BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Shadows and Daemons Report

General Summary

Etter Uglene hadde snakka med Caed og Akka, og overtalte dei til å snakke med Jeleneth og Andreas, reiste dei tilbake til Ælmesleóht. Dei dro på Fredssamtalene, kor fredstraktaten endeleg blei finalisert og signert, med alle soviettens krav godtatt, takket være Uglenes politiske manøvrering. Alle verka fornøgde med avtalen, bortsett frå Castian Juen som sendte sin trelle-wizard i sitt sted. Qildro Ashan fekk ein proklamasjon i sin favør av Ishmael, og verka som om han hadde fått makt i familien sin igjen, medan Irhaal Shalasi fekk eit nytt marked å dominere, arbeidsmarkedet.
Mot kvelden skulle delegasjonane være med på ein konsert med Song som hovudartist for å feire den signerte traktaten. Uglene visste at det kom til å skje eit angrep på denne konserten, og at dei måtte være forberedte på kamp mot mørkalviske snikmordarar. Theowulf og hans heksejegere, som kunne lukte mørkalver, hadde blitt gitt ansvar for forsvaret mot den ytre fiende.
Etterkvart som konserten byrja såg Eisenfried kor angrepet kom til å komme frå: under konsertsalen. Han sendte Uglene bort til ein luke som leia ned i Underbyens vass-tunneller, som ville leier dei til mørkalvene. Før dei gjekk sa Jeleneth at Blaecbrand måtte passe seg, og at ho var veldig stolt av at ho hadde vokst så mykje.
Uglene kom seg ned i underbyen og svømte stille mot der Eisenfried hadde sagt at mørkalvene kom til å være. Dei sneik seg innpå ein gruppe med 6 mørkalver, som openbart hadde planer om å sprenge seg gjennom taket og angripe konsertsalen. To av mørkalvene hadde mystiske tattoveringer med cthoniske symbol, medan to av dei slåss med skjold og sverd, ein av dei var ein mage av ein art og kapteinen hadde ein pisk i eine hand og kortsverd i den andre.
Uglene slo til raskt før mørkalvene greidde å oppdage dei, og kampen var rask men brutal. Dei overumpla raskt den eine tatoverte mørkalven, til tross for hennar mystiske skyggemagi. Uglene tok kampen til fienden og fekk raskt drept magen, og fekk mørkalvene på bakfot. Dolk sine eldritch blasts og Davor sin heilage magi fekk raskt magen ned, medan Rod og Geronimo gjekk til angrep på dei mørkalviske soldatene. Soldatene holdt linjen relativt bra, men kunne ikkje måle seg mot Cerens presisjon, Rods sinne, Geronimos brutalitet og Po sin heilage magi. Til slutt vart kapteinen og beseira.
Men allting gjekk ikkje bra for Uglene. Blaecbrand brukte magien hennar for å gjere Ceren raskare og sterkare, men ho kom raskt under brutalt angrep av skyggesverda, som nesten greidde å drepe ho. Davor, Dolk og Ceren kom til hennar assistanse, og Dolk brukte ein magisk fan hen hadde for å skubbe skyggesverdet vekk og gi Ceren ein sjanse til å skade han. Skyggesverdet teleporterte då ved siden av Blaecbrand og stabba ho i hjartet, noko som ville drept ho om ikkje Davors magi hadde beskytta ho mot døden.
Skyggesverdet gjekk inn i magisk mørke for å overleve lenge nok til å få ein sjanse til til å angripe, men han visste ikkje at Dolk sine auge kan sjå gjennom all syndens mørke. Dolk stakk han i halsen med Alhayas Tårer, og Raiqwen knakk han og kaste hovudet hans vekk.
Akkurat når Uglene var ved å vinne kom det vass-ånder inn i rommet, som byrja å angripe alt dei kunne finne. Uglene greidde å beseire dei, men det vart nesten skummelt for Ceren som vart fanga inne i ein av dei.
Etter å ha beseira desse snikmordarane kom Uglene seg tilbake opp til konsertsalen, kor dei fekk vite at Theowulf, Andreas og Taegen hadde beskytta den mot mørkalver som angreip frå utsida. Andreas ga ordre om at Castian Juen skulle være under oppsyn av ein heksejeger.
Uglene gjorde seg klar til å reise nordover for å slåss mot demonene, og Ishmael ga ordre om at så mange prester som mogeleg skulle komme og heale dei så mykje som mogeleg. Ishmael og Asher hadde ein heated diskusjon og Blaecbrand, Davor og Dolk gjekk bort til dei. Dei stod og diskuterte om dei skulle bli med nordover i kampen eller ikkje, og Ishmael prøvde å overtale Asher om å bli igjen. Uglene greidde å overtale han om å bli igjen, da dei trengte ein sterk kriger til å forsvare Ælmesleóht om nokre av demonene skulle komme seg gjennom, og da han allereie hadde bevist at han var sterkt og ikkje trengte å bevise sitt mot igjen.
Etter dette snakka Ishmael og Dolk saman under fire auge. Ishmael sa at Dolk måtte komme tilbake med begge augene sine, da det var dyrt å erstatte. Dolk sa at hen skulle prøve, men at det hadde vert kult med matchande auge. Ishmael sa at Dolk var teit, og at når hen kom tilbake kunne dei dra og lese saman på biblioteket, berre dei to. Dolk sa det var ein grei idé. Før dei forlot kvarandre kyssa Ishmael Dolk på kinnet og Dolk tok handen hans og klemte den.
Jeleneth snakka med Blaecbrand, og såg frå arret ho hadde på brystet at ho nesten hadde blitt drept av mørkalvene. Jeleneth var berre stille, men ho følte seg plutseleg veldig gammal og sa at ho var veldig stolt av Blaecbrand, og at ho måtte komme seg tilbake sikkert og gi helvete til demonene. Så ga ho Blaecbrand ein klem.
Før Uglene gjekk for å joine Leberecht og Kroneriddarande kom Andreas til dei og sa at han ville være med på slaget som eldstøtte. Han blei møtt med motstand frå Dolk og Eisenfried, men han insisterte på å være med og Uglene tok han med.
Snart marsjerte Uglene nordover saman med riddarane for å slåss mot demonene. Flyktningleiren hadde blitt evakuert på forhand, så Uglene ville slåss akkurat nor for den. Etter eit par minutt såg dei ein gruppe akshusere komme ridande sørover, men dei var ikkje vanlege akshusere. Det lukta blod av dei, og augene deira var lyste raudt. Dei hadde horn og dei verka større enn dei burde være, med klør i staden for fingre og lange, brutale tenner. Hestene dei rei på hadde mørk og grå pels, med ulve-aktige tenner, raude auge og skorpionhale.
Leiaren av desse eamilittene spurte om Uglene og ridderne kunne flytte seg, da dei ikkje hadde lyst til å skade uskyldige, berre alvene. Uglene sa at dei ikkje kom til å flytte seg.
Så tok noko anna kontroll av eamilitten, og sa at det var svaret han hadde håpt på. Ein skapning vokste fram frå inni eamilitten, da musklar vokste seg lange, hud sprakk og knoklar blei twisted av mørket. Demonene vokste fram frå inni eamilittene, og leiaren deira såg på Uglene.
Ein åtte meter høg demon med raud hud, svart pels og enda mørkare rustning såg ned på dei med svoltne auge. To horn med blodige runer stod over eit ansikt med ein munn så vid at den kunne svelge ein mann heil. Hrizgaan the Devourer såg på Uglene og sa at han hadde tenkt seg å drepe dei, og kampen byrja.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
12 Mar 2022
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!