BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Økselund, langt om lenge Report

General Summary

Uglene reiste med Fredriksene til Økselund, den koselege bygda som Dolk kom fra. Når dei kom fram fekk dei møte heile Fredriksen-klanen, med alle søsknene, barnebarna, nevøene og niesene, deriblandt Astrid. Alle Fredriksene var amazed over å møte Uglene, spesielt barna hadde det gøy med å møte Po og Dolk igjen. Etter møtet med alle saman vart Uglene vist til sine hytter. Blaecbrand og Dolk ville diskutere den raude mosen med Astrid, så Po og Davor covera for ho. Dei brukte magien sin for å gjere jobben mykje lettare og imponere Agnes, den eldste dotteren til Fredrik og Emma.
I mellomtida diskuterte Dolk, Blaecbrand og Astrid den raude mosen. Dei kom fram til at Brunskjeggene, saman med gulldrakeprestene, skulle prøve å finne ut av kor mosen spreidde frå. Astrid tok ein sample av mosen for å studere den.
Uglene brukte eit par dager i Økselund på å restituere før Fødselfesten. Der brukte Uglene tid med barna i bygda, lagde gåver til Fødselsfesten og generelt chillte.
Blaecbrand snakka med Astrid om den raude mosen, og Astrid forklarte hennar hypotese om at den raude mosen var som ein infeksjon som spreidde seg blandt vettene, og at det mest sannsynleg var ein kopling mellom den raude mosen, som ein stor organisme.
Ceren snakka med Altsehash i ein draum, som fortalte han at han ville få ekstremt mykje peng om han og Uglene kunne redde ut ein av borna hans, som ville være same plass som Peter. Dette barnet var eit av han og the Twisting Trails sine born, og Uglene måtte nok banke han sanselaus for å få han med seg.
Raiqwen og Dolk snakka saman om familien, og Raiqwen sa at hen ville være stille for å gi plass til Dolk og familien hens. Ein kveld kom sølvdrakepresten Thaddeus Dorn til Økselund, da han hadde fått vite av Sølvdraken at fødselen kom snart. Dagen derpå, som spådd av drakeguden, byrja fødslene. Po og Davor hjalp til med magien deira, medan Thaddeus, Dolk og Gry, den lokale jordmoren, hjalp til med dei meir praktiske aspektene. Etter eit par timer var 4 nye liv brakt inn i verda, og 4 nye barnebarn hadde blitt med i Fredriksen-klanen: Walter, Carla, Fred og lille Emma. Thaddeus og Dolk velsigna dei på vegne av Drakeguden, og så byrja Fødselsfesten, ein stor bygdefest kor alle vart samla for å feire dei nye mødrene. Uglene var med på feiringa, og Ceren sneik seg unna med Astrid og kom seg til Peter sitt gamle rom, kor dei fant ein dagbok dei kunne bruke. Astrid var ganske upset og ville være med, men Uglene overtalte ho til å være igjen.
---. Uglene ga sine gaver til dei nye mødrene, og festen var generelt ein good time. Til slutt var det berre Emma og Fredrikk igjen, begge to ganske berusa. Dei spurte kor Uglene skulle vidare, og Dolk og Blaecbrand sa at dei skulle ut og undersøke denne raude mosen. Ein løgn altså, men Emma og Fredrikk var for glade og for fulle til å stille spørsmålsteikn ved det.
Morgonen etter gjorde Astrid eit siste, hungover forsøk på å være med, men Dolk nekta ho å reise med.
Med Cerens hjelp reiste Uglene inn i Vetteskogen, på jakt etter Peter slik dei kunne få han heim trygt. I Vetteskogen såg dei meir og meir av den raude mosen. Blaecbrand brukte sine nye psioniske evner for å sjå etter Peter, for å få vite om han var i live. Og ho greidde å sjå han. Han var i eit koseleg bibliotek av ein art, kor han satt og leste ein diktsamling. Han såg ut som han var i overgangen mellom tenårene og ung voksenhet. Han høyrde ein klokke, og så gjekk han ut av sitt koselege rom inn i ein villa lagd av branches. Der var det ein gjeng med andre tenåringer og barn. Ein av dei sa at han hadde det ganske greit her, og så sa Peter at han skulle sei det vidare til "Han". Så gjekk Peter inn i eit rom kor Blaecbrand kunne skimte eit bål før hennar syn blei avbrutt av veldig mektig magi.
Uglene greidde å dedusere at dette måtte være eit mektig avkom av the Twisting Trails som kunne manipulere verda slik, og at det var der dei var på veg. Dei huska og å ha sett ein villa i the Twisting Trails, og ein kollosal mørk form som gjekk inne i skogen.
Ceren leia Uglene mot Peter, guida av magien frå bogen hans. På vegen kom dei over eit antikt skogalv-fort djupt inne i skogen. Der møtte dei på ein Froskemann, som forklarte at han jakta på "Beistet". Akkurat i det augeblikket kom Uglene under anngrep av ein gigantisk bjørneånd som var korrumpert av den raude mosen, som froskemannen kaldte den "Raude Drøm". Desse gjorde ein rask allianse, og Uglene greidde å slå tilbake og drepe bjørnen, sjølv om mosen vokste fram fra den og korrumperte andre tre i nærleiken.
Ceren brukte sine nye evner for å alvorleg skade bjørnen og stunne to av dei korrumperte trea med psionisk energi, medan Rod og Geronimo gjekk i duell med bjørnen. Dolk teleporterte fram og brukte magien sin til å purge den raude mosen ut av bjørnen, medan Po haldt seg tilbake og haldt auge med Blaecbrand og Davor. Blaecbrand og Davor brukte begge magien sin mot bjørnen, men når trea kom snudde dei sin eldmagi mot desse og brant dei ned.
Etter kampen var over tok Uglene ein pause med den takknemlege froskemannen, som fortalte dei om Azerskogens fare.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
07 Apr 2022
Primary Location
Secondary Location
Related Characters

Comments

Please Login in order to comment!