BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

In mountains high and forests low Report

General Summary

Uglene snakka med Elirdain, som viste seg å kjenne Po. Uglene var forvirra over nøyaktig korleis denne relasjonen hang saman, men Po fortalte Elirdain at han hadde sett bevis på at Stjernebornas Kyrkje verkeleg tilbad Stjernebarna. Uglene vart enda meir forvirra, og Elirdain forklarte at Stjerneborna var dei fysiske manifestasjonene av Stjernegudar, mektige entiter frå bortenfor vår verkelegheit. Elirdain var opprørt, ihvertfall så opprørt som ein githzherai kunne være, og ville reise sørover og få anarchen av githzheraiane til å stoppe krigen slik dei kunne fokusere på å utrydde Stjernebornas kyrkje og opprethalde githzheraienes Første Ed. Blaecbrand, Davor og Po greidde å overtale han om å ikkje gjere det, da det ville være politisk farleg.
Når Elirdain såg Po sin kommunikasjons-device foreslo han at Po kunne sende beskjed sørover, slik anarchen ihvertfall fekk vite om det. Han sa og at Po måtte ringe moren sin, da ho savna Po veldig og var veldig bekymra for Po. Når Elirdain nemnte dette vart Po lei seg, da han følte skuld over å ikkje ha snakka med moren sin på så lenge, og skam for å ha vert vekke når så mykje viktig hadde skjedd. Elirdain var forvirra over dette, og påpeikte at Po var eit offer av imperiet, fanga i fiendtleg territorium og at det var ein hær mellom han og heimen hans. Han trengte ikkje føle skuld, og moren hans var bekymra for han fordi han var glad i han.
Seinare snakka Uglene om Po sin fortid, og han fortalte at han hadde vokst opp på Fredens Øy. Fredens Øy var ein githzherai leir og kloster-øy heilt sør i Akshus, kor dei lærte opp sine unge og kor krigere kom for å få ferie. Po sin mor, Madul, var ein viktig kvinne og leiaren for øya, og ho hadde lenge beskytta og tatt vare på Po. Po hadde reist heimefrå ganske ung, på ganske dramatisk men uspesifisert vis, og hadde endt opp i Akshus saman med Dolk til slutt.
Dagen etterpå våkna Uglene opp i hot springsne med intensjon om å reise til Ny-Aza, kor dei skulle møte Song på Gulldvergen, ein bar. Po og Davor leia ann i fjella, medan Ceren og Rod flaug på Geronimo for å halde auge med potensielle farer. Dei gjekk raskt ned fjellet over snø, hard stein og gjennom huler og elver. Etterkvart som dei byrja å komme ned frå høgfjellet såg Dolk at grå skyer hadde byrja å samle seg over dei, og hen visste at det mest sannsynleg var ein alvorleg regnbyge som var på veg. Hen foreslo at dei var raske med å finne ly, før dei vart exposed på fjellets høge tinder til elementene. Po foreslo at hen kunne bruke ein spell som lagde eit dekke over alle saman og gi dei eit tørt område å sove i.
Etterkvart som det gjekk mot kveld fant dei ein klippe dei kunne slå seg til ro på og Po lagde den magiske lille hytta over dei. Regnet slo ned hardt mot det magiske kraftfeltet og alle var våte djupt inn til ryggmargen. Blaecbrand brukte magien sin på å tørke alle saman. Så tok Uglene tur til å halde vakter. Det mest interessante som skjedde i starten av desse vaktane var at Rod såg ein hauk lande på ein klippe eit stykke unna. Han såg at den var kald og miserabel og inviterte den bort til han. Den flaug bort til han, takknemleg, og sov med han i Geronimo sin varme.
Seinare på natta, når Blaecbrand og Ceren hadde vakten, såg dei at hauken vemodig reiste seg frå Rod sitt bryst og flaug vekk. Dette synst dei var ganske suspekt, og dei såg seg rundt for å identifisere om noko var galt. Når dei gjorde det skaut det opp eit raudt lys i luften, som bada klippen i eit blodaktig lys. Så såg dei ein silhuett i horisonten, med svart rustning, ein høg hjeml, ein tydeleg magisk stav i høgre hand og ein hauk på venstre skulder. Han mante fram blå magiske rune og så forsvant den magiske domen rundt Uglene.
Regnet slo ned på Uglene og dei våkna alle saman opp, i det kroker blei kasta opp frå under klippekanten. Dei var under angrep av hobgoblins. Cirka halvparten av dei var overraska, men alle kom seg snart i gang med kampen.
Rod og Ugla flaug bort til klippen med trollmannen og bogeskyttarane og reiv dei i stykker med økse og klo. Ceren tok ut sitt nye magiske sverd, sidan han hadde bytta det for Po sitt lys-sverd, og brant gjennom fleire hobgoblins. Blaecbrand lagde ein mur av flamme mot klippen, som kutta av fleire av hobgoblinsne og gjorde at dei falt ned mot bakken langt under. Davor prøvde å mane fram dragegudens magi, men den natten var han ikkje så velsigna som vanleg.
Men kanskje Dolk hadde den mest forunderlege reaksjon på angrepet. Når hen skjønte det var hobgoblins, følte hen ein djup og intens vrede kvelve opp frå inni hen. Instinktuelt lot hen denne vreden ta over, og så blei hen nesten ein anna person. Eller kanskje hen vart meir seg sjølv. Hen huska smerten hogboblinsne hadde forvolda imperiet, og hen personleg, under opprøret. Korleis dei nesten hadde revet i stykker alt Gullkeisaren og Drageguden stod for. Korleis dei hadde skada hen. Meir enn noko anna huska hen korleis det var å drepe dei, kor glad hen blei når hen knuste dei under hens fot.
Dolk vart enda meir fryktinngytande enn vanleg, alle tattoveringane hens lyste opp og hen mante fram Alhayas Tårer. Hen bevegde seg raskare enn menneskeleg mogeleg fram til to hobgoblins som prøvde å flankere Uglene. Hen falt ned i spagaten under den eines guard og stakk han opp under halsen, så sterkt at han flaug opp og vart heva fleire desimeter over bakken. Det skjedde så raskt at den andre ikkje hadde tid til å reagere, og før han visste ordet av det hadde Dolk tatt handen rundt forarmen hans, vridd den feil veg slik han måtte kaste frå seg sverdet, knekt den og stukket han opp under halsen med Alhayas Tårer, før hen kasta han så hardt inn i fjellveggen at han knakk kvart bein i kroppen.
Dolk snudde seg mot Blaecbrand, Po, Davor og Ceren, men det var tydeligvis ikkje Dolk. Hen var for sterk, for rask og auga hens lyste sterkare og meir viljesterkt enn vanleg, medan gnister flaug ut av munnen hens når hen pusta. Dolk, den ekte Dolk, var utafor sin eigen kropp og såg seg sjølv no. Dolk kropp såg på ånde-Dolk, og tok kvelertak rundt ånde-Dolks hals og sa "Kom deg ut av hodet mitt" på drakonisk.
Til resten av Uglene spurte Dolk sin kropp om kva år det var, og så ba Blaecbrand hen om å forklare seg. Hen sa at hen hadde vert fanga i mørket alt for lenge. Så slo ånde-Dolk til hodet sitt og smelta tilbake inn i kroppen sin. Vanlege Dolk fekk kontrollen igjen, men hen var ganske opprørt. Uglene prøvde å forstå kva som akkurat hadde skjedd med Dolk, da alle var ganske sjokkerte og fascinerte over kva som hadde skjedd.
Po bruke ein identify spell på Dolk og han såg mykje. Det første hen såg var at Dolk sine tattoveringer var mektige og magiske, og at dei inneholdt ein rar blanding av heilag og transmutasjonsmagi. Tattoveringene bandt Dolk til ein anna mektig skapning og gir hen hens magiske krefter, men dei inneheldt og effekten av ein True Polymorph spell, som holdt hen i sin noverdige form. Men i tillegg til dette var det sinnet hens, kor hen fant at deler av Dolk sitt sinn hadde blit blokkert. Desse blokkeringane kunne bli danna og tatt vekk med spesifikke kommando-ord, som han ikkje kunne finne ut av med spellen, men akkurat no var så godt som heile Dolk sitt sinn lukka vekk, og det var noko under blokkeringane som ville komme fram men som praktisk talt sov akkurat no.
Davor tenka hardt og byrja å connecte the dots. Dolk hadde fortalt Uglene om alle minnene hen hadde fått, og Davor tenkte tilbake til eit spesifikt eit, nemleg der Dolk og søsknene hens hadde sverga ein ed til ein skapning lagd av lys. Bak lys-skapningen var det ein mural av ein gigantisk gulldrage som kverka ein raud drage og ein svart drage i klørne sine. Davor huska desse historiane, og at dei metaforisk beskreiv Gullkeisaren. Han visste sjølvsagt at Gullkeisaren var ein nær-guddomeleg skapning som kunne ta mektige former. Og denne lys-formen satt forann ein metafor for Gullkeisaren. Entiteten Dolk svergde ein ed til måtte være ein av Gullkeisarens forme, kor han viste sin sanne kraft og energi. 
Og så var det formene på veggen, dei representerte engler som slåss for å beskytte imperiet. Dolk måtte være noko mektig som var velsigna av Drakeguden og som slåss for rettferd og nåde. Han venta ikkje eit sekund med å dele dette entusiastisk med Dolk, som var mykje mindre entusiastisk og overraska over alle desse openbaringane. Uglene vart einige om å utforske dette meir seinare med hjelp av guddomeleg divinasjon frå Davor.
Dei la seg til å sove igjen, og fortsatte reisen ned frå fjella neste dag, denne gongen leia av Dolk da dei byrja å nærme seg skogen. Dei gjekk forbi forlatte garder og daler reclaima av naturen, og kom seg til slutt ned i skogen. Skogen bestod av høge grantre som dekka for himmelen over og kasta heile skogen i eit evig mørke. Dei kunne føle skogen puste rundt seg, sakte sikre innpust og utpust, og dei følte at å snakke meir høglytt enn kviskring var å forstyrre skogens søvn.
Dei gjekk forbi fleire små landsbyar og vassmøller, kor glattbarberte azerdverger med tattoveringer budde. Fleire av desse kjente igjen Dolk, og det virka som hen var ein kjendis i skogen.
Etterkvart kom Uglene til ein gruppe jegere, som Dolk forklarte var kapitalist-svin. Desse jobba for Jeger-familien og var leia av Anders Møller, ein leigesoldat og venn av Dolks familie. Dei forklarte at Uglene måtte vente litt før dei kunne gå vidare, da dette var ein vetteveg kor grensene mellom Azerskogen og vetteskogen var tynn og tid og rom oppførte seg rart. Det var nesten ein konfrontasjon mellom desse og Uglene, da dei trudde Ceren var ein "hamskifter" sidan han kom frå vetteskogen, men dei blei forklart at han var ein skogalv. Dei trudde desse var utrydda.
Etter ein stund fekk Uglene reise vidare, og dei overnatta i Azerskogen den natten. Dolk hadde vakt og hadde akkurat vekt opp Davor og Ceren når hen høyrde noko luske rundt i kanten av leiren. Då såg dei nokre små søte bjørneaktige skapninger komme luskande ut og snike seg bort til Geronimo, kor dei ville stjele mat frå Rod. Dolk kjente desse igjen om bjørnebørn, hovudsakleg ufarlege vetteånder ein kunne gi gaver til for å få til å gå vekk. Så Davor og Dolk gjekk ut av magi-domen og ga dei noko mat, og som takk for dette fekk dei ein perle tilbake før bjørnebørnene forsvant tlbake inn i skogen. Davor spurte kva han skulle gjere med den og Dolk sa azerdvergane vanlegvis fletta det i håret sitt. Davor synst det var ein god idé og fletta det inn i skjegget sitt.
Dagen etterpå fortsatte Uglene til Ny-Aza. Der kom dei fram til eit stort areal på fleire hundre kvadratmeter med skog som hadde blitt hogga ned, og langt forann dei kunne dei sjå palisaden til ein settlement. Når dei kom nærmare såg dei at det var fleire store klomerke på palisaden, som viste at dette området ofte var under angrep av store monster. Dvergiske vakter i tårn signaliserte at dei skulle få komme inn, og så vandra dei inn i Ny-Aza.
På ein bakke av mudde rog leire gjekk det alver, menneske og mange azerdverger og handla, solgte varer og lasta opp lumber på skip for reise vidare til Ælmesleóht. Det var ein høglydt, travel by og med Dolks hjelp greidde dei å navige fram til Gulldvergen, kroen dei skulle besøke. Det var ein høglydt, aktiv kro, men akkurat i det dei gjekk inn vart det stille, i det ein grønn tiefling på ein scene i baren tok til å synge. Ho sang ein sang om "Ulvens son", og når ho var ferdig gestikulerte ho for at Uglene skulle joine ho ved bordet hennar.

Rewards Granted

100 XP til alle for å overtale Elirdain om å vente med å prøve å overtale anarchen om å overgi seg
200 XP til alle for å spele bra med Po
429 XP til alle for å beseire hobgoblinsne
300 XP til alle for å vibe med Dolk sitt mysterie
200 XP til alle for å komme seg til Song

Character(s) interacted with

Elirdain
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
10 Oct 2021
Primary Location
Secondary Location

Comments

Please Login in order to comment!