BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Warden of the Lost Report

General Summary

Uglene møtte the Warden i the Twisting Trails, som ga dei eit val. Ceren kunne anten overgi seg og komme med til Chéad Cathair i kjeder, og så ville the Warden la hans familie og venner gå, eller så kunne han motstride rettferdigheten og så ville han bli henretta og alle hans venner ville bli fanga i the Twisting Trails. Ceren såg seg rundt på vennene sine, som nikka til han, og sa at han ikkje ville overgi seg. The Warden rista på hodet, og fekk så tåka til å komme inn tett rundt Uglene. Dei pusta den inn og blei dratt inn i sine mest einsame minner.
Alle var fortapt i minnene sine, Davor i minner frå sin barndom som flyktning, Rod i minnet om å være fanga under bakken, Blaecbrand om då foreldrene hennar hadde forlatt ho etter ho hadde fått kreftene sine og Ceren om då han måtte flykte hovudstaden for å komme seg vekk i live. Dolk fekk eit kraftig minne igjen, kor hen såg sin sjelevenn døy i hens arme. Hen vart så sint, at hen ikkje heilt vart seg sjølv. Gamle-Dolk, Raiq, tok kontroll av Dolk sin kropp og lo av hens smerte, sa den ikkje var verdig. Dolk og Raiq hadde ein fiendtleg diskusjon, men dei endte med at begge to ville redde Sølv og at dei kunne finne einighet i det. Dei gjorde ein avtale om at Dolk ville opne seg meir for Raiq om Raiq var med på å hjelpe Uglene, som hen sa seg einig i. Så pusta Dolk ut eld og vekte seg sjølv, og alle dei andre, opp igjen.
Davor såg ein prest fortelje han om drakeguden, Rod følte ein sterk presence hjelpe han med å reise han opp frå undergrunnen, Blaecbrands bestemor kom og fekk ho i seng og Ceren såg dei små interaksjonene kor han hadde samla venner og familie.
The Warden var sjokkert og overraska over denne utviklinga og samla ein hær med dei Fortapte og Forglemte til å kverke Uglene. Dolk snudde seg til Uglene og ga dei ordre og intruksjoner. Uglene samla seg rundt Dolk som ein midlertidig leiar og alle saman hadde eit team-augeblikk.
Kampen som fulgte var brutal men Uglene slo til med alt dei hadde. Blaecbrand og Davor fekk instruksjon om å beskytte Caratacos og Aislin og dei gjorde det så best dei kunne. Blaecbrand skaut ut kuler med flamme og slo gjennom dei Fortapte med lyn manifestert frå sinnet hennar. Davor mante fram ein mur av flygande sverd og blades som skar gjennom dei Fortapte. Rod og Geronimo fekk den fantastiske intruksjonen om å drepe alt dei kunne, så dei gjekk til verks med øks og klør på å skjære gjennom alt av monster dei kunne få sine hender på. Po spelte musikk og heldt oppe alle sine spirits.
Dolk og Ceren gjekk i duell mot the Warden, som sto klar med øks i hand. Kampen var hard og dei to måtte jobbe saman med alt dei hadde for å beseira han, da han slo dei med øks og magi. Men til sjuande og siste greidde Dolk å komme inn bak han og rive han i stykker med Alhayas Tårer. Hen fekk han ned på bakken og beseira han. Han overga seg til Uglene, og ba Ceren om å vise han nåde. Ceren spurte kvifor orke-leirene var så viktig for den Evige Konge, og the Warden fortalte at deira negative kjensler, deira sorg, vrede og smerte, blei brukt for å lage onde vetteånder den Evige Konge kunne bruke i sin kamp mot dei andre primordielle kreftene. The Warden sa at om Ceren skulle drepe han, så ville han sjå han i augene, men Ceren skar over halsen hans utan å ense han eit blikk.
Uglene var då på veg ut av the Twisting Trails når ho sjølv kom og sa farvel. Ho takka dei for å ha drept the Warden, og sa at ho kom til å kose seg med å ete opp fangene i the Twisting Trails. Ho sa og at dei kom til å møtast igjen, og sendte eit blikk til Dolk.
Så gjekk Uglene endeleg ut av the Twisting Trails. Men faren var ikkje heilt over enda, for noko jakta på dei. Etter ein liten stund oppdaga Ceren at noko var etter dei, og at noko hadde fanga dei i ein dimensjonell dead end. Så manifesterte ein jeger seg i eit tre over dei. Denne jegeren introduserte seg som Laghairt, ein del av den Evige Konges rettferdighet. Han hadde eit forslag til Ceren: han kunne gi frå seg papirene sine og få ein heilt clean slate. Etter litt om og men bestemte Ceren seg for å gi frå seg papirene og endeleg bli kvitt dei som jakta han.
Så kom Uglene ut av vetteskogen i Azerskogen igjen, og dei hadde ein stor gruppeklem for å feire denne bragda. Dei hadde komt seg ut utan å miste nokre liv, berre eit auge, og med begge Cerens foreldre! Dei bestemte seg for at dette var noko som var verdt å feire, og dei bestemte for å ha ein stor fest i Gulldvergen med alle vennene sine. Song kom springande inn i Gulldvergen og ga både Ceren og Blaecbrand ein klem når dei kom tilbake, og så gjekk alle Uglene opp på Song sitt rom for å flette håret sitt og stelle seg. Caratacos og Aislin fekk eit bad og vart så med på festen. Dolk reiste og innom den lokale sølvdrakepresten, fader Thaddeus, og fekk hjelp med å fikse auget slik hen kunne få ein skikkeleg protese.
I løpet av festen hadde Davor drikkekonkuranse med dei lokale dvergene, ein konkurranse han vant lett, og Dolk, Ceren og Blaecbrand brukte tid på å danse med dvergene i deira glade danser. Song joina og Blaecbrand og Ceren i dansing mellom å spele musikk med Po. I løpet av kvelden vart festen forstyrra av at ein stor alvisk mann med maske sparka opp døren. Kroa vart stille i det Coelwold kom inn. Blaecbrand lagde ein glad lyd i det han og heile mannskapet deira kom inn i kroa og vart med på festen. Coelwold og Blaecbrand dansa, men i løpet av dansen inviterte Coelwold Blaecbrand opp på andre etasje da han hadde nyheiter å meddele. Han forklarte at han hadde gjennomført oppdraget sitt i Fiskemark, men at han hadde oppdaga at nokre i mannskapet hadde untoward allegiances. Han hadde tatt seg av situasjonen men ville melde det vidare til Blaecbrand. Ho satte pris på det.
Festen gjekk mot ein slutt og Uglene gjorde seg klar for ein morgon med unwinding før dei skulle reise opp til Azerheimsfjella igjen, for å byrje neste steg av Davor sin vandring og gi fred til Lars.

Rewards Granted

500 XP til alle for å fullføre "Walking a Twisting Trail"
1450 XP til alle for å beseire the Warden
500 XP til alle for å redde både Caratacos og Aislin
100 XP til alle for å ha eit group-hug moment
100 XP til alle for å ha fest

Missions/Quests Completed

Walking a Twisting Trail completed

Character(s) interacted with

Caratacos & Aislin Charadric
Song
Coelwold
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
07 Nov 2021
Primary Location
Secondary Location

Comments

Please Login in order to comment!