BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Prodigal Daughter Report

General Summary

Etter å ha beseire ormen forlot Elirdain Uglene, men ikkje før han og Theowulf hadde inngått ein allianse kor dei skulle slåss saman mot stjernebornas kyrkje. Theowulf delte lokasjonen til fleire kapeller og liknande Elirdain kunne angripe. Etter Elirdain hadde reist kom det ein sandstorm i horisonten, og Nadir og Dharr vart særs stressa av den. Dei var redde for at Jordskjelv kanskje var på veg, og dei sa at Uglene måtte komme seg vekk så raskt som mogeleg. Blaecbrand gjorde om ho sjølv og Ceren til kjempe-ugler og dei tok Davor og Theowulf, medan Geronimo tok Dharr, Nadir og Rod og flaug mot Jansons ekspedisjon.
Geronimo, med sin magiske styrke, greidde lett å halde seg unna stormen, men Blaecbrand og Ceren fant det mykje vanskelegare og visste at dei til slutt kom til å bli overumpla av den. Dei bestemte seg for å hedge sine bets og lande i ly av ein stein. Dei hadde eit lite kvarter på seg, så dei fekk opp masker og tøy forann ansiktet sitt, og saman lå dei seg inn til steinen for å halde ute sanden etter beste evne. Når sandstormen slo inn var den brutal og sterk, men dei greidde å halde seg på føttene sine. Etter ikkje veldig lenge hørte dei ei jente som sprang rundt i stormen og ropte etter hjelp. Ho ropte etter Dharr ved namn og spurte om vennene hans var der. Partyet holdt seg stille, da dei tenkte dette var ein felle, men når jenta blei meir og meir desperat kunne ikkje Blaecbrand halde seg sjølv lenger. I eit augeblikk med overaskande heroisme ga ho den eine enda av eit tau til Ceren og vandra ut i stormen for å finne jenta. Ho ropte ut etter jente, og ho kom springande. Ho var ei jente i sine seine tenår, kledd i akshusiske ørkenklede. Ho hadde mørk hud og brune auge, og hennar høgre arm var erstatta av stein.
Ceren kunne høyre noko stort fly i horisonten og vart meir stressa, og alle høyrde sjølve stormen rope ut etter jenta.
Blaecbrand spurte om dei var I fare, og jenta forklarte at ja det var dei, og at dei måtte bevege seg raskt. Blaecbrand fekk Ceren, Davor og Theowulf til å komme bort og så byrja dei alle å springe saman. Jenta byrja å chante ting og lage sigils I luften rundt seg, og partyet merka at sanden under dei gjekk over til hard murstein. Blaecbrand og Ceren blei veldig skeptiske, men no var dei commita. Rundt dei byrja sandstormen å bevege seg med dei, og dei følte at dei bevegde seg raskare og raskare.
Til slutt endte dei opp ved kanten av ei av elvene I Ye’or-deltaet, og sandstormen rundt dei forsvant til ingenting. Ceren forstod at dei måtte ha bevegd seg ekstremt raskt for å kunne komme så langt, mykje raskare enn det dei faktisk bevegde seg. Jenta virka veldig trøtt etter anstrengelsen, og introduserte seg som Støv, ei datter av Jordskjelv. Partyet byrja å powerwalke austover til Jansons ekspedisjon.
Samtidig hadde Rod landa på the Wandering Truth og droppa Nadir og Dharr der. Coelwold hadde fått instruksjoner av Davor om å gjere skipet klar til reise, og Rod flaug til mesaen for å hente Sandor og Ehrenfried slik dei kunne reise raskt. Når han kom fram forklarte han situasjonen til Sandor og Ehrenfried, som drepte fangen deira for å ikkje gi han sjansen til å flykte. Gabriella ropte ut til Rod om han hadde tenkt seg å drepe dei, men han svarte at han ikkje kom til å drepe dei no. Men om han såg dei igjen kunne han ikkje love noko. Gabriella nikka og sa at han aldri kom til å sjå dei igjen.
Når resten av partyet kom fram til Jansons Ekspedisjon unskyldte Theowulf seg frå partyet. Han forklarte at han hadde tenkt seg å søke opp nokre leads i Ye'or deltaet med Tsutumo og Dominik, og at dei måtte sende ord til han når dei var klare til å angripe Fabrikken. Han ønske Uglene lykke til i byen, og så forlot han dei for å finne eit skip som kunne ta han vestover. Når Uglene kom til the Wandering Truth blei Dharr og Støv introduserte til kvarandre. Dharr såg på ho og blei fylt med eit hat for faren sin, og så gjekk han og Nadir saman med Støv ned i kaptainskontoret for å snakke med ho og forstå kva som hadde skjedd.
Samtidig samla Uglene seg for å diskutere den dagens konflikt om stjerneborna. Det blei ein ganske god diskusjon kor Uglene fekk snakke ut om nokre av deira interne konflikter. Dei endte ikkje opp med å være einige i nokre store filosofiske poeng, men dei endte opp med ein konklusjon: dei skulle prøve å finne ein balanse mellom Rods trang til å få ut vreden sin og partyets nødvendighet av å navigere verdas politiske grenser. Dei skulle helst nå denne balansen ved å drepe dei som forten å døy.
Når dei var ferdig med samtalen kom Dharr inn og ville snakke med dei. Han tok dei med inn til Støv og Nadir, og byrja å fortelje meir av historia si. Han forklarte at namnet hans eigentleg var Grus, for det var så mykje han var vert for faren sin. Han hadde flykta når han var ung, for faren hans hadde bygd eit imperie av slaveri, hat og tyranni med seg sjølv på toppen, og Dharr ville ikkje kontribuere til det. Støv, akkurat som Dharr, hadde bestemt seg for å flykte farens øydeleggjande presence. Støv hadde blitt født som ein ekstremt menneskeleg genasi, og faren deira hadde vert særs skuffa med det. Så når ho var for svak hadde han erstatta deler av ho med metal og stein.
Støv virka veldig naiv og overraska over alt i denne verda ho aldri hadde sett før, og Dharr forklarte at han hadde tenkt seg å beskytte ho etter beste evne og fokusere kreftene sine på å slåss mot faren sin. Han hadde då tenkt seg å flytte over til Ørkengriffen og prøve å finne allierte, men han ville sette pris på Uglenes hjelp i kampen mot Jordskjelv når han hadde meir makt sjølv.
Uglene sa seg einig til å hjelpe når den tid kom, og så gjekk folk for å sove. Dei skulle reise til Ælmesleóht dagen etter og byrje arbeidene sine. På vegen trente Rod med Sandor og Ceren med Ehrenfried, medan Blaecbrand brukte tid på å lese boka partyet hadde tatt frå den Bleike Mann.
Når dei kom fram såg dei at Ælmesleóht hadde endra seg. I staden for å flagge imperiets banner hadde dei oppe Tanin-familiens banner, og når dei byrja å gå gjennom byen oppdaga dei at folket var enda meir på deira side enn før. Det hadde blitt hengt opp plakater av Ishmael, men ein meir kongeleg og regal Ishmael. Under desse plakatene stod det "Så fred, høst liv.". Det var og ein malt mural av Ishmael som leia flokker av folk av alle raser, og under denne stod det "Foreina er me sterke". Uglene la merke til at koparprestene, som tidlegare hadde ansvar for alle patruljene i byen, no i stor grad var erstatta av Ead Sherans battlebards, som og stod på gatehjørner og sang arbeidarsanger, sanger om alviske helter, fortalte historier om høgmagiker Valanthe Yaeldrin, lord Gurlion Uni-Frash og fader Silvyr og leste dikt Ishmael hadde skrevet om fred og det å stå for det ein meiner. Det var veldig tydeleg at Ead Sheran leia ein aktiv kampanje for å gjere Ælmesleóht positiv til eit kompromiss mellom partene i det Toirecíudiske dilemmaet.
Dharr, Nadir og Støv forlot Uglene og reiste til Ørkengriffen, medan Uglene gjekk til palasset. Der var det ganske mange folk som la forskjellege planer for å kunne fasilitere fredssamtalene den 17. Storm. Når Uglene spurte om å komme til Ishmael blei dei sendt til Ead Sheran først, som satt i tronrommet og jobba med forskjellege skisser til posters. Han forklarte at han hadde nokre forslag til propaganda-plakater med Uglene, og lurte på kva dei synst om ideene hans. Uglene likte dei generelt og snart kom dei ut på print.
Uglene gjekk ned til Ishmael, som jobba hardt med å skrive brev til alle dei forskjellege partane i konflikten. Han forklarte at han hadde jobba hardt for å få allting klar til fredssamtalene, men at han hadde overtalt alle partet til å møtast i byen den syttende Storm. Uglene avla rapport til han, og han sa at dei hadde jobba bra med å drepe ormen og bli kvitt stjerneborna. Etterpå skulle han møte nokre journalister og alle Uglene bortsett frå Rod blei med.
Når Uglene kom opp til journalistene og Ead Sheran såg dei at Ishmael vart meir og meir nervøs og at han byrja å fidgete. Blaecbrand sa at han måtte slutte å ta på seg sjølv og Ishmael sa indignantly: "I never touch myself!", som fekk Blaecbrand til å le alt for høgt og Ishmael til å rødme enda meir. Han kom seg til slutt opp på tronen då og såg faktisk meir kongeleg ut enn vanleg. Ead Sheran forklarte til journalistene at prins-regenten ikkej ville ta i mot spørsmål, da han hadde viktigare ting å gjere, men at avisene ville få ein prepared statement dei kunne publisere. Ishmael sa då farvel til undersåttene sine og kommuniserte til Uglene at dei ville snakke seinare.
Journalistene spurte ut Blaecbrand og Ceren korleis kampen mot illitid-våpenet gjekk, og heile den samtalen resulterte i artikkelen "Blaecbrand ønsker fred", som handler om Blaecbrands perfekte kviledag men som misvisande virker som den handler om den Toirecíudiske situasjon om ein ikkje les artikkelen.
Den natta hadde både Ceren og Blaecbrand draume, den eine særdeles meir wholesome enn den andre.
Ceren drøymde at han var i eit kammer djupt, djupt under bakken. Han kunne føle kalde skygger kaste rundt seg, og forann han var det ein kjelde med mørkt, kaldt vatn som likna meir på tjære eller olje enn faktisk vatn. På ein trone hogd ut av fjellet satt Lady of Sin, med hennar vakre svarte og lilla kjole og maske med horn som strakk seg bakover. Ho fortalte Ceren at dei begge to holdt Blaecbrand kjært, og at dei begge to derfor hadde ein felles interesse i å halde ho i live. Dette kunne være utgangspunktet for ein allianse mellom dei to. Og så er det sjølvsagt faktum at Ceren kjem til å leve fleire århundre lenger enn Blaecbrand, århundre kor han kjem til å være aleine. Lady of Sin foreslår at det ikkje treng være slik, at ho kan gi evig liv til både Ceren og Blaecbrand, slik Ceren aldri kjem til å måtte være aleine. Det var ihvertfall noko å tenke på, sa Lady of Sin medan eit totalt og djupt mørke samla seg rundt Ceren. Aksum viste Ceren korleis det ville være å være heilt og totalt aleine, og Ceren var einsam og kald heile natta.
Samtidig vart Blaecbrand kontakta av Alvana, som fortalte at Swetnyd og hans medkrigere hadde forsvunnet etter å undersøke plassen the Deep Fury tok dei orkiske fangane med til. No visste dei at det var noko der, og at det mest sannsynleg hadde forsvar av ein art. Blaecbrand fortalte om nokre av dei potensielle allierte ho hadde funnet i Akshus, og Alvana sa at ho stolte på Blaecbrand til å sende allierte til ho, men at ho måtte huska at det var viktig at dei holdt kampen mot kulten hemmeleg etter beste evne.
Når dei våkna opp fortalte Ceren om kva han hadde drøymd, og Blaecbrand trøysta han og sa at ho var der no, og at i framtida kom han til å møte andre folk.
Dei neste par vekene blei brukt på trening av forskjelleg slag. Rod trente med Sandor, Ceren trente med Ehrenfried og Blaecbrand øvde seg på å bruke teleportørene med Majida, forskaren frå undervassbasen. Dei greide å overtale Majida med at om ho hjalp kunne ho kanskje få augene sine tilbake, og at ho kunne få ein lettare sentence og kanksje være med på meir forsking for å reverse-engineere stjerneborn-teknologi seinare.
Rundt ti dager gjekk til dette, og Blaecbrand blei veldig frustrert da ho prøvde så hardt ho kunne men det likavell holdt seg ute av hennar grasp.
Desse dagene hengte Nadir og Blaecbrand, Rod commisiona eit bilde av den knuste Sehar med ekte griseblod og Blaecbrand og Ceren øvde seg på dansing.
Men kanskje det mest spennande som skjedde var at ein tigger ba om penge, og spurte korleis det gjekk med alle stjerneborna i området med våpenet. Når Blaecbrand spurte kvifor han spurte forklarte han at det var nokon han brydde seg veldig om i området. Sehar. Så reiste han seg opp til sin fulle høgde, eit godt hode høgare enn Ceren. Uglene følte den karateristiske skjæringa i tennene og energien i lufta frå ein knivrustning. Mannen tok av seg hetta og viste eit gammalt akshusisk ansikt, med mørkt grått hår og eit tjukt skjegg. Han hadde fleire arr i ansiktet og augene hans skinte med vrede. Al-Saif, leiaren for Kniv-sekta, stod forann Uglene. Han forklarte at han hadde prøvd å finne noke familie han kunne ta frå Uglene, men det var berre Blaecbrand sin familie som var praktisk å drepe. Meir spesifikt moren hennar. Han har tenkt seg å drepe Jeleneth, og så bruke blodet hennar for å lage eit våpen mot Blaecbrand. No hadde Geronimo høyrd nok, og han slo kloa si rundt Al-Saif. Al-Saif lo ut og slo handa si på forarmen sin. Det var momentant kaldare rundt Uglene, i det ein portal åpne seg opp kor Al-Saif var, og forflytta han. Uglene stod litt forfjamsa der, men var determined til å bli ferdige ta Kniv-tempelet før fredssamtalene.
Sessionen var ferdig den 35. Regn, men me har trillt for Blaecbrands trening for fram til den 5. Storm, utan noko hell.

Rewards Granted

200 XP til alle for ein veldig god samtale og god resolution av inter-party conflict

Missions/Quests Completed

The Warmachine

Character(s) interacted with

Theowulf
Støv
Nadir
Dharr
Ead Sheran
Ishmael
Al-Saif
Majira
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
08 May 2021
Secondary Location

Comments

Please Login in order to comment!