BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Old Consequences and New Beginnings Report

General Summary

Partyet annkom Ælmesleóht om morgonen den trettifjerde Fred. Theowulf tok dei først med til palasset, der deira magiske items blei tatt inn i custody av prinsens vakter. Theowulf fortalte dei at dei sjølv måtte søke om audiens hos prinsen, så nokon av dei måtte bli igjen der medan han tok Blaecbrand med til biskoppen for hennar deposession. Ceren og Rod valgte å reise med Blaecbrand, Ceren fordi han ville passe på ho og Rod fordi det virka meir sannsynleg at han ville få annledning til å slåss der. Davor og Dharr blei då igjen for å snakke med prinsen, og ei av prinsens riddere tok dei med inn i ein audiens-sal, der dei skulle vente.   Blaecbrand, Nadir, Rod, Geronimo og Ceren reiste til katedralen på den andre sida av byen. Der blei dei tatt inn i eit av katedralas indre sanctums, kor dei møtte biskoppen. Ho var ein kort halfling dame med rødt hår, eit brutalt arr over ansiktet og med eit kopper-diadem rundt hodet hennar. Ho forklarte kort og greit at Blaecbrand no kom til å gå gjennom ein ufatteleg smertefull prosess, men at dei skulle prøve å få ho ut. Theowulf lovte at om det verste skulle skje, så skulle ho få ein rask og smertefri død.   Blaecbrand lot seg bli bundet av kopperkjeder, medan Nadir, Ceren, Geronimo og Rod gjekk opp på balkongen over kammeret.   Medan dette skjedde fekk Davor audiensen sin med prinsen, etter ein gruppe alver som såg ganske misfornøgde ut. Prinsen satt på ein trone i med hans rådgivere rundt seg: ein gammal akshusisk mann, ein eldre dame frå imperiet og ein ridder. Curled opp bak trona var det og ein gulldrage, som låg og blei scratcha bak øret av prinsen.   Prinsen spurte kven Davor var, kven han representerte og kva forbrytelse dei hadde begått. Og Davor fortalte alt. Når Davor sa at partyet gjekk under namnet "Ugler i mosen" begyndte prinsen å le, når han sa at partyet hadde drept ein prest ved ein missforståelse i Toirecíud vart prinsen seriøs, når han sa at Viktor var død vart prinsen lei seg og når han sa at partyet hadde drept han vart han ildsint. Ganske bokstavleg talt. Prinsen storma fram med røyk sprutande ut av munnen og flammer sprutande ut av armene hans.   Davor var veldig nær å bli brendt til aske der og då, men Ishmaels drage sa noko på drakonisk og Ishmael stoppa. På dette punktet intervenerte den eldre damen, og sa at Ishmael burde ære hans promise om amnesti. Ishmael, som no verka mykje meir sliten enn sint, sa seg einig og satte seg tilbake opp i trona. Men han sa til Davor at han ikkje ville sjå han igjen i dag.   Davor gjekk då ned i ein villa på siden av palasset og venta på resten av partyet.   I katedrale hadde posession byrja. Biskoppen sa at Blaecbrand måtte gi over kontroll til demonen, og ho kasta sinnet sitt ned i Aksums kalde embrace. Resten av partyet fekk sjå demonen ta kontroll igjen, i det Aksum-Blaecbrand grodde ut lange horn, henda dens fekk lange, skarpe klør og vinger av mørke breidde seg ut frå ryggen hennar. Ceren spesielt kunne sjå mørket breie seg ut frå den, og kjeder av magi summona fram av prestene. Så såg han ein kvinneleg skikkelse komme og ta vekk eit lys frå demonen.   Blaecbrand var først i det evige mørke, men så hadde ho plutseleg ein out of body experience. Ho såg seg rundt og innsåg at ho var i eit bibliotek, og forann ho var the Lady of Sin. Ho sa at ho ikkje ville at Blaecbrand skulle døy, så ho ga ordre til Aksum om å forlate kroppen hennar og innrømme til å ha drept Viktor og Silvyr. Så dismissa ho Blaecbrand.   I katedralen hørte resten av partyet demonen le, før den fortalte alt den hadde lurt partyet til å gjere. Så forsvant den, som røyk ut av Blaecbrand, og ho datt til bakken. Ho var drained og trøtt, men ho var og i live. Ceren sprang ned til ho og ga ho ein klem, medan Nadir flaug ned og det vart group hug. Theowulf sa at det gjekk overaskande lett. Etter litt feiring trakk biskoppen Blaecbrand til siden og forklarte ho korleis det kom til å gå med ho som bastard.   Ho var ikkje sjølv i fare for å bli straffa for hennar fars forbrytelser, og når dei fant ut av kven familien hennar var ville ho bli adoptert inn i den og lært opp i korleis ein skal være imperiell adeleg. Deretter kjem ho til å tjene imperiet.   Etter deposession reiste partyet til palasset, der dei blei ført til Davor i villaen. Dei var alle saman sultne, så dei spurte etter noko mat. Etter ein kort stund kom den eldre kvinne frå Ishmaels råd, søster Anna, ned i villaen med mat leviterande bak ho. Under middagen stilte ho partyet mange spørsmål om deira erfaring, skills og potensielle recommendations. Etter eit uformmelt og uoffisielt jobbintervju gjekk ho tilbake opp igjen, og partyet oppdaga at det var eit basseng i villaen.   Då var det jo berre ein ting å gjere.   Blaecbrand spurte etter noko å bade i, medan Davor og Ceren kledde av seg. Blaecbrand fekk tak i ei badedrakt, og viste fram tattoveringene sine til Ceren, som viste sine overaskande lean muskler, medan Davor allereie var i vatnet og koste seg. Ceren og Blaecband svømte fram og tilbake og koste seg, medan Rod satt seg på vasskanten og chilte.   Så kom Geronimo og divebomba bassenget frå orbit and much fun was had.   Dagen etter stod partyet opp tidleg med ein solid frukost for å diskutere planen for rettsaken. Dei kom fram til at dei skulle prøve å stille seg sjølv i så godt lys som mogeleg, men ikkje ljuge. Kapteinen for okkupasjonsstyrkene i Ælmesleóht kom og henta dei, og brakte heile byen med til rettsak, slik dei kunne fungere som jury. Slik byrja legenden om Ugler i mosen å spreie seg.   Dei kom fram til katedralen, kor det er satt opp store tribuner slik folkemassene kunne sjå spetakkelet. Biskoppen stod på eit podium, Theowulf og heksejegerene hans var vakter rundt omkring og Nadir og søstrene hennar var blandt publikum. Theowulf sa til partyet at biskopen var etter blod no, og at dei måtte passe seg. Biskopen byrja å snakke om ondksap, om korleis alle har potensialet til ondskap i seg. Blaecbrand skjønte kva ho dreiv med, og byrja å argumentere tilbake, å filosofere kring kva ondskap er: om det er intensjon, konsekvens og i så fall kven var eigentleg dei onde no?   Blaecbrand leia starten av diskusjonen men Davor også la fundamendentet for den store openbaringa, når han forklarte at ingen var perfekte og at alle gjorde feil. Ceren bygde vidare på dette når han sakte men sikkert bygde opp til at Silvyr kanskje var meir shady enn folk trudde.   Heilt til slutt, som eit coup de grace, fortalte partyet at dei hadde vert i tunnelene for å stoppe ein seriemorder og ein smugglergjeng, men at dei hadde funnet ut av at Silvyr smuggle våpen til opprørere i Toirecíud. Byens beboere var sjokkerte, og med litt coaxing frå Nadir kom dei fram til at partyet ikkje berre var uskuldege, men at dei var helter.   Biskoppen, sint og frustrert, smilte til publikum og sa at folket hadde talt, så dei var uskyldige. Så snudde ho seg til partyet og fortalte dei at dette ikkje var over, og at dei hadde fått ein ny fiende.   Biskopen forlot dei, og Theowulf, Sandor og Nadirs søstre joina partyet. Theowulf var fornøgd met at partyet blei frikjent, medan Sandor ikkje var fornøgd med at det ikkje vart kamp. Theowulf sa og at han skulle byrje å finne stjernebornas plott i Ælmesleóht no, og at han ville kalle på dei når tida til å ta dei kom. Så snakka dei litt om biskoppen, og Theowulf gjorde det klart at han veit ho driv på med sine eigne agendaer, men han er bundet til ho av eden hans.   Nadir ga ein gruppeklem til partyet, og så introduserte ho søstrene sine: Sarab og Ruqayya. Dei sa tusen takk for at partyet redda Nadir, som no er grounda for life, og sa at dei var villige til å betale partyet med gull eller magiske items, og at Sarab forklarte at ho hadde tenkt seg å finne mannen som hadde kidnappa Nadir og partyet var velkomne til å drepe norke stjerneborn når ho kom så langt.   Etter dette drog partyet tilbake til palasset, der prinsen ville ha ein audiens med dei. Kort og godt forklarte han at han ikkje kunne like dei enda, han sorga framleis over Viktor, men han trengte dei. Ting er shit i landet hans: det er terrorister, banditter, monstre og mykje av folket hans lid utan nokon til å forsvare dei. Han har ingenting å gjere det med, men dei kan hjelpe han. Han ville rekruttere dei til å være eventyrere for han, til å bygge opp hans rykte som prins og partyets rykte som helter, og først og fremst beskytte folket hans.   Som betaling for det kan han gi penge og ein anledning til å være helter.   Han ga dei nokre oppdrag og foreslo at dei kunne ta to veker fri til å bli kjent med byen og folka i den før dei byrja skikkeleg. Kanskje dei og kunne bli bedre kjente med kvarandre i den tida.   Uansett så var partyet framme i Ælmesleóht, med ein prins i ryggen, eit voksende rykte som helter og deira neste mål klart.   Dei hadde valgt å finne monsteret som drep flyktninger i leirene sør for byen, tingen som kidnapper folk og tømmer andre for blod om natten.   Dei jakta på prinsen av blod og støv.

Rewards Granted

300 XP til alle for å vinne rettsaken   300 XP til alle for å bli rekruttert av Ishmael og starte questet In His Majesty's Service

Missions/Quests Completed

In His Majesty's Service byrja   Prince of Dust and Blood byrja
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
12 Jan 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!