BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Maiden Voyage Report

General Summary

Uglene stod med mannskapet deira saman rundt Davor. Det var ein spendt stemning da alle forventa ein stor openbaring. Dragen flaug opp på Davors skulder og han følte ein djup og spirituell connection til dragen. Han snudde seg til mannskapet og sa "No er det ferdig.". Blaecbrand tok over situasjonen, sidan alle saman var samla, og holdt ein tale kor ho forklarte kva Uglene skulle gjere og kva rolle skipet kom til å ha i det. Ho fekk ein connection med crewet og alle virka ganske fornøgde. Etter crewet gjekk tilbake til jobbene sine snakka Uglene saman om pseudodragen, som hoppa rundt på folk sine skuldre og koste med dei. Etter dette kom Gregorio bort og snakka med Davor, og forklarte han litt om korleis pseudodragen funka. Den kom til å gi han råd og støtte, men den ga han og autoritet. Alle bronseprester ville støtte opp om han no, og bronsedrageprester ville og stå ved hans side. Resten av kyrkja ville han ha stor autoritet overfor. Davor måtte då tenke seg godt om, for med slik autoritet kom ansvar.
Bror Kenichi kom og bort og spurte kva tittel Davor ville bruke. Når Davor sa "bror" såg Kenichi forvirra ut og forstod at han måtte gi avkall på sin eigen tittel og berre kalle seg sjølv "Kenichi", sidan Davor tydeligvis var opphøya høgare enn han. Davor tok han på skulderen og sa at alle er like i Dragegudens auge, inkludert dei to. Kenichi sa at han måtte meditere på det og bukka djupt ned for Davor før han gjekk til sin eigen kabin.
Etter dette splitta Uglene seg opp: Rod og Ceren gjekk til den alkymistiske shoppen for å kjøpe Nattsynsbriller, Blaecbrand og Geronimo gjekk til Midtmarkedet for å kjøpe inn krydder og proviant til skipet og Davor blei igjen på skipet for å meditere. Rod og Ceren oppdaga at det var mykje meir sikkerhet, i form av hobgoblins og eisenmensch, rundt dei alkymistiske butikkene og fekk ein liten discount på brillene som takk av doktor Werner Dietrich, alkymisten dei redda i basaren. Blaecbrand fekk ein del smaksprøver gratis og mykje krydder billig som takk for Uglenes heltemodige deeds for byen. Så transformerte ho seg om til ein ugle, som overraska og astounda folk, og blei flydd til skipet av Geronimo. Medan alt dette skjedde hørte Davor lyden av vinger og såg ut av vinduet i kabinen sin for å sjå at Ishmael hadde komt til skipet med Arxiros og ville snakke med Uglene. Han var kledd i sitt fulle prinse-regalia. Davor gjekk opp for å møte han, og han var overraska over pseudodragen. Dei to gjekk ned i Davors kabin og venta på resten av Uglene. Medan dei venta snakka dei om Davors pseudodrage. Ishmael forklarte at det var eit stort teikn på respekt, og folk som vart bundne til slike drager ofte gjorde store, verdsendrande ting for Gullimperiet. Når Davor spurte Ishmael om råd for korleis ein skulle forholde seg til ein drage forklarte Ishmael at drager som oftest har rett, så det er best å høyre på dei. Han ga mange eksempel frå Arxiros, sjølv om han sjølv ikkje alltid hørte på Arxiros. Davor overtalte han om at det kanskje var lurt å gjere det, og Ishmael sa seg einig. Ishmael fortalte og Davor at om han hadde nokre store planer, så ville Ishmael gjerne støtte han i dei.
Når resten av Uglene kom tilbake samla dei seg i Blaecbrands kapteinslugar, og Ishmael forklarte situasjonen. Dei forskjellege partene i konflikten har sagt seg einig i å møtast i Ælmesleóht til forhandlingar om tjue dager, altså på den syttande Storm, men Ishmael hadde fått ein idé. Den alviske okkupasjon av Høgtoppene har hatt fleire store og veldig negative konsekvenser for Ishmaels folk: tashkilittene i fjella, som Ishmael vokste opp med, har blitt satt i det som praktisk talt er slaveri og eamilittene, taninitennes søsterstamme, har mista jobbene sine sidan dei tradisjonelt sett har handla nordover med Toirecíud. Ishmael har no makt over Toirecíud, og han kan legge press på det alviske leiarskapet for å gjere ting bedre for andre.
Men han veit ikkje om det er det rette å gjere.
Er det rett å nytte andres smerte for å fremje eins eigen politiske agenda? Men på den andre side, er det rett å nekte å spele det politiske spel om det betyr at hans folk kan få det bedre? Er hans personlege samvittighet og ære viktigare enn hans folks ønsker om arbeid og sikkerhet? Ishmael var usikker om kva han burde gjere, og ville ha råd frå Uglene. Dei fortalte han at han burde bruke forhandlingens makt, og få alvene til å gjennomføre ein total endring av systemet sitt slik at slaveriet i Høgtoppene stoppa, og han burde prøve å forhandle handelsavtaler mellom eamilittene og Toirecíud. Han forstod poenget deira og tenkte det var ein god mellomveg mellom dei to ekstremene, og han sa tusen takk til Uglene for hjelpen deira. Han ønskte dei hell og lykke med oppdraget deira, og så forlot han dei.
Det var og rundt her Davor fortalte at han hadde funnet eit namn til pseudodragen: Mushu. Dette var eit godt namne, tenkte Mushu.
Før han la seg tok Davor kontakt med Lars og sa unskyld for at han hadde lygd. Han forklarte at Stjerneborna mest sannsynleg hadde lite å gjere med artefaktene han hadde funnet, men at dei likavell var viktige å slåss mot da dei var ondsinna menneske som tok liv og øydela familier, akkurat slik Lars sin familie hadde blitt øydelagt. Lars sa seg einig i at Stjerneborna var verdt å slåss mot, men han sa likavell at dei måtte reise til Ulaaberg så snart som mogeleg, slik dei kunne rette opp i ting der. Og så sa han til Davor at han aldri møtte ljuge til han igjen. Davor sa at han aldri skulle ljuge igjen, nokon sinne.
Den natten hadde både Davor og Ceren drøyme.
Davor gjekk i bronsebyen, og fekk høyre frå Drageguden at han hadde gjort det rette med å sei sannheten til Lars. Han blei og fortalt at han kom til å møte ein gammal venn igjen i Jansons ekspedisjon, og at han måtte halde seg sann til sin eigen vandring.
Ceren vandra i Feywild, slik ein gjer når ein er skogalv og ein søv. Men hans merka at uansett kva veg han gjekk kom han nærare og nærare eit tre med ein dør. Han banka på døren og høyrte ein kjent stemme sei "Come in boy.". Han gjekk inn og fant seg sjølv i Altsehash sitt kontor. Altsehash forklarte at han hadde mykje erfaring med å være inni the Twisting Trails, og at han kunne hjelpe Ceren med å finne fram til foreldrene hans mot den lille prisen av sjela hans. Ceren sa kategorisk nei, så Altsehash kom med eit litt mindre radikalt tilbud. Han viste fram ein bok med eit grått omslag og forklarte at den hadde mykje nyttig informasjon og kunnskap, som ville gi han og Blaecbrand ein faktisk sjanse til å finne vegen i the Twising Trails. Det einaste han ville ha mot det var prototypen til Void Edge, som Uglene kom til å finne i Knivtempelet. Han forklarte at Uglene hadde vert så effektive til å ta seg av stjerneborn at det mest sannsynleg ikkje ville bli ferdig slik han kunne bruke den til dens fulle potensiale, men at han gjerne ville ha prototypen. Ceren var meir med på dette. Så sa Altsehash god natt, og at Ceren måtte helse til Blaecbrand.
Morgonen etter kom Theowulf med heksejegarane hans om bord på skipet, og skipet forlot havn ved daggry. Uglene bruke mesteparten av tida på skipet på å generelt chille og trene: Davor og Blaecbrand jobba saman på å lage ein liten rustning av ushabtiens mørke stein til Mushu, kor Davor faktisk lagde den og Blaecbrand kom med forslag til dens estetiske uttrykk. Dei snakka og generelt saman og bonda. Rod brukte tid på trening med Sandor og dei to prøvde og å trene opp blodfanen litt, men han måtte desverre bruke meir tid på å bygge opp overarmsstyrken sin før han kunne verkeleg prøve seg med øksa si. Ceren brukte tid med Ehrenfried, men Nadir kom bort for å snakke med han. Ho spurte korleis han og Blaecbrand hadde blitt ein ting, og forklarte at ho hadde weird kjensler overfor Daegsig ho ikkje hadde forventa å ha. At ho kanskje crusha bitte-bitte-bittelitt. Ceren forklarte at den beste policien ofte var ærlighet, men Nadir var redd for at det skulle bli weird og ho kunne og berre generelt kose seg med Daegsig utan å snakke om kjensler og gjere det weird. Ceren foreslo at det kanskje var best uansett, og Nadir sa ho skulle tenke seg om rundt det og banke Ceren om han sa det vidare.
Når Uglene og heksejegarane kom fram til Jansons ekspedisjon forklarte Theowulf at Janson var ein litt eksentrisk, men veldig oppriktig type som hadde mykje erfaring. I tillegg til Janson hadde Theowulf fått penge til å rekruttere leigesoldatselskapet Bín'nko Bánta, som var kommandert av orken Orkhomenos Grigoratos. Når dei kom i land møtte Janson dei og handhelste vigorously med heile partyet, da han var veldig fornøgd med å endeleg møte dei. I tillegg til Janson var det og nokon Davor kjente igjen: Jeremia, ein gammal venn frå For Sur som han hadde hatt eit ganske kraftig brot med. Jeremia sa at det var lenge sidan sist til Davor og sa at dei to måtte ta seg litt tid til å catche up igjen, og Davor sa seg einig.
Uglene, heksejegarane, Janson, Orkhomenos og Jeremia samla seg i Jansons kontor for å diskutere strategi. Janson formidla at ekspedisjonen, som hadde til oppdrag å kartlegge elvene i Ye'or deltaet og Maridens Auge, innsjøen akkurat oppstraums for Ye'or deltaet, for å finne gode plasser å byggje demninger. Dei kom der for sju månader sidan, etter dei hadde gjort ferdig arbeidet sitt i Tårnbyen, og hadde sidan då måtte slåss mot monster frå både innsjøen og ørkenen samt akshusiske banditter. Så langt hadde ingen vågd å angripe dei to gonger, men for nyleg tok stjerneborna ein interesse i ekspedisjonen. Det byrja med at dei kom to og to, speide for å sjå på ekspedisjonens forsvar, men dei vart sakte fleire og fleire for å teste ut forsvarene. Så langt har Janson og hans tjue soldater greidd å halde dei tilbake med kanoner og armbrøster, men etter eit av raidsne fulgte dei etter stjerneborna for å sjå kor dei kom fra og oppdaga at dei holdt på å samle ein stor styrke cirka 15 miles sør for ekspedisjonen. Det var då Janson tilkalte hjelp, og no har Uglene, heksejegarane og Bín'nko Bánta komt for å hjelpe dei. Janson mistenker at stjerneborna vil ha tak i ekspedisjonens eksplosiver.
Ein plan blei då lagt om at Uglene burde reise sørover og speide på leiren, for å sjå kor mange soldater stjerneborna har samla, kva slags forsvar dei har og korleis ein kan slå til mot dei. Uglene vart einige om blant seg sjølve å sende Blaecbrand og Ceren saman på Geronimo, da Ceren er veldig sneaky og Blaecbrand kan sjå stjernebornas teknologi, medan Rod skulle bli igjen og sinne-meditere for å sjå om Geronimo trengte å bli større og Davor skulle hjelpe Jeremia med å lage ein bombe og catche litt up. Jeremia lagde ein liten eksplosiv som Ceren og Blaecbrand fekk med seg, i tilfelle dei fekk anledning til å sprenge noko viktig.
Ceren og Blaecbrand reiste då sørover.
Jeremia og Davor fekk catche up og snakka om mykje forskjelleg. Jeremia sa unskyld til Davor for at han hadde forlatt han på måten han gjorde, Jeremia hadde ikkje oppført seg skikkeleg mot Davor. Davor hadde berre fulgt sin eigen veg, og Jeremia hadde lært å respektere det i løpet av livet sitt. Så snakka dei to om Drageguden, og Jeremia forklarte at han trudde på Dragegudens eksistens utan å tilbe Drageguden. Det er jo tydeleg at Drageguden finst, prestene har magiske krefter, legionene er overnaturleg sterke og Gullkeisaren er praktisk talt ein gud, men det betyr ikkje at ein treng Drageguden. Jeremia hadde praktisk talt vokst opp i eit kloster med munker, akkurat som Davor hadde, og der hadde han følt nestekjærleik, respekt og han hadde hatt rollemodeller å sjå opp til som trudde på han. Munkene hadde lært han å smi, når han hadde gjort feil hadde dei gitt han råd og den eine gongen han brendte handa si i smia hadde munkene gitt han bandasjer og urter til å behandle såret. Men det var munkene, det var ikkje Drageguden. Så Jeremia såg ikkje heilt poenget med å tilbe guden slik, da dødelege greier seg fint aleine.
Davor såg desse poenge, men han tenkte at ein ikkej så lett kunne separere Drageguden frå munkene, og at Dragegudens kjærleik kom til uttrykk gjennom munkene. Jeremia hadde følt på Dragegudens kjærleik kvar dag av oppveksten sin utan å være bevisst på det. Jeremia såg det poenget, og sa seg einig i at munkene oppførste seg på den måten av ein grunn. Davor fortalte om nokre av hans eigne erfaringar med Drageguden, og Jeremia forstod litt meir kvifor nokon ville tilbe ein gud. Dei to blei einige om å snakke meir gudeting seinare, og brukt resten av tida på å mimre og lage ein bombe i lag.
Samtidig som dette skjedde var Blaecbrand og Ceren på veg mot Stjernebornas utgraving. Der såg dei ein relativt høg mesa med eit hol som gjekk ned til bakkenivå i mitten, ein oase og ein relativt stor leir som spreidde seg ut frå mesaen. Dei kunne akkurat skimte ein tunnel i mesaen som leia frå leiren til holet. Dei skjønte raskt at Stjerneborn-styrken hadde vokst betydeleg, med cirka hundre soldater no. Ceren brukte litt tid på å lese leppene til folk, og han fekk vite at dei var leia av ein kvinne som heitte Sehar, at dei kom til å angripe om tre dager og at dei hadde eit nytt våpen, Syd Shifratan, dei skulle få sjå for første gong under slaget. Etter dette landa infiltrasjons-laget på mesaen, kor dei såg at det var eit slags kommandotelt nederst i holet i mesaen. Dei kunne sjå symbolet av ein svart kniv på ein lilla bakgrunn. Dei blei einige om at Geronimo skulle bli igjen på mesaen og være klar til å redde Blaecbrand og Ceren om noko gjekk galt. Blaecbrand gjorde alle tre usynlege og ga ho sjølv og Ceren evnen til å sjå usynlege ting, slik dei kunne sjå kvarandre.
Så klatra dei to ned mesaen. Der såg dei at det var fire akshusiske soldater med sverd og repltil-lær rustning ved den ytre tunnelen, men ingen i tunnelen som gjekk inn i sjølve mesaen. Dei sneik seg bort til kommandoteltet, for dei hørte ein samtale der. Dei hørte ein eldre mann snakke med ein kvinne. Dei diskuterte slagplanene for angrepet på ekspedisjonen og snakka om Syd Shifratan kyborgene, dei nyaste utviklingane frå Jern-sekta. Dette skulle være den første testen av dei i felten, og kvinnen måtte sørge for å skrive ein veldig detaljert rapport til forskerne i Jern-sekta, slik dei kunne sjå realiteten av krigen og kvifor Kniv-sekta var den viktigaste i kyrkja. Dei høyrde ein rar lyd når samtalen var over, og så høyrde dei kvinnen, som dei skjønte måtte være Sehar, gi ordre til folka som var med ho i teltet. To av dei fekk instrukser om å gå ut i leiren og trene opp soldatene, medan to av dei skulle bli med ho ned i fasilitetet. Dei høyrde gruppene gå ut og dele seg i to, men valgte å ikkje gå inn i teltet da Ceren kunne høyre nokon trykke på knapper, så ein hadde tydeligvis blitt etterlatt.
Ceren og Blaecbrand gjekk då inn i mesaen og oppdaga eit sirkulært fasilitet. Dei såg korridorer som gjekk til høgre og venstre og eit hol i bakken forann dei som leia rett ned tretti fot. Dei kunne sjå mange kraft-ledninger gå ned i holet og deduserte at generatoren, og andre interessante rom, måtte være der nede. Korridorene har var heilt perfekt runde og Ceren kunne ikkje sjå noko lys i dei med Blaecbrand kunne sjå prosjeksjoner av lilla lys komme frå lyskastere langs korridorene. Det var eit tau som leia ned i holet og Ceren klatra ned først for å sjekke at kysten var klar.
Han halveges klatra halveges slapp seg stille ned i rommet under, og kom inn i eit stort generator-rom. Forann han kunne han sjå ein høg pyramide-forma generator med snesvis av ledninger kopla til seg. Øverst gjekk den opp i ein søjle. Ein del av ledningene gjekk opp kor Ceren hadde komt frå, men enda fleire leia ned gjennom golvet og ga store mengder energi til eit eller anna under mesaen. Til venstre og høgre kunne han sjå korridorer som leia ned i andre rom og forann, på andre sida av generatoren, kunne han sjå ein spesielt stor korridor som leia langt ned. Han kunne høyre folk snakke dernede, men ikkje godt nok til å umiddelbart høyre kva dei sa.
Han ga signal til Blaecbrand om å komme ned, men ho mista kontroll og datt ned. Ho ville ha gitt vekk lokasjonen deira, men heldigvis greip Ceren ho i siste sekund og dei unngjekk å bli oppdaga. Dei to sneik seg ned i korridoren til venstre, kor dei oppdaga eit rom forma som ein perfekt kule med ein leviterande plattform i mitten. På den såg dei fleire prosjektorar og ein bracer slik dei hadde sett før til å kontrollere stjerneborn-maskineri. Blaecbrand tok den hesitantly på handa medan Ceren gjekk bak for å speide ut for potensielle fiender. Blaecbrand kopla seg til datamaskina og følte dens fremmede presence i hodet sitt. Ho byrja å sjå gjennom den og oppdaga data i to forskjellege kategorier: Containment Information og Specimen Information. Ho såg gjennom Containment Information først og såg ein rekke med data som ikkje var super forståeleg for ho:
  • Bionutrients: 100%
  • Stasis field: 100%
  • Energy level: 40% (80 years before critical level)
Når ho såg gjennom Specimen Information fekk ho denne dataen:
  • Hull Integrity: 100%
  • Energy Level: 100%
I tillegg til dette fekk ho sjå bilder og føle på inntrykk frå Deep Void Station 4, kor ho såg bilde av det som såg ut som ein blanding av ein fabrikk og eit abatoir, kor lange mekaniske tentakler og armer fletta saman kjøtt, blod, metall og tenner for å lage ein kollosal orm. Ormen hadde lag på lag med rustning på seg og tusenvis av tenner i munnen og nedover i kroppen sin. Ho følte på ein djup og total kulde, som om denne plassen var fiendtleg mot alt liv. Og ho såg og ein skapning levitere over ormens form, ein skapning med auge av reint mørke og fire tentakler der dens munn burde være. Den var ikledd ein lang robe og den såg ut til å kontrollere skapinga av ormen.
Når ho var ferdig sneik ho seg opp til Ceren. Dei gjekk tilbake til generator-rommet og så delte dei lag. Ceren gjekk ned i rommet kor dei høyrde stemmer og Blaecbrand gjekk ned i rommet til høgre. Der fant ho eit tilsvarande rom, men i staden for datamaskiner var det ein slags stol i rommet, med fleire lange mekaniske tentakler over. Blaecbrand, i eit overraskande augeblikk med måtehold, bestemte seg for å ikkje fucke med det og gjekk tilbake til generator-rommet. Nede i det nederste rommet såg Ceren fleire store søjler som gjekk heilt opp til det høge taket og sendte ut kald gass, som dekkte golvet i rommet. I den andre enden av rommet såg det ut til å være ein der, som hadde blitt dekkt over av eit lag med tjukk svart stein som holdt stjerneborna ute. I tillegg såg Ceren stjerneborna som var der nede. To av dei såg ut som dei vanlege Kniv-disiplane Uglene hadde slåss mot før, med akshusisk ørkenklede som dekka over tettsittjande svarte drakter, men den siste var meir imponerandes. Dette var tydeligvis Sehar. Ceren kunne føle tennene hans vibrere i skallen hans og håret på armene hans reise seg i det atmosfæren rundt rustningen hennar blei lada med ein usett energi. Ho gjekk med Kniv-drakten som Kniven dei hadde slåss mot i basaren hadde, med dens plater som flytta seg som reaksjon på bevegelsane hennar. Men det som verkeleg stod ut hos ho var hennar høgre arm, som hadde blitt erstatta med ein for stor konstruksjon av metall og syntetiske muskelfiber. På albuen hennar hadde ho åpninger som lyste ut med ein sterk varme og på forarmen hennar hadde ho ein eller anna form for konstruksjon Ceren raskt skjønte var eit våpen av eit slag. Ho virka frustrert med situasjonen, men det var ikkje mykje ho kunne gjere.
Ceren og Blaecbrand møttest igjen i generator-rommet og snakka saman om kva dei hadde oppdaga, men akkurat då høyrde dei fotsteg komme opp frå det nederste rommet. Dei dukke til sida og klarte å være stille i det Sehar og hennar disipler kom gåande opp. Blaecbrand kunne sjå den psioniske energien i Sehars arm, og våpnet fremst på den lyste ut lille i mørket. Når dei var gått forbi fortsatte Blaecbrand og Ceren samtalen deira, og dei innsåg at dei hadde ein veldig god sjanse til å sabotere utposten. Dei kunne sprenge generatoren og komme seg vekk. Dei kom fram til at dei skulle prøve det, og om det funka skulle Blaecbrand polymorphe dei til ørne slik dei kunne fly vekk raskt. Ceren leita rundt etter eit svakt punkt på generatorens rustning, og med hjelp frå Blaecbrand oppdaga han at det var eit lite hol i generatorens plater med rustning ein kunne gjere større og sleppe ein bombe ned i. Han prøvde å dra i den med all sin makt, men den hang alt for bra fast.
Blaecbrand foreslo at ho kunne varme den opp med magien hennar slik det var lettare for han, men då måtte dei være klare til å springe, sidan ho ville miste magien sin. Blaecbrand gjorde seg klar til å skyte eld på generatoren, medan Ceren tok ut bomben og knytt eit langt tau til den, som han dyppa ned i olje. Når han var klar manifesterte Blaecbrand drageflammer for å varme opp generatoren. Ceren prøvde å bruke ein kniv til å åpne den opp, men det funka framleis ikkje. Blaecbrand kunne høyre at vakter i fasilitetet over dei byrja å reagere, og innsåg at det var no eller aldri. Ho samla all energien sin i hendene sine og utløyste den som eit flammehav, og med det greidde Ceren å få flytte rustningen nok. Blaecbrand satta raskt fyr på bomben, dei kasta den ned i generatoren og Blaecbrand gjorde dei to til ørne.
Dei flaug ut, men Sehar såg dei og beordra troopersne hennar om å skyte dei ned. Ceren blei skutt men var ikkje hardt nok skada til å miste ørneformen, men Blaecbrand var ikkje så heldig. Ho datt ned i holet midt i mesaen, og Ceren landa med ho. Geronimo flaug ned for å redde dei to, men før han rakk heile vegen ned kom noko ut av teltet. Ein massiv skapning av metall, glas og syntetiske muskelfiber stod forann Blaecbrand, med auge som lyste ein mørk lilla. Lyn crackla opp og ned langs armen dens, som enda i ein lang glaive. Den skulle til å slå ned på Blaecbrand, men ho var raskare. Ho slo Isengrims Vrede i bakken og mante fram ein portal til den mest kaotiske og valdelege delen av Elemental Plane of Fire. Ein mur av eld manifesterte forann ho, og Geronimo kom ned og tok dei to med.
Ceren, Blaecbrand og Geronimo kom seg vekk frå utposten med livet i behald. Dei flaug litt rundt over mesaen for å sjå om planen deira hadde vert ein suksess. Det var den.
Ein massiv eksplosjon spreidde seg frå mesaen og ut over leiren. Mesaen sprengte titalls av meter opp i luften og det regna ned med stein over leiren. Sand blei kasta opp i luften og lagde ein kollosal støvsky i området. Dei flaug litt rundt for å sjå etter overlevande, og dei fekk så ein metallarm slå opp gjennom steinen, i det Sehar drog seg opp. Men ho var ikkje det einaste som kom ut av jorden. Ein gigantisk orm grav seg opp gjennom ruinet av mesaen og såg ned på stjerneborna. Den hadde lag på lag med tjukk rustning, noko av det laga av metall og noko av det kitin, med lange og skarpe klør og hooks. Munnen dens opna seg opp til rad på rad med tenner, driller og sager. Stjerneborna kasta seg ned for den og byrja å tilbe den, men Sehar skjønte raskt korleis det kom til å gå og teleporterte vekk. Ormen slo ned i leiren og byrja å ete seg gjennom stjerneborna. Ceren og Blaecbrand innsåg at dei kanskje hadde fucka opp, men at dei ihvertfall kunne ta Sehar, som dei kunne sjå teleportere og springe inn i ørkenen. Geronimo såg sjansen til å ta ein person Rod hata og flaug etter ho. Den overraska ho og reiv av armen hennar. Ceren hoppa av Geronimo og stabiliserte ho, og ho spurte: "Kva har deke gjort?"
På vegen tilbake igjen snakka Ceren og Blaecbrand om kva dei burde gjere med dette. Når dei kom tilbake til ekspedisjonen ba dei Theowulf om å snakke ein privat plass, og forklarte situasjonen til han og resten av Uglene. Theowulf sa dei hadde gjort jobben sin, kanskje litt for bra, og at dei måtte reise ut og jakte på ormen. Dei burde sjå omdei kunne finne nokre allierte og legge nokre planer. Han foreslo å reise til det som var igjen av stjernebornas utpost dagen etter og sjekke kva veg den reiste. Han sa at dei burde sei det vidare til alle store populasjonssenter, slik dei kunne være klar til å forsvare mot seg sjølv mot ormen. Uglene gjekk til mannskapet på the Wandering Truth og fortalte kva som hadde skjedd. Dei var overraska, men ville støtte Uglene. Deretter snakka dei med Nadir, forklarte situasjonen til ho og spurte om ho kunne ta kontakt med faren sin. Ho sa ho skulle prøve.
Uglene og heksejegarane tok natten, medan Jeremia gjorde ferdig bomben til bruk mot ormen.
Morgonen etterpå våkna Uglene til noko commotion i ekspedisjonen, kor Bín'nko Bánta og ekspedisjonens soldater peikte våpnene sine mot ein fremmed ved porten. Uglene gjekk bort for å etterforske, bortsett frå Rod som gjekk til Sehars celle for å forsikkre seg om at ho ikkje flykta nokon plass.
Når han kom fram der hadde Sehar våkna opp. Ho såg opp på han med vrede i blikket hennar. Ho spurte kven Rod var, og han svarte: "Husker du meg ikkje?". Sehar lo lågt og spurte om han var frå ein av landsbyane ho hadde øydelagt. Han sa at han var det, og at han kom til å drepe ho når Theowulf var ferdig med ho. Ho sa at Al-Saif kom til å slakte han ned om ho drepte ho, at han var ustoppeleg, at han var raskare enn virvelvinden. Rod svarte:
"Det er ikkje så raskt."
Resten av Uglene kom fram til porten, kor dei såg den fremmede som hadde satt eit slikt hat i dei imperielles hjerte. Den fremmede gjekk kledd i akshusiske nomadeklede, men dei såg ut til å være laga av eit meir luftig materiale og glimta svakt i sollyset. Han tok av seg hetta og viste eit skalla ansikt med gul hud, skarpe øyre, øgle-aktige auge og fire svarte porer som pusta inn og ut. Han introduserte seg som Elirdain, ein zerth av githzheraiene. Janson forklarte at folket hans var imperiets fiender i Akshus, at det var dei som holdt krigen gåande. Elirdain ignorerte han, såg på Ceren og Blaecbrand og sa at dei hadde gjort ein stor feil dei måtte hjelpe han å rette opp i. Theowulf trakk sverdet sitt, men Blaecbrand greidde å få kontroll på situasjonen. Ho forklarte at Theowulf at dei trengte ein alliert, og Elirdain hadde sikkert meir kunnskap og ekspertise på dette området enn dei. Theowulf sa seg einig, og dei tok med Elirdain inn på Jansons kontor for å snakke med han in private.
Ceren spurte han kva han gjorde så langt nord for krigslinjen og Elirdan forklarte at han hadde blitt sendt nord for å organisere opprør mot Gullimperiet, men når han oppdaga at den største opprørsgruppen jobba for Stjerneborna hadde hans primære ed tatt prioritert over krigens nødvendigheter og han var no i gang med ein ein-mannskrig mot stjernebornas kyrkja. Han hadde tenkt seg å snike seg inn i leiren og hente utstyr frå ein githzherai base i mesaen når stjerneborna sin styrke gjekk til krig, men Uglene hadde slått til før han fekk sjansen. 
Installasjonen var ein eit lager for ein Purple Worm, som illitidene hadde prøvd å gjemme vekk under opprøret når githzheraiene kom tilbake. Etter illitedene hadde blitt jagd vekk tok githzheraiene over installasjonen for å halde auge med monsteret under bakken, slik dei kunne være klare om den blei slipt fri. Hazat Ardia, også kjent som Jordskjelv, hadde komt til installasjonen etter krigen og lukka den igjen slik at ingen skulle få ta kontroll over ormen. Hazat Ardia hadde vert ein alliert av githzheraiene, så dei var einige med hans vurdering.
Elirdain ville ha med Uglene til mesaen slik han kunne ta noke av utstyret der til å slåss mot ormen, og så ville han ha hjelpen deira. Dei sa seg einige, men først måtte dei gjere ferdig nokre ting i ekspedisjonen. Han ville vente til dei var klare.
Uglene gjekk til Nadir for å spurte ho kva som hadde skjedd. Ho prøvde litt å unngå å svare ved å sei at ho var klar til å slåss, men til slutt fortalte ho at ho faktisk hadde fått kontakt med faren hennar, men at det ikkje var mykje han kunne gjere med saken. Så han hadde snakka med ein... kollega. Han fortalte Jordskjelv om situasjonen, og han kom sikkert til å gjere noko med saken.

Rewards Granted

100 XP til partyet for å gi godt råd til Ishmael
100 XP til partyet for å planlegge ein god infiltrerignsmisjon
2000 XP til partyet for å sprenge Stjerneborn utgravinga

Character(s) interacted with

Gregorio
Lars
Altsehash
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
25 Apr 2021
Primary Location
Secondary Location

Comments

Please Login in order to comment!