BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild

Dei Heilage

Tilber gode handlingar og drar inspirasjon og energi frå det gode planet. Det er den nest største av dei fem store trusretningane og den største av dei to organiserte religionane. Denne organisasjonen har underavdelingar i alle store byar og siviliserte regionar i Yggraul. Individ som høyrer til denne Religionen følger vedtektene om å leve eit godt liv, der ein gjere ei positiv innverknad på omgjevnadane. Medlemmane av denne organisasjonen betaler ein liten sum for å være medlem og arbeider for å hjelpe dei som er svakare ein seg sjølv. Dei fleste barneheimar og fattighus i Yggraul er operert av Dei Heilage, mange sjukepleiarar, legar og clerics har starta si karriære i Dei Heilage si tjeneste Det å støtte denne organisasjonen kjem lett for dei fleste adlege og andre med midlar, da det stiller vedkomande i eit godt lys og fører direkte til verdiskaping i eigen region. Dei Heilage har oftast ei positiv instilling til Rettferdas Talsmenn og på stadar der begge organisasjonane har hovudkvarter finnast det ofte eit felles bibliotek.

Structure

Ein medlem betalar det dei meinar er passande for si personlege inntekt for å vera medlem. Dei er ofte frivillige på ulike lokasjonar rundt om i Yggraul, oftast på den same staden som dei meldte seg som medlem. Fleire, med midlar, som ønskjer å danne sine barn eller gje dei ei utdanning betaler for eit medlemskap i ein ny by i eit års tid. Kost og losji er dekka for medlemmar som er frivillige på lokasjonar dei ikkje bur i, medan frivillge i sin eigen by ofte har anna arbeid på dagtid. Frivillige har mange ulike oppgåver basert på kva dei kan og kva som er behov for på dei ulike lokasjonane, men det er vanleg at medlemmar spesialiserer seg over tid. Dei Heilage støtter denne spesialiseringa med vegleiing og tilgang til eit stort antall tekstar.
Ein Helgen er den som administrerer Dei Heilage innan ein region. Størringa på ein region kan variere og det er ikkje uvanleg at store byar har ein Helgen, medan området den byen ligg i har ein anna Helgen, oftast arbeider desse ut frå same katedral. Ein Helgen har minimum 15 år som medlem i organisasjonen og må nominerast til stillinga.

Public Agenda

Motto: "Vi bærer lyset til avgrunnenens forlatte sjeler" Verdiar: Empati og nestekjærleik

Assets

Dei fleste siviliserte områder og større busetnadar har kyrkje. Kyrkjer varierer i størring og funksjon, men består vanligvis av eit stort rom som kan gjerast om til enkel overnatting og mat for dei som treng dette. Det blir og gjort skriftingar om dagen for personar som meinar dei har gått vekk frå det gode, eller organisert aktivitetar som underhalding eller undervisning. Større busetnadar har ofte fattighus og / eller barneheimar drifta av Dei Heilage. Regionale maktsenter har ofte Katedralar, store kyrkjer, der aktivitetar for medlemmar av ordenen blir organisert, inkludert opplæring. Det er her den Heilage for den regionen held til, når vedkomande ikkje er på reise.
Symbol:
Dei Heilage cover
Eit forenkla symbol brukt av dei truande består av ein enkel gul sirkel.
Type
Religious, Organised Religion
Alternative Names
Lanternene, Duene, Dei blå
Demonym
Helgen, Lysbærar, Due, Prest

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild

Comments

Please Login in order to comment!