BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Shoppers and Shadows Report

General Summary

Etter nokre brutale veker fekk partye endeleg ein ferie, som dei nytta særs produktivt. Dei gjekk til Ørkengriffen for å få sin belønning av Sarab for å ha redda Nadir. Der tok dei imot eit magic item, kjøpte eit til og handle inn krystallene sine til Sarab, som sa ho kunne nytte sine kontakter hos rike handelsmenn og selge dei for ein liten formue. Sarab gjorde det og tydeleg at ho ville jobbe med partyet, eller for dei, men at neste gong ville det koste peng.   Blaecbrand og Ceren gjekk og snakka med Aslam, ein vassgenasi med eventyr-ambisjoner, og overtalte han om at han trengte hjelpen deira, og at han kunne få den om han var villig til å skulde Altsehash ein tjeneste. Han sa seg einig og sa at han ville kontakte dei så snart han fekk ein idé om kvar skatten han leiter etter er. I løpet av denne samtalen møtte dei og Song, ein tiefling som jobber for Altsehash. Deretter gjekk dei og hjalp Nadir med både oppvasken og å komme seg ut av husarrest, om enn berre midlertidig.   Rod og Geronimo møtte Sandor i Ørkengriffen. Han fortalte at Theowulf hadde gitt han nokre dage fri medan han sjølv jakta på Stjerneborna, så han lurte på om Rod ville trene med han. Rod sa ja, og brukte dei neste to vekene der, i intens trening for å lære seg å bruke den nye øksa si som ein pro.   Davor gjekk opp til palasset med Viktors rustning, og presenterte den for prinsen. Prinsen sa tusen takk, og bad om unskylding frå Davor for korleis han hadde oppført seg under audiensen. Davor akseptere ikkje unskyldingen, og forklarte at Ishmael ikkje hadde gjort noko galt, men bad sjølv om unskyldning for Viktors død. Davor fortalte at han ville ta på seg arbeidet med å restore rustningen til dens tidlegare glør, og dedikerte ei veke til det. Etter dette reiste han ut i flyktningleiren og hjalp sølvkyrkja som lege i ei veke. Under dette arbeidet vart han kjent med Moder Tatyana, leiaren for sølvkyrkja i Ælmesléoht og ein koseleg gammal dame med eit hjarte for flyktningekrisa.   Blaecbrand og Ceren var på daddel-date med Nadir, som viste dei rundt i byen og fortalte dei om alle dei beste plassane å ha dates. I løpet av denne turen besøkte dei Hildegard Schwarz, ein alkymist-turned-tailor som lagde praktiske, elegante og stylish kle til dei.   Etter dette brukte Blaecbrand og Ceren ei veke på sine eigne prosjekt. Blaecbrand gjekk i messingbiblioteket og fekk hjelp av søster Anna og Ishmael med å samle informasjon om Ælmesleóht, nærområdet og Nedre Akshus. Ceren brukte tid i dei meir shady delene av byen på å skaffe seg kontakter blandt den kriminelle underverden. Etter dette tok dei ei veke saman der dei generelt chillte og hengte ut. I løpet av denne veka gjekk dei bland anna på sin første skikkelege date i Askelunden og bonda med Ishmael over problematiske familiesituasjoner. Geronimo såg ein mystisk skikkelse følge etter dei under daten, men valgte å ikkje følge etter.   I desse to vekene med ferie skjedde det og ein del økonomisk oppretting, ein del magic items blei solgt og ein del meir blei kjøpt. Generelt følte partyet seg mykje bedre etter denne tida, no som deira sjanse for å overleve og vinne kamper vart forbedre. Det einaste spesielt merkverdige her var at Davor valgte å selge sin Mace of Terror til messingdrage kyrkja, som bror Amadeus (ein ekspert på akshusisk historie og geografi) satte stor pris på.   Måndag den femtande Regn byrja partyets neste oppdrag, å stoppe monsteret som angrip flyktningeleiren. Ishmael ga dei oppdraget og litt kontekst. Han forklarte at deira kontakt kom til å være moder Tatyana, som Davor hadde blitt kjent med i løpet av veka, og at det hadde skjedd to seperate angrep natta før.   Så reiste partyet ut i leiren for å snakke med moder Tatyana. Når dei kom fram var det ganske mykje bråk og støy, idet det var stor diskusjon om kva som burde være neste steg for flyktningene. Det blei raskt klart for partyet at moder Tatyana ikkje hverken hadde ressursene eller ekspertisen ho trengte for å stå mot denne trusselen, men ho prøvde likavell. Ramat, Tatyanas kommandør, fekk ordre om å eskortere partyet rundt om kring i leiren og fortelje dei alt som hadde skjedd.   Partyet blei fortalt at dei fleste lika frå angrepa om natten allereie hadde blitt brendt, bortsett frå den eine av to brødre. Liket hans låg framleis i teltet til mødrene hans, som dei kunne oppsøke om dei sjølv ville sjå kva type skader monsteret kunne gjere. I tillegg ville Ramat vise dei dei to åsteda.   Partyet gjekk til lika, der den eine moren stoppa dei før dei fekk gå inn. Sajah stod med sverd klare til å forsvare hennar avdøde son, og Ramat fekk streng beskjed om at han ikkje skulle være i hennar presence før han hadde funnet den andre sonen. Partyet forklarte at dei kom frå prinsen og prøvde å overtale ho om å la dei komme inn, men ho ville ikkje gi seg og anklagde dei for å ikkje bry seg. Heldigvis kom kona hennar, Qamra, ut og lot partyet komme inn i teltet.   Derinne såg dei ein ung mann med halsen hans revet ut og med allslags sår rundt omkring på kroppen hans. Partyet kom fram til at eit naturleg dyr ikkje hadde gjort dette, og at menneske kanskje var involvert på ein eller anna måte. Dei lovte og å finne liket til mødrenes andre son, om dei kunne.   Etter dette gjekk partyet til åstedet for angrepet mot patruljen brødrene hadde vert i. Etter litt investigation konkluderte dei med at patruljen må ha blitt utsatt for eit overfallsangrep, og at det var mogeleg at monsteret hadde angrept frå under bakken. Etter litt meir investigation fant Ceren og ein oldgammal kopar-pil, som ikkje heilt passa inn med åstedet.   Partyet blei då einige om å splitte seg. Davor og Blaecbrand ville reise til bror Amadeus for å sjå om han kunne sei noko meir om pila og potensielt forklare kva den hadde med situasjonen å gjere. Ceren, Dharr og Rod reiste til det siste åstedet for å sjå kva som hadde skjedd der.   Davor og Blaecbrand ga pilen til bror Amadeus, som forklarte at det var ein tusenvis av år gammal pil frå Amrikh-riket, som mest sannsynleg originalt kom frå ein grav. Når han blei spurt om å teikne opp eit kart over graver sør for Ælmesleóht gjorde han det, men det var ingen openbare samanhengar mellom dei og kor angrepene hadde gått for seg. Han fortalte då at å trigge forsvarsmekanismer i gravene kunne utløyse forbannelser og udøde guardians, så det kan hende at monsteret er noko slik.   Ceren og Rod gjekk inn i eit blodig, messy telt og intervjua ei lita jente, og konkluderte med at dette monsteret kunne grave seg opp frå bakken. Ceren gjekk gjennom alt bevismaterialet, og konkluderte med at det var noko som skurra, noko som mangla. Pilen ga ikkje meining om dette var eit monster som slåss med naturlege våpen, og blåmerket på hodet til den avdøde sonen passa ikkje inn med resten av beskrivelsen av monsteret. Noko var ikkje heilt rett.   Partyet samla seg og snakka med Ramat og moder Tatyana. Dei hadde fått noko forståing for monsteret, og bestemte seg, etter Blaecbrands forslag, å fordele patruljene breitt over leiren slik det var meir sannsynleg dei blei angrepen ein plass Geronimo kunne sjå det og flyge inn med forsterkninger. Rundt dette tidspunktet, når partyet saman analyserte karta over leiren, kom det fram at det var eit område med markant mindre anngrep.   Når dei spurte moder Tatyana om dette forklarte ho at det var den Forbudte Del, eit område av leiren under kontroll av eks-soldater som var valdeleg isolasjonistiske. Partyet ante fare med ein gong, og bestemte seg for å sende Ceren inn usynleg for å utforske det.   Ceren sneik seg inn i den Forbudte Del, og oppdaga raskt at noko galt var på ferde. Han såg at fleire av familieoverhodene og krigarane var under ein eller anna form for enchantment, og at hooded skapninger ga dei telepatiske ordre. Han sneik seg heilt inn i mitten av leiren, kor han såg at ein liten taskforce med slike mind-controlled krigere hadde samla seg forann to av dei hooda skapningane, som såg ut til å gi ordre telepatisk. Han sneik seg inn i eit spesielt stort telt i mitten av leiren, og oppdaga eit shrine til ein eller anna form for gud som minte om dei hooda skapningene. I mitten av dette shrinet var det eit sinkhole, som han hoppa ned i og utforska. Han såg ein trapp som leia ned, og når han byrja å gå ned trappen kom det tre monstre opp mot han. Desse var twisted skapninger med lange klør, store skarpe tenner og for store tunger. Han greidde med nød og neppe å springe opp og unngå dei. Det siste han såg av dei var at dei grav seg ned i sanden og forsvant. Så gjekk han ned trappene igjen, til byrjinga av ei underjordisk struktur. Han kunne sjå tre åpninger, ei av dei med ein stor gate, og murals heile vegen rundt veggen.   Han sprang raskt opp igjen, kor han såg at gruppa med mind-controlled krigere var vekke. Han skjønte at noko kom til å skje snart og sprang ut av leiren igjen. Mens alt dette hadde skjedd hadde Geronimo vert på overwatch-duty og sett den store gruppa med krigere bevege seg inn i leiren. Ceren blei kvitt usynligheten og vinka opp til Geronimo, som flaug ned, henta han og flaug bort til partyet.   Han forklarte at noko kom til å skje snart, og at partyet måtte forberede seg. Dei kom fram til at Dharr og Ceren skulle være på bakken og halde auge med om noko skjedde, medan Blaecbrand, Davor og Rod skulle være på Geronimo og være eyes in the sky. Etter ikkje veldig lenge såg dei noko skje, men det dei såg overaska dei.   Krigarane hadde evakuert eit stort område for folk og omringa eit telt, som dei sa det var eit monster inni. Dei ropte på Ramat og sa at dei måtte ha hjelp. Geronimo satte Davor og Blaecbrand ned. Dei visste ikkje umiddelbart kva dei skulle gjere. Ceren og Dharr såg folkemassen komme frå evakuasjonen og sprang i retning av teltet, der dei møtte opp med partyet.   Ikkje lenge etterpå kom Ramat springjande, med all intensjon om å hjelpe.   Rod bestemte seg for at den einaste måten å finne ut av sannheiten her var å sjå den, så han flaug bort og reiv med seg heile teltet. Under såg dei ein dame liggje i frykt, medan ho ropte ut etter nokon til å redde ho. Ramat og Davor sprang fram for å være helter, rett forbi krigarane og bort til dama.   Ramat drog ho opp og bar ho med ein arm, medan han holdt sverdet sitt klar med den andre. Ho sa at han var helten hennar. Så stakk ho han i halsen med kniven ho hadde gjemt. Ramat datt ned, døyande. Davor såg på i skrekk idet han innsåg han var fanga i ein felle. Ein lang, tørr og rough tunge skaut ut frå sanden, vikla seg rundt Davor hals og trakk han ned medan den byrja å kvele han. Dei to hooded skapningane frå leiren reiste seg opp av sanden, og no viste dei sine monstrøse ansikt.   Ein kamp byrja mellom partyet og Støvhoffet.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
19 Jan 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!