Kaurits
Det Kauritsiske Imperiet strekker seg frå Vestborg til Frostborg i vest. Imperiet nådde si storheitstid i 1018, etter annekteringa av Pomie og Dornvik. Samme året sendte Kaurits to bataljonar sørover, ein inn i Sørskog og ein inn i Sandhavet. Minst ein av desse vart snarleg trekt nordover etter invasjonen frå Nordalliansen.
Hovudstaden - Kaurits
Den nest største byen i Yggraul, med ei befolkning på over ein halv million. Som økonomisk, kulturelt og politisk senter for det mektige Kauritsiske imperiet er byen utforma for å vise storheita til keiserdømmet. Byen er delt av elva Lumja som munner ut i den Kauritsiske Golfen. Fiskebåtar og frakteskip ligg langs kysten, medan enger og åkar, haldt frodige av enorme vatningssystem, omringer byen mot aust. Nordsida av byen inneheld Det Arkanske Universitetet, Det Imperiske Palass, Dabla Moskeen, Himmelhagen og fleire imponerande bygningar.På toppen av den store klippa som reiser seg mot havet og elvemunningen i vest kan ein sjå den store kvite festningen Lumborg, som har beskytta Kaurits i nesten 5000 år. På sørsida av elva ligg slummen og hovedkvarteret til den Kauritsiske armada og Armé.Structure
Kaurits er eit Imperium kontrollert av Keiserinne Ablu Dabla den 4. Den daglege kontrollen av Imperiet er gjort av kongressen, beståande av 111 representantar frå ulike delar av imperiet. Dette kongressen inkluderer medlemmar frå ulike religiøse og økonomiske organisasjonar, som ikkje teller mot dei 111 representantane.
History
Skipa som ein bystat i år 722 FAF av Kvaren, etter området vart frigjort frå Aranion, som ein av dei fyste byane som vart frigjort. Ekspansjonen austover starta i år 689 gjennom diplomati og handelsavtalar og i den fyste halvdel av det 8. århundre hadde Rydal og Engedal kome under Kauritsisk administrasjon. På dette tispunktet starta den militære kampanjen som skulle foreine dei mennesklege statane til eit stort imperium og fordrive den orkiske plaga. Det var mykje fram og tilbake dei fyste åra, men etter Frostborg stod ferdig i vest vart orkane drivne tilbake til Nordtopp i løpet av det neste århundret. Før år 1000 var orkane si innflytelse på kontinentet driven tilbake til Pomie, etter dei vart drivne ut av Åsnes. Det seiast at nesten 40 000 orkar vart deportert frå dei nyerobra områda; Åsnes, Vibø og Tuvik, aleine. Fleire av desse stadane hadde orkar og mennesker levd saman sidan alvekeisaren døde.
Demography and Population
Estimert befolkning (1018): 8 Millionar. 80% Mennesker
Estimert befolkning (1020): 5 Millionar. 95% Mennesker
Type
Geopolitical, Empire
Demonym
Kauritser, Kauritarar
Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild
Comments