BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild

Skodda

Eit stort geografisk område, som strekker seg frå Verdsryggen til Vestgolfen, i Yggraul er dekka av permanent skodde. Det er mykje mystikk knytt til dette området. Blant anna seiast det at personar som går inn i Skodda anten kjem til å forsvinne fullstendig eller returnere aldra eller fleire år seinare, like gammal som når dei forsvann. Dette stemmer delvis, ein har funne ut at nokre "bobler" i Skodda har interessante kvalitetar knytt til tid og rom. Ei tredje type boble som ein antar eksisterer, basert på anekdotiske bevis, har ei negativ påverknad på individet sin sinnstilstand. Nokre effektar av denne typen bobler kan koplast til tap av delt personlegdom, besettelse, mental zombifisering og minnetap.
Ein av dei tre Titanane , Skoddereven, bur i Skodda og er mistenkt å kontrollere den, men er ikkje den einaste bebuaren. Skodda har ein eigen flora og fauna, samt intelligente rasar som har tilpassa seg livet i skodda, populært kalla Skoddevandrarar eller Tåkebuarar. Skoddevandrarane er rykta å bu i små landsbyar, men få har nokon sinne fått tilgang til desse. Dei arbeider og som vegvisarar for personar og karavaner som ønskjer å krysse Skodda eller nå Vulpe Domu, tempelbyen som tilber Skoddereven. Munkane i Vulpe Domu er frivillige Naturalistar som bur og steller tempelet fleire år om gangen, men er ikkje rekna som Skoddevandrarar.

Fauna & Flora

Skodda si fauna er mest på grunn av dei artane som har spreidd seg ut av deira naturlege habitat og inn i andre, Dømer på dette er Blights, Mycanoids, Displacer beasts, Mimics og Skysommerfuglen. I skodda har ein mange artar som har utvikla seg for å utnytte det konsikvent dimme lyset og tjukke skodda. Nokon kan gjere seg usynlige, andre kan sjå varme, nokon kan teleportere, andre kan stoppe skapningar frå å bevege seg og medan nokon et intelligensen til ein skapning frå avstand.
Skodda sin flora baserer seg nesten eksklusivt på mose og bregner. Desse sprer oftast sine sporar gjennom vatn eller ved at dei heng seg på skapningar som passerer. Fleire handelsmenn kjem ut av skodda og finn ut at det har byrja å vekse mose på utstyret deira, men oftast visnar den og døyr etter ein kort periode i sola. Dei få blomane som har utvikla seg i Skodda er ofte giftige eller har illusjonar knytt til forma si. Eit døme er Hjarteple som er eksepsjonelt søte, men ein av fire frukter er parasittiske og kjem til å byrje å vekse ut av personen etter ein dag. Ein har difor ordtaket: "Om du smakar Skoddas søte frukt kjem du til å smake Skoddas sure søvn".

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild

Comments

Please Login in order to comment!