BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

The Son of the Wolf Report

General Summary

Uglene slo seg ned med Song og ein goliat som gjekk under namnet Harald. Ho forklarte oppdraget deira: dei skulle reise til ein skogalvisk prins sin grav og brenne ein bok der, som var låst i ein sølv-globus. Uglene sa seg einig i dette oppdraget, og dei bestemte seg for å reise ut dagen etterpå. Song sa at det var mykje spennande ein kunne ta seg til å gjere i Ny-Aza, som å sjå einhjørningen so hadde blitt fanga av Jegerne for nyleg. På dette punktet reagerte Rod, og synst det var forferdeleg at Jegerne hadde fanga ein einhjørning og fleire dyr. Han foreslo å drepe alle vaktene og øydelegge muren, men Uglene vart einige om at det sikkert var nok å sette fri dyra.
Rundt denne tida kom det ein ung dvergisk kvinne bort til Uglene. Ho hilste på Dolk, som kjente ho igjen, og introduserte seg sjølv til resten av Uglene som Ester. Ho hadde med seg forloveden sin, Jens Tømmrer, til Ny-Aza for markedet. Ho spurte om Dolk ville ta ein drink seinare, og Dolk sa ja.
Slik byrja det mest spennande oppdraget nokon sinne: sett fri einhjørningen.
Uglene gjekk bort til området kor einhjørningen var fanga og undersøkte kva dei kunne gjere. Dei oppdaga at einhjørningen hadde ein anti-magisk kjede rundt halsen sin, og at det var Castian Juen som hadde kjøpt den og alle dei andre dyra, for å bruke i ein stor seiersparade. Så langt vekke frå skogen ville einhjørningen dø av mangel på kontakt med elementet sitt, det var den overbevist om.
Uglene oppdaga at det var ein representant frå Castian Juen i området, Wulfwic Juen, som hadde ansvar for å organisere reisen. Han hadde tenkt seg å reise så snart som mogeleg, men Blaecbrand overtalte han til å bli ein dag lenger og jakte litt i skogen, og inviterte han på baren om kvelden. Davor greidde å få dvergen som hadde ansvar for dyra til å vise han alle nøklene og korleis dei fungerte i bura.
Medan Uglene planla einhjørningens befrielse kom det ein eldre dvergisk dame bort til dei. Ho introduserte seg som Emma Fredriksen, representant på Alltinget og Dolks mor. Ho sa at Uglene var veldig velkomne i Økselund og at Dolk måtte komme heim til fødselsfesten.
Etter å ha tenkt seg godt om la Uglene raskt og effektivt ein god plan, og så aktiviserte dei den.
Blaecbrand, Davor, Dolk og Ceren gjekk i baren for å gjere sine deler av planen, medan Harald, Rod, Geronimo og Po gjekk til muren.
Blaecbrand brukte sine gamle erfaringar, triks og sjarme til å få Wulfwic til å bli full på kreitansk vodka. Så kom Davor og byrja å synge den klassiske drikkesangen "Hvad skal vi gøre med den fulde tømmermann?" for å lage ein distraksjon. Det var litt klein stemning i starten, men så hoppa Song og Ester med i synginga og fekk heile baren i gong. Davor greidde å få Wulfwic ut på golvet for dansing, og så byrja bryte-dypet, kor alle dvergen sang og skubba på kvarandre og koste seg. Wulfwic vart ganske forvirra og prøvde å slå til Davor, men han bomma i sin drukkenskap. Blaecbrand gjorde Ceren usynleg og han sneik seg bak Wulfwic og stjal nøkkelen til den magiske kjeden frå han. Dei andre nøkklene hadde han allereie fått frå Davor, som brukte magien sin til å lage kopier av dei han hadde sett.
Når Ceren sendte signal om at han hadde fullført oppdraget gjekk han og Dolk ut og splitta opp. Ceren byrja å snike seg mot bura medan Dolk lagde distraksjonen.
Dolk gjekk bort til muren og brukte magien sin til å lage plystrelyder av same type nissene lager. Vaktene reagerte raskt og blåste i hornet sitt, som samla heile Ny-Aza til kamp mot vetteånder. Dolk var med i dette forsvaret og dirigerte dei vekk frå bura.
Ceren såg at vaktene gjekk vekk som reaksjon på lyden og sprang inn blandt bura. Han opna dei opp og satt dyrene og einhjørningen fri, før han forsvant tilbake til baren. Samtidig brukte Po magien sin for å gjere eit område heilt stille, slik Rod og Harald kunne øydellegge muren utan å dra oppmerksomhet mot seg sjølve. Einhjørningen leia dyra ut gjennom dette holet og takka heltene sine. Den ga dei magiske lysande roser som kunne heale dei eller som kunne tilkalle einhjørningen om dei var i ein skog, sidan den skuldte dei ein tjeneste. Så forsvant einhjørningen på vinden inn i skogen.
Når Ceren kom tilbake til baren var det berre Uglene igjen der, samt den styrtfulle Wulfwic Juen. Song såg på dei med eit glimt i auget sitt og sa "Dette hadde heilt sikkert ikkje noko med deke å gjere."
Forsvaret fant til slutt fram til dei tomme bura og den øydelagte muren, og det blei tydeleg for dei at vetteåndene hadde lurt dei og sluppet fri dyrene. Men Dolk sa seg ikkje fornøgd med den historien, og påpeikte at det å fange ein mektig og viktig vetteånd som ein einhjørning hadde ført fare til heile byen. Helena Jeger såg på Dolk med sinne i blikket, men Dolk fortsatte og foreslo at alle slike salg, om dei i det heile tatt skulle være lovlege, burde gå gjennom Alltinget. Emma tok opp fakkelen og sa at det kom til å være ein avstemning om det tidleg på morgonkvisten i Alltinget, om fangenskap av vetteånder skulle være lovleg og kven som skulle regulere handel med dei om det skulle være lovleg. Økselauget ville stemme mot fangenskap av vetteånder.
Forsvaret reparerte raskt veggen, og Emma takka Dolk for det hen og Uglene hadde gjort, da ho skjønte at det var noko meir på ferde.
Den natten sov Uglene godt, men Davor og Rod hadde drøyme. Davor drøymte at han kunne sjå dei forskjellege dvergiske familiene i azerskogen, som berre prøvde å overleve og lage nye liv ein sikker plass. Han høyrde frå Drageguden at ho hadde forlatt dei for lenge sida, men at ho no var komt tilbake for å redde dei og gi dei ein skikkeleg heim. Davor ville være verktøyet hennar for det arbeidet, og når han hadde bestått alle prøvelsene sine måtte han komme til skogen og oppnå sitt fulle potensiale ved å beseire ondskapen som søv i den.
Rod hadde ein draum frå Extinction, som viste han korleis denne skogen ein gong var ein plass av glede, harmoni og balanse for dyr, men at den lenge hadde vert korrumpert av frykt, aggrejson og ondskap. Det var noko vondt i skogen, og Davor hadde og blitt sendt for å drepe det. Rod skulle hjelpe Davor når tida kom og drive ut ondskapen frå skogen slik den kunne bli normal igjen.
Morningen derpå byrja Uglene reisen til graven. Song leia ann og ho byrja etterkvart å gå djupt inn i skogen, så djupt at sollyset forsvant over dei og det var meir som å bevege seg i ein labyrint enn ein skog. Song plystra ei song av ein art og verka ekstremt fokusert på guidinga si. Etterkvart som turen gjekk vidare kunne Uglane lukte blod på vinden og dei såg rød mose som lyste i mørket. Dolk forklarte at det var blodmose, og at det markerte dei farlegaste delane av skogen.
Til slutt kom dei til graven, som såg ut til å ligge inni eit gigantisk skogalvisk tre. Ceren kjente slike tre igjen, da det var same type som bygde opp heimbyen hans, Chéad Cathair. Song kollapsa til bakken med ein alvorleg hodepine, og forklarte at å guide Uglene dit hadde vert som å få sjelen sin fordøya. Ho venta ute med Po, medan Uglene gjekk inn i graven.
Dei oppdaga at graven hadde tilhøyrd ein prins av skogalvene, Máelán Silverspear, som hadde slåss mot og såra Altsehash med eit sølvspyd for lenge sida. Hans namn hadde blitt gløymd av folket hans, og han hadde blitt begravd her i hemmelighet av følgarane hans. Uglene gjekk inn i graven og oppdaga eit rom med nokre potions som ville akselerere skogalvenes "drømming" prosessen kor dei går frå å være skogalver til å miste seg sjølv og bli ein del av naturen fullstendig igjen. Seks slike potions hadde blitt drukket. Dolk fant ein nøkkel som kunne leie dei vidare inn, og då kom dei inn i eit stort gravkammer med eit gitter av sølv forann ein grav, kor det låg to bøker og ein sfære av sølv.
Uglene utforska gravkammeret og fant seks statuer av tre, som holdt sverd, samt to kapeller dedikert til den skogalviske dødsguden og den skogalviske krigarguden. Det var ein gåte her, men dei greidde å løse den etter litt romstering. Ceren ga Blaecbrand nøkkelen og ho gjekk inn i graven for å få tak i boka. Harald fulgte etter ho for å sjå at boka blei øydelagt. Ceren venta litt bak, men så fuglte han etter. Når han kryssa grensa inn til graven, lukka døren bak gravkammeret og ein ånd manifesterte i rommet.
Denne ånden hadde ein kropp halveges lagd av tre, med seks spøkelse som fusjonerte saman og ga den fullstendig form med tre sverd og tre pil og boger. Den anklaga Ceren for å være ein tjener av "den Gamle Ulven" og ein forræder, og så angreip den Uglene.
Kampen var kort men brutal. Uglene skjønte at statuene holdt sjelene til spøkelsene, og Davor og Dolk brukte magien sin for å øydelegge dei. Dolk brukte magi for å totalt øydelegge dei og suge til seg sjelene deira, medan Davor mante fram ein mur av flamme og brente dei ned. Rod og Geronimo kasta seg inn i kampen mot skogsspøkelset og skar den i stykker. Geronimo sjølv reiv den frå kvarandre to gonger, men den samla seg saman igjen begge gongange og vart sterkare. Ceren stakk med sitt brennande sverd og skar gjennom spøkelser, medan Harald mante fram ein jord-elemental og angreip spøkelset. Blaecbrand satt seg ned raskt bak bordet bøkene var på og gjorde ein raskt switcheroo, kor ho skar ut innholdet i den viktige boka, bytta den ut med ein notatblokk og brendte den. Ho hadde no tilgang til kunnskapen Altsehash ville skulle forsvinne frå verda.
Uglene slo til hardt mot ånden, som mante fram allierte og prøvde å slå dei ned. Davor tok eit hardt slag og Dolk blei nesten kasta til bakken, men til slutt greidde Geronimo å få klørne sine rundt kjernen av ånden og reiv den i stykker.
Stillhet senkte seg over graven, og Uglene hadde gjennomført oppdraget sitt.

Rewards Granted

50 XP til alle for å introdusere seg til Harald
100 XP for å bli einige om å befrie einhjørningen
100 XP til alle for å investigate einhjørningen
100 XP til alle for go dplanlegging
250 XP til alle for å befire einhjørningen
1900 XP til alle for å besire the Forrest Wraith, Guardian of the Silver Tomb

Character(s) interacted with

Song
Emma Fredriksen
Ester
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
15 Oct 2021
Primary Location
Secondary Location

Comments

Please Login in order to comment!