BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild

Hochenheim

Er administrativt senter for Hochhofen området og kulturelt senter for alle dvergar. Det er ein av dei tre største byane i nordre Yggraul, saman med Iltona og Kaurits. Sjølve byen består hovudsakleg av relativt velståande individ, fleire flyttar til byen etter å ha gjort det stort eller kjem frå adlege familiar. Byen husar hovudkvarter til fleire ulike store bedrifter, i tillegg til fleire industriar. Mykje av industrien baserer seg på prosessering av mineralar, ikkje minst Svevestein som Hochenheim har nærmast monopol på. Byen er omringa av fruktbare marker, som berre dvergar kan administrere. Det er og fleire gruver i dette området. Utanfor dette området er det ein sju meter høg mur som beskytter heile dette området. Det er to vegar som går inn til byen frå murane, ein frå aust og ein frå vest. Utanfor desse portane er det små samfunn (Maurstadt (Ost & Vest). Det tek omlag tre timar å reise frå den ytre muren til byen til fots. Midt mellom den austlege og vestlege porten er det ein rasteplass med overnatting,forsyningar og underhalding for reisande. Frå denne rasteplassen går det ein veg sørover til ein av dei to inngangane til Hochenheim (nord og sør). Byen si påverking går lang utanfor murane, frå djupt inn i Kvitskog i aust og havet i vest. Det seiast og at når Hochenheim går til krig - går dvergane til krig.

Demographics

Befolkninga består nesten eksklusivt av dvergar. Dette er senter for dvergisk kultur og fleire unge dvergar reiser til Hochenheim for å få arbeid eller gjere det stort. Hochenheim er og byen dvergar som har gjort det stort reiser til for å pensjonere seg eller bu resten av livet. På grunn av dette er boligprisane innanfor bymurane langt utanfor det vanlege personar har råd til. Omlag halvparten av befolkninga ville blitt rekna som øvre middelklasse ellers, men er rekna som vanleg middelklasse i denn byen. Rundt 20% av byen er rekna som velståande. Dei siste delane består hovudsakleg av soldatar eller arbeidarar som leiger eller får bupel dekka av sine arbeidsgjevarar. Det er religionsfridom i Hochenheim, men Dei Heilage og Rettferdas Talsmenn er dei største gruppene, som er grunnen til at det er ein stor moske og ein stor katedral i byen.

Government

Eit konstitusjonelt monarki, der kongen har dobbelstemme i alle saker av interesse. Alle saker som handlar om byen eller området rundt blir teke opp i Rådet. Rådet består av faste seter og tre faste rådgjevarar som har stemme i saker relevante til deira kompetanse. Det er tre måtar å bli valgd inn i rådet, metoden avhenger av setet: Ved å blir utpeikt av rådet, valgd av folket eller utpeikt av kongen.
Hochenheim råd
Type
Large city
Population
40000
Luftskip
På grunn av Hochenheim sitt psuedo-monopol på svevestein har byen det største profesjonelle luftvåpenet i verden. I verda er dett berre Haven som har eit flyvåpen. Flyvåpenet har i dag fire hovedklassar skip (etter bevæpning): Langskip, Kutter, Fregatt og Panserskip.
Elitetropper:
Den Første legion
Den Første Legion / Sølvdragen

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild

Comments

Please Login in order to comment!