BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Walking a Twisting Trail Report

General Summary

Etter å ha begravd Máeláns krigere skikkeleg i skogen, reiste Uglene tilbake til Ny-Aza, kor dei brukte ettermiddagen på litt forskjelleg vis. Dolk kjøpte inn forskjellege ressurser til reisen vidare, Davor engasjerte seg i lokal politikk, Rod blei ein brytelegende, Blaecbrand snakka med ein ny kontakt i Gulldvergen, den lokale tavern, og Ceren fulgte med på Rods episke kamp.
I løpet av kvelden tok Blaecbrand seg ein prat med Song, og dei to, saman med Ceren, koste seg med fleire shots med kreitansk vodka utover kvelden. Song hadde eit heartfelt moment kor ho ønska Ceren lykke til og både ho og Blaecbrand prøvde å støtte opp om Ceren og at dei kunne få foreldrene hans tilbake igjen. At dei kom til å greie det. Song prøvde og å forklare til Ceren at han måtte komme seg ut av Altsehash sine klør, før det var for seint.
På kvelden gjekk Ceren og Blaecbrand saman opp til Davor. Dei forklarte han at for at magien som skulle få dei heim frå the Twisting Trails skulle fungere, måtte han forlate ein del av seg sjølv igjen i den ekte verda. Ein fysisk del av seg sjølv. Ceren ville at Davor skulle kutte av øyret hans, slik han kunne bruke det som anker. Davor sa seg einig i å hjelpe til og Blaecbrand henta ein sterk urte frå Dolk som slo han heilt ut. Davor skar av Cerens øyre med ein glovarm kniv.
Blaecbrand bar Ceren inn i senga deira, og så la alle seg til å sove for å gjere seg klar til den store dagen etterpå. I løpet av natten vart Ceren besøkt av Altsehash, som ga han hjaret til the Twisting Trails. Samtidig vart Blaecbrand besøkt av Lady of Sin, som spurte kor langt Blaecbrand var villig til å gå for kjærleikg og viste ho Azzagrat, Graz'zt sin heilage by.
Morningen etterpå åt Uglene eit solidt måltid og sa farvel til Song, som sang ein song om det å vandre gjennom mørkets dal og å være blind til farene som lusker der, samt å være "feil". Uglene gjekk ut av Ny-Aza, til ein plass Dolk kjente kor dei kunne forlate øyret utan for stor frykt for at eit dyr skulle stjele det, og så flytta Ceren Uglene inn i vetteskogen.
Azerskogens sitt speglbilete i vetteskogen bestod av kollosale trær dekt i raud mose og med raude barnåler, som pulserte sakte i takt med eit kraftig og ondt hjarte. Luften lukta av blod og stillheten som var så karakteristisk for Azerskogen var enda meir overdøvande her. Herfrå leia Ceren Uglene mot the Twisting Trails. Etter å ha gått ein stund gjennom fabelaktige og intimiderande landskap,og å ha sett nokre vetteånder, kom Uglene seg fram til muren av tåke som markerte overgangen til the Twisting Trails. Når Ceren løfta opp hjartet til the Twisting Trails opna det seg ein tunnell forann dei, og dei gjekk inn.
The Twisting Trails var klam og kald, med ein djup altoppslukande tåke som dekkte landet rundt dei. Forann dei gjekk det ein simpel skogsti, som var den einaste vegen dei kunne følge. Dei byrja å gå gjennom skogen, og i horisonten kunne dei sjå store tre og rare, misdanna skapningar som fulgte med på dei med sjalu auge. Ceren tok ansvar for å navigere gjennom skogen, noko som gjekk ganske bra, spesielt med Dolk sin velsigning.
Etter ein stund med vandring kom Uglene fram til eit høgt tre med lys i seg. Dei såg eit barn forann dette treet, men valgte å ikkje følge barnet. Dette var kanskje rett valg, da dei etterpå såg ein gigantisk vetteånd gå i same retning som barnet, kanskje på jakt etter han. Etter meir vandring kom Uglene under anngrep av ting frå inni tåka. Misdanna skapningar, med for mange og for skarpe lemmer, kom ut av tåka med svoltne auge. Dei var svoltne etter personlighet, minner og erfaringer dei kunne stjele for seg sjølve, og angreip dei som hadde mest slikt å gi. Dei gjekk då mest etter Dolk, Blaecbrand og Rod og så godt som ignorerte Geronimo. Uglene greidde med godt samarbeid å slå desse tilbake, og berre Rod tok noko skade frå monstrene.
Etter dette gjekk Uglene vidare, og etter ein stund var dei ganske sikkre på at dei var på rett veg mot Ceren sin far, Caratacos. Dei gjekk i ein rett linje langs trailsne, og Ceren sitt sjele-tau til faren hans gjekk rett fram. Ting såg bra ut. Men sakte men sikkert byrja sjele-tauet å dreie til venstre, heilt til det var perpendikulært på stien og leia rett ut i tåka. Ceren var distraught. Hadde dei gått feil? Var faren hans ein av dei fortapte? Men akkurat i det desse spørsmåla meldte seg, gjekk ein skikkelse ut av tåka som ut av tynn luft.
Ein høg skogalvisk mann gjekk ut av tåka. Han hadde eit bjørneskinn på ryggen, eit sverd i handa og ein fryktingytande krigsmaske av greiner og leire på ansiktet. Han tok den av seg, og viste at han var Cerens far: Caratacos Charadric. Dei to omfavna kvarandre og Caratacos synst det var fantastisk at sonen hans var i live. Dei to sa at dei var glad i kvarandre, og valgte å prøve å finne Cerens mor. Caratacos hadde aldra mykje, men han var ikkje døyande som drøymen hadde implisert.
Dei vandra vidare til the Lake of the Lost, kor the Twisting Trails møtte dei. Ho fortalte at ho kunne gi dei midlertidig sikkerhet, mot eit kostbart minne. Uglene var ikkje villig til å betale den prisen enda, men tilbodet stod seinare og om dei skulle endre meininga si.

Rewards Granted

200 XP til alle for å komme seg til the Twisting Trails
100 XP for noko
500 XP for å beseire dei Fortapte
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
24 Oct 2021
Primary Location
Secondary Location

Comments

Please Login in order to comment!