BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Aíma kai ekdíkisi Report

General Summary

Etter ei lita veke med kriminalitet, slåssing og etterforskning, blei partyet kalt av Asklepiades til å være vitne til velsigninga av hæren. Dei gjorde og ein del shopping, snakka med nokre folk og gjorde seg klar til reisen (men det skjer først på torsdag). Under velsigninga fekk dei sjå heile den whiesiske hæren som hadde vært med på krigen i Akshus, tusenvis av orker på hester med glaives og boger. Denne hæren reid rundt partyet og sang strupesang saman med Asklepiades. Etter ei stund reid tung armerte orker, somatofylakerne, nærmare partyet. Til slutt hørte partyet eit brøl, og dei såg Prins Polystratos komme flygande ned på ein gulldrage. Asklepiades drepte ei hest Polystratos hadde erobra i krig, og Polystratos lot hestens blod dekke han heilt.   Etter dette ritualet fortalte Asklepiades partyet planen hans. Han greidde å dedusere at kidnapparane måtte ha komt frå nordvest. Mesterplanen hans var då å bruke seg sjølv som agn, slik partyet kunne finne ut av kor kidnapparane held til. Når dei fant ut av kor det var skulle dei då komme inn, befri han og saman skulle dei drepe alle dei skuldege.   Asklepiades kledde seg då ut som ein gammal mann, og Geronimo og Rod flaug over han mens han gjekk på nordvest-vegen vekk frå Toirecíud. Det var då ein del adelsfolk som reiste fram og tilbake, men det var først om natten noko ulovleg skjedde. Ei hestekjerre med nokre alver stoppa ved Asklepiades og alvane hoppa ut, banka opp Asklepiades, bandt han opp og kasta han bak på hestekjerra. Rod og Geronimo flaug etter dei, og såg at dei stoppa ved ein stor villa langs kysten.   Heile partyet dro til villaen, der dei la ein plan. Geronimo skulle fly med Rod på ryggen og Dharr og Davor i klørne over villaen, mens Ceren og Blaecbrand skulle snike seg inn i huset. Blaecbrand brukte hennar nye magi for å gjere både ho og Ceren usynlege og så gjekk dei saman inn bakdøra. Dei begyndte sånn smått å utforske huset, men snart såg dei dei første kidnapparane. Dei såg at dei gjekk lett kledd i mørke klede og med dårleg laga firenske masker.   Dei bestemte seg for å gå ut igjen, og gjorde ei lita endring i planene sine. Dei ville prøve å banke på døra, slik Ceren kunne snike seg inn. Dei banka på døra og ei gruppe med kultister, leia av ein spesielt skummel kultist med ei demon-maske og knivbelter, åpna den opp. Ceren greidde å snike seg inn mellom dei og han endte opp aleine i villaen. Han sneik seg gjennom villaen, og såg leiaren samle kultistene i den nederste etasjen.   Han greidde å åpne opp eit vault-tårn, og han greidde å komme seg opp i fyrtårnet der han signaliserte til Rod og Geronimo at dei skulle komme ned. Blaecbrand greidde å snike seg opp i tårnet frå bakinngangen, der alle vaktene av ein eller anna grunn hadde gått vekk, og heile partyet samla seg igjen i fyrtårnet. Der fant dei nokre tønner med olje, som dei tenkte dei kunne bruke til å drepe kultistane med.   Dei gjekk ned i villaen, denne gongen med fleire tønner, men Dharr greidde å miste ei av tønnene på golvet. Denne tønna lagde eit massivt rabalder, og nokre av kultistane kom opp for å sjekke lyden. Dette førte raskt til ein stor kamp mellom 14 kultister, leiaren deira og ein scout som jobba med dei. Kultistene slåss med masokistisk glede og for kvar slag dei tok slo dei tilbake og skreik ut i orgasmisk nytelse når blodet deira blei spildt på golvet. Kampen begyndte med at kulten fekk bruke sin numeriske overlegenhet, men dei blei raskt desimerte av at Rod, Geronimo og Blaecbrand jobba saman. Rod kasta ei av tønnene sine til Geronimo, som tok den og flaug den midt inn i gruppa av kultister. Så snart ingen av hennar allierte var innafor rekkevidde kasta Blaecbrand ei eldkule på flaske med ytterst brennbar olje. Ein ekplosjon rista heile huset og alle kultistene som blei fanga i eksplosjonen blei momentant brent til aske (noko partyet har hatt ein god track record med så langt). Den einaste som overlevde var leiaren, som sprang inn i kampen og slo ned både Ceren og Dharr.   Men eksplosjonen var ikkje berre bra, sidan den vekte opp tre gigantiske giftige slanger som begyndte å angripe Rod. Han greidde å halde dei tilbake og drepe to av dei inntill partyet kom og assisterte han, men det var eit close call.   Kulten hadde sikkert vunnet om ikkje det var for Davor, som redda Dharr og Ceren med magien sin eit par gonger.   Blaecbrand greidde å paralysere både den siste kultisten og leiaren med ein fantastisk tima Hold Person, og Ceren fekk hemnen sin når han skøyt ei pil rett gjennom leiarens hode.   Etter denne kampen, der partyet blei ganske hardt skada, måtte partyet bestemme seg for kva dei skal gjere vidare. Rod og Geronimo ville ta ein liten kvil, medan Ceren og Blaecbrand utforska eit låst rom. Dei fant ei fallem som leia ned i ei kjeller, og Ceren sneik seg ned dit. Der hørte han ei gruppe alver snakke saman om å drepe ei ork og bli kvitt bevis. Han fekk raskt partyet ned i kjellaren, og dei sprang inn i kampen. Dei såg at Asklepiades hadde drept to medlemmer av kulten i eit fengsel, og at han var hardt skada i kamp med to til. Dharr, Davor, Blaecbrand og Ceren sprang inn for å hjelpe han, og saman greidde dei å drepe den eine kultisten og slå den andre bevisstlaus. Geronimo løfta opp Rod og flaug han inn etter kult leiaren han hadde hørt, som gjekk med ei maske dekorert med slanger og ei lang kappe også dekorert med slanger. Rod såg eit lite tempel i det innerste rommet, der nokre kjempestore slanger hadde drept kultistane. Rod rakk å sjå leiaren for kulten begå sjølvmord ved at han skar over sin eigen hals. Når han døde blei slangane til to-dimensjonelle representasjoner, og forsvant inn i kappa hans.   Etter kampen valgte partyet å torturere den einaste overlevande kultisten for informasjon. Dette viste å være ganske vanskeleg, sidan han likte smerte, men dei forstod raskt at Asklepiades sin heilage eld kunne brenne vekk sjela hans. Dei brukte trusselen om å få brent vekk sjela hans for å få ut all informasjonen frå han. Han fortalte at Ormdreda, leiaren for denne cella av kulten, hadde rekruttert han gjennom ei bokklubb, at cella brukte dagene sine på orgier, å slåss og generelt å nyte livet og dei hadde kidnappa nokre orkiske barn og levert dei til eit skip. Når han blei spurt om kven som ga ordren så kunne han ikkje svare, berre at dei jobba på Ormdredas ordre. Etter han fekk all informasjonen han trengte tok Asklepiades kvelertak på kultisten og brendte ut sjelen hans.   Asklepiades bestemte seg for å støtte partyet i kampen mot kulten og gjere alt han kan medan dei er i Akshus.   I det lille templet fant dei to statuer laga av greiner og tømmer, der den eine skulle forestille ei mann og kvinne arm i arm. Dei fant og ei lilla bok, som ser ut til å være kultens religiøse skrift.   Etter dette reiste dei tilbake til byen, og gjorde seg klar til turen til Akshus.

Rewards Granted

200 XP for å ha fullført Aíma kai ekdíkisi   380 XP for ein succesfull combat   2 Potions of Climbing   1 Potion of Greater Healing   1 Philter of Love
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
12 Oct 2020
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!