BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Breaking the Knife Report

General Summary

Forann Uglene manifesterte ein prosjeksjon av Al-Saif, som sa at dei var heldige som hadde kom til Templet no, da det var relativt få Kniver der. Om dei hadde komt eit par dager tidlegare hadde dei blitt drept augeblikket dei gjekk inn i tempelet. Ein verbal kamp braut ut mellom Uglene og Al-Saif, kor trussler blei utveksla og moraliteter blei utfordra, men det enda med at Rod utfordra Al-Saif til ein duell mano y mano, utan overnaturlege krefter, magi eller magiske items. Rod og Al-Saif skulle begge få ein time til å forberede seg og så skulle dei møtast til ein ærefull kamp.
Uglene fekk då ein time til å utforske Tempelet, som dei oppdaga var stort men relativt folketomt. Dei fant verkstader for Knivenes våpen og rustninger, brakker til soldater og Kniver, operasjonsstover for å lage kyborger og forsterke psioniske krefter. Dei fant og fleire terminaler som dei ikkje opna, for frykt av at Al-Saif skulle sjå Blaecbrand sine krefter. Rod gjorde seg klar til kampen og fokuserte på å få fram hatet sitt for Al-Saif, medan Dolk og Po luska bak resten av gruppa på leit etter eit "batteri".
I løpet av timen fekk Uglene høyre ein preiken av Tomrommets Profet, kor Dolk beit seg spesielt merke i at Tomrommets Profet sa han berre var forgjengaren for ein mektigare "Mørkets Messias".
Etter ein time følte Rod seg klar til kamp. Han hadde bandasjert det værste av såra sine og makten som satt djupt i hjartet hans hadde regenerert kjøtt og flenger i hud. Han var klar.
Dei møttes i treningsrommet Al-Saif hadde utpeikt og gjorde seg klar til kamp. Al-Saif kom gåande ned i rustningen sin, men den var tydeligvis inaktiv, og hadde med seg to andre kniver. Han ga ein lysande metallstav til den eine kniven, samt eit batteri frå eit stykke githzherai-teknologi han hadde på forarmen. Rod deaktiverte sine magiske items, og partyet venta i spenning. Al-Saif tok ut sitt psioniske sverd, som var inaktivt, samt ein gammal akshusisk scimitar, og gjorde seg klar til å slåss.
Kampen mellom Al-Saif og Rod var brutal. Al-Saif var rask, til og med utan kreftene sine, og han slo ned mot Rod med imponerande styrke for ein nesten hundre år gammal mann. Men Rod tok all skaden og beit hardt ned. Øksen hans bevegde seg som lynet og duellen deira blei eit spørsmål om kven som kunne slå hardast raskast. Men Rod var ikkje aleine, for Uglene heia på han og støtta han! Vennskapet deira ga han enda meir styrke til hatet hans for Al-Saif, og dei hjalp han med å skubbe enda hardare. Rod byrja sakte men sikkert å få overhanden, men han blei sjølv brutalt skada.
Al-Saif dukka akkurat unna eit angrep frå Rod, men han landa på feil fot. Rod såg sjansen sin til å få overtaket og med valdeleg brutalitet, fuella av hat, sinne og vennskap, kasta han øksen sin djupt inn i Al-Saifs mage og slo han inn i veggen. Al-Saif stoppa opp i eit sekund og tok ned på magen sin, kor han kunne merke blod, tarmvæske og svette blande seg. Det var utan tvil eit dødeleg slag.
Men kampen var ikkje over heilt enda. Al-Saif såg i eit sekund ut som om han, i frykt, ville aktivere kreftene sine og gå til angrep. Men så fant han roen igjen, og under pusten sin sa han "Eg kjem heim snart."
Rod pressa vidare og fekk Al-Saif på bakfot. Eit nådeslaust angrep frå øksa kløyvde inn i Al-Saifs nakke, og blodet spruta ut. Han holdt seg på halsen, men no hadde Rod han. Rod skjærte av foten hans, så delte han torsoen i eit koronalt snitt ved processus corocydeus og så blei det lille som var igjen av Al-Saif halvert ved eit diagnoalt snitt. Blod, guts og kjøtt falt ned på pakken med eit vått schlopp, og Al-Saif var redusert til ingenting. Al-Saif, med sine sist få augeblikk, såg opp på Rod, som trampa på ansiktet hans for å deaktivere energiveggene.
Knivene var i sjokk, og i sjokket deira bevegde Uglene seg raskt og tok både staven, som dei korrekt hadde identifisert som Void Edge, og batteriet frå knivene. Dei reagerte voldsomt på dette, men blei overtalt om å la det ligge. Knivene gjekk opp og den eine, ein mann med mange arr og alvorlege brannskader, lovte å ta hemn på dei.
Uglene grattulerte Rod med seieren, og delte seg opp for å utforske Knivtempelet.
Blaecbrand, Dolk, Rod og Ceren gjekk opp til den øverste etasjen av tempelet, kor dei oppdaga at Knivene hadde ein sentralkommande med mange kart av Akshus. Der sto fleire av Knivene og diskuterte kva dei skulle gjere vidare, og Uglene gjekk opp til dei for å overtale dei om å desertere frå Kyrkja. Dei hold taler om det å gjere det gode i verda, å unngå å skade folk, å venne seg om og at ein alltid kan få ein ny sjanse, uansett kor vanskeleg det kan virke, og dei greidde å overtale fleire av knivene til å overgi seg. Ein stor gruppe, leia av ein kniv som kaldte seg sjølv Abdul, blei einige om å overgi seg og sa dei hadde planer om å reise til Ny-Aza og benytte seg av Dolk sitt tilbod om å få jobb på tømmerflåtene. Nokre av dei virka og interesserte i å snakke med biskop Tatyana, på Davor sin anbefaling. Ein mindre gruppe, leia av kniven med arra, kaldte desse forrædere, og teleporterte vekk frå Tempelet. Dolk hjalp desse med å samle sine personlege eigendeler.
Deretter splitta Uglene seg meir opp for å undersøke området.
Blaecbrand og Ceren fant mykje interessant om Void Edge, schematics til mange av Knivenes teknologier som potensielt kan bli reverse engineered, korleis gjennomføre kyborgnetiske kirugriske prosedyrer og korleis enhance ein akshuser sin latente psioniske krefter med illitidenes mikromaskiner.
Rod og Geronimo fekk Al-Saif sitt lik til å forsvinne i tynn luft.
Dolk og Po gjekk litt vekk frå resten, og Dolk ga batteriet til Po. Po blei veldig overvelda av å endeleg ha det og ga Dolk ein god, lang klem. Dei holdt framleis på å klemme når Dolk sine tattoveringer lyste og begge to blei dratt inn i eit minne frå Dolk sin fortid. Der såg dei Dolk gå med søskenet sitt, Sølv. Dei gjekk gjennom ein stor imperiell krigsleir, med soldater og riddere marsjerande fram og tilbake. I horisonten kunne dei sjå Gullkeisarens personlege banner, sjølv om dei ikkje forstod korleis dei visste at det var bannerne hens, og dei to hadde akkurat komt frå eit oppdrag. Dei var på veg ein plass for å avlegge rapport.
Sølv drog Dolk til sida og sa at det hadde blitt ganske dårleg i forrige oppdraget, at det hadde gjort veldig vond for Ra-Dolk, men at hen var stolt av Dolk for å ha komt seg gjennom det. Hen hadde ein gave til Dolk, og ga hen ein amulett hen hadde redda frå oppdraget.
Dolk og Po var litt i sjokk over minnet.
Davor gjekk gjennom Al-Saif private eigendeler, og oppdaga at han hadde ein magisk kiste som var større på innsida enn utsida. Han fant fleire juveler og memorabilia frå eit langt liv oppi her, inkludert eit bilde av heile Ali Kales familie frå året før krigen brøt ut. På det bildet såg Ali ut som ein svak gammal mann. Davor kviskra ein bønn til Drageguden og brendte bildet, for å sette fri åndene deira og dei dårlege minnene. Etter å romstere rundt litt, og hamre ned i eit hemmeleg rom med ein meisel, fant han noko litt utruleg. Han fant eit brev frå ein person som heitte "Anark Azarad", som sa takk til Ali Kale for eit liv i tjeneste av Akshus sin fred, stabilitet og frihet. Den grattulerte han for hans mange suksesfulle kamper mot illitider og grattulerte han for hjelpen han hadde bistått Ibrahimittene med under kampen mot Mustarittene, som anarken var overbevist om var eit viktig ledd i Akshus sin framtidige fred. Vedlagt brevet var skaftet til eit sverd, men det mangla ein klinge. Han tok det opp og oppdaga at det var ein knapp på den. Han klikte på den og skar nesten av seg skjegget i det in klinge lagd av lys skaut ut frå skaftet.
Etter desse oppdagingane samla Uglene seg i hovudkvarteret til Knivene, for å sjå på Blaecbrand kople seg til terminalen der. Ho fant informasjon på ALLE knivane sine aktiviteter, både tidlegare og noverdige der, samt kor alle Kyrkjas tempel var og kor mange Kniver som beskytta dei. Ho fant lister over dusinvis av Knivenes operasjoner, som involverte kidnappingar, snikmord, angrep og utpressing, men ho oppdaga ein stor operasjon dei var i gang med akkurat no. Denne operasjonen involverte dusinvis av Kniver og ein liten hær med stjerneborn. Dei har tenkt seg å angripe Profetens Veddemål, Akshus sin religiøse hovudstad og kor ihtrakittene, Akshus sin preste-stamme, heldt til.
I operasjonens beskrivelse stod det at denne gruppa ihtrakitter var ein pro-elemental gruppe leia av eld-genasien Helveteseld, som Uglene har hatt eit par møter med, og at denne gruppen har angript Stjerneborna fleire gonger for å stjele "multidimensjonale nøkler". Stjerneborna ville no angripe Profetens Veddemål for å ta nøklene tilbake igjen, samt angripe den Brennande Profets grav for å få tak i ein maskin terminalen kalte ein "Tesserakt Labyrint". Po identifiserte tesserakt labyrinten som ein type multidimensjonalt fengsel illitidene brukte på sine farlegaste motstandarar.
Blaecbrand oppdaga og lokalisasjonene til Jerntempelet, Helikstempelet og Stjernetempelet. Medan Blaecbrand var på terminalen var den kontakta av Tomrommets Profet, som lagde ein fire meter høg prosjeksjon. Han fortalte at han og kyrkja berre var forgjengarane for noko mykje farlegare, som ville spreie seg gjennom Imperiet som ein kreft, og at Uglene kunne drepe han men at ein større og mektigare ville komme etter han. Uglene dismissa han ganske raskt som sinnsjuk, og fortsatte med dagen sin.
Uglene gjekk opp og ut av Knivtempelet og inn githzherai klosteret som var bygd over det. Klosteret var mykje meir roleg og soothing, da Uglene gjekk gjennom korridorer med vakre geometriske figurer rissa inn i veggane. Det var kaldt i klosteret, og vind og snø skar gjennom klosteret. Det hadde tydeligvis vert forlatt lenge. Uglene følte seg nesten leia gjennom klosteret, i det dei kom til eit stort senralt kammer. Dette kammeret var opent til himmelen over og hadde blitt fylt opp til knena med snø. I mitten av kammeret kunne Uglene sjå ein pedestal av ein art, som Po forklarte var ein kontrollstasjon for kva dette rommet enn var designa til. Po leia Uglene bort til det og aktiverte det. Kammeret blei fylt med aktivitet, i det fire pillarer reiste seg opp frå under snøen og strekte seg tretti fot opp og over kammeret. Pillarene kasta ut eit mørke over kammeret, slik ein berre kunne sjå stjernene i verdsrommet utafor verden. Desse raude, gule, blå og sølv-aktige stjernene lagde fantastisk vakre mønster.
Så byrja boger av stein å metall å reise seg opp frå konenstriske linjer i golvet og svinge med blendande hastighet. Snø blei kaste rundt og snart byrja bogane å prosjektere eit gult lys medan dei roterte. Desse lysa byrja sakte men sikkert å lage eit kart over verdsrommet over Akshus, med passerande kometer, asteroider låst i ein evig dans med verda og stjerner som lyste ut sterkt. Så kom det ein alarm frå terminalen, i det den den identifiserte noko nytt og potensielt farleg. Over Akshus, i ein geosynkron bane, flaug det ein veldig liten asteroide. Den var for liten til at astroskopet kunne sjå heilt kva form den hadde, men det var suspekt at den bevegde seg så perfekt over Akshus. Det var mest sannsynleg noko utanomjordleg på den asteroiden som hadde ein interesse i Akshus.
Etter å ha sett dette, og forstått implikasjonene av det, skrudde Po astroskopet av. Forann Uglene var då utgangen til Azerheim.
Dei gjekk fram, og såg ut over fjella. Høge, skarpe tinder av stein dekt av århundrer med snø skar gjennom skyer. På desse fjella kunne Uglene sjå geiter hoppe opp og ned på leit etter mat, medan mantikorer og andre monstre flaug rundt omkring. Vassfall gjekk ned og ut frå desse fjella og lagde elver som skar seg lenger nedover og lagde skarpe daler i fjella. Fugler av alle slags farger og fasonger kunne bli sett flygande fram og tilbake på jakt etter mat. Langs store platå mellom og under fjella kunne Uglene sjå ruiner av gamle garder, som sauer no gjekk og fredfult levde blandt. På desse platåa kunne Uglene sjå at hausten hadde komt, da tre byrja å få sine karakterstiske oransje og gule farger.
Nederst langs desse platåa byrja Azerskogen, ein massiv skog med høge grantræ og eit djupt møre. Azerskogen ligg opp mot Azerfjella og dele av den går langt opp i Azerfjellas dale, som tre-aktige klør som skjærer inn i stein-kjøtt. Azerskogen såg stille og fredfull ut, bortsett frå ein stor settlement cirka mitt i skogen langs ein elv, som tydeligvis var aktiv. Dolk identifiserte denne som Ny-Aza.
I det augeblikket manifesterte Lars seg ubudt. Dette sinte raude spøkelset av ein dvergisk kriger blei fylt med glede, takknemlighet og vemodighet. Han sa takk til Davor, og var glad å være heime igjen. 
Dolk tok og eit djupt pust og sa: "Det er godt å være heime."

Rewards Granted

200 XP til alle for å overtale Al-Saif om å akseptere ein duell
4286 XP til alle for kampen mot Al-Saif
200 XP til alle for å beseire Al-Saif
500 XP til alle for å fullføre "Breaking the Knife"
200 XP til alle for å komme til Azerheim

Missions/Quests Completed

Breaking the Knife completed
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
25 Sep 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!