BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild

Rettferdas Talsmenn

Den tredje største av dei store trusretningane og ein av dei to organiserte religionane. Representerer planet for lov og rettferd. Medlemmar av denne religionen tilber rettferdigheit og følger strenge moralske kodar. Personar som blir med i organisasjonen blir ofte motivert til å bli med i andre organisasjonar som utøver lokale lover, som til dømes vaktene. Rekruttar kan bli testa i sin nye jobb ved å bli prøvd bestikka, for å sikre seg at medlemmar ikkje er korrupterbare. Etter lengre tjeneste kan medlemmar søke om å få ei stilling som rettleiar for privatpersonar eller organisjonar eller som soldatat i Stridshansken. Stridshansen er den militære underorganisjonen til Justis Representantar, dei kan leigast for å hjelpe i saker dei meiner er moralsk riktige. Medlemmar som har bevist si tru på rettferd gjennom lang tjeneste og fullføring av eit mystisk ritual blir rekna som lovmeistrar. Lovmeistrar fungerer som nøytrale dommarar i viktige saker, rettleiarar for medlemmar eller meklarar i internasjonale konflikter.

Structure

Rekruttar har kunnskap om ulike lover, men lite makt innad i organisasjonen. Medlemmar er ofte medlem av byvakter eller embetsmenn.
Medlemmar kan velge mellom to typar spesialisering innad i organisasjonen, men det er ikkje nødvendig å velge ei spesialisering:
  • Rettleiarar
  • har meir organisatoriske oppgåver i organisasjonen og fungerer som rettleiar for anten sivile eller organisasjonar. Rettleiarar blir regelmessig stasjonert på mellomstore stadar for å hjelpe med organisering av busettinga.
  • Soldatar
  • er medlemmar i leigesoldatgruppa Stridshansken, som tek jobbar den lokale garnisonsleiaren meiner er riktige å ta. Mindre grupper soldatar kan og kjøpast for å beskytte busetningar eller karavaner. Gruppa kan og starte eigne kampanjar på eige initiativ i, til dømes, tilfeller med folkemord eller maktmissbruk.
Lovmeistrar er leiarane i organisasjonen, samtlege har ei stemme i saker som påverkar organisasjonen. Generelt arbeider dei som dommarar, rettleiarar for nye medlemmar eller meklarar i store konflikter. For å oppnå denne tittelen må ein ha minimum 10 år ansinitet i organisasjonen, som medlem, fullføre eit hemmeleg rituale. Det er aldri meir ein 99 Lovmeistrar.

Public Agenda

"Alle er like under lova, alle er like under hansken"

Assets

Regionale administrative senter er ofte plassert i moskear, med ein sentral kuppel. Dette store rommet er der alle møtast for rettleiing eller andre tjenester. Desse moskeane har store bibliotek og moglegheit for overnatting for sine medlemmar. Det er i desse bygningane ein kan finne dei lokale Lovmeistrarane. Stadar der Talsmenna har rettleiarar eller soldatar blir oftast overnattinga dekka av arbeidsgjevar.

Demography and Population

Spreidd ut over alle siviliserte land med medlemmar fra dei fleste siviliserte rasar.
Symbol
Rettferdas Talsmenn cover
Type
Religious, Organised Religion
Alternative Names
Talsmenna, Dommarane, Jarnneven, Vektarane
Demonym
Talsmann, Jurist, Justis, Dommar, Rettleiar, Vektar

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild

Comments

Please Login in order to comment!