BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Trial by spider Report

General Summary

Blaecbrand og Davor gjekk til biskopen etter å ha snakka med Ishmael. Dei fant ho utanfor katedralen, kor ho jobba med å sende krigsmateriell sørover. Dei fortalte ho at ein tjener av Orcus holdt på med eit ritual i Skyggedjup-speglbiletet av Ælmesleóht, og at dei hadde tenkt seg å gå inn i Skyggedjupet for å ta seg av ein anna trussel som hadde angript dei på ein bursdagsfest. Biskopen nikka og forstod situasjonen, og sa at ho kom til å sende soldater til Askelunden og sperre den av, og gå ned sjølv og organisere eit slag mot denne tjeneren av Orcus.
Ho sa og at Uglene hadde overraska ho med kor standhaftige dei var, og at ho og Davor måtte ha ein samtale om framtida ein gong. Davor sa seg einig. Ho foreslo og at Uglene kunne ta med seg Ead Sheran.
I den sørlege flyktningleiren forklarte Ceren situasjonen til Ead Sheran, som sa seg einig i å slåss på deira side mot desse edderkoppene. Dei to reiste til alkymistene og kjøpte noke oil of slipperiness for å kunne unngå spindelvev og liknande ting, og Ead Sheran forklarte dei mange og kreative andre tinga ein kunne gjere med slik olje.
Uglene møttes igjen i Ørkengriffen, kor Blaecbrand og Davor kom inn for å sjå Ceren og Ead olje kvarandre inn. Det var eit veldig interessant syn. Etter å diskutere planen deira litt, og konkludere med at dei ikkje hadde noken anna plan enn å smekke edderkopper og få motgiften, bevegde dei seg mot portalen.
Der venta biskopen på dei. Davor fekk inntrykk av at biskopen var meir annspent enn vanleg, som om ho prøvde å gjemme på noko, og såg at ho nikka mot nokon i partyet. Blaecbrand og Davor diskuterte raskt mogelegheita for at biskopen kom til å forråde dei, og konkluderte med at sannsynet mest sannsynleg var stor men at dei måtte gjennom portalen for motgiften uansett.
Så gjekk Uglene gjennom portalen til Skyggedjupet. Dei kom inn til ein liten korridor som endte i ein port lagd av bein, ryggsøyler og skaller, og veggene var bygd opp av skaller. Desse var alle saman brendte og meir eller mindre øydelagte etter Blacbrands magi tidlegare på dagen.
Skyggedjupets negative energi og makt slo inn over Uglene på fleire forskjellege måter. Dolk fekk eit minne frå sin fortid, av eit evig askehav forann ein stor gullpyramide. Ved siden av hen stod hens søsken, og forann dei var deira siste oppgåve på deira lange reise. Hen huska eit… namn? Ein tittel? Rai?? Rei?? Re?
Møtt av desse minnene blei Dolk djupt forvirra. Skjedde dette no? Hadde dette allereie skjedd? Er notida noko meir enn framtidas minner? Er dette eit minne?
Po gjekk gjennom og følte ein verden som var mot han, ein verden som var fundamentalt antitetisk til hans entitet. Han blei overbevist om at mørket ville utslette han, rive han i stykker og han følte ein stor frykt overfor den.
Davor holdt fast til trua si i Drageguden og prøvde å trøyste dei andre og gi dei fokus, som han greidde å gi Po.
Ceren kom seg gjennom fint, han holdt fast ved sitt mål og sin plan.
Rod, mannen som vil drepe alt, kom til ei verd kor alt allereie var dødt, kor berre aske, støv og bein var igjen av fiender og venner. Kva kunne han gjere der? Kva var poenget med å drepe noko når dei uansett døde til slutt?
Geronimo, ein rovfugl som jakta for å overleve, kom til ein verden kor ein ikkje kunne jakte noko. Korleis skulle ein overleve der? Han blei overbevist om at denne plassen kom til å drepe han gjennom sult.
Uglene stod der i korridoren og gjorde seg klar til kamp. Davor slo opp dørene med hans heilage magi, og umidelbart innsåg dei at dei hadde gått rett inn i edderkoppens nett. Forann dei såg dei fleire skogalvar i rustning lagd av insekt-exoskjelett bundet saman av spindelvev, med sverd som såg ut som talons og klør frå slike insekt. Gigantiske edderkopper bevegde seg langs spindelvevet i taket av arenaen. Chelicerata stod lent inntil ein vegg og ropte ut «no!».
Ein magiker av ein art, kledd i tjukke robes og med ein stav lagd av eit gigantisk ossifisert edderkoppbein, manifesterte mørke tendrils av skjærende tanker og mareritt som slo inn over Uglene som eit nett. Mange av dei følte nettet gå inn i hodet deira og formudle tankene deira, fange nokre av dei i hodet. Soldater, som tidlegare hadde vert usynlege, hang oppe på pillarene i arenaen. Dei hadde på seg tilsvarande rustninger som kapteinen. To av dei skaut ut pile mot Rod og Davor, pile som var farleg giftige og som fekk Rod til å senke seg til bakken i det gift gjekk gjennom arteriene hans. Den siste sendte ut mørk eld som lande ved føttene til partyet, og som blei gjort om til tusenvis av spektrale små edderkopper. Det meste av partyet klarte å unngå desse og slå dei vekk, men Blaecbrand blei dekt av dei. Dei gjorde ho til eit veldig openbart mål.
Kapteinen samla mørket rundt seg og forsvant, men Dolk kunne framleis sjå ho.
Så byrja kampen for alvor.
Ceren sprang inn og kom seg bak i arenaen tidleg i kampen. Han holdt stand mot kapteinen og skaut pile inn i fleire av soldatene, som droppa dei rett ned. Det var han som til slutt sprengte kapteinens hode og drepte ein av soldatene med ein perfekt pil.
Dolk kom seg inn i kampen mot kjempe-edderkoppene og soldatene og tok nokre slag sjølv, men gjorde meir skade enn hen tok.
Davor kom inn mitt i kampen og brukte magien sin for å impregnere Dragegudens makt i Barakat, Rod økse, før han redda Ugla sitt liv og drepte kjempe-edderkopper.
Rod sprang inn i kampen med Barakat og slakta ned fleire av soldatene og edderkoppene, til tross for hans svekka kropp.
Geronimo var ein ekte MVP og slo inn i Chelicerata, samt drepte magikaren og fleire av soldatene, men det som verkeleg holdt han oppe i dag var at han *nekta* å døy. Han motstod all magien som blei kasta mot han, heilt til slutt når magiske tendrils wrappa seg rundt han og paralyserte han slik han falt på bakken. Alle soldatene og kapteinen fokuserte nesten utelukkande på han, men kvar einaste gong dei trudde giften deira endeleg hadde gjort jobben sin, at dei endeleg hadde stoppa hjartet hans, opna han augene sine og ropte ut med eit djupt hat mot dei som skada han.
Blaecbrand holdt seg litt lenger bak, men sendte ut destruktive flammer som skada fienden og opna buret av nett over dei, slik Nadir kunne komme seg ut og sjå seg rundt etter motgiften. I tillegg mante ho fram varme rett frå Elemental Plane of Fire, som brant ned alt spindelvevet rundt ho, redda Davor frå Chelicerata og drepte fleire edderkopper. Men kanskje det viktigaste ho gjorde var å stoppe nokre av Cheliceratas mektige spells, slik ikkje uglen blei snudd mot dei i kampen.
Po kom seg ut og slo ut med flammesverdet sitt, medan Ead Sheran prøvde å støtte opp om Uglene, samtidig som han holdt sin mektigste magi igjen.
Etter dei hadde drept alt kom Chelicerata ned i sin ekte form, i sin svarte og grå dress med seks arme og briller som dekte over åtte auge. Hen fortalte at sidan Uglene hadde prøvd seg på det stuntet tidlegare hadde hen sent vekk motgiften, da hen ikkje stolte på dei. Så det hadde no blitt sendt til ein felles bekjent (på dette punktet blunka hen til Ceren) som ville ta seg av den vidare avtalen. Uglene kunne snakke med Song om dei var villige til å gjennomføre avtalen.
Så forklarte hen at heille denne sjenansen, med kamp til døden og eit overaskelsesangrep, hadde vert ein test. Edderkoppmoren var interessert i å sjå om Altsehash sin investering i Uglene var ein fornuftig investering, og dei hadde vist at det var dei definitivt! Dei kunne stole på at Uglene ville få tak i artefaktet Altsehash ville ha.
På dette punktet var både Rod og Blaecbrand lei av å høyre på hen, og dei henholdsvis slo mot hen og brendte hen, men før dei fekk sjansen forsvant hen i ei bølge av grøn energi.
Etter dette roa Uglene seg litt ned. Nadir virka veldig stressa over situasjonen og ville komme seg heim så raskt som mogeleg, så ho gjekk saman med Dolk for å sjekke ut portalen igjen. Ceren, Po, Davor og Ead blei igjen i arenaen medan Blaecbrand, Rod og Geronimo gjekk for å undersøke kva som hadde skjedd i Askelunden, da elden no var vekke.
Når dei kom bort ditt oppdaga dei at den Bleike Mann hadde bevegd seg austover, mot palasset. Når dei gjekk opp dit oppdaga dei at den Bleike Mann hadde lagd fleire sigils og rituelle markeringer i villaen deira, og meir spesifikt oppdaga dei at han oppholdt seg på Davor sitt rom. Dei skjønte då at han var ute etter Davor og så stod dei mitt i villaen og diskuterte om dei skulle prøve å drepe han eller gå å snakke med han. Dei konkluderte med at det ikkje var poeng i det, sidan det ikkje var poeng med noko, og byrja å bevege seg mot portalen ved Ørkengriffen.
I arenaen oppdaga Nadir og Dolk at portalen hadde blitt øydelagt bak dei og dei delte denne informasjonen med Davor, Po, Ceren og Ead. Dei konkluderte med at anten hadde Chelicerata øydelagd portalen, eller så hadde biskopen låst dei inne. Dei byrja og å bevege seg mot portalen ved Ørkengriffen, slik dei kunne komme seg tilbake.
På vegen bestemte Davor seg for å sende ein beskjed til biskopen og spørre om ho kunne forklare kva som har skjedd. Han fekk ein beskjed tilbake om at ho slåss for Drageguden, og at om han blei med ho så kunne ho sikkre at han kom høgt opp i kyrkja raskt. Davor var forvirra og skulle til å sei noko til resten av Uglene med han, når forræderi slo til.
Multifarga lys, noter og lyd slo ut mot partyet. Ceren greidde å hoppe til siden før han blei fanga av den, men Dolk, Davor, Nadir og Po blei treft av dens fulle kraft. Davor og Dolk blei fult av magisk gift, medan lilla energi omgitte og blinda Po og Nadir. Ead Sheran stod i kanten av gruppa, sverdet hans lysande og smilte kaldt til dei.
«Unskyld, venner», sa han i det han hoppa inn i angrepet. Ceren ropte ut mot han: «How could you do this?!?»
«To spread the imperium, Ceren. I work for a higher power.» Han gjekk inn blandt dei medan Ceren skaut mot han. Når han hadde alle rundt seg sang han ut med destruktiv kraft, som nesten drap Davor, men han holdt fast ved livet. Nadir forsvant, ho blei tatt vekk av den magiske energien og snart forsvant Po og til ein framand dimensjon.
Davor ropte ut, medan han gjorde seg klar til å slåss: «Dette er feil Ead, Drageguden vil ikkje dette!»
Ead svarte, «Kva veit du om kva Drageguden vil, eg har slåss i fleire tiår. Men ta det med ro Davor, deg skal eg ta tilbake i live. Hjelp meg med å drepe resten du.» «Nei», svarte Davor og grep amulleten sin.
«Synd», sa Ead i det han skar inn i Davor med sverdet sitt.
Han så på Dolk og sa «Det er trist at eg må drepe deg rett etter vårt første skikkelege møte. Men du er ein monsterjeger, så eg trur du forstår meg. Me gjer det me får betalt for å gjere.»
Dolk svarte ikkje igjen, men manifesterte eit spyd av reint lys og prøvde å skjære Ead med det. Ead blokkerte det raskt og lett. Han slo ut med magisk energi igjen, men Ceren hadde ein plan.
Ceren huska tilbake, heilt til då dei hadde redda Asklepiades frå kulten, og fant fram kjærleikseliksiren han hadde funnet då. Medan Ead var distrahert av Davor og Dolk hoppa han fram og helte den inn i Ead sin munn. Før Ead hadde sjansen til å reagere hadde han drukket opp alt. Ceren snudde Ead mot seg sjølv og håpte på det beste. Når Ead såg Ceren blei han umidelbart forelska. Han kasta frå seg sverdet sitt og sa unskyld til Ceren for å ha prøvd å drepe han, at det var biskopen som hadde gitt ordren. Ceren spelte rollen sin fantastisk og trøysta Ead, og fekk han til å ikkje drepe Davor og Dolk. Po og Nadir var det intet teikn av.
Ceren ga Ead eit kyss for å spele rollen og Ead fortalte alt.
Han og biskopen jobba saman under bror Eisenfried, ein gullprest med stor innflytelse i imperiet. Dei var del av ein task force med oppdrag om å ta over land for imperiet, på kva måte det enn var nødvendig. Ead Sheran hadde jobba for Eisenfried i rundt femti år, heilt sidan han hadde slåss mot eldkjempebaronene i Sceya. Eisenfried jobba for å sikkre imperiets grenser gjennom kva midler som var nødvendige og hadde samla fleire talentfulle og viktige agenter under seg. Ead Sheran hadde sjølv deltatt i fleire revolusjoner i fribyer og i hemmelege oppdrag, som ofte gjekk ut på snikkmord, spionasje eller blackmail av framande makter.
Deira nylegaste mål av Toirecíud, og han hadde jobba saman med fader Silvyr og biskopen for å ta over byen sakte men sikkert. Biskopen hadde då smuggla våpen til Silvyrs prester, og han hadde komt sørover for å snikmyrde nøkkelpersoner for å starte revolusjonen.
Ead Sheran hadde då blitt satt til å spionere på prins-regent Ishmael og Uglene hans i mellomtida. I den oppgåva hadde han oppdaga at Blaecbrand Edrys var barn av Ibrahim al-Iliesar Tanin, konge av Akshus, og at Uglene vurderte å drepe biskopen. Biskopen visste at kongen ville overstyre hennar beslutninger og at ho risikerte å miste makten sin om han fekk vite korleis ho hadde behandla dotteren hans, så planer blei satt i verk for å drepe Uglene. I tillegg var Uglene ein trussel mot planene hennar i Toirecíud, så å få dei av bordet var vigtig.
Untaket til dette ville være Davor, som ein helgen av dragekyrkja ville han være ein nyttig potensiell alliert.
Når då det blei oppdaga at Uglene skulle til Skyggedjupet, kor biskopen kunne lukke portalen bak dei, ga ho ordre til Ead om å drepe Uglene, bortsett frå Davor. Han skulle Ead slå bevisstlaus og så endre minnene hans slik han skulle tru at partyet døde i modig kamp mot imperiets fiender. Uglene ville då være martyrer for saken, og ein vigtig fiende av biskopen hadde blitt tatt av feltet.
Ead var no sjølvsagt veldig distraught over at han hadde fått ordre om å drepe Ceren, hans elskede, og han visste ikkje kva han skulle gjere no.
På dette tidspunktet hadde Dolk sprunget bort til portalen ved Ørkengriffen og forklart kva som hadde skjedd til Blaecbrand og Rod. Blaecbrand fortalte då hemmeligheten, at ho var dotter av Ibrahim, og at dei kanskje kunne bruke dette mot biskopen. Dolk var overraska og sjokkert, men fortsatte å halde kontrol på ting.
Når resten av Uglene møtte opp ved Ørkengriffen fekk dei og høyre Eads forklaring. Dei bestemte seg for å starte ein revolusjon mot biskopen ved å sende Ead Sheran ut til battlebardsne for å fortelje dei at biskopen hadde prøvd å henrette Uglene, og at dei skulle sei det vidare til byen. Slik heile byen skulle vite kva biskopen hadde gjort og vende seg mot ho.
Ead var full av remorse for sine handlinger, og ville skade biskopen slik ho ikkje kunna skade Ceren.
Blaecbrand gjekk gjennom portalen og henta Gregorio, som blei til ein liten frosk og henta heile partyet gjennom. Gregorio satte seg opp på skuldrene til Blaecbrand i froskeform, og han fiksa sinnet hennar slik ho kunne føle følelser igjen. Ho blei fult opp av sinne og hat mot biskopen og var klar til å sei at ho var kronprinsesse for å velte ho, men Gregorio foreslo at ho kunne vente slik etterpåklokskapens ironi skulle bli enda sterkare.
Uglene samla seg i Ørkengriffen og diskuterte planene sine, medan Ead Sheran var ute og informere battlebardsne. Dei hadde berre cirka 40 minutt igjen før han kom til å være normal igjen, så dei måtte være klare til å gå snart. For no var planen å velte biskopen med populær opinion, men å drepe ho var og på bordet.
Medan Uglene satt og hadde ein liten pust i bakken kom Song. Altsehash hadde kontakta ho og fortalt at han hadde motgiften. Han var villig til å gi den til Ruqayya, mot kniven. Song innsåg akkurat då at Nadir ikkje var der, og Uglene forklarte at ho hadde blitt sendt til eit anna plane av Ead. Song blei sjokkert og sa at ho ville prøve å finne Nadir og få ho tilbake igjen, slik ho kunne opne hvelvet.
Så der satt Uglene, før stormen kom til Ælmelseóht og byen blei delt i to.

Rewards Granted

1338 XP til alle for å beseire champions av edderkopphoffet
150 XP til alle for å splitte seg opp, da dette var veldig in character og skapte drama
150 XP til alle for å planlegge "revolusjon" mot biskopen

Character(s) interacted with

Chelicerata
Biskop Teodora-Marcela Sierra
Ead Sheran
Song
Gregorio
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
22 May 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!