BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Loose Ends Report

General Summary

Denne sessionen byrja med at Uglene gjekk frå havnen i Ælmesleóht opp til prinsens palass. Der fant dei meir sikkerheit enn dei forventa, og når Ridder-Kommandør Leberecht såg dei ropte han dei til seg. Han fortalte at det hadde skjedd ein utvikling, og at Ishmael ville snakke med dei snarast mogeleg. Dei blei ført til eit krigsrom, kor Ishmael satt i samtale med Ridder-Kommandør Karolina. Dei snakka lågt saman og vart stille når Uglene kom inn i rommet. Ishmael reiste seg opp og ba Uglene, spesielt Blaecbrand, om å sette seg ned. Så fortalte han om kva som hadde skjedd i Toirecíud den dagen, nemleg at ein bombe hadde blitt sprengt ved havnen i Toirecíud. Denne bomben hadde utløst ein voldsbølge og mange av Stormbringarane, opprørarane i Toirecíud, hadde gått amok i den indre byen, slått seg gjennom byvakten og tatt seg inn i Juen-festninga, kor våpnene deira var konfiskert. Den no armerte mobben flykta ut i den ytre byen, kor dei slo til mot byvaktene som beleira katedralen. Fleire liv gjekk tapt på begge sider, og det er framleis ein del alver som er unaccounted for.
Saman med kopardrageprestene frå katedralen har Stormbringarane klart å slå byvakten ut av den ytre byen, som dei no har tatt kontroll over. Dei truer med å drepe alle som prøver å ta over byen og har kontroll på kven som reiser inn og ut. Fleire av dei alviske byvaktene har og blitt tatt til fange i tunnelene under byen. Castian Juen har anklagd prestene for å plante bomben, og utnytter no frykten blandt den alviske sivile befolkning for å bygge opp ein stor folkemilits. Det virker som han gjer klar til eit motangrep, men Byrådet har enda ikkje gitt han tillatelse til det.
Midt oppi alt dette har den imperielle ambassadøren, Ridder-Kommandør Leonid Ulkyanov, samla alle imperielle styrker i området i ein midlertidig styrke i den imperielle bydelen. Dei har gjort det klart at dei kjem til å angripe den styrken som slår til først, så for no er det ein anspendt fred i byen. Ulkyanov har sendt Sendings til monarkene av dei nærliggjande land,: dronning Kasandra Dynastos av Whiesia, kong Hartmann Ari av Sceya og Ishmael, og bedt dei om å intervenere før blodsutgytelsen fortsetter. Ulkyanovs styrker består av hans eigne Fredslegionærer, dei Sceyanske infantribattaljonene som har fri i Austkanten, Asklepiades og dei orkiske krigarane som har slått seg ned i den orkiske bydelen og alle imperielle som kan bruke eit sverd.
Ishmael spurte då Uglene, som har kontakter i Toirecíud, om råd til korleis ein kunne reagere på dette. Han var bestemt på å finne ein løsning som ville involvere minst mogeleg blodsutgytelse og han ville helst invitere leiarskapet for begge parter til Ælmesleóht eller Kryssvegen for å kunne diskutere ein avtale begge parter kunne være einige i. Partyet fortalte han at alt dei visste om adelen i Toirecíud, og Ishmael forstod at han burde prøve å appelere til dei moderate i Byrådet og undergrave Castian Juens autoritet. Han ville prøve å få til ein samtale mellom partene snart. Han fekk og vite at han burde snakke med Gurlion Uni-Frash og Høgmagikaren, sidan dei hadde mest makt på sida som var før de-eskalering av situasjonen.
Etter dette gjekk Karolina for å sove, og partyet fekk snakke på aleinerom med Ishmael. Der fortalte dei han at både Theowulf og Ead Sheran hadde fått viktig kunnskap om kven faren til Blaecbrand var. Ishmael var sjokkert og oppgitt, men han og partyet konkluderte med at han måtte hyre inn Ead Sheran.
Den kvelden hadde Davor ein prat med Lars, kor Lars manifesterte i sin meir melankolske form. Lars ville at beltet skulle returnerast til Ulaaberg, heimbyen hans, slik det kunne være der det skulle være. Men Davor bytta raskt tema, og foreslo at Lars burde være med på jakt etter stjerneborna, da dei kanskje hadde fleire slike artefakter. Lars sine auge byrja å lyse raudt, og hjartet hans endra seg til den voldsome fargen. Han sa seg einig, og at han ville være med å slakte ned stjerneborna. Davor sa at det var bra, men den natten kom guden hans til han i ein draum. Han blei fortalt at det aldri kom noko godt av løgn, og at det som er født av noko anna enn sannhet er svakare enn det som har ekte fundament. Han hadde edle intensjoner, men han måtte vurdere om dette var den beste måten å gjere det på.
Den natten sov Blaecbrand og Ceren i kapteinslugaren på the Wandering Truth.
Dagen etterpå gjekk Blaecbrand og Ceren for å snakke med Coelwold og Rod gjekk for å trene med Sandor medan Davor gjekk for å snakke med Gregorio. Han sendte ein Sending spell til Gregorio og dei to møttest i baren dei først hadde møttast. Der ga Davor Gregorio lykkemynten, og han blei umiddelbart fult av ein determination, fokus og livsglede. Han sa at Davor skulle gå med han, og dei to gjekk saman til Ørkengriffen. På vegen forklarte Gregorio at han var ein helgen, ein person som har ein direkte tilknytting til Drageguden gjennom drøyme, og at Davor er det same. Han høyrer ting, forstår ting og får instruksjoner som andre dødelege ikkje får. Han er eit ledd i Dragegudens planer. Etter ein stund med gåing kom dei fram til Ørkengriffen, kor dei gjekk for å snakke med Song. Gregorio ga lykkemynten til Song, som sa at Altsehash seier takk. Han fekk då ein kiste av ho. Dei skiltes veger, og dei håpte på å aldri sjå kvarandre igjen. Gregorio forklarte Davor at han hadde blitt sendt på oppdrag av Drageguden for fem år sidan, oppdrag om å finne denne kista. Easefa, faren til Nadir, Ruqayya og Sarab, skuldte Gregorio ein tjeneste etter Gregorio hadde hjulpet han med noko trøbbel nordpå, og han tok betaling i form av at han skulle hjelpe Gregorio med å få tak i kista. Det var slik Gregorio hadde endt opp i Ælmesleóht under beleiringa. Han hadde fått tak i kista, men han hadde vert arrogant og høg på seg sjølv og ein gruppa med ulve-alver angreip han og partyet hans. Dei slakta ned alle vennene hans og sparka Gregorio inn i veggen. Leiaren deira hadde sagt "The Laughing Wolf sends his regards, bitch", før dei hadde prøvd å ta mynten frå Gregorio. I ein act of spite hadde Gregorio kasta vekk mynten, som datt ut i elva. Alvene tok det ganske sårt, og etterlot Gregorio blodig på gaten. Gregorio hadde då brukt dei siste fem åra i smerte, drukkenhet og miserabelhet.
Han reflekterte litt over at han ikkje trudde at Drageguden hadde forlatt han, men heller at han hadde forlatt Drageguden med hans stolthet og arroganse. Han innsåg då at til og med dette var ein del av planen og han hadde lært frå sine feil, ved Dragegudens nåde og med Davor sin hjelp. Alt var ein del av Dragegudens plan. Han ga då Davor kista, som åpna den. Inni den såg han eit egg som såg ut til å være laga av bronse. Gregorio forklarte at det var eit pseudodrage-egg, og at det kom til å klekke når tiden var inne for det. Det ville då fungere som ein direkte link mellom Davor og Drageguden, og det ville hjelpe han ved å guide han når han var usikker. Gregorio fortalte då at han var usikker om kor han skulle reise vidare og Davor fortalte at Uglene hadde fått eit skip han kunne få lov å reise med på. Gregorio sa seg einig, men forklarte at han kanskje måtte forlate dei om han fekk eit inntrykk frå Drageguden.
Dei to gjekk då ut av Ørkengriffen, og Gregorio gjekk inn i tavernen ved siden av for å gamble med nokre rike handelsfolk og ta alle pengene deira. Davor var litt oppgitt, men det var forsåvitt Gregorio sin rett.
Etter dette gjekk Davor til den lokale Bronsekyrkja i Ælmesleóht, som holdt til i eit stort fabrikk-turned-kyrkje. Der snakka han med diakon Aethelgold om løgn, sannhet og når ein kan forsvare å lyge. Aethelgold forklarte at i hans meining kom det sjelden noko godt av å ljuge, og at ein berre utsatte potensiell smerte og gjorde den verre. Davor tok dette til seg, og bestemte seg for å fortelje heile sannheten til Lars seinare.
Etter å først å ha snakka med Coelwold gjekk Ceren for å snakke med heksejegarane Dominik og Ehrenfried, medan Blaecbrand snakka med Theowulf om ting som har skjedd. Etter å ha snakka med Theowulf gjekk Blaecbrand for å researche ferdig om Feywild. Med Annas hjelp fant ho ut av litt forskjelleg, men hovudsakleg blei hennar teorier confirmed. Det Anna var mest instrumentell i var å stoppe ein spion frå å stjele Blaecbrand research. Blaecbrand unmaska spionen og oppdaga at det var Song. Song forklarte at det ikkje var noko vondt meint med det, berre at Altsehash ville vite kor mykje Blaecbrand visste slik han kunne vite kor mykje han kunne lure ho. Det er berre ein del av spelet. Blaecbrand sa seg for så vitt einig, og sa at dei tre måtte ha ein samtale seinare. Song var veldig med på ein samtale over ein middag ein gong, og synast at dei burde henge ut ein gong.
Etter alt dette samla Uglene seg hos Theowulf, kor dei diskuterte planene deira framover. Etter litt diskusjon fram og tilbake konkluderte dei med at dei skulle reise vestover så snart som mogeleg for å øydeleggje utgravinga sør for Jansons ekspedisjon, og så skulle Uglene bruke litt downtime i Ælmesleóht slik Blaecbrand kunne lære seg å bruke teleportøren. Deretter ville dei angripe Fabrikken og så slå til mot Knivtempelet i Azerheimsfjella med teleporteringen. Theowulf ga og den følgende informasjonen:
  • andre heksejegere og sceyanske tropper slo til mot varehuset dagen før, kor dei fant ein del stjerneborn som dei drepte. Dei fant fleire kasser som tydeligvis hadde blit transportert under vatnet, med rifler, hjelmer og diverse anna utstyr.
  • dei fant og eit underjordisk rom som tydeligvis var eit vivisektorium av ein art. Dei fant fem mustarittiske akshusere som var så godt som døde, og som hadde store sekker som vokste ut av seg. Dei fant og ein maskin av ein art, som minte om ein stor edderkop med lange kniver og sprøyter som "bein". Denne blei øydelagt. Ein autopsi gjennomført av alkymistene viste at sekkene inneholdt organoider. Theowulf misteneker at det var dette datamaskina meinte når den sa at mustarittene var fint "råmateriale", at heliks-sekta nytter folk for å gro organene dei har i sine supersoldater. Dette minner litt om korleis heksejegere blir laga, berre deira ekstra organ blir grodd i reagensrøyr, ikkje i folk. Theowulf mistenker at heliks-sekta kanskje har kidnappa eller rekruttert ein alkymist, men han har ikkje funnet nokon records enda om alkymister som har forsvunnet i området.
  • professor Lazarus Winter, leiaren for dei alkymistiske styrkene i sør, har gitt ordre om at alt som er dobbelt av skal sendast til hans laboratorium i Nedre Akshus, men heksejegarane skal få behalde ein. Unntaket til dette er utstyret i krypten og teleportørene, som Theowulf har forklart at han treng. Den eine teleportøren, den ved basaren, skrudde seg av av seg sjølv etter ein stund og har blitt flytta til eit alkymistisk lagerhus, som er under bevokting av eisenmensch. Tobias Creuzfelt, professors Winter sin representant i Ælmesleóht (alkymisten med gullhanden), har tatt vare på desse og kjem til å assistere heksejegarane sin forskning. Som ein del av dette har han fått tilgang til fleire av fangene og interogater dei sjølv

Deretter gjekk Uglene til den sceyanske garnisonens hovudkvarter på nordsida av byen, kor dei skulle forhøyre gisslene. Når dei interrogata Farah Mustar blei det snart tydeleg at det ikkje eigentleg var ho, men ein av dei ansiktslause. Dei hadde ein lang og absurd, men effektiv, interrogation av denne skapninga kor den viktigaste informasjonen var at Farah Mustar framleis var i live, mest sannsynleg i den Ukjentes Tempel. Det blei då meir viktig å ta seg av den snart, da ho og ein av dei andre som hadde blitt erstatta, Patrik Tømmersen, var viktige handelsfolk med stor innflytelse i byen. Dei konkluderte og med at Ishmael skulle ta seg av å informere offentligheten om dette på ein politisk måte, og at både biskopens og Ishmaels organisasjoner måtte sjekkast med sannhets-magi for å sjå om dei verkeleg er kven dei påstår å være.
  Uglene gjekk då til katedralen, kor dei skulle snakke med biskopen. Der møtte dei Ishmael og ridderne hans, som skulle være med på prosessen. Ishmael forklarte at dei meste av forhandlingene hadde blitt gjort allereie, dei måtte i prinsippet berre gå inn og sei "ja". Blaecbrand var ikkje fult så sikker på at det kom til å gå så lett. Dei gjekk inn i katedralen, kor biskopen hadde dressed to impress. Ho stod i hennar fulle krigs-utstyr og ho venta på tronen hennar på prinsens undertrykkelse. Når Uglene kom nær nok gjekk Biskopen ned til dei, men ikkje så langt ned at ho ikkje stod høgare enn dei. Ho spurte kvifor Blaecbrand ville ut og reise, og Blaecbrand forklarte at ho ville drepe stjerneborn. Theowulf sa at ho hadde vert god hjelp og Ishmael sa at han voucha for ho. Biskopen aksepterte premissene deira, så lenge ho alltid reiste med ein heksejeger og loggførte med biskopens stabb kor ho hadde tenkt å reise. Blaecbrand aksepterte desse premissene og forklarte at ho no og hadde eit skip som ville være lett å følge.
Biskopen ga då Blaecbrand lov til å reise, og så spurte ho kva dei synst om den noverdige situasjon i Toirecíud. Uglene fekk inntrykk av at biskopen var veldig fornøgd med utviklinga, sjølv om dei ikkje fekk ut av ho om ho hadde noko direkte med det å gjere. Ho forelso at Castian Juen kanskje kunne være den ansvarlege. Ho gjorde det og klart at om Uglene ville være med i ein allianse mot Juen, at det då ville være lettare for biskopen å sette til side ressurser til å slåss mot kulten. Ingen konkrete planer ble lagt, men begge sider hadde ein utveksling av sassy kommentarer, som Blaecbrand definitivt var på den vinnande siden av. Davor forelso og til biskopen at dei burde drikke te ein gong.
Uglene samla seg då den kvelden i villaen sin, og diskuterte kven dei ville ha med på skipet. Ein liste med namn blei drafta dei skulle kontakte dagen etter. Det var og mykje engasjement rundt egget Davor hadde fått, spesielt frå Davor og Blaecbrand, og dei greidde og å overtale Ceren og Rod til å dele deiras excitement.
Den natten drømte Davor om ein ny plass, om store og prektige farmlands. Forann han såg han ein liten androgyn figur med brennande lærstøvler, tre kniver gjemt vekk forskjellege plasser og ein brei stråhatt. Denne personen såg ut som ein halfling med blondt hår, lysande oransje auge, dragetenner og ein lang dragehale. Hen stod og leikte med ein bronsemynt og introduserte seg som Brandolaine, ein del av bronsedragen og Gregorios gud. Hen sa takk til Davor for å ha hjulpet Gregorio tilbake til lyset, og ga han sjansen til å stille spørsmål da hen visste at versjonen av hen Davor har hatt mest med å gjere, Ulaa, kunne være veldig kryptisk.
I løpet av samtalen forklarte Brandolaine at Davor var ein helgen av Drageguden, spesielt utvalg av eit av aspekta til å direkte forme verda og folk sine liv på ein god måte i henhald til Dragegudens plan. Hen forklarte at guder høyrer til i verdener utafor den materielle verden og verker gjennom agenter i virkeligheten og engler. Pseudodragen er då ein type engel, som vil hjelpe Davor ved å ha ein direkte kopling til Drageguden og hjelpe han med å ta dei rette valgene. Når Davor spurte om kvifor det var så mange kryptiske råd og symboler forklarte Brandolaine at guder ikkje er heilt frie skapninger men er bundet av ritualene dødelege påtvinger dei. Ulaa er for eksempel veldig kryptisk, fordi det er i hennar natur. Ho meiner at ein må finne sin eigen veg, og at rådet hennar meir skal være guidelines i korleis hennar følgere velger å påverke verda. Brandolaine er, av natur, meir direkte og konkret med hennar mål (stjel denne tingen, lur den personen, sjå denne hendinga). Når Davor spurte kvifor forskjellege deler av kyrkja jobber mot kvarandre, og dermed kvifor forskjellege deler av den same guden jobba mot kvarandre, forklarte Brandolaine at Drageguden hadde eit overordna mål alle dens aspekt var einige om: forsterkinga av imperiet og forsvar av dens folk. Men korleis ein skulle gjere slik var det ueinighet om.
Nokre aspekt, som den biskopen følger, har ein meir direkte tilnærming. Andre jobba på saktare vis, med meir finesse. Men alle hadde same formål. Davor og biskopen hadde det same endemål i Akshus, men på forskjellege måter. Og grunnen til at deira mål var forskjellege var at deira aspekt av Drageguden hadde forskjellege prioriteringer. Gregorio har heller ikkje same mål som Davor, han skal vise dei mektige at dei og bunn i grunn er svake og bringe ned dei som er høge på seg sjølve, medan Davor skal redde liv og bygge folk opp.
Til slutt i denne filsofiske diskusjonen fortalte Davor at han ville få være med pseudodragen så snart som mogeleg, og Brandolaine sa at det gjekk fint. Han skulle då varme den opp i ein smie når solen gjekk ned, og så ville den komme. Hen ga og Davor ein bronsemynt, kor ein side viste tre kniver og ein anna side viste brennande støvler. Davor kunne bruke den for å få Brandolaines hjelp når han ville redde nokon, hjelpe ein venn eller gjere ein god prank på nokon. Han trenge berre flippe den opp i lufta og sei kva han trengte hjelp med.
Når Davor våkna opp hadde han ein varm bronsemynt i handa si.
Den dagen brukte Uglene på å rekruttere offiserer og andre taggers-on til the Wandering Truth. Dei rekrutterte:
  • Halvklo, øglemann kokken dei møtte på basaren og som Davor hadde ein slags vennskapleg relasjon med. Han var fortvila over at ingen ville komme til restauranten hans til tross for den gode maten hans fordi han var øglemann, og ville bli med Uglene så lenge dei kunne spreie noko god PR for han.
  • Spritze, ein ung tiefling grøn alkymist frå Goldstadt som hadde jobba litt med moder Teresa. Han var ekspert på ernæring men var dugeleg til andre medisinske ferdigheter og vitenskaper. Når Uglene tilbød han ein godt betalt posisjon på skipet kor han kunne få mykje erfaring med nye sjukdommer sa han sjølvsagt ja. Han blei då rekruttert som skipskirurg.
  • Bror Kenichi, ein ung menneskeleg kopardrageprest frå Arechi-provinsen. Han var meir av den sjøfarande typen kopardrageprest og hadde komt til Ælmesleóht med håp om å få ein offiser-stilling, men oppdaga raskt at Akshus ikkje enda hadde blitt stabilt nok til at ein kunne finne sikker jobb utan ein del erfaring. Når han då fekk anledningen til å jobbe som quartermaster på the Wandering Truth sa han sjølvsagt ja, og han lovte at han kom til å gjere ein god innsats. Han bad om å før eller sida få ein god referanse til hans neste skip.
  • Heliodoros, ein orkisk sjømann frå Whiesia. Han hadde blitt etterlatt av eit anna skip i Ælmesleóht og leita etter arbeid, og sa ja når han fekk høyre at han kunne få offiser-stilling. Han var ein sterk type som ikkje tok noko bullshit på skipet sitt, ein ekte sjøfarar.
  • Coelwold, den eldre firenske krigsdanseren som hadde jobba for Alvana før, blei rekruttert til å være First Mate og å ta rollen som kaptein når Blaecbrand ikkje var til stede eller ikkje hadde kunnskapen ho trengte for å styre skipet.
  • Gregorio blei og rekruttert som generell tagger-on, utan noko spesifikt oppdrag.
  • Nadir fekk anledningen til å reise med på kortare turer, og fortalte at ho hadde ein date ho skulle på snart men at ho gjerne var med på ein tur for å slåss mot stjerneborn.
  • Blodfanen fekk anledning til å være med og "bli til mann" som Rod sa. Han sa seg sjølvsagt einig og kom springande med øksa si for å bli lært opp.

I tillegg gjekk Uglene til Ead Sheran for å gi han pengene hans og slå av ein prat med han. Han satt og enjoya livet i villaen han og hadde fått til disposisjon av prinsen. Han prøvde å flørte med Ceren og fortalte Uglene om nokon av servicene han kan gi, spesifikt i forhold til Toirecíud. Om han får betalt kan han få Castian Juen drept på ein diskret måte. Han vil og gjerne drepe andre i konflikten, på ein så diskret eller ikkje diskret måte som Uglene meiner nødvendig. Dette vil sjølvsagt koste alvorleg med peng, men hans talent er verdt det. Han kan og få drept biskopen, men ho er eit såpass high profile target at Uglene må kunne rettferdigjøre det for offentligheten. Uglene ville ikkje betale for nokre slike services no, men kunne potensielt besøke ideen igjen i framtida.
  Deretter gjekk Uglene ned til the Wandering Truth, for å gjere seg klare til reisen dagen etter. Halvklo stod og diskuterte med bror Kenichi kva mat dei hadde brakt om bord, da han meinte det var dårlege matvarer dei hadde fått med seg. Blaecbrand intervenerte og sa at Halvklo heilt sikkert kunne lage god mat til og med med dette, og han sa seg einig i dette. Bror Kenichi brakte om bord all nødvendig proviant og sørgte for at skipet hadde alt det trengte for å kunne segle. Spritze satt på ein boks på dekk og gjennomførte nokre helse-eksaminasjoner av dei firenske seglarane, slik han kunne være sikker på at alle var sunne og klare til reise. Heliodoros var fremst på skipet og kommanderte firenerne rundt og sjekka at skipet var tett og klar til å reise vestover. Coelwold stod bak på skipet og holdt kontroll på allting, ga ordre om han såg noken late seg og generelt hadde kapteinsrollen. Gregorio satt og tok seg ein lur på dekk, med ein stor stråhatt til å halde ute sola. Blodfanen blei raskt satt til arbeid av Rod med å jobbe.
Blaecbrand, Dharr og Davor jobba saman for å fikse ein sikker liten mobil smie til Davor bakerst på skipet. Når byrja å gå ned gjorde Davor klar smia. Han følte ein sterk mani komme over han og han jobba med blåsebelgene som aldri før. Han plasserte egget i mitten av smia, og folk byrja å komme for å sjå på kva som skjedde. Uglene samla seg rundt smia og mannskapet kom raskt til. Når dei skjønte kva som skjedde tok Spritze ut ein notatbok for å ta notater og skissere medan bror Kenichi byrja å be.
Davor fekk smia til å lyse ut raudt, og han så gi det egget byrja å smelte. Og fra dets smeltande bronse-form kom det først ein arm, så ein vinge. Etter eit par minutt var transformasjonen komplett. I glødene satt det ein liten miniatyrdrage laga av bronse, som slo ut med vingene sine og ropte ut. Davor hadde fått ein liten skytsengel.

Rewards Granted

100 XP til alle for å gjennomføre "A Shining Smile"
75 XP til alle for å planlegge neste steg av jakten på Stjerneborna med Theowulf
50 XP til alle for å rekruttere Spritze
50 XP til alle for å rekruttere Kenichi
50 XP til alle for å rekruttere Heliodoros
100 XP til alle for å rekruttere Coelwold
50 XP for å få med Nadir på tur
50 XP for å få med Gregorio på tur
50 XP for å få med blodfanen på tur

Missions/Quests Completed

A Shining Smile

Character(s) interacted with

Ishmael
Karolina
Lars
Gregorio
Song
Diakon Aethelgold
Theowulf
Biskop Teodora-Marcela Sierra
Brandolaine
Halvklo
Moder Teodora
Spritze
Fader Daniel
Bror Kenichi
Heliodoros
Coelwold
Nadir
Blodfanen
Ead Sheran
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
17 Apr 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!