BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

The Stranger's Hall Report

General Summary

Uglene kom seg ut av Blome-domainet og møtte på ein aarakockra-monk med namnet Poppy. Hen forklarte at hen ville redde broren sin frå denne plassen, da han hadde blitt kidnappa av ein entitet, og at hen hadde tracka han hit. Uglene tok hen med som alliert i kampen mot den Framande.
Uglene bevegde seg inn i neste rom, Ulve-losjen, kor dei fant enda ein gammal jaktlosje. Dei gjekk inn i den og Dolk såg eit magisk auge flyge i rommet. Davor dispella auget og heile gruppen gjekk inn. Så forsvant døren bak dei, og dei høyrde alle saman:
"No er deke komt til mitt domene. Her kjem deke til å døy"
Så flytta universet på seg, vegge blei til golv og korridorene unravella som uendelege fraktaler, i det Uglene blei kaste til side og separerte.
Davor, Rod, Geronimo, Poppy, Po og Otholent vart kasta ned i ein stor underjordisk katedral. Dei kunne lukte blod og asker frå to store likbål, og skjelett og kadaver låg rundt omkring. Dei kunne sjå mange av dei fortapte ulvane i denne katedralen, samt to gigantiske varulv-aktige skapnignar med klubber.
Kampen mot desse var kort og brutal, med Rods evner med Barakat, Davor og Otholent sin magi og Poppy sine slag klarte dei raskt å komme seg gjennom desse utfordrignane. Når dei hadde beseira dei opna veggen i katedralen seg opp til eit mørkt rom med fleire vegger og ganger som vridde seg rundt på kvarandre.
Blaecbrand og Ceren kom for seg sjølv i eit sett med korridorar. Dei fant eit rom med ein lanterne som brant sølvstov og ein riffel med fem sølvkular, saman med instruksjoner frå ein monsterjeger Rudolf van Richten om korleis ein skulle beseire Imchad, og eit ønske om hell og lykke. Dei kom seg inn i eit gammalt ball-rom med spegl heile vegen rundt omkretsen, og der fant dei kopier av seg sjølve. Desse bevegde seg som speglbilete av dei. Dei undersøkte kva dette kunne være for noko, og Ceren såg at hans speglbilete hadde ein tråd ut frå ryggen sin, medan Blaecbranden ved siden av han og hadde det. Dei skjærte over desse trådene, og Ceren og Blaecbrand var saman med sine ekte kompanjong. Rundt dei byrja det å komme nye speglbilete, men dei gjekk inn i ein korridor til eit tilsvarande mørkt rom med kaotiske korridorer og vegger.
Dolk og Raiqwen endte opp saman aleine i ein korridor, og dei byrja å gå ned gangane til denne labyrinten. Raiqwen sa til Dolk at det ikkje var hens feil at Ihab døde, og at hen kunne ta over midlertidig om Dolk ville ha ein pause. Dolk sa takk men nei takk, og dei to fortsatte inn til eit bibliotek. Dei utforska dette biblioteket med Staut, men Staut vart plutseleg redd. Dolk og Raiqwen såg opp på takvindauget, kor dei kunne sjå ein kolosal mørk skikkelese over biblioteket. Ein mørk væske dryppa ned frå denne substansen, og raskt samla denne væsken seg til ein mørk skapning. Denne skapninga gjekk i eit mørkegrønt jakkesett, og hadde ikkje eit skikkeleg ansikt. Den vil snakke med Dolk og Raiqwen og kalte seg sjølv for den Framande. Den forkalrte at den var Peter sin venn og at den hadde redda han frå ein hulder. Dei to hadde blitt gode venner, og den Framande ville ikkje la Dolk stjele han med tilbake til familien.
Dolk forstod at den Framande ikkje ville sei farvel til vennen sin, og satte seg ned ved siden av den. Men hen foreslo at den burde spørje kva Peter sjølv ville, om dei verkeleg var venner, og at det og burde ha noko å sei. Den Framande var overraska over at Dolk ikkje var ein brutal kriger som ville vinne viljen sin med vald, og sa at den ville snakke med Peter slik han kunne bestemme. Dolk og Uglene kunne komme opp på loftet og sjølv snakke med Peter, slik han kunne få det beste for han. Dolk ga den Framande ein urtesalve, og den sa takk.
Så opna den Framande ein dør i golvet til Dolk, og hen og endte opp i det mørke rommet.
Uglene var alle samla i Imchads lair, ein labyrint av vegger og golv som strakte seg inn i mørket. Dei kom raskt under angrep av ulvene, som angreip gjennom portaler som opna og lukka seg, medan korridorene flytta rart på seg. Imchad sjølv var ingen plass å sjå, og Blaecbrand og Dolk ropte ut fornærmelsar til han. Dolk kaldte han til slutt ein chihuaha, og det var nok. Han kom springande opp til Dolk med sølvsverdet sitt, og inleia ein duell med hen. Han slåss raskt og brutalt og skar djupt inn i Dolk. Møtt med dette presset valgte Dolk og Raiqwen å fusjonere saman, slik dei kunne halde stand mot Imchads vrede og slå tilbake like bra som dei fekk. Kampen gjekk dårleg for Dolk-Raiqwen, men Ceren greidde å få inn eit fantastisk skot med kraftriffelen sin, som nesten knakk Imcad sin rygg. Imchad folda rommet rundt Dolk, Po og seg sjølv, slik han berre trengte å bry seg om dei.
Raiqwen-Dolk stod over Imchad, som hadde skifta til sin ulveform. Dei såg at han grein der han låg, nesten knust. Dei sa unskyld, og slo han med Alhayas Tårer for å slå han bevisstlaus. Han var ute i eit skeund, men så byrja han å livne til igjen. Raiqwen-Dolk tok då sølvdiademet sitt og slo han fleire gange med det, som endeleg fekk han ut.
Raiqwen-Dolk tok Imchads bevisstlause kropp i armene sine og bar han opp. Så høyrde alle saman den Framande sei "Takk.", og så var dei tilbake i vestibylen.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
07 May 2022
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!