BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

The Things We Do for Love Report

General Summary

Uglene var i Desert Griffon og måtte legge ein plan for kva dei ville gjere i situasjonen. Dei bestemte seg for å ikkje ta ein pause, men heller å bruke ressursene sine på å lækje seg sjølv for deira værste skader, og dei bestemte seg for å samle sine allierte i byen. Alle prestene dei kjente, moder Tatyana, diakon Aethelgold, broder Amadeus og fader Daniel, skulle dei samle og anklage biskopen for å ha styrt dårleg over byen og kasta den i ruin, og på den måten velte ho. Dei bestemte seg for å sende ein beskjed til søster Anna, Ishmaels rådgjevar, om at dei trengte eskorte vekk frå Ørkengriffen av prinselege styrker og at ho måtte kontakte dei andre prestene.
Ho svarte at ho var takknemleg for at dei var i live, og at det var mykje konfliktfull informasjon ute å gå akkurat no. Biskopen hadde anklaga dei for å konspirere for å drepe ho, og at dei var skuldege i høgforræderi. Diakon Rickard hadde komt til palasset med sceyanske soldater og koparprester for å ta Ishmael i forvaring, i teorien for hans eigen sikkerhet, men Leberecht og krone-legionærane hadde holdt dei tilbake og trua med å alvorleg skade dei om dei kryssa linja. Dei andre prestene hadde blitt tatt i forvaring, bortsett frå fader Daniel som hadde flykta og no gjemte seg ein plass ved havna.
Byen var satt i strid mot seg sjølv, med mange opptøyer spesielt i den sørlege flyktningleiren, i industri-distriktet og ved hamna. Sceyanske tropper hadde blitt sendt inn av biskopen for å slå ned mot desse opptøyene, og skvadroner med Sceyanere, heksejegarar og prestar bevegde seg no gjennom byen i jakt på Uglene. Portene ut av byen hadde blitt lukka, bruene mellom den nordlege og sørlege halvdel var stengt og vegene ut gjennom elva var lukka av kjeder. Byen hadde blitt låst ned.
Søster Anna fortalde at Ishmael kom til å komme for å møte dei.
Uglene bestemte seg då medan dei venta på Ishmael på å prøve å fikse situasjonen i Ørkengriffen. Ceren gjekk for å snakke med Song, medan Blaecbrand, Davor og Dolk gjekk for å snakke med Ruqayya.
Ruqayya låg og pusta tungt, medan Spritze passa på ho. Ho var akkurat våken nok til å snakke, og spurte etter Nadir . Uglene forklarte at ho hadde forsvunnet med Song var på utkikk etter ho og ville få ho tilbake. Ruqayya sa at det var veldig viktig at Nadir kom tilbake, at ho måtte overleve. Så sa Blaecbrand at ho måtte sei noko egoistisk, men at det var viktig: Nadir og Sarab hadde gitt eliksiren til Ruqayya som no kom til å drepe ho, og dei kom til å føle så mykje skuld for det. Det kom til å ruinere liva deira, og det hadde ikkje Blaecbrand tid til. Når dette argumentet kom måtte Ruqayya sei seg einig, at ho ikkje kunne forårsake slik smerte på søstrene sine. Ho ville gi opp noko viktig ho hadde slåss for i livet for å redde dei.
Dolk bar då Ruqayya opp og ut av rommet, og ga ho litt ekstra styrke med hens lækjande magi. Ruqayya leia dei ned i ein hemmeleg kjellar frå kjøkkenet. I kjellaren var det eit tjukt lag med tåke på bakken og store trær som holdt oppe taket. Det låg mange magiske items i glasaktige kister rundt om kring i kjellaren, og ein korridor leia inn i ein åpning som var dekt av mørk tåke. Dolk bar Ruqayya bort dit, kor ho brukte magien hennar for å opne opp tåken. I rommet låg det ein kniv lagd av kloa til Edderkoppmoren. Blaecbrand tok ut eit handtørkle og holdt rundt kniven med den. Det føltes ikkje ut som ein gudedreper, det var ingen spesielt stor og ond makt som slo ut, men Blaecbrand tok ingen sjanser.
Ceren kom inn til Song som satt i tradisjonelle skogalvklede og såg inn i ein ravkrystall. Ho forklarte at ho ikkje hadde funnet Nadir enda men at ho håpte å finne ho snart. Ceren snakka med ho om det var ein mogelegheit for at han kunne ha kniven og så overlevere den til Altsehash når dei hadde brukt den, men Song svarte at dei burde få den til Altsehash så snart som mogeleg. Ruqayya hadde vert veldig snill mot Song, den einaste personen i livet hennar som faktisk hadde vert grei mot ho på den måten utan ein pris, og Song hadde tenkt seg å redde livet hennar om ho kunne. Song klagde og ein del over livet, over korleis dødelege berre er brikker i gudenes evige spel, og korleis ho har måtte gjere så mykje forræderi og onde ting for Altsehash. Men ho hadde jo sjølvsagt valt å bli offra av stammen hennar til Altsehash, dette var tydeligvis konsekvensen av hennar eigne handlingar.
Ceren empatiserte med det, og sa at det var lurt å få kniven til Altsehash så raskt som mogeleg. Nesten akkurat etterpå kom Blacebrand, Dolk og Davor opp med kniven og Song sa tusen takk og hell og lykke til dei i kampen mot biskopen.
Det var rundt dette augeblikket Ead Sheran kom til seg sjølv igjen. Han fekk akutt ein kraftig hodepine og såg seg rundt i intens forvirring. Uglene kom ned og samla seg rundt han, og han skjønte raskt at han hadde fått ein kjærleikseliksir. Han forklarte at han berre hadde gjort som han hadde fått ordre om, men at han innsåg at ein ikkje altid burde følge ordre og at ein burde sette spørsmålsteikn ved kva ordre som var lurt. Uglene stolte ikkje på at han eigentleg hadde endra meiningene sine, men dei stolte på at han hadde ein interesse i å overleve og at han såg på dei som sin beste sjanse.
Han forklarte at han hadde jobbe for Eisenfried, ein gullprest, veldig lenge. Han fortalde og at han tenkte at Uglene hadde ein sjanse mot biskopen, men at dei måtte få byen på sin side og ta vekk makten til å definere sannheten og konflikten vekk frå ho ved å konfrontere ho forann alt og alle.
Det var rundt då at Uglene såg ein skikkelse komme snikande ned gata, med hette på og akshusiske ørkenklede. Dei såg han sjå på gatenummer og prøve å finne fram, og dei såg Ishmaels lysane gule auge. Blaecbrand opna døren og gestikulerte for å få han inn. Ishmael spurte kva i det hulaste som hadde skjedd, og Uglene forklarte at biskopen hadde sendt Ead Sheran for å drepe dei. Ishmael ga Ead the evil eye og gjorde det klart at han kom til å bli straffa for det. Ishmael hilste då og på Dolk, som var veldig rettfram og ikkje var awed av Ishmaels prins-het, som var ei ny erfaring for han. Han foreslo då at det var lurt å komme seg til palasset, kor dei hadde styrker og ein bedre posisjon.
Uglene tenkte over korleis dei skulle komme seg usett gjennom byen, og Dolk foreslo at dei kunne bruke kanel. Når folk spurte kva hen meinte forklarte hen at kanel forvirra sansene til heksejegarane, og at dei kunne bruke Po sitt hemmelege stash, såfremt Ishmael ville erstatte det dei brukte. Han sa sjølvsagt, og når Dolk kom dunka han hodet sitt i kanelen, som forvirra hen sidan ein berre trengte ein vial med kanel. Uglene kledde seg då ut som kanelforhandlere for å komme seg gjennom byen. Ishmael leia Uglene gjennom byen til ein hemmeleg inngang til palasset.
Når dei kom fram til palasset presenterte Ishmael planen sin. Uglene var byens helter, og byen var i kamp mot seg sjølv. Folkene dei hadde redda og beskytta stod opp for dei. Om dei kunne snu dette rundt, om dei kunne få satt alle fri og laga ein parade av rettferdighet som leita etter sannhet kunne dei tvinge biskopen til å forklare handlingane hennar, og det ville ruinere ho. Ishmael foreslo då at Uglene skulle leie ein parade med riddarane hans med han flaug på Arxiros, og så skulle dei samle heile byen til å høyre biskopens tilståelse.
Uglene sa seg einig i den planen og gjorde seg klar til å være helter. Gregorio hoppa av skulderen til Blaecbrand og vart med Dolk lengre bak i opptoget, medan Ead Sheran gjekk under vakt for å skifte til seremoni-klede.
Når alle var klar gjekk Uglene ut i palassgården. Der stod Diakon Rickard med ein liten styrke av sceyanske soldater og prester. Han peikte på Uglene og beordra dei arrestert umidelbart for høgforræderi, men legionæren som stod forann han sa "Nei, og om du prøver kjem eg til å knekke begge armene dine. Me er alle ein i Drageguden, men du kjem til å være ein derborte, derborte og litt heilt derborte.".
Ishmael kom flygande på Arxiros i det augeblikket og advarte Rickard "No kjem vi med heile byen, og vi vil høyre sannheten. Biskopen har styrt for lenge og dratt oss nærare og nærare ruin. Vi vil høyre forsvaret hennar. Så spring heim igjen du, og fortel at vi kjem.". Stemmen hans runga ut som torden over palasset. Rickard høyrde dette og tok ein taktisk retrett med soldatene sine. Ishmael leia toget ned mot det Imperielle Markedet, kor sceyanske soldater raskt slo retrett når dei blei møtt med ein drage, legionærer og Uglene. Battlebardsne samla seg rundt Ead Sheran, som ga dei ordre om å spreie ordet om at prinsen og hans forkjæmpere var på veg.
Ut frå det Imperielle Markedet og kringliggjande distrikt kom det mange imperielle handelsfolk, mange av dei med våpen, for å sjå kva som kom til å skje. Spesielt kom det ein godt voksen dame med brannskader, ein prostetisk fot, ein øks og ein stokk som kom haltande saman med Uglene og ville sjå kva som skjedde.
Når Uglene kom til hamna såg dei at ting hadde eskalert der. Dei sceyanske soldatene og koparprestene hadde angrepet seglarane når dei ikkje ville gi opp fader Daniel, og det låg fleire folk alvorleg slått ned på hamna. Soldatane kasta frå seg våpnene sine når dei såg prossessjonen komme gåande og prestene såg seg rundt i forvirring, som om noko hadde gått galt. Ishmael talte ut igjen, og sa at byen hadde blitt ført bak lyset av biskopen, og at sannheten kom til å komme fram snart og at heile byen måtte sjå det.
Davor ropte ut til prestene då, og sa at deira edle mot og kampvilje hadde blitt manipulert av ein krigselskande tyran, og at dei kom til å sjå det snart. Ein dvergisk prest var djupt rørt av Davor sine ord og fekk med seg resten av prestene i prosessjonen. Soldatene kasta frå seg våpnene sine og blei og med, og alle seglarane, fiskarane og arbeidarane blei med. Ishmael flaug rundt elva og spreidde ordet vidare, slik heile hamna visste ord om det og kampane slutta.
Fader Daniel hoppa ut av ein tønne med fisk og vart og med i prosessjonen, slik dei endeleg kunne vise biskopen hennar plass, at ho hadde gått alt, alt for langt.
Når prosessjonen endeleg kom til den sørlege bydelen kom dei inn i industri-distriktet først. Kampene der stoppa momentant i det dei sceyanske soldatene innsåg kva som skjedde, og det var no mange Battlebards som hadde samla seg og sang ut "Sannhet flyr på Uglenes vinger!" og "Uglene for sannhet!". Byen var klar til å høyre biskopens forklaring. Ishmael flaug sørover til muren for å beordre soldatene der om å opne portene og la flyktningene komme inn, slik alle kunne få høyre kva som hadde skjedd.
Det var rundt dette punktet at Dolk la merke til at Ead Sheran hadde skifta klede og fått på seg ein rustning. Hen synst dette var veldig mistenksamt og sendte Gregorio for å fortelje om det til partyet, medan hen holdt auge med Ead. Gregorio sa det og Davor gjekk bak for å hente Ead fram. Når han stod forann Uglene og blei trua på livet av Blaecbrand forklarte han at han hadde fått ein mogelegheit for å kontakte Eisenfried, og han fekk vite at han ikkje skulle dra Eisenfried inn i dette eller lide konsekvensene av det. Han lovte at han ikkje kom til å gjere det. Men for å være heilt sikker sa Uglene at han skulle gå med dei.
Heilt til slutt kom Uglene til katedralen, det store fortet som stod sør i byen. Dens murer var bemanna av prester med armbrøster og diakon Rickard stod øverst på muren. Han såg ut over den kollosale folkemassen, titusenvis av folk samla for å høyre biskopens forsvar. Ishmael flaug på Arxiros inn med flyktningane, og Uglene såg mange dei kjente igjen. Dei såg Badr med familien hans som såg forventingsfult opp på dei. Dei såg Khadija, den lille jenta frå flyktningleiren, som var på skuldrene til ein battlebard og ga ein salute med kniven hennar når ho såg Ceren. Dei såg Sajah og Qamra Rihn og sonen deira, som hadde komt inn frå kamper utafor byen.
Ishmael flaug opp til katedralen på Arxiros. Han kvita og raude kappe blaffra i vinden bak han og hans krone av gull lyste ut rundt han. Han satt på Arxiros som ein konge: rak i ryggen, breiskuldra og kommanderande. Han talte ut forann byen: "Biskop, du har styrt denne byen no i snart fem år og kor har det leia oss? Folk har mista jobbene sine, gullet som kom gjennom byen vår frå fri og ærleg handel har blitt halvert, våre venner og kjære har ikkje kunne bevege seg fritt i gatane utan frykt for soldatene dine og dei du har markert om undesirables, utan å spørje oss, har måtte forlate byen i hopetal. Flyktninger har lidd utfor byen vår i fem år og ingenting har blitt gjort for å hjelpe dei. Og no som nokon endeleg kjem og byrjer å fikse ting beordrer du å ha dei drept! Kom ut hit, biskop Teodora-Marcela Sierra, kom ut og fortel oss kvifor du har gjort alt dette!"
Og portene til katedralen opna seg. Store porter av tre og jern, som det ville ta femti man å knekke gjennom, blei opna av ein einsam liten figur. Biskopen kom ut i hennar fulle krigsregalia, med hennar innvikla og vakre rustning dekt i ingravinger av dragar og flamme. Ved hennar side hadde ho ein kollosal maul med eit drakehode og hennar flammande raude hår var satt opp til kamp, slik ein kunne sjå alle arra på ansiktet hennar. Blå auge lyste ut med mot og motstandsvilje og rundt hodet hennar hadde ho ein circlet av kopar som lyste ut. Rundt midjen hadde ho eit belte av svart jern innsatt med rubiner og under huden hennar kunne ein sjå raudt lyn slå rot og dele seg.
Ho sa at ho var klar til å møte deira kritikk, og Ishmael ga Uglene styringa, da dei hadde mest rett på denne samtalen. Dei spurte først kor dei andre prestene var, og biskopen fekk dei brakt ut frå katedralen. Bror Amadeus, diakon Aethelgold og moder Tatyana kom ut, og dei hadde alle tydelege blåmerker der dei hadde blitt dratt vekk. Blaecbrand var sjokkert over korleis dei hadde blitt behandla og spurte biskopen korleis ho kunne forsvare det. Biskopen skulle til å forsvare det, men ho innsåg at ho ikkje kunne og sa berre stille "Det kan eg ikkje.". Biskopens presence vart umidelbart svekka, og Uglene byrja sin utspørjing etter moder Tatyana brukte magien hennar for å tvinge biskopen til å sei røynda.
Utspørjinga blei veldig raskt filosofisk og biskopen fortalde alt ho hadde gjort. Ho innrømte at ho hadde sendt Ead Sheran for å drepe dei, når ho hadde følt seg trua av dei. Ho fortalde ikkje kven Blaecbrand sin far var, sjølv om ho tydeligvis visste det. Når ho blei spurt av Blaecbrand om kvifor ho gjorde det ho gjorde forsvarte ho seg ved at ein måtte slåss for imperiet! Det var ikkje nok å erobre eit land, ein måtte for evig slåss for å halde det saman! Det var ikkje diplomati og god-ønsker som gjorde imperiet sterkt, det var blod, stål og eld. Av og til måtte ein slåss for å bevare det.
"Av og til ja," sa Blaecbrand, "men ikkje altid. Ein hammer kan øydeleggje, men den kan og byggje opp ting igjen. Om ikkje ein byggjer opp ting, og gir folk betre liv, kva har ein då å slåss for? Då vil alle hate deke og ein vil berre ha smerte i verda." Biskopen hadde intet godt svar til dette.
Ho prøvde å forsvare sine handlingar i Toirecíud ved å sei at ho berre ga folket sjansen til å slåss for seg sjølve, men Uglene påpeikte at ein kunne løyse den situasjonen utan konflikt gjennom diplomati og politikk.
Til sjuande og sist sa Uglene at ho kunne ha oppført seg på ein måte som samla folket, på ein måte som samla heile Drageguden og som dreiv fram Gullimperiet på ein måte som var god for alle og brakte meri godt inn i verda. I staden hadde ho splitta opp folk og brukt smerte og død til hennar eigen fordel. Og no stod ho for seg sjølv.
Heilt aleine.
Ho såg seg rundt, og innsåg kor feil ho hadde tatt. I eit sekund tenkte ho seg om. Ho kunne kaste seg heilt inn i hennar retning, fordømme alt og alle og fortsette ned koparens veg. Ho kunne stå på sitt til det siste og bli beseira i ærleg kamp. Ho kunne kalle ned eld frå himmelen og død over folket.
Men ho valgte å ikkje gjere det.
"Unskyld", sa ho og så datt ho ned på bakken i det kreftene hennar forlot ho. Det var stillheit i byen, i det alle prosseserte kva som skjedde.
Samtidig som dette skjedde såg Dolk at Ead tok opp ein stein frå lommen sin og byrje å snakke inn i den. Dolk reagerte raskt og tok opp ein liten grå pose. Ein ilder kom springande og Dolk sa at den måtte springe bort til Ead og ta frå han steinen og få den til Apostel. Ead var så overraske og perplexed at han ikkje fekk med seg ilderen før steinen var ute av handa hans. Dolk gjekk raskt bort til han, holdt han hardt rundt handa og sa "Nei.".
Uglene og Ishmael visste ikkje kva dei skulle gjere, men Ishmael tok scena når Uglene ga den til han. Først addreserte han biskopen og sa at det var modig av ho å innrømme at ho hadde feil, og at han kom til å ta vare på ho intil ho sjølv fant ein plass i verda. Til byen sa han at han sjølv no var han mesteren av byen og at ting kom til å være annarledes framover, meir fritt og med meir mat og ressurser likt fordelt på alle. Sidan byen no mangla ein biskop utnemnde han moder Tatyana til midleritidig biskop av Ælmesleóht, og saman skulle dei jobbe for å helbrede byen. Han såg mot Diakon Rickard og sa at dei skulle ha ein samtale om koparkyrkjas framtidige rolle i Ælmesleóht.
Det var tydeleg for alle at prins-regenten no styrte Ælmesleóht, og folket jubla for prinsen deira.
Ishmael såg då på Ead Sheran og sa at han skulle arresterast, som Leberecht og fredslegionærane umidelbart gjorde, for konspirasjon mot kronen og forsøk på mord mot prinsen forkjæmpere.
Blaecbrand ga han the evil eye og sa "That's what you get."
Han svarte med "Don't worry, I won't be in jail for long."
Så byrja folkemassene sakte men sikkert å disperse. Uglene gjekk for å snakke med dei forskjellege prestene, som sa at dei hadde blitt tatt på veldig dårlege augeblikk og at koparprestene hadde vert hardhendte, men at det gjekk relativt bra med dei no. Når Aethelgold såg Mushu gjekk han ned på kne framfor Davor og sa at han var særs beæra over å møte ein helgen. Han spurte om Davor ville at det skulle delast med alle eller om det var noko han ville halde hemmeleg, og Davor sa at han ville halde det hemmeleg for no. Aethelgold sa at bronsekyrkja altid ville være klar til å hjelpe Davor med kva enn det måtte være, og advarte han om at mange ofte forsøker å manipulere helgener så han må passe seg.
Så gjekk Uglene bort til Teodora, som såg ned på bakken med tunge auge. Ho virka fortapt i det augeblikket. Ishmael landa ved siden av ho og sa at ho kunne få plass i palasset til å være inntil ho fant vegen sin vidare. Ho sa at ho kunne få eit tjenesterom, men Ishmael insisterte på at ho skulle ha ein skikkeleg gjesteplass, sidan ho hadde ofra så mykje og slåss så hardt for imperiet.
Ho såg opp på Uglene og kasta til side circletten sin, maulen sin og tok av seg rustningen sin, heilt til ho berre såg ut som ein tigger. Ho sa at ho hadde mista retning i livet, at ho ikkje lenger kunne føle koparguden derute. Ho var heilt aleine no, og ho hadde ikkje ein gong vreden sin til å drive seg framover. Davor gjekk ned ved siden av ho og sa at det framleis var ein plass til ho ved Dragegudens side, at ho hadde tjent så lenge at ho kunne tjene på ein anna måte. Når ho spurte om han verkeleg meinte det sa han ja, og ho fekk litt håp. 
Dolk kom og bort til Teodora og ga ho tilbake circleten hennar. Ho såg opp på Dolk, og Dolk sa "Det er meir enn ein måte å være sterk på.", før hen gjekk vekk og forlot Teodora med sine tanker. Så kom Ceren og Rod bort, og spurte om ho ville gi frå seg beltet sitt som bot for hennar handlinger. Ho virka veldig reluctant, da ho hadde vunnet det beltet frå eldkjempebaronen som hadde øydelagt landsbyen hennar, men Ceren overtalte ho. Det siste ho sa til Uglene den dagen var retta mot Blaecbrand, då ho sa: "Unskyld."
Blaecbrand sa då at Teodora hadde eit sterkt politisk sinn, og at Blaecbrand hadde tenkt seg å snakke med ho om hennar potensielle framtidige mål.
Teodora blei då ført vekk av ridder-kommandør Leberecht. 
Uglene blei ståande igjen med Dolk, og dei blei einige om at Dolk skulle bli med i Uglene. Mannskapet kom då å feira eit nytt medlem og at kapteinen deira og deira venner hadde redda byen frå biskopen.
Ishmael reiste for å snakke med diakon Rickard og biskop Tatyana, og få ordna opp i ting, men ville snakke med Uglene tilbake i palasset.
Uglene bevegde seg då endeleg heimover, tilbake til villaene, men ville ikkje overnatte i sin eigen villa, som kanskje var lurt.
Når Uglene kom heilt tilbake blei dei kalt til tronrommet for ein audiens med prinsen.
Dei gjekk inn i tronrommet. Solen hadde gått ned og himmelen var dekt av stjerner av allslags farger: grøne, raude, gule, blå og kvite. Nebulaer bevegde seg sakte over horisonten, og framfor dei kunne dei sjå ut over den sørlege byen. Folk hadde slutta å arbeide langs elva og dusinvis av store og små skip låg forankra langs hamna. Det var fred i byen, etter ein lang og begivenhetsfull dag. Ein kunne sjå små kvite telt der dei som hadde blitt skada under the Owl Revolt blei behandla av biskop Tatyanas prester.
Prinsen såg ut over byen sin, og han var fanga i tanker. Han hadde henda bak ryggen og stod høgt og oppreist. Kappen hans blaffra svakt i vinden og Arxiros låg ved hans side. På hodet hadde hans sin krone av gule flammer og augene hans lyste sterkare enn før. Når han høyrde Uglene komme snudde hans eg og prinse-rollen forsvant litt og han smilte til vennene sine. Likavell holdt han seg litt annarledes no, som om han hadde fått meir sjølvsikkerhet og tillit til sine eigne evner.
Blaecbrand ropte ut "You were amazing!" og Ishmael smilte og sa takk. Han hadde holdt mange taler, heilt utan eit script. Han sa og dei hadde gjort ein fantastisk jobb som byens helter, og at dei hadde redda Ælmesleóht fleire gonger no. Og dei hadde hjulpet han veldig, så han sa tusen takk for det. Dei hadde hjulpet han med å ta rollen sin. Blaecbrand fortalte han om situasjonen i villaen, og Ishmael høyrde etter kva ho sa og ga ordre til Leberecht om å lukke det av og gi innstrukser om å ikkje gå inn dit under nokon omstendigheiter. Her og hadde Ishmael endra seg, før var han overvelda av alle dei dårlege tinga men no var det tydeleg at han kompartmentaliserte allting og byrja å jobbe med å ta seg av det.
Etter denne samtalen, kor Ishmael fortalte kor mykje han satte pris på vennene sine, og dei sa at dei satte pris på sjansen han hadde gitt dei, opna det seg ein portal mitt i tronrommet. Aktinisk lys og lyn brølte gjennom rommet og lukten av ozon spreidde seg overalt. Ut av portalen gjekk ein liten gnom i monkeklede med grønt, kor hår, og ein høg mann med skalla hode, eit gullkjede rundt halsen og lysande gule pupiler. Han såg ut som ein gammal sjel i ein ung kropp, med auge som hadde sett mykje i eit ansikt som var vanskeleg å plassere i alder.
"You have something that belongs to me.", sa mannen og såg på Uglene og prinsen.
"Eisenfried, I presume?", svarte Blaecbrand.

Rewards Granted

150 XP til alle for å overtale Ead Sheran om å hjelpe deke
300 XP til alle for å gi kniven til Song
100 XP til alle for ein veldig god og viktig bruk av sending
100 XP til alle for god diskusjon kring kva ein skal gjere med biskopen
450 XP til alle for å beseire biskopen
200 XP til alle for at Dolk joina Uglene

Missions/Quests Completed

The Life and Death of a Scorpion completed

Character(s) interacted with

Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
30 May 2021
Primary Location
Secondary Location

Comments

Please Login in order to comment!