BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Ride the Storm Report

General Summary

Etter å ha beseira Askerytteren sa Davor at dei ville reise til Storm Rocen, og Vandraren sa at hen ville lage eit kompass for å hjelpe dei med å finne vegen. Uglene valgte då å bruke natten medan Vandreren laga kompasset i ein av katedralene i Bronsebyen, kor dei lagde eit improvisert leirbål under statuene til helgener og helter. Under matlaginga fortalte Davor om familien sin heime i For Sur, og Uglene delte ganske fritt om sine erfaringar.
Etter Uglene hadde lagt seg til å sove blei Po vekt av ein kjent presence, og han såg at det var lys utanfor katedralen. Han gjekk ut og såg der ein mørkhuda kvinne med auge som stjerner og langt sølvaktig hår. Ho sa at ho var Hesmash, men i ein anna form det var lettare å snike seg inn i Bronsebyen med. Ho og Po hadde ein samtale kor ho prøvde å bevise for Po at ho hadde skapt han med noko av hennar siste energi, og ho trakk fram mange eksempel på at han var guddomeleg:
  • Han kunne ikkje bli sjuk av vanlege sjukdommar, så han hadde ingen immunologiske organ
  • Knoklane hans er ikkje laga av hydroksyapattit, men heller eit meshverk av karbon nanotuber som både er lettare og sterkare
  • Musklane hans er raudare og sterkare enn vanlege menneskelege musklar, da dei har høgare konsentrasjoner av myoglobin
  • Håret hans er ikkje laga av keratin, men heller av ein syntetisk tilnærming som motstår fuktigheit og varme bedre, og som alltid vil folde seg og legge seg for å gi han perfekt hår
Po byrja sakte men sikkert å faktisk ta inn over seg at han kanskje var skapt av denne guden framfor han. Han spurte kva Hesmash ville med han, og Hesmash forklarte at han hadde blitt skapt for å øydelegge Gullimperiet. Samtalen gjekk ikkje mykje av nokon veg, anna enn når Po fornærma Hesmash og ho trua med å vise Po vreden sin, då han backa down. Når han byrja å spele sekkepipen sin forsvant Hesmash, da ho ikkje ville møte dei våkne Uglane.
Dagen etterpå fekk Uglene kompasset og byrja reisen til fjellet. På vegen måtte dei krysse over Aldrnathr, eldhavet, kor den gjekk som ein elv gjennom ein dal. Dei byrja å krysse over og Ceren, Davor og Rod fant ein ganske verdiful krone hos eit lik som hadde permanent dødd på grunn av flammane, medan Po overtalte Dolk om at hen ikkje burde stikke handen sin i lavaen.
Etterkvart som dei holdt på å krysse elva la Po, Blaecbrand og Geronimo merke til at noko kom opp frå under lavaen, og Uglene kom under angrep av to eldkjempe-banditter som leia ein gruppe med eld-elementaler. Kampen kom raskt i gang, da elementalene kom nær Uglene og slo til dei og brant dei opp med flammer og lava. Spesielt Ceren følte flammene da han ikkje lenger hadde sitt fulle magiske potensiale, men Rod og Po kom til hans assistanse og saman greidde dei å slå tilbake elementalsne. Frå sin posisjon på Geronimo haste-a Blaecbrand Rod og Geronimo, slik dei kunne slåss enda hardare og bedre. For dette var ho nesten knust av to gigantiske steiner kasta av kjempene, men hennar magiske skjold holdt stand mot dei og ho kunne halde fokus på spellen sin. Davor casta spells frå hammaren sin og holdt stand mot den eine kjempen, medan Dolk oppdaga at hen faktisk var immun mot flammer, og dermed praktisk talt i ingen fare. Po dro fram og tilbake mellom sine allies og hjalp til med støttande ord og sverdet sitt, medan Rod og Geronimo gjekk til fult frontalangrep mot kjempene.
Den eine kjempa kom seg dessverre unna, men den andre kunne Uglene loote for å finne mykje gull.
Etter dette var Uglene praktisk talt ved fjellet, og dei byrja å klatre opp mot stormen over dei. Det gjekk bra med dei på vegen opp, sjølv om dei vart veldig våte, men Dolk fekk eit minne om å ha slåss eit slag i liknande vær, eit slag som hadde enda dårleg for hen, og Raiq byrja å bli meir og meir oppskakka. Dolk greidde å roe Raiq ned, og Uglene kom seg opp på toppen av fjellet.
Oppe på fjellet vart dei angripne nesten umidelbart av Storm Rocen, som pusta lyn på det og prøvde å skjære og bite dei. Dolk brukte sin nye magi for å teleportere opp på ryggen dens og fly ut i stormen med den, kor hen stabba inn i den frå ryggen og vingene dens, medan lyn slo inn i hen. Davor brukte magien sin for å tvinge den til å fly gjennom ein vegg av hammarar og sverd, medan Blaecbrand skaut ut flammer og brukte sine telepatiske krefter for å prøve å øydelegge sinet dens. Po støtta Ceren med å caste usynlighet på han, slik han kunne snike seg unna og skyte den frå afar og Rod og Geronimo flaug rett bort til den og skar inn i den med økse og klør.
Uglene tok skade av lynene og klørne dens, men dei greidde å sårt såre den eine vingen dens, som gjorde at den endra form og krasja mot bakken som eit lyn. Ut av dette lynet kom det ein fryktingytande fusjon av menneske og fugl, som holdt Dolk i klørne sine. På forarmene sine hadde denmagiske bracers som crackla med energi, og den mante fram lyn frå himmelen som slo ned på Dolk. Dette vekte eit minne i Dolk, ein gong tidlegare hen hadde blitt truffet av lyn. Det var under det same slaget, då hen og hens bestevenn hadde slått gjennom fiendens linjer for å beseire stormkjempen som leia den fientlege hæren. Raiq hadde vert for treig og blei spidda av lynet, som alvorleg skada hen og kasta hen mot bakken. Hens bestevenn blei drept av lynet og så knust mot bakken hundrevis av meter under dei. Dolk-Raiq byrja å skrike ut sin smerte og frustrasjon, medan denne kongen av storm og lyn stod mot Uglene.
Uglene slo til med alt dei hadde men blei kasta rundt av vinden, blei slått av lyn, blei revet frå side til side.
Dei fekk sakte men sikkert overhanden over dette beistet, men Dolk ropte framleis ut i smerte og frustrasjon. Inni Dolk sitt hovud såg Dolk seg sjølv, men ein yngre versjon. Hen var lei seg, hen var knust og angra på alt. Dolk snakka med seg sjølv og sa at hen måtte legge det frå seg, at hen måtte fortsette livet og at den einaste måten å vinne på var å overleve. Dolk trudde på at Raiq var sterk nok til det. Raiq- Raiqwen- sa seg einig, og sa takk til Dolk, da hen hadde hjulpet hen med å komme tilbake. Dei to gjekk saman i ein igjen, og begge følte deira fulle styrke. Stormkongen var ikkje klar for kva som ville skje no.
Raiqwen knakk handen dens med Alhayas Tårer, svingte seg inn på kroppen dens og skar djupt i brystkassen dens, før hen knakk nakken dens med eit brutalt hiv.
Storm Rocen var beseira, og Dolk hadde blitt enda sterkare. Po følte på eit bond med denne skapninga, og såg at den endra form etter den var død, til eit menneske ikledd ein tabard og two bracers som framleis lyste ut med energi. Mennesket var tydeligvis ikkje eit menneske då, og Po kunne føle at han var som Po, ein aasimar. Po blei tyngt ned av dette, men følte stormens makt frå bracerne og tok dei for seg sjølv, da dei hadde blitt vunnet i kamp. Uglene hadde no beseira fienden sin, og Davor hadde materialene han trengte for å fullføre oppdraget sitt.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
21 Jan 2022
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!