BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Blaecbrands siste dans Report

General Summary

Davor Smedsen, ein bror i Hammerens Brorskap, stod opp om morningen den femtande Fred. Han snakka med bror Absalon, som ba han om å snakke med fader Silvyr som skulle halde preiken den dagen. Fader Silvyr holdt ein preiken som oppildna til revolusjon og kamp, mot ønskene til både Absalon og Davor. Etter gudstjenesten gjekk Davor til Asklepiades i orke-bydelen, som fortalte han om partyet og at dei kanskje kunne reise på eventyr saman. Mot kvelden meldte Davor seg frivillig til å være med som vakt mot den Bleike Mann i den orkiske bydelen.   Etter eit par timer med vakt kom ein jernkjempe springande med ein bevisstlaus mann på ryggen. Kjempen introduserte seg som Dharr, eit medlem av partyet, og fortalte at vennene hans hadde funnet den Bleike Mann. Asklepiades var klar til å springe til partyets hjelp, men eit horn frå ein anna del av orke-bydelen signaliserte at ein ork hadde blit kidnappa. Asklepiades og orkene fokuserte på dette, men sendte Davor saman med Dharr til sjukehuset for å hjelpe til i kampen mot den Bleike Mann.   Rundt denne tid var partyet i sjukehuset. Blaecbrand hadde akkurat blitt possessed av ein demon, og ho hadde begyndt å levitere, fått mørke auge og lange skygge-klør. Ho lo ut høglydt, og datt ned bevisstlaus på bakken. Ceren vekkte ho opp, og ho virka forvirra over kor ho var og kor lang tid det hadde gått. Ho oppføre seg rart og snakka med seg sjølv. Rundt denne tiden kom Davor og Dharr inn med våpen, klar til å slåss. Etter partyet forklarte at dei hadde løst situasjonen satte Dharr seg ned saman med Rod og Geronimo for å ta ein kort pause, medan Ceren, Blaecbrand og Davor gjekk for å utforske resten av sjukehuset.   Davor oppdaga at ritualsirkelen i mitten av kappelett var dedikert til Orcus, den cthoniske guden av død og vandød. Ceren og Blaecbrand oppdaga at journalene til tidlegare pasienter hadde blitt organisert i ein kill-liste. Alle tre gjekk rundt i sjukehuset og oppdaga at alle romma hadde blitt åpna opp med vald frå utsida. Dei konsulterte Aurathear Darastrix og tenkte seg godt om for å finne ut av kva meir dei kan finne ut av i sjukehuset, og med demonen sin taunting greidde dei til slutt å skjønne at det ikkje var nokre lik i dette sjukehuset der hundrevis av folk, inkludert personalet, skulle ha dødd.   Etter denne innsikten gjekk partyet ned i kjellaren, der dei fant ein magisk fryst morgue, eit lager til medisisnk utstyr og ein tunnell som gjekk lenger inn under bakken. Rod og Davor fant spor i tunnellen, og Ceren greidde å identifisere dette som doktor Henriksen sine fotspor. Partyet bestemte seg for å følge desse fotspora. Etter cirka ein halvtimes gåtur overhørte partyet opprørt roping frå eit rom litt unna deira planlagte rute. Når Ceren gjekk fram for å utforske dette fant han rasistene frå tavernen som ropte til tre hobgoblins og ein dvergelady. Rasistene snakka om manglande leveringer, og dvergen sa at ho ville snakke med rasistenes sjef. Når Ceren gjekk tilbake til partyet bestemte dei seg for å legge eit overaskelsesangrep i håp om å fange smugglarane og interrogate dvergen.   Etter ein stund slutta ropinga, og blei erstatta av meir høffleg samtale som partyet ikkje kunne høyre heilt frå korridoren sin. Ein stund etter dette hørte dei bevegelse mot seg, og dei gjorde seg klar til kamp. Blaecbrand gjorde klar magien sin, og når ho såg ein gruppe med seks rasister komme gåande ned bestemte ho seg for å BRENNE DEI NED. Halvparten av dei blei umiddelbart brent til aske, og dei tre resterande blei grusomt, horribelt brendt og begyndte å skrike ut i smerte. Davor sprang ut i korridoren for å slåss og bakerst i gruppa såg han fader Silvyr, som såg horrified og sjokkert ut av det plutselege flammehavet forran han. Når han såg Davor blei sjokket erstatta av forvirring og overaskelse, og når Davor angrep kompanjongene hans vart han sint og han begyndte å synge og summone lyn frå fingrene sine.   Etter ein kort kamp hadde Fader Silvyr brukt mektig heilag magi for å sende det meste av partyet til dødens dør, og han rope ut til Ceren at han skulle overgi seg eller sjå vennene sine bli brendt. Det var rundt dette tidspunktet at Blaecbrand ga kontroll over til demonen, som hoppa opp til Silvyr og reiv hjartet hans ut, som drepte han umiddelbart.   Partyet bestemte seg for å brenne alle lika, knuse knoklene deira og ta det med i ein pose for å dumpe det ein eller anna plass seinare. Davor hadde i det minste eit lite ritual for presten som blei myrda i ein tilfeldig valdshandling, som om han var med i ein skrekkfilm der partyet er monstrene.   Partyet gjekk vidare etter trackene til doktor Henriksen, der dei på vegen møtte nokre alver i speglmasker som hadde ein likkiste som bevegde på seg. I eit unprecedented lurt valg bestemte partyet seg for å ignorere dette og fortsette vidare. Når partyet kom fram til utgangen doktor Henriksen hadde brukt sneik Blaecbrand og Ceren seg opp i huset hans, der Blaecbrand brukte magi for å paralysere han og Ceren bandt han ned.   Det siste som skjedde i denne sessionen, var at den Bleike Mann våkna til live frå døden og teleporterte lenger inn i tunnelene. Rod og Davor sprang etter han, men han var for rask og flykta inn i mørket.

Rewards Granted

1030 XP til alle i partyet

Missions/Quests Completed

Den Bleike Mann kom tilbake frå dei døde, men han har mista basen sin, våpnene sine, auget sitt og sin demonstein.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
21 Sep 2020
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!