BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

The Experiment Report

General Summary

Uglene hadde brukt litt tid på å legge ein plan, og no skulle dei gjennomføre den. Ceren og Blaebrand svømte bort til tårnet, kor dei skulle nytte magien sin for å komme inn i tårnet og skru av eit av kraftfelta. Davor, Rod, Geronimo, Dharr og fader Daniel skulle vente langt nok vekke til at dei kunne sjå kraftfeltet bli skrudd av, og så skulle Davor nytte sin geistlige magi til å splitte havet slik Geronimo kunne fly seg sjølv, Rod, Dharr og Davor bort til tårnet, medan fader Daniel skulle svømme.   Ceren og Blaecbrand svømte då til tårnet. Der såg dei at dama stod forann mechen og gjekk gjennom noke diagnostikk på den. Ceren forsvant då inn i Feywild, til ein mørk plass av tåke, og Blaecbrand tok sjansen med magien hennar. Ho konsentrerte seg på dama, konsentrerte seg på dei grunnleggjande elementa som bygde ho opp, og så visualiserte ho strandskilpaddene på Firen-lic. Så, med drakonisk magi og makt som kan manipulere verdas grunnsteiner, gjorde ho dama til ein skilpadde.   Skilpadden falt til bakken, overaska og forvirra. Ceren manifesterte då i tårnet og sprang raskt fram for å grabbe skilpadden og få den i ein pose Davor hadde gitt han. Skilpadden slåss valiantly tilbake, men Ceren fekk for det meste hand om den. Han greidde då å gå til generatoren og rive ut ei av kablane som stod i den, som skrudde av kraftfeltet. Blaecbrand kom då inn i tårnet, og noko av vatnet kom inn og datt ned i tårnet under dei. Davor såg sjansen sin og opna opp havet, og så var resten av partyet med i kampen, ikkje at det var så mykje av ein kamp endå.   Blaecbrand og Ceren greidde saman å få skilpadden skikkeleg inn i sekken og binde ein knute rundt den. Så hoppa Blaecbrand på Geronimo, saman med skilpadden, for å komme seg av sted til heksejegarane og levere den der. Samtidig byrja partyet å gå ham på mechen som var i tårnet og øydeleggje den. Dei fekk raskt inntrykk av at garisonen under dei visste at dei var der oppe, Davor vart blandt anna skoten eit par gonger av nokre troopers og fader Daniel sa at han såg noko under dei i elva. Heldigvis hadde Davor framleis kontroll over vatnet, og han skubba det lenger ned slik at kva det enn var som prøvde å komme opp ikkje kunne det.   Deretter hørte partyet ein stemme i hodene deira, frå ein kaptein Barakat som sa at dei måtte komme ned og slåss mot han som ekte krigere. Rod, etter mechen var øydelagt, tok imot utfordringen sidan det var ein fantastisk unskyldning til å drepe eit cocky stjernebarn. Han tok løpefart med øksa si og hoppa ned i tårnet, han slo inn med øksa i veggen og nytta den for å bremse farten sin på veg ned og han endte til slutt opp nederst i tårnet, kor Barakat var klar til han.   Den massive Barakat, som hadde tatt av seg rustningen sin for å vise fram alt for store muskler og mange kirurgiske arr, slåss mot den hatfylte Rod. Det var ein ganske episk kamp, kor dei to slo mot kvarandre utan noko teikn på å gi seg. Barakat slåss med sine bare knyttnever og med brutale spark, og eit spesielt brutalt slag slo Rod til bakken. Det hadde vert lenge siden Rod var i så stor smerte, men Barakat kom snart til å føle på noko mykje verre.   Medan denne kampen gjekk for seg prøvde resten av partyet å komme ned for å hjelpe Rod med Blaecbrand og Geronimo flaug til heksejegernes tempel.    Fader Daniel foreslo at dei kunne nytte tau, og prøvde å nytte sine gamle sjømannskunskaper for å få tau som var langt nok til at alle kunne klatre ned. Han var veldig stressa dessverre og fekk det ikkje til. Ceren, som tenkte raskt, tok frå han tauet og fiksa raskt og lett nokre sterke knuter, som han knyta rundt mechen. Fader Daniel byrja å klatre ned, og Davor fulgte snart etter han. Dharr gjekk litt både opp og ned, men han endte med å gå opp for å sjå om han og Ceren kunne finne ut av kva dei skulle gjere med obelisken.   På vegen til heksejegerne ropte Blaecbrand ut om kva som skjedde til befolkninga, og forklarte at Uglene slåss mot terrorister. Mange fiskere og merchants ropte ut i glede og støtte. Når ho kom fram til Theowulf forklarte ho raskt kva som skjedde. Han ga ordre om at skilpadden skulle bli tatt i mindflayer-cellene i tempelet, og så blei han og Sandor med på Geronimo til tårnet.   Dharr og Ceren fant ikkje ut av så mykje om kva eksperimentet her gjekk ut på, anna enn at det var tydeleg at det handla om obelisken som var bak dei. Dei bestemte seg for å prøve å skru av obelisken, og når ingen lett og ufarleg måte viste seg prøvde dei å øydelegge generatorane. Ceren skaut på den eine, og den eksploderte ut med lyn og torden.   Når det vart tydeleg at dette kanskje ville være farleg bestemte Ceren seg for å heller bli med Rod og slåss mot Barakt, som han kom seg ned til med nokre veldig fancy akrobatiske manøvre på tauet.   I mellomtida hadde Barakat og Rod slåss mot kvarandre. Rod kunne ikkje huske å ha hatt ein så brutal kamp som denne. Barakat hadde blitt skutt av lyn frå fader Daniel, og det kom snart ein pil frå Ceren og. Når Barakat såg at han hadde dei fleste Uglene med han i bygningen, snudde han seg vekk frå Rod og øydela generatoren bak han. Alle følte energien som gjekk ut frå den, idet dei smakte svovel på tungene sine og følte hårene reise seg på armene deira, og Dharr kunne i tillegg sjå alt lyset som no strømte ut frå den med ein sjukeleg lilla glans.   Dharr tenkte raskt, og huska at tauet var bundet til mechen. Han drog den bort til det øydelagte kraftfeltet, og ropte ut at han var klar til å skubbe den utfor når alle hadde tak i tauet. Alle nede tok fatt om tauet, og Davor haldt handa ut til Rod slik han kunne halde fast og komme seg opp. Men Rod hadde ein ting han måtte gjere ferdig først.   Barakt stod over han, ein kjempe av unaturlegt manipulert bein og muskel. Han hosta opp blod og såg ut som han nesten var ferdig. Rod skulle gjere han heilt ferdig.    Rod hopte opp på kneet til Barakat og synkte øksen hans djupt ned i Barakats kragebein, slik den fortsatte enda lengre ned og delte Barakts venstre side frå hans høgre. Barakat ropte ut i smerte, før han falt til bakken. Rod nytta bakover-momentumet frå øksen hans for å svinge seg opp til Davor og gripe tak i handen hans. Davor ropte ut og Dharr skubbe mechen over kanten. Partyet flaug opp raskt og var straks oppe i tårnet igjen. Under dei kunne dei sjå energien bli meir og meir, og dei forlot raskt bygningen. Davor kollapsa hans mur av vatn, og lot den strømme ned over tårnet.    Akkurat då kom Blaecbrand og heksejegarane flygande, og dei såg vatnet kollapse inn på seg sjølv.   Nokre sekund seinare kom eksplosjonen.   Ein massiv eksplosjon av lilla energi sprengte ut frå bygningen. Dei under havet følte sjokkbølgen som slo dei omkull, medan dei såg at heile gata rundt bygingen vart jevna med jorden. Frå deira perspektiv over elva kunne Blaecbrand og heksejegarane sjå eit lilla lys, raskt etterfulgt av ein bølge med vatn som spruta langt over elva. Dei under havet såg då tårnet kollapse og bli øydelagt i ein mindre destruktiv eksplosjon idet generatorane inni den nådde eit kritisk punkt. Det var berre ruiner igjen av byen.   Uglene under havet svømte opp til elv-overflaten, kor Blaecbrand og Theowulf vinka dei inn til land. Ceren og Blaecbrand sprang i møte og omfavna kvarandre. Eit ganske stort publikum samla seg rundt uglene, men Theowulf fekk nokre vakter til å halde dei litt unna slik han kunne snakke med partyet.   Dei forklarte kva som hadde skjedd til han og Blaecbrand, og Theowulf foreslo at dei kunne gå og snakke med fangen deira. Fader Daniel gjorde sin disdain for Theowulf ganske tydeleg, men Blaecbrand greidde å roe ned spenninga der og foreslo at kanskje dei hadde ein felles fiende i biskopen. Fader Daniel såg poenget hennar, og skulle meditere over det.   Uglene fortalte til folket at dei hadde, på prins-regentens ordre, drept terroristene som gjemte seg i elva. Det var desse terroristene som stod bak det kalde lyset, og no var havnen fri igjen. Folket hørte på dei og såg på med glede. Uglene hadde fått eit enda bedre rykte på seg då.   Dei drog med Theowulf til heksejegernes tempel, kor skilpadden blei gjort om til dame igjen og satt i fangenskap av heksejegerne. Ho fortalte at namnet hennar var opplyste Majida og at ho var ein forsker for stjerneborna. Ho forklarte at eksperimentet ho jobba med i elva hadde handla om obelisken, at ho skulle forske på kor stor rekkevidde og kor sterk ein kunne gjere den. Ho fortalte og, med eit stort og smug smil, at eksperimentet allereie var ein suksess og at ho hadde sendt all dataen hanner til Profeten.   Ho var generelt veldig pleasant og nysgjerrig, ein maske som varte heilt til heksejegarane byrja å ta kontroll over samtalen. Dei injecta ho med sannhetsserum og Sandor praktiserte kunsten hans. Theowulf ga uglene eit blikk og spurte om dei hadde lyst å forlate før ting vart for groteskt. Uglene blei igjen. Dei stilte spørsmål og fekk enda fleire svar, kor det viktigaste var lokalisasjonen til eit viktig stjerneborn-tempel, Openbaringens Tempel, og korleis ein kunne komme seg dit.   Theowulf sa at dei skulle fortsette å forhøre ho ein stund, for å være sikker på at ho ikkje ljug, men at uglene gjerne måtte reise tilbake til palasset no da det var seint.   Theowulf sa og takk for den gode jobben, og sa at han kom til å skrive eit brev til sin superior i Sceya om konsekvensene av biskopens administrasjon.   På vegen heim gjekk partyet innom eit kebabkjøkken eigd av ein øglemann, og dei åt ein overaskande god kebab medan Ælmesleóhts gode innbyggere hedra dei. Det var generelt ein ganske god natt.   Folk sov ganske bra den natten, og Blaecbrand spesielt hadde ein interessant draum. Der møtte ho bestemora si, som fortalte at Lady of Sin nesten hadde drept ho med ein mektig spell og at ho no var bedridden. Augesvulstene hadde spreidd seg lenger og Alvana sa at ho kanskje berre hadde nokre år igjen med liv, og nokre månader igjen med komfortabelt liv, men at ho hadde tenkt seg å dra Lady of Sin til helvete med ho.   Ho sa og at Blaecbrands bursdagsgave snart kom til Ælmesleóht og at uglene ikkje burde investere i nokre dyre transportmiddel.   Til slutt spurte Blaecbrand kven faren hennar var, da ho verkeleg måtte vite det av politiske og personlege grunner. Alvana såg på ho og lo stille for seg sjølv. Så fortalte ho at Blaecbrands far var Ibrahim al-Iliesar Tanin, kongen av Akshus.

Rewards Granted

410 XP for å ta opplyste Majida i live   2200 XP for å nøytralisere Akthuen utan å måtte slåss mot den   780 XP for  å drepe kaptein Barakat   300 XP for å fullføre "Dreams of the Deep"-questet   200 XP for å få enda bedre standing i Ælmesleóht

Missions/Quests Completed

Dreams of the Deep

Character(s) interacted with

Fader Daniel   Theowulf
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
20 Feb 2021
Primary Location
Secondary Location

Comments

Please Login in order to comment!