small.jpg
Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
08 Jun 2023
Primary Location
Sæbe
Secondary Location
Universitetet på Kolonnøy - Tekniske fakultet

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild