BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

New Friends, New Horizons Report

General Summary

Uglene tok seg litt tid medan dei venta på Theowulf til å få seg ein liten pust i bakken. Etter eit par timer fekk Davor ein melding frå ein av Theowulfs prester om at han hadde tatt over øya og Fabrikken og at han var på veg til Knivtempelet. Når han kom fortalte han at dei hadde tatt øya, men at ein del sivile hadde døydd i kryssilden da stjerneborna hadde brukt dei som gissel. Han og Uglene vart einige om å gi over Knivtempelet og Fabrikken til Prinsvakten, slik Ishmael kunne få tak i alt utstyret som var der og ikkje måtte gi det over til alkymistene. Så vart dei einige om ein plan for å ta seg av stjerneborna: å angripe Jerntempelet og bruke portalen der som ein veg inn i Stjernetempelet. Theowulf sa at han ville bruke tid på å dismantle stjerneborna.
Så kom Elirdain gjennom portalen og ville snakke med Uglene og Theowulf, men den samtalen skjer neste veke.
Etter dette bestemte Uglene for å komme seg vidare. Rod hadde lagt seg til å sove ute på fjellet da han var ekstremt trøtt og Dolk gjekk rundt på fjella og nøyt den kalde lufta. Davor la merke til at Mushu hadde forsvunnet, og etter ein stund kom han tilbake heilt våt. Mushu prøvde å leie Davor ein plass, og det endte med at han leie heile partyet ned fjellstien og inn i nokre huler. Det var eit svakt blått lys i desse hulene som kom frå fleire store pools i forskjellege fasonger som var fylt med varmt vatn. Ulikt den kalde fjellluften ute var det fredfult og deilig her inne, og det bobla i fleire av poolsne. Mushu hoppa ut i ein av dei og byrja å svømme rundt.
Davor tok av seg rusningen sin og gjekk ut i badet, og for første gong på veldig lenge fekk han slappe skikkeleg av. Uglene vart alle kollektivt einige om at dei måtte ta ein pause, og dei gjekk ned i forskjellege bad medan Rod sov. Blaecbrand hjalp Dolk med å vakse håret hens og ga hen ein hodebunnsmasasje, medan Ceren svømte djupt, djupt ned for å finne ut av meir om desse bada. Heilt nederst, etter å ha svømt ned tretti meter, kom han til eit stort kammer fylt med memorabilia og små statuer som såg tusenvis av år gamle ut. Forann han manifesterte ein element-ånd som forklarte at han var ånden for desse hot springsne, og at han ikkje ønska å skade Uglene men berre å få høyre deira historier og være hjelpsam. Ceren tok ånden med opp og introduserte han til partyet. Han kalte seg sjølv for "Varmskjegg" og tok formen til ein eldre blanding av sjøalv og fisk med fabellaktig sjegg. Han forklarte at han ikkje meinte noko skade og gjerne ville være til hjelp for Uglene, men at han ville sette pris på nokre gaver slik han kunne få huske dei. Davor fekk inntrykk av at han var veldig desperat etter selskap.
Uglene fekk då ein ny venn, den eksentriske Varmskjegg, og utspurte han om ein del ting. Etter dette snakka Uglene om løst og fast, som inkluderte:
  • Davor sin connection med det dvergiske spøkelset Lars, som manifesterte forann Uglene, blei gjort klart for alle. Davor forklarte at han hadde tenkt seg å gi Lars ein skikkeleg begravelse, men var ikkje sikker på kva det ville sei for gamle azerdverger. Dolk kom med sin ekspertise og sa at det ville involvere kremmering, urner med smelta gull over og ein stor fest, men hen visste ikkje kva artefakt Lars ville trenge for å få fred. Hen foreslo at Uglene kunne snakke med niesen hens, Astrid, og Brunskjeggene, ein gruppe med azerdverger interessert i deira antikke historie.
  • Ceren fortalte at han ville reise til vetteskogen for å redde foreldrene sine frå ein farleg entitet der, og Dolk sa seg sjølvsagt einig.
  • Dolk inviterte Uglene med til bursdagsfest i Økselund, og sa at hen ville reise heim om ikkje alt for lenge da det og var ein hulder i området som irriterte landsbyen. I tillegg fortalte hen og at ein av nevøene hens hadde forsvunnet i skogen, og at hen ein gong ville prøve å finne han. Uglene sa seg einig i å hjelpe med dette.
  • Blaecbrand fortalte om kulten Uglene slåss mot, og måten den var kopla til hennar familie på. Kulten var grunnen til at dei var ute og reise og at dei hadde samla seg, og Blaecbrand hadde ein personleg grunn til å slåss mot dei, da leiaren deira hadde trua bestemora hennar på livet og nesten drept ho. Blaecbrand fortalte og om Philomelas øy, kor ho ville reise for å heve forbannelsen over den.
  • Blaecbrand fortalte og at faren hennar var Ibrahim al-Iliesar Tanin, kongen av Akshus, og at det førte til ein del komplikasjoner.
Rod våkna opp frå sin draum til slutt, som såg ut som det hadde vert eit mareritt. I denne draummen hadde han spist Ali Kale sin sjel, og så hadde Extinction satt han gjennom all naturens smerte sidan tidenes morgen, for å gjere han sterkare. Og han kom ut sterkare, med lysande raude auge i eit augeblikk og eit rop av smerte.
Etter dette hadde Blaecbrand og Davor ein prat om godhet, korleis halde gode taler, ansvar og offrene ein gjer når ein får ansvar. Dolk, Ceren og Rod hadde ein samtale om stemmer i hodet.
  Etter ein lang kveld bestemte Uglene seg for å gå mot sengs.
Ceren hadde ein draum med Altsehash, kor han fekk sine belønninger for Void Edge og instruksjoner om kva han skulle gjere vidare. Han skulle dra til Ny-Aza, kor Song ville møte han for å guide Uglene til graven.
Dolk fekk eit minne om ein anna tid, kor hen blei funnet hardt skada, men i live, på toppen av nokre fjell. Hen følte stor skuldkjensle over noko hen hadde gjort feil, og brukte fleire månader på å bli sterk nok igjen til å kunne gå med ein stokk rundt omkring i eit høgt slott. Etter fleire månader med smerte og bitterhet kom det ein person med lange fargerike robes, rare tattoveringar og lyst sølv-aktig hår med eit tilbud til Dolk. Hen måtte ofre mykje, men hens kropp ville bli fiksa og hen kunne igjen tjene Gullimperiet. Dolk sa seg einig, ut av vrede og bitterhet. Davor fekk og sjå dette minnet og snakka om det med Dolk etterpå.
Ceren fekk ein draum til, kor ein skogalvisk kvinne som tok namnet "Revelation" snakka med han. Dei to hadde ein filosofisk diskusjon om godhet, kor langt ein måtte være villig å gå for andre og konkluderte med at om alle gjorde det som var best for dei så ville verda bli bedre og at av og til kunne det være fornuftig å ofre det som var godt for andre slik dei ein er glad i kunne ha det bra.
Dagen etterpå byrja Uglene å ete frukost, laga av Dolk og Davor, før dei skulle byrje den lange gåturen gjennom Azerheim mot Ny-Aza.

Rewards Granted

200 XP til alle for samtalen med Warmbeard
150 XP til alle for å snakke om Dolk sine minner
200 XP til alle for å snakke om kulten
200 XP til alle for god inter-karakter dynamikk, roleplaying og moments
100000 XP til meg sjølv for god musikk

Character(s) interacted with

Theowulf
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
01 Oct 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!