BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Den Første Pause Report

General Summary

Etter den Bleike Mann forsvant bestemte partyet seg for å ta med den bevisstlause doktor Henriksen til Edrys-villaen, der dei kunne utspørje han i fred. Det meste av partyet sov den natta i Edrys-villaen, og det skjedde ikkje så mykje spennande. Bortsett frå at Rod såg ein stjerne flytte på seg og Davor såg spøkelser, that is.   Dagen etter bestemte partyet seg for å utspørje doktor Henriksen om hans rolle i mordene, og han svarte dei raskt og ærleg. Han fortalte dei at den Bleike Mann hadde komt til han og truga med å myrde han om ikkje han ville samarbeide ved å gi den Bleike Mann beskrivelser av overlevande pasienter frå pandemien 30 år før. Henriksen ville heller samarbeidde enn dø, så han hjalp til i mordene. Han fortale også at han hadde flykta frå sjukehuset under pandemien før ting blei for dramatiske, og at han hadde gjemt seg i tunnelene. Han teikna eit kart over dei delene av tunnelene han hadde kjennskap til, og lovte å sende eit brev til universitetet i Sceya og be dei om å sende ned ei ny delegasjon med leger. Som takk for hans ærlegheit blei partyet einige om å hente ei lege til kraniebruddet hans og å hjelpe han med å flykte til Gullimperiet.   Strangmaer, ei alvisk dødsprest, kom seinare og helbreda han.   Partyet blei ståande igjen utafor Henriksens rom i Edrys-villaen medan Blaecbrand gjekk for å snakke med mora si. Ho fortalte mora si om erfaringa med den Bleika Mann, og om ritualsirkelen i sjukehuset. Jeleneth vart veldig opprørt når ho hørte om sirkelen, og innrømte for Blaecbrand at det ikkje var den første gong noko slikt hadde skjedd. Ho fortalte om Edrys-familiens shady fortid og korleis Blaecbrands bestemor hadde kjempt lenge mot ein kult. Ho fortalte litt om at ho hadde blitt kjent med Blaecbrands far gjennom denne kampen, sidan han var ein eventyrer Alvana rekrutterte. Blaecbrand bestemte seg for å skubbe på no og greidde å presse ut meir informasjon frå mora si. Ho fekk vite at faren hennar var ein mann som hadde gått gjennom mange tragedier og at han var grunnen til at ho hadde dragemagi.   Etter dette rejoina Blaecbrand og Jeleneth partyet, der Jeleneth betalte dei for den gjennomførte jobben. Litt etter dette gjekk partyet ut i hagen, der dei viste Davor athamen og snakka med Hugi om kor hen skulle hatt møtet sitt med sine mystiske sponsorar. Hugi fortalte at hen skulle ha det om kvelden dagen etter i Be-Delfan, i eit av dei framleis åpne mausoleuma der. Hen gjorde det veldig tydeleg at hen ikkje ville være med på nokon form for utforskning der, men partyet bestemte seg for å gå opp og spionere på kven sponsoren enn måtte være.   No gjekk dagen mot ettermiddag, og partyet bestemte seg for å splitte seg opp. Rod, som følte på ein trang til å drepe, og Ceren, som følte ein trang til at Rod ikkje skulle døy, bestemte seg for å dra inn i Høgskogen og jakte på nokre gnoller medan Blaecbrand og Davor ville snakke med Asklepiades og bror Absalon. Før Rod og Ceren reiste til Høgskogen gjekk dei til ein lærarbeider og bestilte ein fancy sal til ugla, og gjorde livet vanskeleg for ein stakkars lærling som måtte jobbe heile natta for å levere denne.   Blaecbrand og Davor gjekk for å finne Asklepiades, og dei fant han midt i eit ritual der han sverga hemn på dei som hadde kidnappa den unge orken kvelden før. Han fortalte om sin intensjon om å "rive ut hjertene deira og offre dei til drageguden". Blaecbrand støtta han 100% i hans hemntokt, medan Davor ville prøve å roe han litt ned og finne hakket mindre groteske løsninger. Dei bestemte likavell begge to at partyet ville være med på dette toktet, og Asklepiades sa at han ville være klar den 21. og at han hadde ein plan.   Etter dette gjekk dei to til dvergebrakkene for å snakke med bror Absalon, men dei oppdaga ei dyster stemning. Nyhetene om fader Silvyrs død hadde spreidd seg raskt, og Absalon frykta det værste. Dei vart raskt einige om å dra til Dragegudens tempel og delta på Silvyrs begravelse. Når dei kom fram hadde begravelsen allereie begyndt, men det var ei spenning i lufta. Bror Roland, Silvyrs protege, mante i løpet av begravelsen opp til kamp mot den alviske adelen, og gjorde det offentleg at kyrkja ville være med på å danne fagforeininger, organisere streiker og slåss om nødvendig. Men meir umiddelbart relevant for partyet fortalte han at biskoppen i Ælmesleóht har sendt fem heksejegere for å finne Silvyrs mordere og straffe dei. Han fortalte at heksejegere er kyrkjas heilage våpen i kampen mot det vonde, ein hær av skapninger som kan lukte magi, høre løgn og sjå synd. Dei fem heksejegarane som kjem til Toirecíud er leia av Theowulf, mannen som dei siste fem åra har vert ansvarleg for okkupasjonen av Akshus og som er kjent for å personleg ha gjennomført flest henrettelser i Akshus sin lange og valdelege historie.   Etter dette gjekk dei to heim, med meir enn litt frykt i sjela si. Davor snakka med Absalon om kvelden, og spurte han meir ut om heksejegerne og heile situasjonen. Han spurte kva kyrkja ville gjøre om ei anna prest hadde drept Silvyr, og Absalon sa at det var heilt utenkeleg.   På Ceren og Rod sin tur inn i Høgskogen fant dei ein stor gruppe med alviske rangers. Kaptein Aelfgold Juen leia denne gruppa, og dei fortalte at dei endeleg hadde funnet hovedkvarteret til gnollene som hadde plaga Høgskogen så lenge, og at dei hadde tenkt seg å totalt utrydde dei. Han rekrutterte Rod og Ceren til å speide ut leiren, og etter ein stund fant dei fram. Der fant dei ein mindre gruppe gnoller enn dei forventa, og dei fleste av dei såg utmagra og svake ut. Rod, som mistenkte ei felle, bestemte seg for å angripe leiren i håpet om å utløyse kva enn dei gjemte på. Denne planen gjekk veldig bra, eller veldig dårleg altetter korleis du ser på det, når Rod for ned med ei flammesprutande ugle midt inn i ei gruppe gnoller med Ceren på overwatch til å snipe nokre av dei.   Eit par sekund etter kampen var begyndt blåste ei av gnollene i eit horn, og ei massiv horde med hundrevis av tungt armerte gnoller kom springande ut av hula og ut av innsjøen. Når dei blei mødt med denne overveldande styrken bestemte Rod og Ceren seg for å flykte så raskt som mogeleg. Når dei flaug vekk i ugla sine klør kunne dei høre eit djupt krigsrop bak seg, og dei snudde seg for å sjå ein massiv raud skikkelse med brutale horn, sinnsjukte, sinte auge og ein gigantisk greataxe som leia gnollene. Dei flykta til rangerne og fortalte kva dei hadde sett, og alle saman gjorde ein taktisk retrett. Dei kunne høyre horden med dens krigstrommer hyenelatter komme nærmare og nærmare, så ei gruppe rangers blei igjen for å halde stand. Dei holdt stand veldig bra, og rangerne greidde å flykte ut av skogen, medan Ceren og Rod flaug ut i tryggleik.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
26 Sep 2020
Primary Location
Secondary Location

Comments

Please Login in order to comment!