BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Questions, Answers and Blood Report

General Summary

Denne sessionen byrja med eit lite tilbakeblikk, kor Ceren nytta magien den nye boga sin magi for å vandre inn i Feywild og finne moren hans. Etter kort tid med vandring endte han opp i ein tåkefylt skog, kor han endeleg fekk sjå moren sin igjen. Aislin Charadric var blitt eldre og hadde vandra aleine i tåken veldig lenge. Det var ein tårevåt gjenforeining, kor dei to snakka saman om alt som hadde skjedd, og Ceren fortalte om hans store plan om å få dei fri. Men etter ikkje alt for lenge byrja tåken å bli tettare, og dei to vart separerte. Aislin klemte Ceren, og plutseleg var han aleine. For han manifesterte ein kvinne av grus og røtter seg. Ho kalte seg sjølv for the Twisting Trails, og forklarte at Cerens foreldre var fanga i ho.
Ceren og the Twisting Trails snakka kort saman, og the Twisting Trails lot han besøke foreldrene hans så lenge han var einig i å overleve ein beskjed til Altsehash.
Tilbake til notida satt Uglene og venta i teleporteringsrommet i krypten. Theowulf fortalte Blaecbrand at dei to kom til å ha ein samtale om hennar evne til å nytte stjernebornas teknologi, og Blaecbrand sa seg einig men at det måtte vente. Theowulf skulle til å gå bort for å gi Rod a piece of his mind, men Blaecbrand overtalte han om at Rod hadde handla med god grunn. Theowulf stolte på Blaecbrand og valte å ta det opp seinare.
Sandor snakka med Rod og sa at han støtta han i å ha drept Kniven, og at dei no skulle ha konkurranse om å kløyve folk.
Samtidig snakka Ead Sheran med Ceren om Blaecbrand, og det kom tydeleg fram at dei var ein "ting" som ikkje endå hadde fått eit namnt men det hadde vert rude av Ead å prøve seg på Blaecbrand. Så gjekk samtalen inn på kor rik Ead Sheran er og at han enda ikkje har hatt seg med ein skogalv...
Etter dette blei Uglene einige med heksejegarane og Ead Sheran om ein plan. Heksejegarane og Uglene skulle gå fram og speide, med heksejegarane, Rod og Davor i spissen og Blaecbrand og Ceren i baktropp, og Ead Sheran skulle være klar for å teleportere seg sjølv og Dharr inn i kampen.
Partyet bruke litt tid på å utforske Krypten, og fant fleire rare sylindre, meditasjonsplasser, vasspiper og hasj. Nok til seks folk. Når dei kom inn i sentrum av Krypten møtte dei to telekinetikere, med liknande uniformer som dei dei hadde slåss mot før. Theowulf snakka litt med dei, for å kjøpe tid til Uglene og heksejegarane til å komme seg i ein bedre posisjon og ikkje alle saman bli knust av telekinetiske krefter.
Den uungåelege kampen byrja med at ein av telekinetikarane slo ut ein bølge med telekinetisk kraft mot Blaecbrand og Theowulf, som begge to blei kasta til bakken av den. Davor mante fram heilag energi og låste telekinetikarane i posisjon med eit knusande magisk grep, med Blaecbrand skaut fram flamme og Sandor, Tsutumo og Rod sprang fram for å slåss mot dei. Det tok ikkje meir enn eit par augeblikk for uglene og heksejegarane å saman rive telekinetikarane i stykker. Sandor og Tsutumo gjorde seg klar til å fortsette vidare inn i Krypten og konfrontere dei resterande stjerneborna, når fella slo til. Fire Kniver teleporterte inn i rommet, kledd i mørke tettsittande rustninger og med hendene deira wrapped i psionisk energi. Dei slo til raskt og hardt akkurat kor Uglene ikkje var klar til det. Ein av dei teleporterte ved siden av Dharr og slo han ned, medan to av dei teleporterte til henhaldsvis Blaecbrand og Ceren og skada dei alvorleg, medan den siste prøvde å slå til Davor og blei slått tilbake.
Davor nytta magien sin fabelaktig, og greidde å fange enda to av dei med usynleg kraft og halde dei igjen, slik Tsutumo, Sandor, Ceren og Ead Sheran kunne skjære djupt inn i dei og drepe dei særs brutalt. Ceren tok nokre alvorlege slag frå den eine Kniven, men Ead Sheran kom og holdt Kniven tilbake med sine magiske, musikalske sverd slik Ceren kunne ta seg av Kniven som slo ned Dharr. Blaecbrand blei sårt skada, men smerten hennar åpna opp ein portal til ny vrede inn i ho og ho pusta ut flammer frå djupet av hennar being. Theowulf sprang til Blaecbrand assistanse, og saman med Rod greidde dei tre å beseire Kniven. Rod sprang opp til den siste Kniven, etter Sandor hadde kløyvd den Ceren nesten hadde drept, og kløyvde han horisontalt.
Uglene var relativt skada etter denne kampen, og tok seg nokre sekund til å roe ned og utforske rommet. Blaecbrand oppdaga at datamaskinen i sentrum av rommet hadde mykje informasjon, som ho delte med uglene og Theowulf. Rod kjente igjen nokre av namna til folk som beskytta basene, den viktigaste av desse var Al-Saif, leiaren av Kniv-sekta som hadde vert med å sprenge landsbyen hans. Partyet såg og gjennom romma ved siden av og oppdaga at det var fleire brandmerker rundt om kring i rommet. I rommet ved siden av var det nesten hundre øydelagt skjelett med tilhøyrande våpen og skjold, samt nokre relativt sterke magiske gjenstander uglene tok til seg sjølv. I enden av dette rommet var det ein mektig magisk mur inskribert med ord på drakonisk, det vanlege talemål og alvisk. Der stod det at rommet var lukke ved Gullkeisarens vilje, og at ingen skulle ta seg inn dit nokon sinne igjen. Theowulf teoriserte at det kanskej kunne være at fader Gabriel hadde tatt seg ned i krypten, beseira dei vandøde i den og så låst av nokre av dei farlegaste delane.
Etter å ha oppdaga desse tinga gjekk Uglene med heksejegarane ned i det siste rommet, kor ein telekinetiker låg død tilkopla til ein maskin. Ut av maskinen kom det ein prosjeksjon av ein mann ikledd lange lilla robes. Han introduserte seg som Tomrommets Profet og forklarte at det ikkje var noko Theowulf eller Uglene kunne gjere for å beseire han, da han hadde stjerneborna på sin side og dermed allereie hadde vunnet. Theowulf gjorde det klart at han kom til å finne profeten og hogge hodet av han, men desse trusslene falt på døve øyre då profeten ignorerte han.
Etter dette reconvena Uglene med Theowulf i krypten. Han fortalte dei at han ville ta turen tilbake til Ælmesleóht for å sjå korleis ting gjekk der, og sende ut soldater og alkymister til å sikkre Krypten. Sandor og Tsutumo skulle bli igjen og passe på krypten, medan Uglene stod fritt til å reise tilbake til Ælmesleóht og ta kvelden fri, da deira oppdrag var fullført. Dei blei einige om at dei skulle møtast igjen og diskutere den vidare strategien i den nærme framtida, da Blaecbrands evner og Uglenes kapasitet til vald var to nyttige værktøy Theowulf ville nytte i neste steg i planen sin.
Uglene forlot då krypten og gjekk opp til flyktningleiren, kor dei sa til folk at dei måtte forlate området om det ikkje var for upraktisk, og fekk mange takk for å ha slåss mot stjerneborna og drept dei. Deretter drog dei inn i byen, kor dei marsjerte inn i triumf og overbeviste folket om at DEI hadde vunnet slaget, og at imperiet igjen hadde kontroll i Ælmesleóht. Eller kanskje meir nøyaktig, at Uglene hadde kontroll i Ælmesleóht. Dei drog ein tur innom basaren, kor dei møtte Nadir og hennar alviske kompanjong på vegen. Dei utveksla nokre gode ord, og Ead Sheran tok sin farvell med Uglene for å prøve å gi litt glede til folk etter ein så dårleg dag.
I basaren snakka Uglene litt med mannen alkymistene hadde sendt for å ta kontroll av situasjonen. Han hadde med seg fleire eisenmensch og alkymister for å sortere det erobra stjerneborn-krigsmateriellet. Han var generelt ein pompøs asshat, men han sa seg einig i å vente med å sende utstyret sørover til han hadde snakka med Theowulf.
Etter dette var Uglene klar til ein godt fortjent rolig kveld med snakk med Ishmael og Karolina og debriefing vart dei møtt av ein firener som venta på dei på veg opp til palasset. Han forklarte at han var sendt med ein gåve til Blaecbrand, som Uglene møtte følge etter han for å oppdage kva var. Ein rask tur til elva viste at Blaecbrand hadde fått eit skip i bursdagsgåve. Det var eit sleek, langt skip med skalaktig raud, svart og gul maling langs dets flanker, som matcha med dets couatl-figurehead av slangeguden av sannhet som flaug framover på skipet. Storseglet til skipet slo ned akkurat når Uglene kom for å sjå, og viste ei vakker maling av ein ugle med klørne vendt framover. På siden av skipet stod det "the Wandering Truth", og det tilhøyrde no kaptein Blaecbrand Edrys. Uglene fekk ein liten omvisning på skipet, og så stod dei igjen på kaien, med ein del å gjere men likavell så nær slutten på deira "fangenskap" i Ælmesleóht.

Rewards Granted

Experience points:
75 XP for å legge gode planer for å vandre i krypten
1350 XP for å beseire 2 Telekines og 4 Knife Adepts
150 XP for å etterforske amrikh-ruinene i krypten, finne magiske items og oppdage eldmuren
100 XP for å encountere Tomrommets Profet
150 XP for generell roleplaying
400 XP for å fullføre "Singing, Dancing and Terrorism" og den første arc av "In His Majesty's Service"

Missions/Quests Completed

Singing, Dancing and Terrorism completed

Character(s) interacted with

Theowulf
Aislin Charadric
The Twisting Trails
Ead Sheran
The Void Prophet
The Gold-armed alchemist
Nadir
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
28 Mar 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!