BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild

Naturalistane

Er den mest populære religionen i Yggraul og truande bur nesten eksklusivt i områder utanfor store byar og befolkningssenter. Det er ingen ofisiell organisering av denne trua, men der finnast meir dedikerte individ som truande ser på som mentorar. Ved å tilbe til eller ofre for ulike naturlege fenomen prøver tilhengarar av denne religionen å leve i balanse med omgjevnadane. Dømer på naturlege fenomen er endring av sesongar, ønske om gode avlingar, ønske om barn eller før ein sett ut med eit skip. Mange reisande (både på land og til vanns), gruvearbeidarar og landbruksarbeidarar er tilhengarar av denne trua. Det er veldig varierande grad av praktisering, nokre legg ein kopar på ein heilagdom før dei skal krysse eit fjellpass, medan andre har lange rituale med ofringar og halisunerande materiale på årleg basis.
Det er ingen ofisielle medlemmar men ein kan finne druidiske sirklar som beskyttar store naturområder. Ein kan og finne mektige beskyttarar i mørket av store skogar, i djupet av havet eller på toppen av forblåste fjell. Ein kan finne tempel drivne av munkar eller druidar som ønskjer å leve med naturen der personar går for å lære om emner som til dømes landbruk og navigering. Lærlingar i eit tempel betaler oftast for eiga opplæring, medan dei assisterer med vanlege oppgåver i tempelet, som vedlikehald, for å dekke opphaldet deira. Representantar frå slike tempel bærer det naturalistiske symbolet (mot høgre) når dei er i offisielt ærend. Heilagdomar er spreid rundt i Yggraul, oftast i form av naturlige lokasjonar, som eksepsjonelt gamle tre, oasar eller enorme skjelett.

History

Antatt å være den eldste trua i Yggraul, med røter tilbake til før gudane forsvann. Nokre av lokasjonane som blir tilbedt i dag er har spor etter å være tilbedt sidan før Alvekeisaren sitt rike.

Demography and Population

Antatt å være den største trua i Yggraul. Dei fleste bevisste skapningar tilber naturen på ein eller anna måte, som betyr dette er og den mest varierte trua. Frå Mennesker til Dragar, frå Havfolk til (mest truleg) prøver skapningar å leve med naturen. Sidan det ikkje finnast snev av organisering ser skapningar med samme tru ikkje på kvarandre som noko spesielle, men der finnast fleire mindre fellesskap som foreinast gjennom trua. Dømer på dette er druidesirklar, munkeordnar og naturlege kollektiv.
Logo:
Naturalistane cover
Type
Religious, Other
Alternative Names
Druidane, voktarane, dei naturlige,
Demonym
Naturalist, Druide, voktar, veivisar

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild

Comments

Please Login in order to comment!