BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Father, Mother and Son Report

General Summary

Uglene vandra vidare gjennom the Twisting Trails, leia av Ceren og no med Caratacos blandt seg. Dei fulgte stien så godt dei kunne og unngjekk triksa åndene i skogen prøvde å spele på dei. Etterkvart som dei gjekk kom dei igjen under angrep av monstrene i skogen, men blandt dei var det ein ny entitet, ein skapning lagd av mørke sjeler. Den kom kravlande ut av tåka med eit gigantisk sverd som arm og angrep Uglene med etsande svart gugge og valdelege angrep. Uglene holdt fint stand mot dei Fortapte, men denne Forglemte entitet viste seg å være farlegare. Dolk gjekk for å slå til mot den, men hen vart hogga ned med eit brutalt angrep frå den Forglemte. Sverdet dens skar djupt inn i Dolk sitt auge og skar ut venstre auge. Dolk kollapsa til bakken i smerte, i det bevistlaushetens mørke greip hen og hen låg døyande. Men så huska Dolk noko frå sitt gamle liv.
Dolk huska å være fanga aleine i ein arena. Hen hadde kutt over heile kroppen sin frå katanaer, klør, tenner og pile. Blodet rant ned frå nye sår. Dolk var skada nok til å drepe eit menneske fem gonge, men kvar einaste gong hen følte mørket komme fokuserte hen på smerten og vreden og brukte det for å halde seg gåande. Hens bødler låg strødd rundt omkring i arenaen, kroppene deira knust og skjært open. Hobgoblinsne, dei raude djevlene, såg ned på hen frå over arenaen. Dei hadde byrja dagen med applaus og skadefryd, men for kvar av utfordrarane Dolk hadde drept hadde dei blitt meir og meir stille. No var det knyst, og hobgoblinsne var grepne av frykt. Dolk såg opp på krigsherren som hadde låst hen dernede og fanga hen og sa: "Anata wa shikei shikkō hito o tsukaihatashimashita, bushō", hobgoblin for: "Du går tom for bødler, krigsherre."
Dolk merka denne styrken igjen og dreiv bevistlausheten tilbake. Med heilag magi stoppa hen blødningene frå auget og hoppa på den Fortapte. Blaecbrand brukte magien sin for å svekke den medan Dolk greip oppå den og skar ned med halberden sin, som lagde eit alvorleg sår i armen dens. Davor skaut inn kuler med heilag magi for å svekke skapningen og så sprang Po fram. Po kanaliserte sin indre energi ut i sverdet sitt og skar gjennom den Forglemte, og banisha den frå verda.
Etter kampen vandra Uglene vidare gjennom the Twisting Trails. Til slutt enda dei opp i the Whispering Wilds, som Dolk raskt skjønte var populert med huldre, vetteånder som kan ta andre former. Blaecbrand vart erstatta av ein hulder, men Uglene forstod kven som var den ekte Blaecbrand og sendte hulderen vekk. Etter ein stund med vandring gjennom the Twisting Trails fant Uglene Aislinn Charadric, Ceren sin mor. Heile familien hadde ein stor gruppeklem, og Aislin spurte korleis det gjekk med Ceren. Han forklarte at dei måtte snakke seinare, da dei måtte fokusere på å komme seg ut av the Twisting Trails.
Uglene vandra vidare gjennom the Twisting Trails medan Ceren fekk energi til å reise på enda ein tur gjennom vetteskogen. The Twisting Trails sjølv kom for å snakke med dei og prøve å gjere ein avtale med dei, men Uglene var ikkje villige til å selge eit av minna sine. Dei blei fortalt at the Warden var etter dei, alven som hadde ansvar for å halde fanger fanga i the Twisting Trails.
Etter ein stund kom Uglene igjen under angrep, denne gongen av fleire Fortapte og Forglemte. Uglene slåss hardt og bra og greidde å unngå det verste av skaden dei kunne ta med god posisjonering og smart bruk av magi. Spesielt Ceren slåss bra i den kampen, da han brukte the Twisting Trails sitt hjarte for å få kontroll over dei Fortapte og sende dei tilbake inn i tåka. Men Ceren følte ein viss kulde brei over seg når han brukta hjartet, som han ikkje heilt kan sette ord på.
Geronimo og Rod gjorde og ein god kamp da dei slo til mot fleire av dei Fortapte og Forglemte, spesielt då Geronimo drog den siste Forglemte ut av tåka slik dei kunne slåss mot den på rettferdige utgangspunkt. Blaecbrand brukte magi og skaut ein eldkule på monstrene, medan Davor brukte katedralklokkene til å bringe dei Fortapte tilbake til dei daude.
Etter denne kampen gjekk Uglene vidare, men Ceren oppdaga at stien førte dei vekk frå kjernen av the Twisting Trails. Snart kom dei vekk frå trær og skogen og dei vart omringa av ein uendeleg marshland som var dekt av tåke. Stien under dei vart meir og meir jamn til det til slutt berre var grus. Ceren følte at magien hans kom tilbake til han, akkurat i det Uglene møtte på ein skikkelse i tåka. Forann dei stod det ein gammal skogalv, med hud mørk og seig som bark, langt grått hår og ein stykke med mørkegrått cloth forann augene. Han gjekk i ein grå plate-rustning som såg ut til å dampe svakt av, og ein kunne sjå kondens på den. Frå inni rustninga var det som om fortapte sjeler skreik ut om å få forlate den. Han hadde tunge kjeder bundet over brystet og ryggen, kjeder med magiske symbol på. I hans høgre hand hadde han ein gammal rusten bøddels øks. Han sa, med ein stemme som vindens kviskring:
"Ceren Charadric, you are accused of treason against the Eternal King. I am to bring you to his court dead or alive, and you get to choose which one."

Rewards Granted

100 XP til alle for å unngå nøkken
500 XP til alle for å beseire det første angrepet
100 XP til alle for å ikkje gi opp minne til the Twisting Trails
200 XP til alle for å finne Aislin
500 XP til alle for å beseire det andre angrepet
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
30 Oct 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!