BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

A Song of Knife and Fire Report

General Summary

Etter å ha snakka med Ead Sheran gjekk Uglene ut i festivalen. Blaecbrand gjekk raskt tilbake til palasset for å fortelje Ishmael om den utviklande Battlebard-situasjonen, Davor brukte sin heilage magi og oppdaga at lykkemynten var i bygningen med dei og gjekk for å undersøke det og Ceren og Rod gjekk til alkymistene for å sjå om deira gode tilbud var noko for partyet.
Ishmael virka meir confident og "princely" i dag, inntil Blaecbrand fortalte han om kva som skjedde med Ead. Han innsåg at han hadde gjort ein ganske stor feil, og at han måtte snakke med sine rådgjevere om dette. Han sa takk til Blaecbrand for å gi han informasjonen.
Davor oppdaga at ein azerdvergisk handelsmann, Jonatan Pedersen, har fått tak i lykkemynten. Etter ein konfrontasjon mellom dei to kom dei fram til ein avtale. Dei skulle ha tre konkurranser mot kvarandre: eit slag drage-sjakk, ein fjellgangs-match og så eit coin toss om det var uavgjort. Davor sa seg einig, og gjekk så til partyet for å fortelje dei om kva som hadde skjedd.
Ceren og Rod snakka med alkymisten, og kom fram til at dei ville bruke i overkant av ti tusen gull på forskjellege magiske items.
Uglene møttest igjen etter dette og bestemte seg for å kjøpe dei magiske itemsne. Davor fekk med vennene hans på å få lykkemynten frå Jonatan, og uglene gjekk bort til han. Utfordringene byrja med eit intenst slag sjakk mellom Blaecbrand og Jonatan. Blaecbrand, med hennar erfaring frå Toirecíuds hoff, spelte eit godt spel men det var litt for tett. Så påpeikte Ceren ein openbar feil i Jonatans forsvar, og det var alt Blaecbrand trengte. Ho slakta ned Jonatans forsvar, og fekk fanga han i ein mesters sjakk matt. Jonatan var fornærma og vonbroten, men så gjekk uglene opp på øverste etasjen, kor det var forskjellege leiker, deriblandt bryting. Rod gjekk fram med det nye beltet sitt for å duellere med han. Det var aldri eigentleg ein konkuranse. Rod kasta Jonatan til side og sparka han ut av ringen, og opp i Dharr sine jernarmer. Jonatan var missfornøgd med å ha tapt, men ga mynten til Davor da han hadde tapt i ærleg kamp. Så gjekk han ned igjen, til ein raskt minkande kø av handelsfolk.
Etter dette splitta partyet opp igjen, delvis for å utforske terrorist-trusselen og delvis for å nyte festivalen. Dharr og Ceren gjekk ned for å snakke med Ecce Coldsong, som dei mistenkte kunne ha noko å gjere med angrepet, Rod gjekk bort til tømmerhoggingskonkurransen, Davor gjekk ned til øglefolk matboda og Blaecbrand gjekk for å snakke med Farah Mustar, den akshusiske handelskvinna Theowulf mistenkte kunne ha ein kontakt med Stjerneborna.
Dharr og Ceren vart stoppa av Ecce Coldsong's manager, som sa at han jobbe veldig intenst med sine vocal exercises og ikkje ville forstyrrast, men at dei kunne komme forbi seinare når han var ferdig. Dharr og Ceren sa seg fornøgd med det, og gjekk ned i kjellaren i staden for å sjå om det var noko mistenkeleg der. Der oppdaga dei ikkje noko spesielt umiddelbart, anna enn at dei fleste akshuserne gjekk med sminke, sminke som potensielt kunne gjemme stjerneborn-tattoveringer eller andre oppgraderinger.
Rod koste seg med tømmerhogging og gjorde veldig bra arbeid, som fekk samla eit ganske stort publikum. Ein sjøalv spurte han om råd og hjelp, og Rod viste litt av teknikkene hans.
Davor smakte på triceratops-kebab, som var veldig godt, og så hadde han ein cook-off med øglefolk kokken. Davor gjorde det veldig bra, og nytta sin heilage magi til å lage eit skikkeleg show ut av det. Det var ein fantastisk myrkebab han lagde, og kokken var veldig imponert. Davor oppdaga ein ny hobby då. Så gjekk han og ga ein kebab til Jonatan, som plaster på såret.
Blaecbrand snakka med Farah, ein rik akshusisk handelskvinne frå Ælmelseóht og kjøpte forskjellege varer frå ho. Blaecbrands inntrykk av ho var at ho ikkje ville jobba med opprørere mot Gullimperiet, da ho berre hadde tjent på å arbeide med Gullimperiet. Blaecbrand fekk kjøpe hasj, krydder og kakao då, så ho var fornøgd.
Etter dette samla Uglene seg igjen. Dei brukte litt tid på å kose seg på festivalen, med dansing, sosialisering, shopping og shopping. Rod snakka med nokre av dei nye fansne hans, Ceren dansa litt for seg sjølv, Blaecbrand sosialiserte med Karolina og the high and mighty of Ælmesleoht og Davor gjekk ned for å shoppe. Både Blaecbrand og Davor snakka med Karolina Akeshi og fekk ein god tone med ho, og oppdaga at ho var interessert i å høyre om deira konflikt med biskopen. Uglene hørte og på Song synge ein sang, og Blaecbrand gjekk for å snakke med ho etterpå. Blaecbrand snakka og med Coelwold og dansa med han.
Medan Davor var ute på shopping oppdaga han noko spesielt. Dei akshusiske arbeidarane til Patrik Tømmersen, den dvergiske handelsmannen frå Sceya, virka veldig stressa og unngjekk aktivt å snakke med besøkande. Når han sa dette til Uglene vart ein plan raskt formulert. Blaecbrand skulle gjere Ceren usynleg, slik han kunne gå ned i kjellaren og undersøke Tømmersens utstyr, medan Rod og hans sjø-alv venn skulle distrahere han medan Ceren sneik seg ned. Denne planen gjekk veldig bra, og Ceren kom seg ned. Det er og verdt å nemne at Blaecbrand, Ceren og Nadir gjorde ein veldig fancy dansemanøver for å bygge opp legenden om at Uglene kan teleportere. Etter dette hjalp Blaecbrand Nadir med å finne ein alv, sidan ho verkeleg trengte ein alv right about now.
Der oppdaga han tre esker med tydelig Stjerneborn-utstyr. Han ser seks av dei lange sylindrene dei hadde sett før på installasjon under vatnet, dei som skyt ut magisk energi, samt seks av dei insekt-aktige hjelmene dei hadde sett før og tolv små sylindre og kuler han ikkje kjente igjen. Det var no tydeleg at stjerneborna hadde infiltrert arbeiderne i basaren. Ceren øydela låsene til eskene, og sneik seg opp igjen.
Uglene møttast igjen etter dette og kom fram til at dei hadde så mykje informasjon dei trudde dei kom til å få, og at dei no ville vente til ting byrja å skje. Blaecbrand gjekk ein tur ned til Ead Sheran for å få nokre ting signert, kor ho såg bror Amadeus med ein replika av Ead Sherans sverd til signering.
Under Ead Sherans konsert, kor Uglene var samla på tredje etasje, kom manageren til Ecce Coldsong opp til Ceren for å sei at det var klart til at han kunne komme ned. Han gjekk ned aleine og møtte på Ecce Coldsong. Han virka ganske genuin, men Ceren oppdaga nokre feil i forklaringane hans. Først og fremst at han ikkje hadde vert aleine på rommet, og at det var nokre esker i backstage-rommet som visstnok skulle innehalde robotiske pirater som ikkje ga meining. Han sneik seg inn gjennom Ead Sherans backstage rom og utforska desse eskene. I dei fant han fleire stjerneborn-våpen, og nokre mystiske devices han ikkje forstod formålet med. Han gjekk raskt opp til Uglene igjen og fortalte dei kva han hadde sett.
Med alt dette konkluderte Uglene med at stjerneborna kom til å gå til angrep tidlegare enn forventa, at målet deira var Karolina og ikkje Leberecht. Dei la planene sine raskt, og innsåg at det var veldig mange folk på øverste etasjen som ville problematisere ting ekstremt om stjerneborna skulle slå til no. Ead Sheran sin konsert gjekk sakte mot ein slutt, og dei måtte bestemme seg raskt for kva dei ville gjere. Davor foreslo at han kunne sende ein beskjed til Ead Sheran, og Uglene kom fram til at dei måtte be han om å få vekk så mange folk som mogeleg når konserten hans var over. Han tok ein liten pause i konserten sin for å drikke noko vatn, og så hørte Davor "Det skal eg få til, og så håper eg deke vil legge inn eit godt ord for meg hos prinsen. XOXO Ead."
Etter konserten sa Ead Sheran at publikum hadde vert fantastiske, og at han no ville ut og feire med dei. Dei skulle partye, og han ville betale første runde med drinks til alle. Heile publikum, og dei aller fleste folka i basaren, gjekk ut og blei med på festen hans.
Uglene bevegde seg nærare Karolina for å være klar når ting skjedde. Ikkje lenge etter dette hørte dei eksplosjoner, skriking og løping frå underetasjen. Stjerneborna hadde gått til angrep. Dei hørte og GA-dunk, GA-dunk lyden av stjernebornas rare våpen. Karolina og hennar fredslegionærer hoppa i aktivitet, og Uglene forklarte Karolina situasjonen. Akkurat då såg Uglene ein gruppe stjerneborn komme opp frå heisen på scena. Dei såg tre av troopersne dei hadde sett før, som peikte våpnene sine ned på dei sivile i forsamlinga. Ein blandt dei hadde ein kybernetisk hand, med ledninger inn i dei tre maskinene Ceren hadde sett i kistene. Ecce Coldsongs manager viste no alle hennar intrikate tattoveringer og byrja ein tale mot imperielt hykleri medan ho byrja å levitere oppover i lufta. Ceren mante fram boga si og nytta magien sin til å forsvinne. Blaecbrand var lei av å høyre på pretensiøse terrorister forklare sin "filosofi", så ho tok magien sin og fanga ho i lufta. Kampen mot Stjerneborna byrja.

Missions/Quests Completed

50 XP til partyet for å kjøpe nye magiske items
50 XP til partyet for å jobbe saman om å få tak i lykkemynten
50 XP til partyet for å mingle på festivalen og snakke med folk
50 XP til partyet for å oppdage ein stache med Stjerneborn våpen
50 XP til partyet for å planlegge kampen mot Stjerneborna
150 XP til partyet for å forstå kva planen til Stjerneborna er
50 XP til partyet for å jobbe saman om sending til Ead Sheran

Character(s) interacted with

Ishmael Tanin
Farah Mustar
Karolina Akeshi
Coelwold
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
13 Mar 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!