BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Night Owls Report

General Summary

Uglene bevegde seg opp gjennom fabrikken til hovudetasjen. Etter litt utforsking oppdaga Uglene eit romskip som hadde blitt opna opp av stjerneborna og kor mange deler hadde blitt tatt ut. Ceren, Po og Blaecbrand undersøkte skipet og oppdaga at det i stor grad var skipets relativt kraftige motor som hadde blitt tatt ut, og Blaecbrand oppdaga at det var tatt ut for å bli brukt i project Iron Wing.
Uglene byrja å gå den vegen dei trudde teleportøren var, gjennom eit lager med smugla illitid-utstyr. Dessverre var dette lageret patruljert av stjerneborn-soldater og eit illitid-konstrukt Po identifiserte som ein grell. Ceren sneik seg fram og med hjelp frå Blaecbrand hadde han tenkt seg å ta seg av soldatene i stillhet. Han greidde å drepe grellen ganske raskt, men soldatene viste seg å være vanskelegare, da ein av dei såg Blaecbrand og resten av Uglene. Blaecbrand brukte raskt magien sin for å paralysere dei, men ein av dei greidde å motstå magien. Han tok opp geværet sitt og trua Blaecbrand, men ho greidde å lure han til å tru at ho var vennleg lenge nok til at Davor kunne paralysere han. No bevegde ting seg raskt, i det Ceren sprang fram og drepte han før han hadde tid til å reagere.
Uglene sprang raskt fram for å drepe den andre soldaten, men dessverre greidde han å komme fri av paralysen og sende alarm til resten av fabrikken.
Fabrikken eksploderte i aktivitet og ein løpande kamp gjennom dens korridorer braut ut, kor Uglene til slutt greide å skubbe seg inn i hovudkammeret. I løpet av denne kampen kom Rod inn i korridorenes nasty og brutale nærkamp saman med Geronimo. Rod sjølv blei stukket av ein av Kniv Soldatenes avanserte kniver, som skar rett gjennom han og spreidde lyn gjennom kroppen hans. Rod ropte ut i smerte, men byrja raskt å påføre denne på stjerneborna forann han, som han delte i to opptil fleire gonger i det han leia angrepet gjennom korridorene. Geronimo var med han og skar inn i stjerneborna med ekstrem brutalitet. Po sprang fram med magisk hastighet og flammande sverd og kniv i hand og brukte sin heilage magi til å få stjerneborn til å fordufte i lys og glitter. Ceren stakk mellom stjerneborn og stakk dei med sverdet sitt. Davor brukte den heilage magien sin til å skyte lys på stjerneborna og animere bokser med utstyr frå lageret, som han brukte til å angripe og halde tilbake stjerneborna sine soldater og kyborgnetiske krigere. Dolk holdt seg bakerst blandt Uglene og prøvde å komme opp på andre etasje, men blei forstyrra av ein kollosal kyborgnetisk kriger som hen holdt tilbake lenge nok til at alle kunne komme seg ut. Blaecbrand brukte sin magi og karisma til å kle seg ut som ein av stjerneborna og lure dei til å omdirigere styrker til hangaren, vekk frå kampen.
Når Uglene hadde komt seg inn på fabrikkområdet byrja kampen for alvor. Energikuler flaug i lufta og inn i Uglene i det dei prøvde å komme seg fram til portalen så raskt som mogeleg. Blaecbrand prøvde å feilinformere og forvirre stjerneborna, som ho fekk til, medan Davor sprang fram og utfordra dei patetiske heidningane til å prøve å treffe han. Geronimo og Dolk flaug opp på ein leviterande plattform og drepte telekinetikeren som stod der med kontrollen til den store portalen til Kniv tempelet, og Dolk tok kontrollen og gjorde klar til å gi den til Blaecbrand. Geronimo flaug Blaecbrand opp på plattformen og ho gjorde seg skrudde på portalen til Kniv tempelet. Rod reiste gjennom med ein gong, medan Po, Ceren og Davor blei igjen for å ta skot for Blaecbrand, Dolk og Geronimo som var utsatt på plattformen. Med kulane flygande bak seg konsentrerte Blaecbrand seg slik portalen ville være open etter ho tok av seg kontrollen, og så hoppa Uglene gjennom.
På den andre siden kom dei inn i eit stort kammer som tydeligvis var designa av illitider. I hodet sitt høyrde dei ein gammal stemme: "Velkommen til Kniv tempelet. Her kjem deke til å døy."

Rewards Granted

200 XP Ceren for å bruke stealthen sin veldig bra i starten
100 XP Blaecbrand for å bruke sin deception
100 XP Davor for god bruk av Hold Person
100 XP Davor god bruk av Animate Objects
100 XP Dolk god bruk av Spider Climb
100 XP Po god bruk av haste
100 XP Rod for at Geronimo hjalp Dolk med å komme opp på plattformen
200 XP Davor for å ta hits for resten av partyet
100 XP Blaecbrand for å forvirre folk
150 XP Rod være in-character og hoppe gjennom portalen
100 XP Rod for at Geronimo hjalp Blaecbrand opp til portalen
200 XP Blaecbrand for å opne portalen
100 XP Po ta hits for vennene
100 XP Ceren ta hits for Blaecbrand
100 XP Davor ta hits for vennene
2042 XP til alle for å komme seg gjennom Fabrikken

Character(s) interacted with

Acca
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
17 Sep 2021
Primary Location
Secondary Location

Comments

Please Login in order to comment!