BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

No Good Plan... Report

General Summary

Uglene var låst i ein kamp mot stjernebornas soldater i basaren. Med sine smarte løsninger hadde dei fått vekk dei fleste sivile, så dei sprang fram saman med Fredslegionærene og byrja kampen. Telekinetikeren som leia stjerneborna blei raskt satt ut av spel, med ein kombinasjon av magi frå Blaecbrand, piler frå Ceren og eit solidt slag i ansiktet frå Karolina. Seinare i kampen blei ho bundet ned, og ho blei tatt i live av partyet.
I løpet av kampen opna Void Engineeren ein portal, og ut av den gjekk Kniven. Han var armert i ein rustning laga av mørkt metall, med plater som bevegde opp og ned langs kroppen hans for å forsvare han. I sin høgre hånd hadde han ein lang scimitar med crackling lilla lyn som gjekk opp og ned langs dens egg. Rod kjente igjen sverd-designet, og han kjente igjen Kniven. Det var ein av folka som hadde øydelagt landsbyen hans. Rod blei fult med eit totalt hat for mannen, og han bestemte seg for at Kniven skulle døy. Rundt denne tida kom heksejegarane på Geronimo og omringte Kniven, som hadde blitt paralysert av Karolina sin magi. Ugla slo til hardt mot Kniven, og heksejegarane var klar til å slå han bevisstlaus, når Rod hoppte 8 meter med øksen sin og fokuserte all sin vrede og sitt hat på å begrave den i Kniven. Han brukte momentumet sitt og han delte Kniven i to. Theowulf ropte ut i frustrasjon, og så skar Rod hodet av Kniven, berre for å være sikker på at han forblei død.
Samtidig byrja stjerneborn soldater å komme opp frå under-etasjen med gissel. Dei hadde med seg Farah Mustar, Dietrich Werner, Ecce Coldsong og ei halv-orkisk handelskvinne. Davor såg problemet og hoppa ned blandt desse troopersne. Med heilag magi mante han fram ein hær av dvergiske åndlege soldater, som slo inn i stjerneborna. Han ropte ut ein utfordring mot dei feige stjerneborna, og ga gisslene tid til å flykte.
Rod, Blaecbrand og Ceren sprang inn i portalen, Rod først for å følge etter stjerneborna og finne fleir kniver å drepe og så Blaecbrand og Ceren for å passe på Rod. Der fant dei ein amrikh-grav som hadde blitt tatt over av stjerneborna. Der inne fant dei enda ein telekinetiker, som Blaecbrand gjorde om til ei rotte. Ceren og Blaecbrand prøvde å fange rotta, men det var først når Ead Sheran kom og hjalp til at den blei fanga.
I mellomtida slåss Davor saman med heksejegarane og fredslegionærane mot stjerneborna som framleis var i basaren. Det verka som det gjekk ganske bra, intill Stjerneborna kasta ned røykbomber som gjorde det umulig å sjå dei. Davor blei skutt ned, og Theowulf tok mange skot. Heldigvis var fredslegionærane i posisjon, og dei heala Davor opp igjen med magi og Theowulf fekk hjelp av Sandor. Karolina foreslo til Geronimo at han kunne bruke vingene sine og blåse vekk røyken, og det gjorde han. Når stjerneborna endeleg var synlege igjen hadde dei ingen sjans, og Davor, heksejegarane og fredslegionærane anten drepte dei eller fanga dei.
Samtidig hadde Blaecbrand tatt på seg ein Control Gauntlet, og prøvd å bruke den. Ho oppdaga at det var overaskande likt som å nytte alvisk magi, og ho byrja sånn smått å lære seg korleis ein kunne bruke maskinene. Ho byrja å samle informasjon, og sjå kva som var inne på datamaskinen. Ho skjønte raskt at rommet dei var i var ein eller anna form for teleporteringsrom, og at maskinen inneholdt informasjon om andre operasjoner og plasser denne plassen var tilknytta på ein eller anna måte. Ho innsåg at nokre av desse plassane hadde eigne teleportører og at ho kanskje kunne lære seg å nytte desse.
Rod gjekk litt opp i bygningen og hørte at det var fleire folk som gjorde seg klar til eit angrep. Ead Sheran lagde ein illusjon forann døren og ga partyet ein plass å kvile.
Theowulf, Sandor, Tsutumo, Dharr og Davor joina Rod, Blaecbrand, Ceren og Ead i krypten. Theowulf ga ordre om at Karolina skulle sikkre basaren og at gisslene skulle bli tatt inn til forhør av dei Sceyanske troppene. Han ga og instruksjoner om at ei anna gruppe med heksejegere skulle ta med seg den sceyanske garnisonen og slå rett mot varehuset, medan han sjølv og Uglene tok seg av krypten som mest sannsynleg var meir farleg da den tilhørte kniv-sekta.
Uglene, heksejegarane og Battlebarden tok seg då ein kort kvil i krypten, og gjorde seg klar til å slåss mot stjerneborna.

Rewards Granted

Experience:
100 XP for å ta telekinetikaren i live
200 XP for å redde gisslene
100 XP for å ta den andre telekinetikaren i live
200 XP for at Karolina overlevde
100 XP for å komme deke til Krypten
2245 XP til kvar i partyet for å beseire 15 Starchildren Troopers, 1 Void Engineer, 2 Telekines og 1 Knife

Character(s) interacted with

Karolina
Theowulf
Ead Sheran
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
20 Mar 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!