BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

The Wolf went a'hunting Report

General Summary

Partyet vandra ut av Feywild og tilbake inn i hvelvet igjen. Dei såg at det framleis var mørkt, og at ein snøstorm raste over fjella. Dei bestemte seg for å reise opp til laboratoriet, der dei snakka litt med Benjamin og Walter, Blaecbrand gjorde noko research og Davor smidde litt. Benjamin og Walter sa far vell til partyet, og Benjamin sa at han håpte at han aldri såg dei igjen.   Partyet gjekk ned til Guardianens rom for å sove. Der snakka Blaecbrand litt med Guardianen.   Dagen derpå gjekk partyet ut av hvelvet, kor dei oppdaga eit ekte julemirakel. Snøen hadde lagt seg tjukt over fjellet, og dette var første gong Ceren, Blaecbrand, Nadir og Rod hadde sett snø. Ein intens snøkamp etterfulgte byrja av Davor og Nadir, men som eskalerte til å involvere heile partyet. Etter nokre koselege augeblikk med dunking, snøbading og snøballkasting var eit chill augeblikk over, og partyet fortsatte reisen til gruvekomplekset, kor dei hadde tenkt seg å reise ned i illitid-gruvene.   På vegen flaug Nadir på Geronimo, og dei to såg eit kjempestort lik ligge i fjellet, delvis dekt av snø og ein magisk kappe. Partyet gjekk nærare for å investigate, og dei såg at han var ein gammel kjempe som nytta ein stjelt ballista som ein stor armbrøst. Partyet bestemte seg for å hogge av han hodet, ta med den og ballistaen og sende Blaecbrand og Geronimo til den okkuperte landsbyen, slik ho og kunne sjå om det hadde komt brev frå familien hennar. Resten av partyet skulle gå vidare til gruvekomplekset.   Geronimo flaug sjukt raskt gjennom fjella, og snart var Blaecbrand nede ved landsbyen. Ho såg at dei alviske soldatane gjorde klar ein stor kampstyrke, og når ho landa og spurte Waltmaht kva som var på ferde fortalte han at ein ny gruppe med monstre hadde begyndt å komme opp frå illitidgruva. Desse var visstnok insektaktige skapninger med lange klør som hadde angrepne og drept fleire gruvearbeidarar og dratt dei med ned i gruva.   Waltmaht var imponert over at partyet hadde drept kjempen og brakt tilbake ballistaen hans, og ga dei ekstra gull for det. Han sa også at eit brev hadde komt til Blaecbrand, som han oppbevarte i pengeskrinet hans på kontoret hans. Han inviterte ho inn dit slik ho kunne få lese det med noko privatliv. Etter å ha lest brevet, og sett på smykket som kom med, hørte Blaecbrand eit bank på døren bak ho. Ho gjemte raskt vekk brevet, og gjekk for å åpne døren.   På den andre sida stod Theowulf, med fire heksejegere bak han. Han spurte om han kunne få komme inn, og fortalte til Blaecbrand at han hadde jakta patryet frå Toirecíud og visste at dei hadde noko å gjere med Silvyr sin død, men at han trudde dei hadde blitt manipulert til å gjere det av ein anna kraft. Så han ville ta dei med til Ælmesleóht, der biskoppen kan forhøre dei og dømme dei i henhald til imperiell lov.    Han trua også med at det berre var Davor og Blacbrand han hadde fått ordre om å ta i live, og at han kom til å drepe resten om dei gjorde motstand. Aksum prøvde å overtale Blaecbrand til å slåss tilbake, eller å nytte kreftene hans til å flykte, men Blaecbrand var ikkje overtalt. Ho beslutta seg for å ta ein imperiell mynt og la skjebnen bestemme. Mynten landa med keisarens ansikt øverst, og Blaecbrand overga seg til heksejegarane. Bandt ho i kjeder, satte på ho ein collar som hemja magi og tok frå ho alle hennar magiske items.   Aksum sa at han ikkje lenger kunne få kontakt med Lady of Sin, og at Blaecbrand no var aleine. Theowulf og Geronimo kom til enighet om at han kunne gå med karavannen utan å bli bundet ned.   Mens dette skjedde snakka Davor og Ceren om forhold og familier. Davor åpna blandt anna opp om hans familie heime i For Sur, og Ceren åpna opp om hans kjensler kring andre medlemmer av partyet.   Det var rundt denne tiden at Rod, via sin mystiske connection med Geronimo, forstod at noko var galt. Han følte fare, jeger og fange, og partyet forstod at nokon hadde angrepet og tatt til fange både Blaecbrand og Geronimo. Partyet diskuterte saman, og dei kom fram til at dei måtte sette fri Blaecbrand og Geronimo. Nadir og Ceren stod mest for å sette fri Blaecbrand, Davor ville og hjelpe vennene sine og Rod ville slåss mot dei som hadde tatt Geronimo. Dei kom fram til at dei skulle legge eit bakholdsangrep på vegen opp til gruvekomplekset.   Dharr nytta evnene sine til å bygge opp ein haug dei kunne gjemme seg bak, og Ceren hadde planlagt å ete ein mystisk makron og snike seg ned og sette Blaecbrand fri.   Etter Blaecbrand hadde blitt satt i lenker hadde ho skrevet brev til både bestemor og mor, og så snakka ho med Theowulf på veg opp til gruvene. Dei diskuterte rettferdighet, filosofi, og prisen for rettferdighet. Dei hadde nokre filosofiske ueinighet, men begge kom med gode argument og stod for sin sak. Når dei var komt cirka tre fjerdele av vegen opp, lukta Theowulf noko på vinden.   Han ropte ut, sa at han hadde fått ordre om å ta Davor og Blaecbrand i live, og at han helst ville ha resten i live og men at det ikkje var ein nødvendighet. Davor hoppa ned rundt denne tida og sa at han ville snakke med Theowulf. Han la frå seg sverdet sitt og gjekk bort. Dei snakka kort saman, og Davor blei overtalt til å gi frå seg våpnene sine og overgi seg til rettferdighet.   Resten av partyet var i sjokk no, og dei hadde ingen anelse om kva dei skulle gjere. Nadir og Rod vurderte å flykte med Geronimo for å kunne slåss ein anna dag, medan Ceren framleis prøvde å finne ein måte han kunne få Blaecbrand fri på. Til slutt adresserte Theowulf dei, og han fortalte at han ikkje ville ta Nadir til fange og at ho kunne få gå.   Deretter adresserte han Rod, som overtalte han til at han, Ceren og Dharr kunne få ha våpnene sine sidan dei ikkje var så store trussler og dei hadde blitt lurt til å drepe Silvyr. Dette var nok til at Rod, Ceren og Dharr og overga seg, men Ceren og Dharr fekk på seg anti-magi collars og sidan dei var fangene hans. Rod overtalte og Theowulf til å ta ein liten detour til pyramiden med den mystiske krukken, slik dei kunne ta hand om den.   Blaecbrand overtalte og Theowulf til at han skulle ta partyet med til prinsen av Akshus for forvaring, sidan ho ikkje stoler på at biskopen skal være unbiased. Han sa seg einig i dette, om det gjorde partyet meir komfortabel.   Deretter byrja turen til Ælmesleóht. Ceren og Blaecbrand snakka saman om alt som hadde skjedd bak i vogna, medan dei støtta seg på kvarandre. Nadir dro opp for å hente Gråtass, og sendte den ulovlege rustninga partyet hadde stjelt med Margrethe til Ælmesleóht. Rod byrja å snakke med den største heksejegeren, ein massiv mann med ein stor claymore på ryggen. Namnet hans var Sandor og han foretrekker å drepe ting framfor å bringe dei tilbake i live. Han var sjølvsagt ein perfekt match for Rod.   I løpet av reisen ville Sandor og Rod bli venner, eit vennskap basert på respekt for kvarandres styrke og felles interesser i å drepe stjerneborn og å kløyve fiender i to. Sandor foreslo at dei burde ha ein konkurranse om å kløyve flest mogeleg stjerneborn, men Rod meinte det var urettferdig sidan han ikkje heilt var høg nok til å kløyve dei vertikalt. Sandor sa då at horisontal kløyving tellte. Dei hadde nokre mock fights med kvarandre, og sjølv om Rod var den bedre av dei viste Sandor nokre triks med tunge massive våpen, som Rod sin øks. Dei kom då fram til at når alt dette rettsak-business var over så måtte dei reise saman og drepe stjerneborn.   Den første natten fortalte Nadir at ho var så veldig trøtt og at ho ville sove i eit telt for seg sjølv i natt. Det leia til at Blaecbrand og Ceren sov i same telt. Den natten hadde fleire folk draume. Davor var i ein evig by laga av metall, og han gjekk inn i ein gignatisk kopper-katedral. Når han gjekk inn i den blei han omringa av eit djupt og varmt mørke, og han var plutseleg nederst i ein vulkan. På ein øy i mitten av eit hav av magma kunne han sjå ein stor, sterk kvinne med lange mørke krøller stå og arbeide over ein ambolt. Det føltes som ho varma opp heile vulkanen med sin presence. Ho snudde seg til han når han kom, og sa ho var særs stolt av han, for at han fulgte rettferdighetens og konsekvensens veg. Så spurte ho om han var klar til å bli eit verktøy for hennar vilje, og om han ga sitt samtykke til at ho kunne forme han til hennar formål. Han sa ja, og ho rørte han på pannen med sin glovarme hammer. I det augeblikket fekk han ein djupare forståelse for den guddomelege planen for allting, og han følte hans connection til drageguden bli sterkare.   Blaecbrand snakka med Aksum i draumen sin, som fortalte at ho hadde gjort ein stor feil og at heksejegarane kom til å drepe ho når dei fant ut av kven ho eigentleg var. Ho våkna opp i ein cold sweat, og spurte Ceren om han kunne halde rundt ho. Han sa ja.   Etter eit par dagers reise, og med hjelp av Blaecbrand sitt kart, kom partyet fra til der dei hadde begravd krukka. Dharr grav den opp igjen, og Blaecbrand og Rod fortalte historien bak den. Theowulf sa at partyet var helter som både hadde redda Nadir, drept mange stjerneborn og satt ein sjel i smerte fri, og at han kom til å commende dei i hans rapport til biskoppen og støtte dei i rettsaken.   På turen snakka Blaecbrand og Ceren med Theowulf, og prøvde å få litt informasjon ut av han. Han fortalte glad og delte av det meste når dei spurte han. Han forklarte at han og rundt hundre og femti heksejegere var i Akshus saman med bronsekyrkja, og at dei var der for å jakte på opprørere og folk som kom i vegen for krigsefforten sør i landet. Den verste gruppa av desse opprørane er Stjernebornas Kyrkje, som er ein gruppe terrorister som bruker mystiske psioniske krefte som heksejegarane ikkje kan lukte. Theowulf sa då at dei heldigvis blør og dør som vanlege menneske, til tross for deira krefter. Når Blaecbrand og Ceren spurte han om demoner og slik, sa han at det var meir heksejegaranes målgruppe enn det vilkårlege terrorister er. Heksejegere er eigentleg meint til å jakte ned dei som allierer seg med mørke krefte og prøver å få dei inn i verda. Det er derfor dei har evnen til å lukte magi, sidan det er ganske viktig for å finne måla deira. Når det gjeldt demoner er den beste løysinga å drepe dei som prøver å framkalle dei, an ounce of prevention is worth more than a pound of cure. Men når skaden først er skjedd, og ein må slåss mot ein demon, er det viktig å få dei så langt som mogeleg vekk frå der ritualet som framkaldt dei skjedde, sidan dei har meir makt der grensa mellom den ekte verda og Abyss er tynn. Helst burde ein få dei til heilage plasser, katedraler, templer eller liknande, og slåss mot dei med ein prest som kan nytte gudane sin magi for å svekke dei. Elementånder gjeld forsåvidt dei same reglane for, men til ein mindre grad sidan dei er meir elementære i vår verd medan demoner ofte representerer abstrakte konsept. Naturånder er ein plass mellom demoner og elementånder i skalaen frå abstrakt til elementær.   Han fortalte også at når nokon er possessed er dei mest sannsynleg eit offer, så kyrkja prøver å redde dei frå demonen ved å depossesse dei. Denne prosessen er lang, smertefull og farleg, men alternativet er å berre drepe den som er possessed men det er ofte synonymt med å drepe ein uskyldig.   Rod approacha då Blaecbrand og sa at dei kanskje burde fortelle Theowulf om demonen. Han sa at det var det kyrkja kom til å finne ut av i ein rettsak, og det var bedre at det kom fram no når dei hadde ein god relasjon til Theowulf enn i ein rettsak der det kan verke som dei har holdt det gjemt. Han sa og at dei burde være ærlege om Viktor, sidan demonen hadde manipulert dei til å drepe han og.   Blaecbrand gjekk då rundt i partyet og snakka med resten, og alle var einige om at det var lurast å snakke om det, men at det var Blaecbrand sitt val. Aksum fortalte at det var ein dårleg ide og at ho kom til å bli hengt om ho sa det, men ho hørte ikkje på den løgnaktige skuggen, men gjekk saman med Ceren til Theowulf. Ho fortalte då alt saman, kva som hadde skjedd, korleis det hadde skjedd og at alt saman var ein massiv feil. Theowulf tok ho i hendene og sa at dei kom til å redde ho, og at alt dette ikkje var hennar eller partyets feil men at dei hadde blitt lurt av ein gammal og vond skapning. Likavell måtte dei ta ho i bedre kjeder, for alle sin sikkerhet.    Angåande Viktor forklarte Theowulf at det ikkje var deira feil, men meir alvenes feil. Så han skal snakke med Prins-Regent Ismael først og forklare han situasjonen. Theowulf kan ikkje love at han tek det bra, sidan Viktor og Ishmael var close, men Ismael er ein smart og vis ung mann som generelt er særs fornuftig.   Deretter kom den siste dagen med reise, og partyet fekk sjå Ælmesleóht med dens høge murer i sandstein, mange fargerike reisande og store leire med flyktninge. I det dei kom inn i byen fekk dei sjå eit palass og ei stor katedral overfor kvarandre på kvar sin side av ein stor elv. Dei såg ein drage fly inn i eit tårn i palasset.   Der slutta denne sesongen, med partyet bundet og fanga, men kanskje med meir håp og fleire mogelegheiter enn før.   I mørket under verda snakka Lady of Sin med eit gammalt spøkelse frå partyets fortid, ein bleik mann som gjekk gjennom skugger og mørke. Han fekk ein ordre. Drep Davor Smedsen.

Rewards Granted

Nok XP til å gå opp i level 6.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
08 Dec 2020
Primary Location
Secondary Location

Comments

Please Login in order to comment!