BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Riptide's Fortune

Aslam is looking for help with recovering Riptide's fortune, with which he intends to prove himself worthy to his father.

Backdrops

Locations

Riptide's palass

Encounters

Song's Key
Når Ceren går ned til Ørkengriffen møter han Song og Aslam. Song reiser seg for å gå, og gir Ceren ein nøkkel. "You'll know when to use this."
Talking to the anchor
Aslam har invitert Uglene til Ørkengriffen. Der forteljer han det han har oppdaga:
  • Han har svømt ned til palasset og funnet ein god inngang, kor det ikkje virker som det er for mykje farlege ting
  • Han har snakka litt rundt med forskjellege fisker og ånder, og identifisert at Riptide hadde eit system med trials, kor ein måtte komme seg gjennom dei for å fortene skatten hans
  • Andre vassgenasier og nokre sjøalver har prøvd før, men så langt som elva veit har ingen klart å komme seg gjennom og vinne skatten. Dei som går inn ender ofte opp som mat for fiskene, som dei er veldig takknemlege for.
  • Inngangen til trialsne skal være i tronrommet hans.

Meeting the Lord
Når Uglene, Aslam og Nadir kjem inn til Riptides tronrom, får dei sjå seg litt rundt. Etter ein liten stund manifesterer ein illusjon av Riptide seg på tronen, og spør kven dei er og kva store ting dei har utretta i livet sitt. Om han blir satisfied byrjer han å leie dei ned i trialrommet, som opner seg opp i golvet og leier dei ned.
The test of Strength - Wrangling the hippocampus
Riptide fortel om hans første store endeavour, då han meistra Salthesten. Uglene skal då få kontroll på hesten for å komme vidare til neste del. Hippocampusen har statsne til ein Water Elemental. Ein kan prøve å grapple den, men då slåss den berre meir. Ein må Intimidate den, eller nytte Animal Handling for å få kontroll på den. Om ein prøver å grapple den vil den slå tilbake og slå til den som grappler den.
The test of Cunning - Learning the ways
Svaret er "ikkje altid som det virker". Då må eg lage ein eller anna komplisert og sjølvmotstridande ting, med mattematiske spørsmål, gåter og eit eller anna tredje ting.  Først kjem Riptide med tre gåter:
  • "If you throw a red stone in a blue sea, what will it become?" - Wet
  • "What do vampires cross the sea in?" - Blood Vessels
  • "What does the sand say when the tide comes in?" - Long time no sea
  • "Why didn't the girl trust the ocean?" - There was something fishy about it
  • "You are on a sail boat and your in the middle of the ocean... the boat has four boards on the side that are 2 feet wide each... if the water level rises 4 feet, which board will the water reach?" - Neither, the boat floats.
For kvar av desse får dei ein bokstav til UR MOM GAY LOL. Så er det og nokre matteoppgåver: "Sjå for deke at deke har drept femti hobgoblins, og at deke drep fem i minuttet, men så kjem eg og drep tjuetre i minuttet, kor mange minutt må det då gå før eg har fleire enn deke?" "Kven er den sterkaste genasien?" - Riptide "Så for deg at du har fem kongler, og eg tek dei og øydelegg dei, kor mange fingre har du igjen då?" - 10 "Kva er common namnet på Daoen som styrer over Akshus? Kom igjen fetter, dette burde du verkeleg kunne?" - Jordskjelv "Kven er den beste genasien som nokon gong har levd?" - Riptide "Kven er den smartaste i dette rommet?" - Riptide  
The test of Wit - The knot
Ein gordiansk knute blir satt forann uglene og dei må løse den. Men det er ein magisk knute det ikkje går ann å løse. Korleis fikser ein det? Ein skjærer den over, sjølvsagt. Det kjem og giftig gass inn i rommet samtidig, og dei har avgrensa tid på å løyse den.
The test of Speech - Parlay with the Baron of Sceya
Partyet blir satt forann Riptide-klonen, og må fortelje han historier om ting dei har erfart, eller ting dei har høyrd om. Han vil høyre tre historier: ein historie om kamp, ein historie om kjærleik og så ein personleg historie frå dei. Og dei må forteljast bra.
The test of Endurance - Riding the riptide
Som ein del av den siste testen blir partyet teleportert til plane of Elemental Water, kor dei må svømme ned i ein hule. På vegen vert det tyngre og tyngre for dei å svømme, og dei må slåss mot vekten av havet over dei i det dei kjem lenger og lenger ned i mørket. Til slutt når dei fram til ein dør, som Ceren har nøklen til.
Riptide's Fortune
Til slutt kjem dei fram til Riptide's rikdom, ein massiv samling av gull, juveler og magiske items. Merfolk kjem og grattulerer dei, og leier Aslam inn i mitten, kor han får eit lite idol. Uglene blir bedt om å halde seg tilbake, politely. Når Aslam tek på idolet skrik han ut i smerte, og ein form manifesterer seg forann han, ein eldre og sterkare vassgenasi med auge som lys ut blått i vatnet og eit kaldt smil. Han seier:
"Takk for at du brakte meg tilbake, bror. Trist at det skulle koste deg livet. Eg skal huske deg etter den siste stund, eg skal huske deg når verda brenner i dei siste dager. La det være din belønning gode bror, at ditt minne skal overleve lenger enn vår verd."
The Favor
Riptide ser då ned på partyet, med eit karismatisk smil. Kulde breier seg ut frå han, då han har bonda med Kalddjupet. Han seier takk til dei, og at dei skal fortelje Altsehash at han skulder han ein tjeneste. Så teleporterer han dei vekk til Ælmesleóht.

Past Events

Lord Riptide var ein vass-genasi av unik ambisjon. Der dei fleste genasi gudekongene slåss for sine små kongeriker her og der, ville Riptide sjå verda. Etter fleire tiår med eventyr rundt omkring i heile verda hadde han bygd opp ein massiv formue, samt ein liten hær med lojale tritoner, sjøalver og sahuaginer. Med desse erobra han opp langs Ye'or-elva. Når han kom til eit spesielt stort undervannsreservoar såg han sjansen og bygde eit stort palass av edelkoral i hans eigen ære, og levde resten av livet der med soldatene hans. Ælmesleóht blei sakte men sikkert bygd over han, idet akshusere kom for å tilbe han.
Mange av søsknene hans og andre genasier prøvde å erobre byen hans, men han slo alle tilbake og holdt byen sin. Palasset vokste større og større når han utvida det meir og meir. Kjeldene er ueinige om nøyaktig korleis Riptide døde, eller om han døde i det heile tatt. I ein versjon av den akshusiske legenden om han reiste han opp til azerheim for ein audiens hos azerne, og ba dei forge eit mektig våpen for han imot at han skulle gjere ni store feats for dei. I følge denne versjonen jobber han framleis med den sjette, å plukke månen av himmlen som ein perle ut av sand. I ein anna versjon blei han utfordra av Sandstorm, en mektig jord-genasi, og dei to slåss til døden. I ein siste versjon tok han sine beste krigere på eit langskip og reiste til det Evige Hav, for ein siste ekspidisjon.
Etter han forsvant fortsatte Ælmesleóht sakte men sikkert å vokse, under dusinvis av forskjellege herrer. Dei første par kongene og dronningene var barn av Riptide, men palasset blei sakte men sikkert forlatt av Riptide's leigesoldater og eventyrere, siden ingen kunne matche hans prestisje og karisma. I dag er palasset erobra av havets dyr, men allslags sjøånder gjemmer seg og blandt statuer av Riptide og pillarer laga av sølvkoraler.
Det Riptide eigentleg gjorde, var meir ambisiøst enn noko av det. Han tok sitt beste skip, hans mest lojale mannskap, og reiste langt, langt sør, heilt til han kom fram til Evigfrosten. Der tok han Eldstaven azerne hadde lagd til han, og han skapte eit lite hol i Evigfrosten. Det var ikkje nok til at Kalddjupet kunne komme ut eller noko alt for farleg kunne forlate før Evigfrosten reparerte seg sjølv. Riptide kasta frå seg eldstaven sin, ga ein sjukt stor belønning til hans lojale soldater som hadde reist med han, og så hoppa han gjennom isen.
Han veit ikkje kor lang tid han var dernede, det var kaldt og mørkt. Trykket pressa ned frå over han, men det var skumlast når Kalddjupet endeleg la merke til han. Kalddjupet har eigentleg aldri sovd, det har altid prøvd å finne ein veg ut. Og no fekk det, for første gong på veldig, veldig lenge, kontakt med noko frå den ekte verda. Ein helt hadde knekt under trykket, ein myte hadde fryst til sjela og ein legende hadde blitt drept av Kalddjupets framande sinn. Men dette var Riptide det var snakk om. Han kasta seg inn i djupet, svømte djupare og djupare. Han svømte i fleire år, i fleire livsaldre. Han svømte gjennom vatn, gjennom is, gjennom damp, gjennom kulde og død. Og til slutt såg han Kalddjupets frosne hjerte. Han svømte heilt opp til det, på dette punktet var han ikkje mykje meir enn eit lik, ikkje mykje meir enn eit skjelett med huden og kjøttet hans rakna av under presset. Så tok han på det, og følte evighetens vekt på skuldrene hans, han følte tidevannet reise seg opp, han følte ein trang til å legge heile verda under mørkt, kaldt vatn.
Men han fekk også sjå makten i verdas skapelse, korleis ein kunne manipulere havet til å bøye seg til sin kommando. I eit splitsekund fekk han kunnskapen og makten til ein gud, og han smilte. Han hadde gjort det. Før hjertet slukte han i eit evig kaldt embrace smilte han. No måtte han berre vente. Han hadde ankeret sitt, og han hadde gjort sin deal med Altsehash. Han gleda seg til å komme tilbake til verda igjen. Livet hans, legenden hans, hadde såvitt byrja, og han kom til å være der når det siste slag stod mellom himmel og jord, hav og eld, liv og skygge. Og heile verda kom til å huske han.
Related Locations

Comments

Please Login in order to comment!