BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

The Legacy of the Children of Stone Report

General Summary

Uglene hadde ein interessant natt i Ny-Aza, kor Po og Davor hadde drøyme med interessante guder. Po blei besøkt av Hesmash, entiteten som påstod at den hadde skapt Po og at Po måtte gjennomføre skjebnen sin. Po var meir enn noko anna forvirra av dette møtet, men han fekk vite at han måtte følge skjebnen sin. Morgonen etter våkna han opp med eit diadem i sin hånd, som hadde nokre hieroglyfer på innsiden. Samtidig drøymde Davor om ein port djupt under eit fjell, kor ein utfordring venta på han i hans vandring mot å bli ein helgen av Drageguden.
Morgonen etter vart Uglene einige om å hjelpe Davor med å sette Lars sin sjel fri, som ville krevje detektivarbeid og ein reise opp i Azerheimsfjella. I løpet av frukosten forklarte Po sine eigne erfaringar og fekk Blaecbrand til å oversette hieroglyfene på diademet, da dei hadde oppdaga at det stod på amrikhisk. Blaecbrand oversatte det til "Livets barn skal sitte på dødens trone og drukne Gudespiseren i lik". Po oppdaga og at han no kunne snakke, men ikkje lese, amrikhisk.
Uglene bestemte seg, på Dolks anbefaling, å gå til brunskjeggene. Brunskjeggene var ein gruppe med arkeologer, historikarar og frivilige engasjert i Azerdvergisk historie. Der møtte dei Astrid Fredriksen, Dolk sin niese, som fortalde dei kort om oppdagingane dei hadde gjort i Ulaaberg, ein stor ruinert by i Azerheim. Ho fortalde og om begravelser og korleis ein gjorde begravelser blandt dei veldig gamle azerdvergene. Ho fortalde at det var vanleg å brenne den avdøde og ha askene deira i krukker, som ein lukka igjen med smelta gull. Krigarar vart begravd med rustningen sin og ein juvel dei skulle gi til Segojan, den dvergiske dødsguden, for å komme til underverdenen. I tillegg var det vanleg med ein stor fest for den avdøde, kor alle drakk, delte historier og hadde ein good time.
Uglene overtalte Astrid og brunskjeggene til å arrangere festen dei skulle halde i Lars sin ære, og dei sa at dei skulle komme opp dagen etterpå.
Deretter gjekk Uglene ut og møtte Dr. Braun, alkymisten som har ansvar for den arkeologiske utgravinga. Etter å ha møtt ho og høyrd hennar rapport om Ulaaberg, deriblandt at sjølve gravkammeret akkurat no var lukka igjen, da det var ein eller anna form for vandød skapning dernede, kom det ein gruppe med bronseprester bort til Davor. Dei falt for føttene hans og ba han om å fortelje dei sine visdomsord. Davor delte noko veldig inspirert, og så kom leiaren for prestene bort. Han introduserte seg som diakon Godthåb, Albert Godthåb. Han fortalde lærlingene sine at Davor kanskje var ein helgen, men at han og var ein bror og at dei burde behandle han slik.
Uglene vart einige om å reise opp til Ulaaberg med prestene, og dei reiste eit par timer seinare.
På vegen kom dei under angrep av hobgoblins, som dei beseira og overvant med relativ letthet.
Uglene fortsatte mot Ulaaberg og forventa å være framme same dag, den 12. Storm.

Rewards Granted

200 XP til alle for å få Astrid med på fest
400 XP til alle for å beseire hobgoblinsne

Character(s) interacted with

Caratacos Charadric 
Aislin Charadric 
Astrid Fredriksen
Albert Godthåb
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
15 Nov 2021
Primary Location
Related Plots

Comments

Please Login in order to comment!