BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

A Short Rest Report

General Summary

Ceren og Rod klatra ut av meteoren og tok kontakt med Ishmael. Ceren fortalte han at oppdraget hadde gått bra, og at dei hadde eit stjerneskip dei ville få med tilbake igjen. Ishmael var glad over å høyre om stjerneskipet og sendte umidelbart ord til Asher, slik dei kunne sende ein vitskapsmann til å fly skipet. Ceren sa og at resten av Uglene hadde reist til Ælmesleóht og var i katedralen, og foreslo at Ishmael kunne reise og besøke dei.
Blaecbrand, Po, Davor og Dolk som var i katedralen snakka saman om kva som hadde skjedd, før Dolk unskyldte seg og gjekk på badet. Frå badet flykta hen ut i byen og var aleine med seg sjølv og Raiqwen, kor dei to snakka om at dei hadde dødd. Dei svømte i elva og reflekterte rundt døden deira. Når dei kom tilbake til katedralen snakka dei med Ishmael og Uglene, og dei endte opp med å sove i palasset saman med prinsen.
Den natten drøymde fleire folk interessante ting.
Ceren drøymde om Altsehash, som forklarte han at når han ga tilbake boka ville han betale tilbake livsgjelden, men at Ceren måtte bestemme seg for om han ville gi opp heile connectionen til Altsehash og dermed alle kreftene det innebar. Ceren sa at han akkurat no tenkte å gi opp connectionen, medmindre Altsehash kunne komme med eit godt tilbod.
Po drøymde om sol-hauken, Hesmash, som fortalte at ho kunne bruke sin makt eller septeret sin makt til å redde alle Po er glad i frå døden for alltid, slik dei kan være saman og Po ikkje vert aleine.
Dolk drøymde om Sa'nakt og han heilage magi og makt som drepte Aarjahn og Po, og så Dolk. Sa'nakt overlevde eit angrep som ville ha drept eit vanleg menneske, og når han komt tilbake frå døden eksploderte hans makt utover.
Alle Uglene hadde komt seg tilbake til Ælmesleóht om morningen, og brukte dagen på å forberede seg til vidare eventyr. Dei blei møtt av søster Teodora av Gull Drake kyrkja, som no jobba saman med fader Gabriel. Ho sa at fader Gabriel hadde ein plan for å finne og drepe Sa'nakt og stoppe den evige plan, og at han no kallte på Uglene for deira hjelp, sidan han hadde avtaler og lovnader frå fleire av dei. Uglene sa seg einige i å reise sørover og hjelpe til, men trenge ein dag til å gjere seg klar først.
Dolk hadde fleire gjeremål den dagen:
  • Hen reiste til heksejegernes tempel og fekk tak i Bloodreaper, demonhalberden som Hrizgaan the Devourer hadde brukt. Hen fortalte den at hen skulle drepe guder, og den var med på kaoset
  • Hen reiste til koparkapellet i Ælmesleóht og gjorde eit offer til koparguden, for å få kontakt med han
  • Hen snakka med Ishmael for å sei farvel og gi han eit brev han måtte kommunisere med the Talons, om ikkje Dolk kom tilbake i live
Blaecbrand reiste ned i byen for å sjekke ein pakke ho hadde fått frå ein sekretiv alliert.
Ceren reiste reiste til Ørkengriffen for å kjøpe ein magisk ring frå genasi-søsrene, og ga Blaecbrand eit nytt sett med bracers of defence som kunne la ho midlertidig bli incorporeal.
Davor kommuniserte med sin orden med misjonær-humanitær arbeidere, the Holy Boars, og høyrde om deira framgang.
Alle Uglene, leia av Po, reiste ned til alkymistene for å pitche sin idé om health potion ein kan kaste, og endte opp med å sponse den alkymist-butikken imot å få billige sampes av denne teknologien.
Den natta drøymde Dolk at hen snakka med Koparguden, ein gud av krig, erobring og ærefull kamp. Han forkalrte at Månen, den amrikhiske døds- og krigsguden, har stjelt fleire sjele frå akshus sine slagmarker frå han, og at han kan føle Månen bevege seg inni han. Han ville ikkje gi Dolk nokon form for hemmeleg våpen eller magisk spell som vant kampen for dei, men han ville stoppe Månen frå å flykte og gi Uglene ein sjanse til å drepe han på ein ærefull måte.
Morningen etterpå bonda Dolk med Bloodreaper, og følte dens sinister og mørke aspekt gro opp og inn i hen, i det dei fekk ein connection. Dolk følte at Bloodreaper kunne komme fram og prøve å ta kontroll av hen, men så lenge dei to hadde like mål ville Bloodreaper hjelpe fint til.
Uglene, bortsett frå Po, snakka då om planene framover. Dolk forkalrte at hens søsken, Aarjahn, var fanga i ein tidsboble med Sa'nakt og at Sa'nakt er ein veldig mektig nesten guddomeleg aasimar. Men i tillegg til Sa'nakt måtte Uglene og mest sannsynleg slåss mot Hesmash og Månen. Dolk hadde lagt planer for dese:
  • Hesmash har blitt svekka av årtusen med manglande tilbedelse og heldt på å bli assimilert av sølvdraken. Dolk kjem til å få ein scroll av Døden som vil la hen akselerere prosessen når hen har Hesmash framfor seg, og vil la Sølvdraken ete Hesmash.
  • Månen er ein vanskelegare problemstilling og vil krevje at dei jobber hardt for å beseire han, men koparguden har lovt at dei skal få mogelegheit til ein ærleg kamp. Dolk har sjølv fått tak i eit mektig våpen, Bloodreaper, for å beseire han, og Ceren estimerte at hans Alteshash-forsterka våpen og Rod sin Executioner's Axe og ville kunne gjere skade, om ikkje like mykje som Bloodreaper.
Dolk foreslo derfor at dei måtte snakke med Sa'nakt først om dei kunne alliere seg med han mot gudene, men Uglene var usikre på om det ville være lett å gjere, og Raiqwen har lyst å drepe han for det han gjorde mot søsknene hens.
Deretter reiste Uglene ut i ørkenen til dei Udødeliges Grav, kor dei møtte fader Gabriel. Han forklarte at dei Udødelige hadde vert ein hær med vandøde soldater under Amrikhenes sterkaste era, og at dei var kommandert av Dødsarkitekt Ozase, ein mektig kriger og åndemaner. Gabriel hadde gjort klar mørk magi som ville la Uglene og hans prester komme seg inn i graven, som var ein gigantisk pyramide begravd under årtusener med sand og støv. Han ville mane fram ånden til Ozase og forhøyre han i ein sinnets kamp, og Uglene ville få anledning til å stille han spørsmål. Når Gabriel byrja forhøyret då måtte Uglene forsvare han, for då ville dei Udødelige våkne til live. Uglene må beskytte han i nokre minutt medan han får informasjonen han treng: kor passordet til Sa'nakts Askepyramide befinn seg.
Når forhøyret var over ville dei vandøde soldatene gå tilbake til gravene sine.
Uglene fekk då anledning til å strategisere og planlegge forsvaret sitt, fult med kva spells dei ville bruke og korleis dei ville gå fram med å beskytte Gabriel.
Når Uglene var klar gjekk dei ned i dei Udødeliges Grav, kor Gabriel hadde bundet Ozase sin sarkofag med kjeder av gull og markert rundt den med amrikhiske nekromantisk-magi. Han byrja å sei dei rituelle orda og røyk kom ut av munnen hans. Røyken tok formen til ein mann med ein hjelm med form som ein skale med to djevel-horn, og dødsarkitekt Ozase introduserte seg til Uglene.
Han var ein stolt og arrogant mann som ein gong i tida hadde kommandert dei Svarte Skipa, skip som hadde ansvar for å hente slaver til imperiet, og han hadde vert med på å drepe den Amrikhiske befolkigna under "Sverdets År" på Sa'nakt sin kommando. Han respekterte og støtta Sa'nakt, og visste at han kom til å leie amrikharane inn i ein ny storhets-era når tiden var inne.
Han ga Po minner om kva som hadde skjedd hos Amrikharane under kollapset, og han såg at ein eksplosjon av skygge kasta det Amrikhiske riket inn i eit djupt og kaldt mørke, og at ting med kjøtt lagd av mareritt og med klør som skar gjennom liv og sjel og blod kom ut av dei djupe gravane og drepte alle dei kunne finne. Berre solen ga noko beskyttelse, og om natten herja skygge-demonene.
Etter dette såg Ozase på Gabriel, som no svetta olje og hadde tårer av tjære som rant tjukt ned. Ozase var imponert over Gabriel sin meistrin av mørk magi, og sa at han gjerne kunne prøve seg på å slåss mot Ozase, men at han kom til å døy.
Gabriel svarte: "I don't care"
"That doesn't make any sense.", svarte Ozase, overraske og forvirra.
"Fuck you", sa Gabriel og sendte sin tanke-form inn til kamp mot Ozase.
Uglene sprang ut i tempelet og gjorde seg klar til kamp, og etter eit halvt minutt kunne dei høyre dei Udødelege, ein vandød legion, marsjere opp gjennom gangene. Bronsemasker som viste sinte fjes lyste opp i fakkellyset, og sverd av bronse blei slått mot skjold medan krigstrommer spelte i djupet.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
28 Aug 2022
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!