BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

The Life and Death of a Scorpion Report

General Summary

Denne sessionen var det bursdagsfest! Ruqayya vart 147 år gammal den andre storm, og Uglene var inviterte med på festen av Nadir. I tillegg til uglene var og to nye ansikt med på festen: Po Urgrøn og Dolk, to monsterjeger-venner av genasi-søstrene. Etter eit par dager med shopping og pynting til fest samla alle seg i Ørkengriffen. Po hadde brukt tida på å pynte med Nadir og henge opp blomster over alt, medan Dolk hadde brukt tid med Støv og prøvd å sy vimpler, som gjekk så-som-så.
Dolk og Po møtte og partyet litt før dette, i villaen deira i palasset. Dolk var ein stor og fryktingytande monsterjeger, dekt i tattoveringar, arr og for varme dvergiske klede, medan Po var ein stor fyr med eit åpent ansikt, langt blond hår som lukta kanel og eit ærleg smil.
Uglene møtte opp på Ørkengriffen med gåver til Ruqayya og var klar til fest. I tillegg til Uglene var og Dolk, Po, Nadir, Daegseg, Song, Dharr og Støv til stede på festen. Når Ruqayya kom ut frå rommet hennar sang alle burdagssonger til ho, men alle sang forskjellege bursdagssonger på forskjellege språk. Ruqayya blei veldig rørt og glad og ba alle om å sette seg rundt bordet, i det ho knipsa og mat byrje å levitere ut frå kjøkkenet. Det var mykje mat frå forskjellege dele av imperiet, og det var noko for ein kvar smak.
Under middagen var det mykje småprat som gjekk rundt bordet. Nadir hadde invitert Daegseg som daten sin for å møte familie og venner, men greidde ikkje å gi ho skikkeleg attention utan å bli ufatteleg klein, så Ceren og Blaecbrand steppa inn for å ha ein samtale og støtte Nadir når ho var for flau. Dei snakka og med Song som fortalte at Po var ein bard som prøvde veldig hardt og at dei burde støtte han, akkurat før Po spelte musikk på sekkepipa si som passa perfekt til settingen. Etter ein liten oppvarming tok Song over underholdninga for resten av middagen.
Etter ein stund fortalte Ruqayya at ho hadde lyst på historier frå folk rundt bordet, og Uglene, Po og Dolk delte av sine forskjellege erfaringar og vart kaldt for helter av Ruqayya. Ho forklarte sjølv at ho i sin ungdom hadde vert ein heks og hadde beskytta uskyldige folk mot onde guder som bur djupt i skogene. Hennar mest spennande historie oppstod etter ho hadde blitt forrådt av ein venn, som hadde alliert seg med Edderkoppmoren og prøvd å få ho inn i den ekte verda gjennom eit storstilt ritual. Ruqayya og heksene hennar slåss mot hen under ritualet og Ruqayya skar sjølv ein klo av Edderkoppmoren når ho nesten kom gjennom portalen. Ho tok kloa og lagde ein kniv av den.
No var det tid for gåver! Rod ga Ruqayya noko av hans karakteristiske smoothie, som ho var veldig stor fan av og spurte om oppskriften til. Den var ein god blanding av salt og søt, og Dharr likte den og veldig godt. Ceren ga ho nokre veldig fine sko med skjulte compartments, som ho likte veldig godt. Blaecbrand ga ho ei bok om den alviske skapelsesmyten, dei alviske guders mytologi og det alviske imperies tidlege historie under dei første autarkene, som ho sjølv hadde redigert for å fikse delene imperielle myndigheter hadde sensurert eller endra på. Ruqayya satte stor pris på dette og gleda seg til å lese om Corellons skapelsesdans. Po ga Ruqayya ein flaske med sirup, som Ruqayya satte stor pris på og gleda seg til å bruke til å lage pannekaker dagen etterpå. Dolk ga Ruqayya to veldig fine salantaske krukker med lyngurt, ein av dei med lyngurt-salve og den andre med faktisk lyngurt. Davor ga Ruqayya ein steikespade laga med metallet frå ormen, som lyste ut med regnboger i den akshusiske solen.
Ruqayya sa tusen takk for alle gåvene, og så kom ho til Nadir sin. Nadir forklarte at ho og Sarab hadde leitt etter den og spart opp til den leng, og at Ruqayya var ein god mor for dei, som aldri hadde kjent sine eigentlege mødre. Dei veit at Ruqayya sikkert ville leve mange år til, men dei ville ha så mange år som mogeleg sidan dei framleis er så unge og eigentleg ikkje veit kva dei driv med (sjølv om Sarab liker å påstå anna). Ruqayya opna gaven og såg ein ungdomseliksir i den. Ho ga Nadir ein klem og sa tusen takk, så drakk ho den.
Forann partyet vart ho minst ti år yngre. Ryggen hennar krumma seg mindre og ho stod høgare, rynkene hennar blei meir glatte og augene hennar lyste med ein forstekra livsgelde. Ho smile til Nadir og såg glad ut, med tårer i augene. Så byrja ho å hoste. Ho hosta hardt og brutalt, heile kroppen hennar folda inn på seg sjølv og ho datt ned på bakken. Nadir skreik ut i desperasjon men Blaecbrand og Daegseg reagerte raskt og tok ho til side. Davor og Dolk sprang fram for å undersøke kva som skjedde, og dei hørte på lungene hennar. Noko var veldig, veldig galt og ho måtte jobbe ekstremt hardt for å puste. Dei greidde å stabilisere luftvegen hennar. Ceren sprang fram med magisk ointment som burde helbrede ho og heldte den ned i munnen hennar. Det hadde ein liten effekt, men det var særs forbigåandes. Dolk brukte magien sin og sendte helbredande lys inn i Ruqayya, men effekten av dette var og liten. Po prøvde å sende inn energien sin, men dette og var ikkje nyttig.
Effekten av alle desse tiltaka til saman greidde då å stabilisere Ruqayya meir, men ho pusta framleis særs tungt. Davor sende beskjed til Gregorio, og han sa han skulle ta med Spritze og komme og hjelpe dei. Så såg Davor, i sidesynet sitt, ein edderkopp byrje å kravle opp veggen. Han gjekk bort for å ta den, og så endra den formen sin. Edderkoppen vokste seg stor og beina dens samle seg. Til slutt stod det ein kritt-kvit alv forann Uglene. Hen var kledd i ein svart dress med grå striper, Ceren synst denne minnte veldig om Altsehash sin stil, og under denne hadde hen ein kvit skjorte og raudt slips. Hen hadde kvite hansker på seg, og over hanskene kunne ein såvitt skimte svart pels. Hen smilte eit kaldt, morderisk smil med blodraude lepper, og hen gjekk med opake raude briller. Lang svart hår falt ned denne skyggealven, som introduserte seg som Chelicerata, ein gammal venn og fiende av Ruqayya.
Hen forklarte at Ruqayya hadde drukket ein dråpe med Edderkoppmorens gift, ein gift som var potent nok til å drepe guder. Uglene hadde ikkje tilgang til noko som kunne helbrede ho, men heldigis hadde hen antitoksinen. Nadir var klar til å slå til Chelicerata, men måtte no høyre meir etter. Hen fortalte at Ruqayya hadde noko som tilhøyrde Edderkoppmoren, og at ho ville ha det tilbake. Dette var ein kniv lagd frå kloen hennar. Om Chelicerata fekk den ville hen gi dei antitoksinen, og Ruqayya ville leve vidare. 
Chelicerata såg ned på Ruqayya og lo litt. "Så gammal du har blitt, du kunne vært så mykje meir."
Det var nok for Blaecbrand og ho brente Cheliceratas form. Hen lo ut og sa at dei hadde eit par dager på seg, og at dei skulle møtast ved eit spesielt tre i Askelunden. Når flammane åt gjennom huden hens var det tusenvis av høg-pitch små skrik i det edderkoppene inni Chelicerata brant opp og døde. Edderkoppene kom seg ut av hol i huden og Uglene slo til dei og øydela dei før dei kunne komm seg nokon veg. Til slutt var Chelicerata berre brent og øydelagd hud.
Partyet gjekk bort til der edderkoppen hadde komt frå og oppdaga ein skyggeportal som leia til eit anna plan av kosmos. Med ein suppeskei grav dei ut litt kald, tørr og død jord. Po, Dolk og Davor flytta Ruqayya inn på rommet hennar, kor ho låg og hveste. Nadir syntes at dei burde finne kniven og gi den til Chelicerata, men resten av gruppa problematiserte dette. Kunne ein stole på at hen faktisk hadde ein antitoksin? Kva ville konsekvensene være om Edderkoppmoren fekk kniven? Kva om det var ein felle?
Uglene hadde rett og slett for lite informasjon til å komme med nokre beslutningar, og stresset frå gjorde det nesten umoglegeg å diskutere ein skikkeleg plan. Chelicerata hadde satt dei i ein veldig vanskeleg posisjon.
Song forklarte at Edderkoppmoren var ein farleg fey, som spesialiserte i å fange folk i spindelvev, både i ein overført og bokstavleg betydning. Ho liker å fange folk i umogelege posisjonar, kor dei må gjere som ho vil. I ein meir privat samtale med Ceren forklarte ho at Edderkoppmoren var ein av Altsehash sine allierte, og at han sikkert ville at ho skulle få kniven. Ho tilbaud å hjelpe han med å komme til foreldrene hans og lære han å bruke boga enda bedre, om han ville hjelpe ho med å få kniven til Chelicerata. Han sa nei til dette tilbodet.
Når Gregorio og Spritze kom ga Spritze mykje smertestilljande til Ruqayya. Dette, saman med den magiske lækjinga, gjorde at ho kunne kommunisere. Ho forklarte at Uglene måtte la ho døy, at den einaste måten å slå Edderkoppmoren på var å ikkje spele spelet hennar. Nadir nekta å akseptere den mogelegheita, og Uglene forklarte at det var meir komplisert enn som så. Kva om Chelicerata gjekk etter Nadir etterpå? Eller Sarab? Ruqayya forklarte at ho stod på sitt, at verda var i fare om den kniven kom tilbake til Edderkoppmoren, men ho klemte Nadirs hand og sa at ho måtte gjere det ho synst var best.
Uglene blei einige om å sende Blaecbrand i edderkoppform gjennom portalen for å sjå kva som var på andre side. I alt dette såg Nadir veldig sint og lei seg ut samtidig, og ho holdt rundt Daegsegs hand heile tida utan sjølv å leggje merke til det.
Gjennom portalen kom Blaecbrand til ein daud by, ein by av kvite ruiner og svart livlaus jord. Ein kald vind som lukta støv og aske skar gjennom Blaecbrand sjel, og ho følte at ho mista seg sjølv litt i dødens absolutthet. Kva forskjell kunne ho gjere? Ho høyrde nokre teikn til liv i byen, lyden av ting som gnaga på bein og skrik av smerte, og ho såg ein av amrikhenes ushabtier patruljere gjennom byen. Ho skifta tilbake til sin vanlege form og gjorde seg sjølv usynleg. I horisonten kunne ho sjå lys frå flammer, men det var det einaste lyset i denne mørke byen.
Ho gjekk usynleg som eit spøkelse gjennom byen og såg allslags merkelige, forvridde og korrumperte skapninger leve i skyggene. Nokre av dei såg ut som dei sulta, med tynne ekstremiteter og små mager, men dei munnene deira var alt for store og hadde for mange tenner, og dei såg rundt seg med hunger i blikket. Andre av dei hadde for mange arme som enda i brutale knivet. Nokre av dei såg nesten normale ut, men var for bleike og hulkene frå grininga deira var for djup til at dei kunne være menneske. Fleire av desse blei jakta ned av ushabtiene Blaecbrand såg.
Når Blaecbrand kom til der det Imperielle marked ville vert i den materielle verden såg ho ein gigantisk slagmark. Det låg hundrevis av tungt armerte skjelett, mumier og ushabtier utover mursteinsgolvet. Desse hadde blit kløyvd i to, brent, knust, skjært i stykker eller ein kombinasjon av alle dei. I mitten av denne slagmarken var det pillar av magisk skrift som roterte rundt. På den stod det, på alvisk, det vanlege talemål og drakonisk, ein beskjed som var veldig lik den Uglene hadde sett i krypten med Knivene.
Blaecbrand gjekk sørover mot Askelunden og fant fleire lik frå denne konflikten strødd utover gatene. Når ho kom til Askelunden såg ho kjelda til det brennande lyset, ein kolossal bonfire som såg ut til å sluke inn asken rundt seg. Ho kunne såvitt skimte ein figur i mitten av den, og ho gjekk nærmare for å utforske. Ho såg ein kritt-kvit alv ho hadde sett før, ikledd svarte robes. Han holdt ut hendene sine og såg ut til å kontrollere flammehavet rundt seg. Han såg der ho stod med eit svart auge, og eit djupt hol kor det andre auget burde være. Arret frå Rod øks lekka svart røyk, som om noko inni alven prøvde å komme seg ut. Den Bleike Mann såg ned på Blaecbrand og spurte kven ho var. Når ho forklarte at ho var Blaecbrand Edrys var den Bleike Mann skuffa, og sa at han ikkje hadde lov til å drepe ho.
Ho spurte kva han visste om edderkoppene og han forklarte at det sør-vest for dei var eit nest med edderkopper. Når ho spurte kvifor han ikkje hadde angrept dei forklarte han at han ikkje hadde nokon krangel med dei. Blaecbrand sa far vel, og dei to sa at dei sikkert kom til å møtast igjen snart.
Så bevegde Blaecbrand seg ut av Askelunden og mot der ho hadde blitt fortalt edderkoppene var, og ganske visst der såg ho dusinvis av gigantiske edderkopper i eit stort vev som spreidde seg frå tre til tre. I mitten av dette domenet av edderkopper var det nokre pillarer som stikte opp frå bakken og ved siden av desse satt ein verkeleg kolosal edderkopp, med raude lysande auge, svart pels og kvitt exoskjelett. Gåande i dette menageriet av araknofobiske mareritt såg Blaecbrand og nokre spesielle alver, med underkropper som edderkopper og overkroppene til vanlege alver. Desse hadde langsverd lagd som likna klør og boger spent med edderkoppsilke. På seg hadde dei rustninger av tett-sittjande chitin, og det såg ut som dei patruljerte området.
På ryggen av den svære kvite og svarte edderkoppen kunne Blaecbrand sjå ein vial med grøn væske, som ho forstod nesten måtte være antitoxinen. Deg såg ut som den var festa med spindelvev, men ho visste at dette var sjansen hennar til å ta den utan konflikt. Ho skifta form til ein fugl og flaug raskt mot kjempe-edderkoppen. Ho flaug raskare enn edderkopp-alvane kunne reagere og var straks ved siden av kjempe-edderkoppen. Under seg kunne Blaecbrand sjå ein arena av skaller, som spindelvevet var vevd over som eit bur. Nede i den kunne ho sjå fleire høge skogalver, alle saman godt over to meter høge med lange arme og bein. Dei var mørkare i huden enn det Ceren er, med ein slags bruised lilla-brun aktig hud, og det svarte håret deira såg fettete ut. Alle skogalvene gjekk med masker av tre, strå og bark, og bak desse kunne Blaecbrand sjå mørke auge. Fire av dei hadde på seg tett-sitjande rustning av kitin, som såg ut som dei hadde blitt tatt frå gigantiske insekt, som var festa med edderkoppslike, og dei såg opp forvirra på Blaecbrand og peikte med handarmbrøster. Den femte skogalven hadde ikkje på seg noko slik rustning men gjekk i ein lang robe og holdt ein stav. Det såg ut som denne var klar til å skyte opp magi. 
Blandt alle desse skogalvene såg Blaecbrand Chelicerata, som såg opp med forvirring og overaskelse på Blaecbrand. Så kollapsa ho til knærne sine.
Kjempeedderkoppen reagerte overraskande raskt på Blaecbrands nye form, og den sa nokre ord på eit gammalt og framand språk. Illusorisk vev skaut ut frå munnen dens medan den snakka og festa seg fast i Blaecbrand. Den reiv av ho hennar magiske form og ho datt ned på spindelvev-buret over arenaen, fanga i spindelvevet i sin vanlege form igjen.
Kjempeedderkoppen såg veldig forvirra ut og gjekk sakte men sikkert fram mot Blaecbrand. Den, med Cheliceratas stemme, sa at den ikkje forventa denne utviklinga, men at den var fornøgd med at den hadde fått ein liten floge i vevet sitt. Blaecbrand sa at ho var ein slange ikkje ein floge, og Chelicerata sa at hen ikkje liker slanger og spurte om Blaecbrand ville ha lyst til å være eit gissel for forhandlingane. Blaecbrand sa nei, og fuck you til Chelicerata, før ho brukte banishment på seg sjølv og sendte seg tilbake til den materielle verda.
Ho datt ned tjue centimeter over bakken i den faktiske Askelunden. Ved siden av seg såg ho ein skyggeportal, og i det mest typiske Blaecbrand movet nokon sinne stakk ho handa si inn og sende inn fleire firebolts og ein fireball. Så kom ho seg opp og sprang til Ørkengriffen, for å fortelje dei andre kva som hadde skjedd.
Når ho kom fram var ho dekt i spindelvev og små edderkopper, og ho var veldig missfornøgd med situasjonen men ho hadde oppdaga mykje viktig. Nadir forklarte at, når alt dette var ferdig, kom ho til å slå til Blaecbrand sidan ho var foolish og gjorde alt det aleine, men at ho hadde gjort noko veldig bra. Tida kom då Uglene måtte beslutte seg for ein course of action. Nadir ville at dei skulle gi frå seg kniven, men resten var einige om at dei ikkje kunne gi kniven til Chelicerata. Nøyaktig kva dei skulle gjere visste ingen, men planen var å på ein eller anna måte få tak i antitoksinen, som gjennom kamp eller tjuveri. Nadir var veldig stressa av denne ideen og frykta at det kom til å gå galt, men Blaecbrand viste til hennar actions og sa at ho ville gå til helvete og tilbake for å redde Ruqayya, og Po og Dolk overtalte Nadir om å ikkje gå etter kniven, at det berre ville ha negative konsekvensar.
Med denne intensjonen bestemte Uglene seg for å kontakte Ead Sheran og Ishmael. Blaecbrand og Davor fortalte Ishmael om situasjonen, og han var lite fornøgd med det og visste ikkje heilt kva han skulle gjere med det, men sa takk til forkjemparane sine for å halde med i loopen. Han foreslo og å sei det til biskopen, slik alle relevante parter var involvert. Ceren greidde å overtale Ead Sheran om å bli med til å deale med ting.
Det neste som skulle skje då var at Uglene skulle snakke med biskopen, og så forhåpentligvis improvisere ein måte å få tak i antitoksinen på og redde Ruqayya sitt liv. Dei må berre være raske, for Ruqayya ligg døyande med Spritze og Gregorio. Og så er det den Bleike Mann... kva er det han maner fram i flammane?

Character(s) interacted with

Nadir
Song
Ruqayya
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
17 May 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!