BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

The Ocean on his Shoulders Report

General Summary

Etter ein god frukost, kor ærneringsråd blei diskutert og kreative nye smoothie-oppskrifter blei prøvd ut, gjekk Uglene ned til Ørkengriffen. Der møtte dei med Aslam, som fortalte dei at han hadde fått meir kunnskap om skatten av å snakke med fiskene i elva. Han hadde fått vite at det var nokre trials ein måtte komme seg gjennom for å komme seg heile vegen inn til skatten, og at dei fleste som hadde prøvd så langt hadde blitt fiskemat. Nede i Ørkengriffen ga Song, Altsehash sin kontakt i Ælmesleóht, ein magisk nøkkel til Ceren som han fekk vite at "han ville vite når han måtte bruke". Dei overtalte og Nadir til å bli med på tur, og Sarab fekk sikkra at partyet var einige i avtalen før ho forlot Ælmesleóht for å reise til Toirecíud og utforske ting der.
På vegen ut av Ørkengriffen møtte partyet på Helveteseld og gruppa hans. Dei hadde tydeligvis akkurat vert i ein kamp: fleire av dei såg såra ut og det var ein mørk substans som kunne være blod av eit slag på Helveteseld sin øks. Han storma fram mot Dharr og ropte ut at han akkurat hadde drept nokre nysgjerrige jord-elementals, men at han var særs klar for å drepe ein til. I det Helveteseld sin øks og Dharrs sverd møttes såg det ut som om at partyet måtte forberede seg på ein kamp, men Ruqayya kom ut. Augene hennar lyste ut raudt og ho sto opp til sin fulle høgde når ho minte Helveteseld på at dette var ein nøytral plass, og at det ville være dumt å bryte nøytraliteten. Helveteseld tenkte seg om eit sekund, før han la fra seg øksa. Han fortalte Dharr at han såg fram til å drepe han seinare, men Uglene gjorde det klart at han ikkje kom til å gjere noko slik. Når Uglene forsvarte Dharr sa Helveteseld at han skulle "halde slavene sine unna genasi-business". Så gjekk han bak til stallen og gjorde seg klar til å reise. Denne gruppa hadde og med seg ein hobgoblin, som bærte på ein liten kiste. Partyet var ganske overaska av dette, men alle var einige om at dei ville drepe Helveteseld om dei fekk sjansen.
Etter dette gjekk dei til elva, kor dei blei møtt av mange takknemlege seglere. Dei hoppa ut i elva, og svømte ned til palasset, kor dei såg mange statuer av Riptide. Ein vassånd leia dei ned til eit tronrom, kor dei møtte ein ånd som såg ut som Riptide og hadde deler av hans personlighet (humoren og sjarmen hans).
Riptide leia dei ned i nokre trials, kor partyet blandt anna:
  • Forma eit vennskap med ein hippocampus
  • Skjærte over ein knute
  • Svarte på ein gåte

Før eller sida kom Uglene og til ein tronsal som skulle forestille ein eldkjempe-barons hoff. Der var utfordringa at Uglene skulle fortelje Riptide ein historie om kamp, ein kjærleikshistorie og ein personleg historie. Rod, Blaecbrand og Ceren fortalte då historier:
  • Rod fortalte om Slaget Under Elva, og fokuserte spesielt på hans eigen episke duell med Barakat, som han drepte heilt aleine og som slutta med to massive eksplosjoner.
  • Blaecbrand fortalte om kjærleiken mellom eit menneske og ein alv, tragediene som separerte dei frå kvarandre og håpet om at dei igjen kan møte kvarandre.
  • Ceren fortalte om livet hans i Chéad Cathair før han måtte flykte, og om valgene hans som førte han vekk frå foreldrene sine. Korleis han prøvde å være lur å vinne alt, men korleis desse lure handlingane førte til at han mista alt.

Riptide var så imponert med historiene at han sjølvsagt tok dei med til den sista triallen, som gjekk for seg på den andre siden av ein portal i eit djupt, evig hav. Der skulle dei svømme ned i ein porøs stein. Dei blei sugd inn av ein sterk straum og endte opp med å bli pressa inn i ein dør. Ceren skjønte at det var her han skulle bruke nøklen, og den åpna opp inn til ein massiv skatt, med gull, edelsteinar og magiske items.
  Der blei uglene, Nadir og Aslam møtt av to havfruer, som inviterte Alsma fram som Riptides arving. Uglene skjønte at det var noko galt på ferde, men ei av havfruene winka til Ceren. Blaecbrand spesielt skjønte at noko var gult, men uglene forstod at dette mest sannsynleg var planen.
Havfruene ga Aslam eit lite objekt av metall, som såg ut som eit anker. Og så byrja Aslam å skrike. Uglene såg på i det kvit energi spreidde seg opp langs handen, armen og så resten av Aslams kropp. Energien lyste sterkt ut, og det blenda partyet i det Aslams livskraft blei sugd ut og omdanna til eit fyrtårn for ein entitet langt, langt vekke.
Forann Aslam såg uglene ein skikkelse manifestere seg. Dei såg ein vassgenasi manifestere seg. Han hadde langt, svart hår som strekka seg bak i vatnet, skjell som vokste opp langs siden av ansiktet hans og svarte auge som sugde inn lys. Når Dharr, Nadir og Ceren såg han i augene følte det som å drukne i dei, bokstavleg talt. Det var som å være fanga i eit evigt mørke, men tusenvis av meter med vatn over deg som skubber deg lenger vekk frå sikkerhet og ned i eit botnlaust, kaldt mørke kor berre skapninger eldre enn gudene lever.
Han manifesterte ein rustning av mørk is rundt seg, og ein kappe med snøfnugg spreidde seg bak han. Ut frå han kom det ein aura av kulde, ein spirituell kulde som gjekk heilt inn Uglenes sjeler. Denne eldre, visare og meir mektige Riptide såg opp på Uglene og sa takk for at dei hadde gjort jobben sin, og at han no skuldte Altsehash ein tjeneste. Uglene spurte han kva han hadde tenkt seg å gjere, og han svarte at han hadde tenkt seg å slåss ved verdas ende, og at hans legacy skulle overleve denne verda. Han skulle slåss for å omdanne verda i Kalddjupets bilde, og for å bli huska for evig.
Han ga partyet nokre juvele, og teleporterte dei tilbake til havnen i Ælmesleóht. Der spreidde ryktet seg. Uglene kan teleportere.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
06 Mar 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!