BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Dreams of the Deep Report

General Summary

Etter å ha beseira vampyrene trakk partyet seg tilbake til palasset, og brukte to dager på å gjere klar ein tale til biskopen og snakke med forskjellege folk rundt om kring i byen.   Kvelden etter dei hadde beseira vampyren identifiserte Davor kva hammeren dei fant i djupet var for noko. Han oppdaga at hammeren var besatt av spøkelset av ein dvergisk kriger, Lars, som ropte ut i vrede og smerte og ville ha Davor til å nytte han til å ta hemn på alle dei udøde skapningane i Akshus. Davor spurte Lars kven han var og når han sist huska noko, og oppdaga at Lars hadde døydd for fem tusen år sidan. Etter å ha lovd Lars å slåss mot udøde, tok Davor han med opp i Ishmaels tårn, kor han viste Lars verda rundt han. Han kjente ingenting igjen, ingenting ga meining, og han innsåg at verda hadde gløymd han og folket hans. Tida hadde rivd vekk alt, og øydelagt dei. Davor skaut inn med at tid hadde skapt dei og, og Lars la frå seg noko av vreden sin og reflekterte litt rundt alt dette.   Etter dette gjekk Davor for å legge seg, men han vart forstyrra av Ishmael, som spurte han om ein tjeneste. Ridderene hadde tenkt seg å ha ein minnestund for Viktor, og Ishmael lurte på om Davor, som ein prest, ville være interresert i å sei noko. Davor sa at han gjerne ville det, og så hadde han planer for kvelden etterpå.   Dagen etter splitta partyet seg, Ceren reiste med Ishmael til flyktningleiren, Blaecbrand byrja å skrive på talen og Davor blei summoned til biskopen. (Eg greidde å slette avsnittet eg originalt hadde skrevet her, så dette blir litt kort)   I løpet av tida i flyktningleiren samla det seg ein stor mengde med krigsoffre som hadde lidd under drage-eld. Desse ropte ut til Ishmael medan han stod og løfte korn til forskjellege flyktningfamilier, og sa at han var ein krigsherre og eit monster som hadde brakt død og ruin til Akshus. Han sa unskyld for alt som hadde skjedd, og at han skulle ønske han kunne skru tilbake tida og stoppe drageflammene frå å drepe så mange uskyldige. Men det kan han ikkje. Han sa vidare at han ikkje var prinsen deira, sidan dei kom frå stolte og mektige stammer som kvar hadde sine eigne tradisjoner og kulturer. Men han håper at han kan, gjennom tjeneste, handlinger og tru, vise seg verdig til at dei vil velge han som prins. Inntil då skal han tjene dei. Vidare sa han då at dei skulle byrje å bygge skikkelege bygninger til flyktningene, at moder Tatyana skulle få tittelen som Kongeleg Utsending og ressursene til å hjelpe flyktningene enda bedre og at kaptein Leberecht skulle byrje å trene opp alle frivillige slik flyktningene kunne få ein milits med skikkeleg trente soldater til å forsvare seg sjølv.   Medan dette pågjekk var Blaecbrand i intense studier. Saman med søster Anna fant ho ein måte å vinkle talen på slik at partyet ikkje verka som dei faktisk laug om noko, men meir som at deira ord hadde blitt mistolka. Anna ga ho og mat, drikke og kaffi der ho tenkte det var naudsynt. Etter ei intens skrive-økt reiste Blaecbrand ein tur til Ørkengriffen, kor ho hjalp Nadir med hennar chores og sa at ho trengte hjelp til å unwinde. Nadir sa at ho hadde det perfekt forslaget, dei to kunne reise på ein orkebar, drikke hestemjelk og bryte med nokre orker. Blaecbrand sa seg einig og fekk nokre klede av Nadir ho kunne slåss i.   Samtidig hadde Davor tatt ein tur til biskopen, kor dei to diskuterte fram og tilbake om teologi, religion, historie og moral. Biskopen prøvde litt å rekruttere han, men Davor gjorde det klart at han ikkje ville jobbe for ho, og at dei to på ingen måter var allierte eller på same sida. Dei to hadde forskjeller dei ikkje kunne overkomme, men biskopen såg likavell fram til å snakke med han igjen. Ho spurte han om draumene hans, men Davor sa at det ikkje var noko spesielt der. Etter samtalen med biskopen nytta Davor litt tid på å gå rundt i byen og leite etter ein drukkenbolt med eit lysande smil.   Etterkvart som tiden hos flyktningene gjekk mot ein slutt snakka Ishmael med Ceren, og spurte om han og Blaecbrand hadde nokre planer. Når Ceren sa "kanskje" forklarte Ishmael at han hadde nokre planer om å gi Blaecbrand ein anledning til å unwinde.   Det var slik Blaecbrand endte opp som Kongeleg Rådgiver om alvisk diplomati og Ceren som Kongeleg Rådiger om alviske forhold, i det diplomater frå Toirecíud fekk ein audiens hos prins-regent Ishmael Tanin. Diplomatene hadde venta lenge på audiensen, og leiaren deira var sint og fornærma når han storma inn døren. Dette sinnet blei erstatta med forvirring og så frykt når han såg Blaecbrand Edrys ved prinsens høgre hånd. Denne diplomaten var Eadelwic Ashan, ein relativt ung alv som lenge hadde hatt eit crush på Blaecbrand. Ishmael og Blaecbrand jobba saman for å brenne han til asker, i ein politisk forstand, og dei gjorde det tydeleg at Toirecíud måtte endre politikken sin når det kom til den menneskelege befolkning, ellers ville det ha konsekvenser frå Akshusisk side.   Needless to say, så hadde både Blaecbrand og Ishmael det veldig gøy.   Davor hadde i mellomtida brukt litt tid på å finne "drukkenbolten med det lysande smilet". Etter eit par timer med besøk til diverse barer og shadey establisementer, fant han vegen til ein halfling tigger med ein skeiv nase og bronsetenner (som han mangla tre av). I løpet av ein samtale med han (kor Davor måtte betale av gjelden hans hos ein øglemann) vart Davor kjent med denne mystiske halflingen. Han kalte seg sjølv Gregorio Castillo, og Davor huska kven han var. Gregorio Castillo var ein legendarisk bronsedrageprest, ein halfling helt som hadde reist imperiet rundt med sine lucky charms. No satt han forann Davor, redusert til ein skygge av sitt tidlegare sjølv. Han forklarte at han hadde mista lykkemynten sin under eit oppdrag i Ælmesleóht, at den hadde falt i elva og blitt fiska opp av ein fisker som hadde mista den til ein industriarbeider, som hadde mista den til ein handelsmenn og der mista Gregorio track av den. Han hadde prøvd å vinne den tilbake i spel, men hellet hans gjorde dette umogeleg.   Davor hørte på han, denne kyniske, uheldige halflingen, og han lovte å hjelpe han med å finne lykkemynten hans igjen, og ga han nokre gullmynter slik han kunne byrje å leite. Gregorio sa tusen takk, og flippa ein av myntene opp i lufta, der ein fugl tok den og flaug vekk. Han gjekk vekk frå Davor medan han prøvde å øve på mynt-trikse.   Ceren og Blaecbrand tok mogelegheita til å ta seg ein date på ein litt semi-ulovleg plass deira favoritt-genasi hadde vist dei: muren. Dei gjorde seg usynlege og sneik seg opp, kor dei såg ut over byen i det sola gjekk ned.   Davor gjekk til palasset, kor tiden var komt. Akshus sin kronelegion, Ishmaels beskyttere, hadde alle saman samla seg i ein av palassets mange hager. Der hadde dei alle saman samla seg, rundt femti stykk, og for første gong såg Davor dei utan rustning. Ishmael stod fremst og ba Davor komme inn i senter av ringen, der dei hadde gjort klar eit stort bål til Viktors ære. Ishmael sa nokre ord først.   Han fortalte om kor stor helt Viktor hadde vert. Som ung ridder hadde han reist til Qi for å forsvare flyktningene der og slåss mot dragenes legioner, og han hadde raskt fått på seg eit rykte som helt i heile imperiet. Alle dei største og mektigaste adelshusa ville gitt han jobb og ære som kommandør av dei mest prestisjøse livgardene i nokre av dei sikkraste plassane i imperiet. Men han valgte å sverge sin ed til Ishmaels familie, akkurat når dei hadde mista alt og stod med oske i hendene sine. Viktor tok Ishmael inn som sin ward, prøvde å lære han korleis å styre eit land og ville lagt ned livet sitt for å beskytte han. Viktor var broren Ishmael aldri hadde, og no som han er vekke er heile kronelegionen brødrene hans. Saman skal dei slåss for Akshus og forsvare folket deira mot trussler, både innvendige og utvendige.   Kaptein Leberecht, som inntil for nyleg hadde vært acting-captain Leberecht, fortalte at Viktor var ein stor mann som hadde etterlatt store fotspor å fylle, men at han skulle prøve sitt beste.   Så var det Davors tur å tale.   Han sa at Viktor var ein god mann, sjølv om det ikkje var hans plass å sei det, og at han døde medan han slåss for ei bedre verd. Davor sa at dei måtte følge i hans fotspor, at dei alle saman kom til å slåss for Viktors minne, for Viktors draum. Og så kom dei til å være med Viktor i evigheten, når arbeidet var gjort. Så la han symbolet han hadde crafta dagen før, ein liten krone til minne om Viktors liv dedikert til plikt og ære, på bålet og tente fyr på det.   Det var eit augeblikks stillheit, men så tok Leberecht ordet. Han gjekk ned på kne forann Davor, fortalte at Davor og vennene hans tydeligvis og var helter som slåss for rettferdighet og at Leberecht og ridderne hans hadde behandla dei uverdig og dårlegare enn dei fortjente. Han spurte Davor om tilgivelse. Davor såg ned i eit sekund, men så gjekk han og ned på kne. Han fortalte at Leberecht ikkje hadde noko å unskylde for, og så tok ga dei kvarandre ein krigers helsing.   Etter dette oppfylte riddarane Viktors siste ønske, og drakk seg sveisblinde på skikkeleg krietansk vodka. Davor joina sjølvsagt, og brukte kvelden på å bli kjent med riddarane.   Den natten drøymde Davor om Azerheimfjella. Han såg ein statue av guden sin, bronsedragen, men det var ikkje guden han kjente. Han såg Lars slåss mot Radames, og bli skjært ned. Han såg Lars reise seg opp tidsnok til å sjå byen hans i flammer. Han såg Lars falle ned, for å aldri reise seg opp igjen. Så høyrde han ein stemme som sa "Denne fortapte sjel tilhøyrde meg i eit tidlegare liv. Reparer han, sett han fri frå hans smerter og send han vidare."   Dagen etter gjekk Blaecbrand og Davor saman til bror Amadeus for å levere nokre amrikh-artefakter, medan Ceren gjekk til Sarab med juvelen og nokre av deira magiske items.   Etter han hadde snakka med Sarab og fått ho til å selge juvelen vidare, spurte han om ho kunne gjere han ein teneste. Han spurte om ho kunne prøve å finne nokre av biskopens hemmeligheter, noke partyet kan bruke for å velte ho. Ho sa at det var risikabelt, men at ho var villig til å gjere det mot at partyet skulder ho ein tjeneste og er villige til å jobbe for ho ein gong i kampen som står mellom elementherskarane.   Samtidig snakka Davor og Blaecbrand om biskopen, og etter dei hadde levert tjue antikke amrikh-mynter til bror Amadeus hjalp Davor Blaecbrand med å skrive ein god tale som ville appelere til biskopen og soothe hennar potensielle vrede. Davor stoppe og pointedly Blaecbrand frå å selge azerdverg-artefaktene dei hadde funnet, da han hadde andre planer med dei.   Etter Blaecbrand, med hjelp frå Davor og Anna, hadde skrevet ein fantastisk tale delte ho og Davor lag. Davor gjekk opp til palasset, medan Blaecbrand rejoina Ceren for å gå ein tur til Theowulf og hente nokre notater.   Davor plasserte alle artefaktene ut på rommet hans, og mana fram Lars. Han spurte kven artefakta tilhøyrde, og fekk svar frå ein eldsint Lars. Hodeskallen var hans eigen, tatt av Radames som trofé. Bracerne tilhøyrde Lars sin bestevenn, Torben, og hjelmen tilhøyrde kongen av byen. Davor spurte kva han ville gjere, om han ville gå tilbake og få ting slik dei burde være.   I eit sekund vart Lars meir stille, hans åndelege kropp endra seg frå raud til blå, og ein meir reflektert og melankolsk sinnstemning tok overhand. Lars fortalte at han måtte reise heim, at han måtte begrave dei skikkeleg slik at dei fekk æra dei fortente og sørge for at nokon huska deira liv og død. Men denne roligheten forsvant raskt, og vrede tok kontroll.   Davor tok Lars tilbake i hammeren, litt disturbed av Lars sin tap av kontroll men med mot og håp i hjartet. Han hadde eit mål no. Azerheim.   Når Blaecbrand og Ceren gjekk til Theowulf fekk dei snakka med han om litt forskjelleg. Han grattulerte med deira gode jakt mot vampyrene, og fortalte at han hadde vært særs busy. Han hadde oppdaga plottet stjerneborna planlegger i byen, og han treng partyets hjelp med å stoppe det. Han spurte derfor om dei kunne samle partyet og komme til han snart. Når partyet sa at dei skulle utforske lysene frå elva sa Theowulf at det var bra nokon gjorde det, sidan han sjølv ikkje fekk lov av kyrkja. Kyrkja trur det er ein eller anna form for kollektiv hallusinasjon, og vil at han skal bruke kreftene hans på opprørarane og terroristane. Det kom ganske klart fram at han ikkje er einig med kyrkjas prioriteringer eller måte å jobbe på, sidan dei berre gir han informasjon og peiker han i retning av eit mål å drepe i staden for å la han utforske sjølv og sjølv vurdere kva som er best å brukte tida hans på.   Etter dette samla Blaecbrand, Ceren og Davor seg forann katedralen, kor biskopen hadde samla ein gruppe med journalister. Det var nokre kalde og snappy replikker mellom biskopen og Blaecbrand, og nokre høflige kommentarer mellom biskopen og Davor. Ho ga ikkje Ceren nokre store ord, anna enn å åtvare han må å bli for glad i Blaecbrand, da det ikkje var ein match som kom til å vare lenge.   Så holdt partyet talen sin, og Blaecbrand leverte den perfekt. Ho gjorde det klart at partyet ikkje hadde lygd eller komt med nokre falske anklager, men at orda deira hadde blitt vridd på og tatt ut av kontekst, samtidig som ho greidde å appelere til biskopen og forbli på hennar gode side.   Biskopen ga ho ein kompliment for hennar gode tale, og så ville Davor halde hans hemmelige tale.   I ein fantastisk tale som kjem til å bli analysert av framtidas retorikere og sett på som eit essensielt verk i bronsekyrkjas teologi, sa Davor unskyld for alt dette som hadde skjedd. Han forklarte at så mykje hadde gått galt, utan at nokon eigentleg hadde hatt intensjonen om det. Han fortalte at dei måtte gå inn i framtida saman, og legge bak seg dette hatet, denne missforståelsen, slik dei saman kunne forsvare folket og stå saman som ein sterk kyrkje, som venner.   Og så sa han unskyld til biskopen. Så mykje hadde skjedd og så mykje hadde blitt sagt. Men ho hadde ikkje fått tid til å sørge for vennen hennar.   Biskopen var rørt, og ho måtte halde tilbake tårer i det ho endeleg fekk tenke på Silvyr som den døde vennen hennar.   Når Davor var ferdig med talen sin sendte biskopen journalistene vekk, og så snakka ho med partyet. Ho sa at ho kanskje hadde vært for harsh mot dei, og at ho ville gi dei ein sjanse til å være venner. Men dette forutsatte nokre ting. Dei måtte ikkje gå i vegen hennar, og dei måtte ikkje sette nasa si feil plass.   Når dei spurta kva som var feil plass, fortalte biskopen at den kompliserte politiske situasjonen i Toirecíud kunne gi kven som helst ein blodig nase. Blaecbrand sa at situasjonen ikkje var så komplisert som biskopen skulle ha det til, og biskopen var heilt einig.   Det var raskt ganske tydeleg at partyet og biskopen ikkje kunne være venner, ihvertfall ikkje det, men det virka som Davors tale gjorde mindre hostile mot dei. Når ho vart spurd om kvifor ho ikkje likte partyet, forklarte ho at kvar og ein av dei anten mangla motivasjonen eller viljen til å gjere det rette. Davor mangla viljen til å gå så langt som nødvendig for drageguden, Blaecbrand mangla rett motivasjon og Ceren mangla begge dele.   Etter denne tense talen gjekk partyet tilbake mot palasset igjen. Der fortalte Davor om hans situasjon med hammeren og spøkelset, og Blaecbrand fortalte at ho kunne gjere research for å finne ut av noko meir.   Om natten, etter alle hadde lagt seg, sneik Blaecbrand seg ut for å slåss mot orker saman med Nadir.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
07 Feb 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!