BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Siste Ord for Lars Report

General Summary

Uglene kom opp frå katakombene igjen og blei møtt med jubel av leiren. Nyhetene om dei hadde redda Pat brakte glede til mange, og fred senka seg over Ulaaberg. Kvelden etter vart Po kontakta av moren sin, Madul, som fortalte at anarch Azarad ikkje ville høyre på hans rapporter, da han mistenkte at Po var blitt lurt eller tvunget til å avgi rapporten av imperiet. Madul fortalte og at Azarad hadde lukka seg sjølv inne i Citadellet, og at han sjeldan forlot sine eigne quarters, da han var fokusert på å leie krigen.
Morningen etter var det fult i sving med forberedingar til begravelses-festen, da brunskjeggene og mannskapet til Uglene hadde komt opp for å hjelpe til. Astrid leia organiseringa av festen, og alle hjalp til på forskjellege måtar der dei kunne. Dolk og Davor var invitert av Astrid opp i palasset, kor ho viste fram alt dei hadde funnet og oppdaga, og fortalte om planen for begravelsen. Astrid oppførte seg litt respektlaust mot dei avdøde krigarane i palasset, da ho kanskje var litt for engasjert og opptatt av historien, og Lars skulle til å reagere, før Davor gjekk inn i situasjonen og stoppa ting frå å eskalere.
Davor gjekk ned igjen medan Dolk tok ein privat samtale med Astrid. Hen fortalte at hen hadde tenkt seg å reise inn i Vetteskogen for å redde eller finne Peter, men at Astrid ikkje fekk lov til å være med. Ho vart sint og lei seg når Dolk sa dette og prøvde å motsei seg det, men Dolk ville ikkje bende. Så høyrde Dolk ein stemme bak i hodet, som ikkje var Raiq, som sa: "Ho er i smerte."
Så sa Dolk at hen forstod at Astrid var i smerte, men at ho ikkje var klar til reisen. Astrid aksepterte det til slutt og ga Dolk ein god klem.
Når kvelden nærma seg byrja festen. God mat var delt, det blei dansa på golvet og musikken var høglytt og glad. Lars sin åndelege form tok plass på æresbordet, og han fekk delta på sin eigen begravelse. Det vart utbrakt mange skåler, og Po og Ceren fortalte store historier frå gårsdagen. Po fortalte den heroiske forteljinga om Dolk, som hadde lurt ghoulsne med eit lysande villsvin, medan Ceren fortalte historien om Rod som slo ein demon so hardt at den vart om til ein busk. Begge historiane møtte høglydt applaus frå dei no ganske fulle dvergene.
Til slutt skulle Davor fortelje sin historie og halde sin tale for Lars. Han tale om Lars sitt mot og krigerand, som hadde samla alle her til hans begravelse. Etter Davors tale vart Lars sin skalle kremert og askene plassert i ein urne. Davor snakka med Astrid og ga ho æren av å tømme gull over den, som ein måte for ho å vise respekt til Lars.
Når gullet vart heldt over lyste Lars ut gult og sa tusen takk til Davor, før han forsvannt i gyldne flammer in til etterlivet. Når Lars forsvant lyste det ut frå Davor sin hammar, som endra form til eit drakehovud, og han følte dens heilage energi manifeste i hans hand. Han merka at det framleis var eit tomrom i den, eit tomrom som venta på å bli fylt opp, men at den hadde blitt enda mektigare for han.
Så kom det ein rungande lyd i byen, ein kvinnes stemme som sa: "Kom min helgen, kom til lyset!". Ut av Ulaa sin katedral kom det eit lys som sola sjølv, og Uglene gjekk bort dit. Inni katedralen fant dei at døren som tidlegare berre var eit merke i veggen lyste ut, og dei gjekk gjennom den.
På den andre sida kom dei inn i djupet av ein vulkan, i eit rom med dusinvis av våpen, værktøy og rustningar hengande på veggene. Framfor dei kom Bronseguden opp av ein magma-elv. Ho tok formen til ein gigantisk dvergisk kvinne med mørk hud, krølla hår og armer dekt av bronse. Ho smilte ned på Uglene og sa takk for at dei aksepterte hennar invitasjon til Ysgard, heltenes verden. Bronseguden fortalte Davor om utfordringen han måtte møte for å verkeleg kunne ta sin plass som helgen: han må overkomme ein utfordring i Ysgard og ta noko materiale frå utfordringa, og så lage noko av det materialet og gi det som gave til Bronseguden. Denne gaven måtte då være noko ingen av dei tidlegare helgenane hadde lagd til ho. Davor aksepterte denne utfordringa, og Bronseguden sendte dei ned i Bronsebyen for å snakke med Vandraren, ein engel som kjenner til nærområdet.
Så opna portene seg, og Uglene fekk sjå ut over den perfekte byen, ein by av bronse forma til katedraler, tårn, slott og boulevards, med akvedukter fylt med lava. Denne byen låg gjennom fem høge fjell, og eit av desse var vulkanen Bronseguden sjølv holdt til i.
Uglene følte på ein makt i denne byen, ein makt som gjorde dei meir modige og sterkare, og for Po var denne samtidig framand og bekjent.
Uglene gjekk gjennom Bronsebyen til dei høyrde lyden av ein hammer og ambolt. Dei kom fram til den og fant ein gigantisk dverg, som introduserte seg sjølv som Vandreren, beskytteren av Bronsebyen i Ysgard og utforsker. Hen fortalte dei om fleire mogelegheitar til kor ein kunne reise for å gjennomføre ein utfordring, og Davor valgte til slutt å reise til Storm Rocen.
Då kom det ein delegasjon frå Koparguden til Bronsebyen, leia av ein askerytter. Ho ville ha ein duell mot Uglane for å endelege settle the dispute mellom Koparguden og dei for konverteringa av Teodora-Marcella Sierra.
Kampen blei utkjempa i ein arena i Bronsebyen, og Vandraren skulle sørge for at den gjekk rett for seg. Uglene slo hardt til mot askeryttarens engler, og greidde å beseire dei ved å nå først til dei 3 døde, men askeryttaren braut eden sin og fortsatte å slåss til ho vart øydelagt, då ho sa at blod-skylden var oppheva.
Uglene skulle då til å reise til Storm Rocen, men tenkte å ta seg ein pause i Bronsebyen først for å helbrede sine sår.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
15 Jan 2022
Primary Location
Related Plots

Comments

Please Login in order to comment!