BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

The Stranger's Mansion Report

General Summary

Etter Uglene hadde beseira dei korrumperte vetteåndene snakka dei med froske-magikaren Ourgh. Han sa takk for hjelpen med å beseire den korrumperte ånden, og forklarte at fleire slike ånder hadde blit drevet til blodtørstig vannvidd av den Raude Drømmen. Han fortalde historien om hans slekt, at dei var voktarar av Azerskogen som beskytta den mot slik korrumpsjon, og for tusenvis av år sidan la ein fryktingytande skapning av tenner og klør, drevet av blodtørstig vrede, seg til å sove i skogen når den Store Draumen byrja. Den var lenge vokta av ein mektig skogkjempe, men dens draum i form av den raude mosen har byrja å spreie seg til vetteånder og gjere dei sinnsjuke. Ourgh vil gjerne stoppe draumen, men tørr ikkje reise dit sjølv da han er redd for å bli korrumpert.
Uglene foreslo at dei kunne hjelpe til, og Ourgh sa at om dei kom tilbake til Vetteskogen kunne han leie dei fram til Drømmeren. Så forlot Ourgh dei og ønske dei hell og lykke i å komme fram til the Twisting Trails.
Uglene gjekk vidare til the Twisting Trails, og kom fram til ein stor villa som såg ut til å endre seg heile tida. Dei skjønte at Peter måtte være der inne, og gjekk inn. Inne fant dei ein stor vestibyle, som nesten såg ut som ein adeleg herregård, men den var kald og ein sterk vind blåste ut av ingenting. I enden av vestibylen såg dei ein gang som gjekk opp til loftet, kor veggene gradvis gjekk over til å være laga av samanfletta mørke greine. Framfor denne gangen var det ein høg magisk port, med fire nøkkelhol. Symbol på desse nøkelhola svarte til symbol på fire store døre som leidde ut av vestibylen:
  • Blomst
  • Fisk
  • Ugle
  • Ulv
Uglene kom fram til at dei sikkert ville finne nøklene i kvar av desse områdene, og valgte å byrje å gå til Ugle. I Ugle fant dei ein lodge med eit anna design enn herregården, ein ekte vinterlodge med tjukke vegger. Det var enda kaldare her inne, ein djup vinterkulde som skar inn til margen. Ute av vindauge kunne Uglene sjå snø falle tjukt, og dei oppdaga at dette var ein smuggler-utpost for ein imperiell smugglar av magiske artefakt og ulovleg magi. Etter ein stund fant Dolk og Ceren saman ein hemmelg dør, som Dolk opna. Når Dolk opna døren høyrde hen eit høglytt PANG og følte noko skyt inn i armen hens. Inne i rommet kunne hen sjå ein leonin, ein løveperson, med ein pistol i handa.
Dolk sa: "Det var uhøfleg."
Leoninen, som no såg at Dolk ikkje var eit monster, sa unskyld og la frå seg pistolen sin. Hen hadde ein lang, fin manke av hår, eit slags skjegg fletta på tradisjonelt dvergisk vis, ein gultann og ein alvisk tattovering på pannen og hen gjekk i ein vakker indigo robe som markerte hen som ein alkymist av den indigo orden. Hen introduserte seg som Ravonia Otholent (drakonisk for smart), merchant og alkymist. Hen prøvde først å være løgnaktig og unngå å fortelle heile sannheten, men Uglene pressa raskt ut av hen at hen var ein smugglar av ulovlege magiske artefaktar, og at hen hadde teleportert seg sjølv til denne plassen, som hen kaldte the Stranger's Mansion, som eit siste bod på å unngå heksejegarane.
Når hen høyrde at det hadde gått hundre år sidan hen hadde flykta vart hen godt fornøgd, då det tyda at hen ville ha blitt gløymd og hen kunne bygge opp ein ny operasjon utan heksejegarane på jakt etter hen. Når spurd om kva denne plassen var forklarte hen at det var domenet til eit mektig barn av the Twisting Trails, nemleg the Stranger, som er den mystiske framande du møter i skogen. Villaen kunne evig endre seg og forflytte seg, men det som var mest farleg var ulvemannen, Imchad, og hans ulver.
Otholent overtalte Uglene om å hjelpe hen med å komme seg ut av villaen og tilbake til Gullimperiet, i bytte for ein magis sekkepipe hen hadde i sitt inventar.
Etter dette brukte Uglene litt tid i Otholent sitt lager for å undersøke kva hen hadde i sitt inventar. Dolk fant ein gnomisk lysring, Ceren fant ein gammal magisk gauntlet frå det Høgalviske Imperiet og Blaecbrand fant ein original Edrys-maske frå Firen-lic.
Etter dette gjekk Uglene inn i det siste rommet i dette området, eit rom lagd av tvinna greiner som føltes som det var langt, langt under bakken. Der var det ein statue av den Skogalviske visdomsguden, ein ugle, som holdt rundt noko, og dusinvis av edelsteiner på golvet. Uglene brukte tid på å identifisere kva løysinga kunne være, og greidde til slutt å komme fram til ein frase "In her palm", som gjorde at statuen opna klørne sine og viste ein nøkkel med eit ugle-symbol.
Uglene gjekk ut derfrå og høyrde ein person snakke inne ved Otholent sitt kontor. Denne personen kaldte seg sjølv Imchad og snakka til seg sjølv om korleis alle desse gangane var hans. Når han høyrde Uglene vart han stille, og så kom dei første ulvane. Veggene rakna og opna opp nye interdimensjonale ganger lagd av mørke greine, og ut av desse gangane kom varulver.
Varulvene var tydeleg markerte av sin tid i dette domenet, med grå-aktig pels, kvite melke-aktige auge og vestigielle lemmer med lange klør. Kampen mot desse var rask og brutal, dei var ikkje individuelt for sterke men når dei slåss i pakk kunne dei gjere ganske alvorleg skade. Uglene greidde å beseire dei og skubbe dei tilbake, men ein av dei greidde å flykte.
Etter å være ferdig med Ugle-rommene gjekk og Uglene bort til Fiske-rommene. Otholent hadde ein eld-elemental hen hadde summona i løpet av kampen og venta i vestibylen med denne. Når Uglene opna rommet med Fisken kom dei inn på eit skip, som basert på dens lurching frå side til side måtte være på havet. Skipet var kaldt og fuktig, men tomt bortsett frå nokre esker. Uglene utforska desse eskene og oppdaga at det var lik og skjelett i dei. Po undersøkt dei med sin "heilage" sans, og oppdaga at det var ein nekromantisk energi frå dei utan at dei var undead sjølv. Uglene undersøkte meir og fant ein haug med knokler i eit av romma, som tydeligvis var blitt angrepne og spist av ein ulve-aktig skapning.
Lenger oppe i skipet opna Uglene døren inn til kapteinens lugar, og der såg dei at det stod ein mørk skygge-aktig skikkelse i form av ein spøkelsesaktig kaptein. Den såg Dolk og skreik ut, då spøkelser manifesterte ut frå lika i underetasjen og tre zombie kung fu tiefling pirater hoppa ut av esker på etasjen med Uglene. Kampen byrja og zombie kung fu tiefling piratene gjekk mest direkte inn i kamp og prøvde å få inn nokre gode slag, men Uglene greidde generelt å halde dei tilbake. Ceren, Dolk og Rod jobba saman om å beseire kapteinen, medan Davor brukte sin heilage magi for å bannlyse spøkelsene og få zombie kung fu tiefling piratene til å flykte, slik Po og Blaecbrand kunne få drept dei.
Inne i kapteinens lugar fant Uglene ein kista med ein kodelås, med ein fisk ingravert, og eit stort kart og ein journal. Uglene jobba saman om å løse puzzlet, og til slutt sa Rod kva koden var, og viste rasjonalet hans. Uglene opna kista og fant enda ein nøkkel, denne med ein ingravert fisk.
Så byrja Uglene å gå tilbake til vestibylen, men på vegen møtte dei Imchad. Han sa at han kom til å drepe dei og legge til sju lik til villaen, slik ikkje broren hans kunne få suge ut livsenergien deira. Broren hans som hadde the Book of Lost Trails, som Imchad hadde prøvd å ta men ikkje hadde greidd. Uglene kom ikkje til å få lov til å komme seg opp på loftet, Imchad kom til å stoppe dei. Når Imchad såg at Ceren var ein tjener av Altsehash vart han spesielt sin og kaldte Uglene for "ass-kissing mortals", og så lukka han igjen døren.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
23 Apr 2022
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!