BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Singing, Dancing and Terrorism Report

General Summary

Uglene stod på havnen i Ælmesleóht, og snakka litt med Nadir om kva som hadde skjedd. Dei konkluderte med at kva enn konsekvensene av dette var, så var det ikkje noko dei hadde tid, ressurser eller motivasjon til å deale med. Dette kom mest sannsynleg til å være eit problem for nokre framtidige helter, og Uglene hadde andre ting å deale med. Men Nadir skulle sei det vidare til faren sin, slik han kunne få vite om det.
Uglene gjekk då mot Ørkengriffen, for å levere Nadir sikkert heim og prøve å få solgt sine nye juveler. På vegen møtte dei på Eadelwic Ashan igjen. Skipet hans hadde nesten brent ned i det to flint-terninger hadde lagd ein gnist som datt ned i ein tønne med ulovleg rom og sprengte siden av skipet. Han hadde rett og slett vert ekstremt uheldig. Blaecbrand beit seg merke i dette og foreslo at det kunne være ein effekt av Gregorios lykkemynt, og Davor leia Uglene i utspørring av Eadelwic. Han blei særs fornærma i løpet av samtalen og storma vekk for å finne eit rom på ein tavern. Uglene snakka og litt med han som faktisk hadde trilt terningene, og han sa seg einig i å sei frå til partyet om han oppdaga at nokon var spesielt heldige i området, mot noko gull.
Ved Ørkengriffen ga Uglene juvelene sine til Nadir, som skulle prøve å få solgt dei vidare. Blaecbrand fekk nokre reine og tørre klede av Nadir. Etter denne turen splitta partyet seg opp.
Rod reiste ut i ørkenen for å chille, drepe nokre ting og kose seg med ugla. Han såg ein karavanne på veg sørover, med kvite banner med ein svart due på seg.
Ceren og Blaecbrand gjekk til Midtmarkedet og kjøpte kakao, før dei satte seg i Askelunden for å kose seg saman. Dei hadde ein samtale om kultur, forventinger og måter å vise affection på. Samtalen oppklarte litt og forvirra meir, men dei kom fram til at commitment var ein felles verdi for dei, og at dei var commita til kvarandre.
Davor gjekk for å snakke med Gregorio, og han fant hans halfling venn i ein bar i Ælmesleóhts industriområde. Han satt i eit hjørne og spelte kort med ein akshusisk arbeider. Davor gjekk inn for å dra Gregorio ut igjen, men så hørte han Gregorio stille spørsmål om lykkemynten. Han skjønte raskt at Gregorio holdt på å tape og prøvde å hjelpe han, med middelmådig. Heldigvis er Gregorio ein veldig flink con-man og brukte mogelegheita Davor ga han til å vinne alt. Dessverre visste ikkje arbeideren noko meir og hadde lurt Gregorio. Gregorio flaug opp for å slå til han, men Davor greidde å halde han tilbake.
Då fekk Davor og Gregorio anledning til å snakke saman. Gregorio fortalte at han hadde holdt seg nøktern sidan dei sist snakka saman, og at han hadde hatt håp i starten. Men han hadde snakka med mange folk no og brukt alle triks i boken, utan noko hell med å finne mynten. Han trur den har komt seg opp nordpå i byen, til handelsfolka der, men han har ingen anelse kor den har bevegd seg etter det. Den kan ha forlatt byen, den kan ha komt seg nordover eller sørover eller vestover. Han fortelje Davor at han har litt mista håpet, det virker som ein for stor oppgåve å gjere utan hellet hans. Han føler at drageguden har forlatt han.
Men Davor trøster han, og fortelje han at drageguden ikkje har forlatt han. Drageguden sendte tross alt Davor til han. Dette er ein test, og når dei finner mynten vil Gregorio komme inn i Dragegudens good graces igjen. Og dei kom til å finne ut av det, for Drageguden er med dei.
Gregorio sa seg einig med Davor og lovte å fortsette så sterkt han kunne. Han skulle halde seg av drikken, og leite vidare. Davor fortalte og at han skulle prøve å nytte dragemagien sin til å finne lykkemynten. Dei parta på good terms, og dei er begge optimistiske.
Den kvelden snakka Blaecbrand med Ishmael, og fortalte han sannheten. Faren hennar er kong Ibrahim, som betyr ho er Ishmaels søster. Ishmael var sjokkert og overraska, men han aksepterte det. Dei to hadde ein samtale om dragekrefter, faren deira og planene deira framover. Dei konkluderte med at biskopens blackmail ikkje eigentleg hadde nokon effekt, og Ishmael lovte Blaecbrand at han kom til å stå ved hennar side og støtte ho i kva enn kamper som kom til å komme framover, spesielt no som dei faktisk var familie.
Davor snakka med Lars, som var frustrert over at Uglene ikkje slåss mot amrikhene og at dei ikkje hadde reist opp i Azerheim for å sikkre ein ærefull begravelse til vennene hans. Davor sa seg einig i at han skulle ønske at det går raskare, men at han slåss med vennene sine slik dei kan bli sterke nok til å hjelpe Lars. Lars sa seg grudgingly einig, og forsvant inn i Vandøddræber igjen.
Om natten snakka Ceren med Altsehash, som ga han eit utvalg av boger. Ceren tok då Dreamwalker bogen, ein boge som vil la han bevege seg i andres draume og reise gjennom Feywild.
Dei neste par dagene byrja Uglene på nokre personlege prosjekt. Rod brukte tid med Sandor på å trene seg opp til å kløyve fiender, Ceren prøvde å bli venner med heksejegernes skarpskyttere, Blaecbrand brukte tid i messingbiblioteket for å studere Feywild og Davor brukte dei første par dagene på å leite etter lykkemynten med magien sin, men når han ikkje hadde noko suksess med det brukte han nokre dager på å lage ein due-pendant av steinen frå ushabtien.
Den tjuetredje møttast Uglene først med prinsen og kapteinen av Kronelegionen som tjner han, Leberecht. Dei snakka saman om kva prioriteringer dei burde ha, og Uglene og Ishmael blei einige om at å redde sivile tar høg prioritet, men at å få tak i Kniven var det viktigaste. Leberecht var ueinig, og meinte at det viktigaste burde være å stoppe angrepet og redde så mange liv som mogeleg, men han respekterte at Ishmael og Uglene var ueinige.
Etter dette reiste dei alle saman til heksejegernes tempel, kor dei diskuterte planen med Theowulf. Han fortalte dei kva han hadde oppdaga frå Majida, og fortalte dei litt nyheiter. Biskoppen har endeleg gitt han lov til å jakte dei han vil, såfremt han fokuserer på stjerneborna og ikkje spiller tid på vanlege kriminelle. I tillegg har biskoppen gitt ordre om at Majida skal henrettast, eit valg Ishmael er ueinig med da han ikkje synst ein bør drepe fanger, men det er biskoppens valg.
Uglene diskuterte planen med Theowulf og Ishmael, og dei konkluderte med at Theowulf og to heksjegere skal vente med Geronimo og fly inn når Geronimo merker at Rod er i fare, medan to heksejegere skal vente i bygninger med utsikt til basaren slik dei kan være på overwatch. Ishmael skal hjelpe uglene med hans drakoniske magi og kroneriddarane hans skal prøve å få ut sivile slik uglene kan slåss. Uglene skal då prøve å finne ut av korleis Stjerneborna kjem til å angripe, og når dei slår til skal dei prøve å få fanga Kniven.
Theowulf forteljer om nokre av hans deduksjoner:
Lagerhuset stjerneborna nytter tilhøyrer eigentleg den akshusiske handelskvinna Farah Mustar. Ho er ein lojal til imperiet og har tent mykje på imperiets suksess, så han mistenker at ho enten ikkje veit om det eller at stjerneborna har ein eller anna form for blackmail på ho. Ho skal være på festivalen, så det kan være lurt å investigate ho.
Han trur at stjerneborna kjem til å angripe når Ishmael kjem ned til basaren på kvelden, og at Kniven kjem til å utfordre Leberecht til ein duell.
Han åtvarer dei og mot stjernebornas teknologi, og at det kan være lurt å sjå kva eigenskapar og våpen dei har slik dei kan kontre det når kampen byrjer.
Etter dette kom kvelden før Fredsfestivalen. Davor gjekk opp til Ishmaels tårn og ga han pendanten han hadde jobba så hardt på. Ishmael sa tusen takk for gaven, og at han kom til å gå med den med stolthet.
Morgonen etterpå gjekk Blaecbrand opp til tårnet, kor ho for ein gongs skuld oppdaga at Ishmael sov. Ho kom tilbake seinare og spurte han om det gjekk bra med han, i forhold til at han potensielt måtte nytte kreftene hans i dag. Han delte at det var vanskeleg for han, at han ikkje ennå kunne leggje frå seg alle dei vonde tinga han hadde gjort og sett gjort med dei drakoniske kreftene. Men han innsåg at det til sjuande og sist var irrelevant korleis han følte seg om det, for han måtte beskytte folket sitt. Deira sikkerhet er viktigare enn kjenslene hans. Så han ville gjere det nødvendige, og så lære seg å leve med det. Han sa takk til Blaecbrand for hjelpen med å få litt sjølvtillit, og fortalte at han såg opp til ho som kan bruke magien sin til å gjere så mykje bra. Dei forlot kvarandre, og Ishmael følte seg enda litt tryggare på seg sjølv.
Dagen etter gjekk partyet ned til basaren, og dei såg alle saman fresh as fuck ut. Rod bad Blaecbrand presdigitate av blodet på klærne hans slik han såg meir anstendig ut, og det nye Stjerneborn-blodet han fekk på det ville stå enda sterkare fram. Ceren og Davor såg begge to ekstremt sharp dressed ut. Blaecbrand såg stunning ut i den nye kjolen Hildegard hadde lagd til ho. På vegen møtte dei på mange fans, kor dei fleste av dei signerte ting, ga fist bumps eller generelt sett spelte rollen som kjendiser. Ikkje Rod då. Rod var Rod.
Når dei kom fram til basaren gjekk dei inn til Eadmund Sheranis først, da dei tenkte å fortelje han planene dersom (når) noko gjekk galt. Når dei kom i presencen til Battlebarden og hans battlebards var dei overraska. Ead Sheran viste seg å ha ein kjent dialekt, da han som Theowulf kjem frå Eilcíud, og det blei tydeleg at det hadde skjedd ein stor missforståelse: Ead Sheran og hans kompani med 500 battlebards forventer å bli hyrt som leigesoldater av prinsen. Uglene blei overbevist om at dei må informere Ishmael om dette før han gjer ein stor politisk feil. Ellers snakka dei godt med Ead Sheran og forklarte han kva han skulle gjere om (når) eit terroristangrep skulle skje, som da var å få så mange sivile ut som mogeleg. Han sa seg einig.
Etter dette gjekk partyet ut i basaren, for å nyte Fredsfestivalen og stoppe Stjerneborna, koste kva det koste vil.

Rewards Granted

Rewards: 100 XP til alle for å levere krystallene til Nadir slik ho kan selge dei vidare   200 XP til alle for planlegging med Theowulf og Ishmael   100 XP til alle for tid brukt på make-over

Character(s) interacted with

Eadelwic Ashan
Gregorio Castillo
Ishmael Tanin
Leberecht
Theowulf
Eadmund Sheranis
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
06 Mar 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!