BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Peace in our time? Report

General Summary

Med anarch Azarad i graven var vegen til fred endeleg open. Madul tok kontroll av citadellet og flaug det tilbake til Fredens Øy, kor ho kalte ut folket sitt. Ho spurte Po kva ho burde gjere, og Po sa at ho måtte stole på instinktene sine og samvittigheten sin og sa at ho kom til å gjere ein god jobb som anarch.
Githzheraiene gjekk sakte men sikkert ut av bunkerne og hulene dei hadde laga i forventing av imperiets invasjon, og såg den nye anarchen deira, som dei gjekk på kne for. Mange av githzherai-barna var her, og dei såg med store auge på Madul. Madul fortalte folket hennar kva som hadde skjedd med Azarad, og sa at han hadde gitt vidare posisjonen, autoriteten og byrden av anarch til ho. Ho sa at ho hadde tenkt seg godt om over kva som var best for githzheraiene og Akshus, og ho ville at githzheraiene skulle være igjen i Akshus. Med både Azarad og Jen'lig døde var den siste koplinga til Stjernerommet og Limbo kutta, og Akshus var no githzheraiene sin heim. Dei hadde vokst opp her, dei hadde blødd og dødd for å beskytte det, og no skulle dei bu her.
Madul ville gå i fredssamtaler med imperiet, med intensjon om å forhandle fram ein posisjon som frifolk, kor githzheraiene kunne beskytte Akshus mot trussler også i framtida. Hennar inntrykk var at Storkommandør Allexander hadde mykje respekt for githzheraiene, og det har Akshus sitt folk og framleis.
Ho reflekterte og over at ein av tinga som hadde gjort at Azarad ikkje kunne beskytte landet til slutt, var at han ikkje hadde sett det på årevis, lukka vekk som han var i Citadellet. Ho ville ikkje begrensast slik, og ho braut ned Citadellet til Limbo-energi som ho delte ut til Elirdain og to av hennar nyvalgte opplyste, samt Po, slik at githzheraiene sin makt kunne fortsette å være sterk og vise seg hos folket og blandt folket.
Uglene fekk ein godt fortjent natts søvn, men Dolk og Raiqwen hadde forferdele draume og våkna opp sjuke med ein dundrande smerte i hovudet. Dei reflekterte over at tiden deira nærma seg sakte men sikkert, og at dei snart måtte ta eit val om kven som skulle leve, eller om dei begge skulle døy. Raiqwen sa at hen var villig til å gå i døden for Dolk, men Dolk var bastant på at det ikkje kom på tale.
Morgonen derpå reiste Uglene for å møte høvding Dhamari Kale. Madul forklarte Uglene at githzheraiene ikkje lenger ville beskytta han frå imperiet, så kva som skjedde med han vidare måtte Uglene finne ut av.
Dei møtte han i toppen av eit fjellkloster kor han holdt til med familien sin og sine mest lojale vakter. Han var ein stor mann, ekspesjonelt høg med lange arme og bein. Han gjekk i ein rustning som openbart var lik den typen stjerneborna hadde brukt, og han hadde eit system med ledninger som gjekk langs skallen hans. Blaecbrand kunne føle hans potente telepatiske makt, og hans lysande lilla auge vitna om dette. På fanget hadde han eit spyd som openbart var ein relikvi frå når Sinnsflåarane styrte over Akshus.
Han fortalde Uglene at han visste kva Ibrahim hadde lyst å gjere med han, og han var villig til å akseptere døden om dotteren hans, Djamila Kale, kunne få ta over kaleitt-stammen etter han. Og han foreslo ein forlovelse mellom Djamila og Asher, som var jamnaldrande. Uglene spurte kva Djamila ville, og ho sa at ho var villig til å gjere det som var nødvendig for å beskytte folket hennar.
Uglene spurte Dhamari kvifor han hadde starta krigen, og han sa at det rett og slett var fordi han ville sjå folket hans som mestre av Akshus. Dette hadde gått veldig galt då, og der Ibrahim hadde mista ein kone hadde Dhamari mista fleire koner, barn og familiemedlemmer til Ibrahim sine motangrep, og han var klar til å gjere det nødvendige for å redde folket hans.
Uglene vart einige om å transportere Dhamari og Djamila til Tårnbyen slik dei kunne møte Ibrahim, og Dolk opna ein portal inn til ein demi-dimensjon slik at Dhamari sin familie kunne gjemme seg derinne.
Då reiste Uglene nordover igjen, saman med Madul, Elirdain, Dhamari og Djamila, for å byrje fredssamtaler. Dei vart møtt på vegen av Ridder-Kommandør Akeshi som eskorterte dei nordover.
Før dei kom heilt inn til Tårnbyen bestemte Uglene seg for å sende Blaecbrand og Ceren ned til Ibrahim i forvegen, med håp om å overtale han om å vise nåde til Dhamari. Blaecbrand fekk all velsignelsen og støtten ho kunne få, både magisk og musikalt, for å få dette til. Samtidig reiste Madul og Elirdain inn til Storkommandør Allexander for å forhandle sin overgivelse.
Blaecbrand og Ceren møtte Ibrahim i eit relativt godt humør, men når dei fortalde han at dei hadde Dhamari Kale med seg vart han plutseleg mykje meir intens og sint. Men Blaecbrand hadde eit forslag til han: Drakesjuken er ein mektig og potent faktor, og Ibrahim må alvorleg vurdere kven han har lyst til å være i framtida, kva type konge, far og mann han har lyst til å være. Kva vil å drepe Dhamari gjere med han?
Ibrahim tok dette til seg, og vart ettertenksom. Kunne han ha ein framtid som hevngjerrig morder, eller kunne han bli noko meir enn det? Kunne han kanskje bli ein bedre far, og bli kjent med Jeleneth igjen?
Ibrahim valgte å vise nåde til Dhamari. Han flaug ut på Nysqwen, saman med Ceren og Blaecbrand, for å møte Dhamari. Når dei to møttes var det eit augeblikk med spenning, men Ibrahim tok Dhamari sin hand og sa kva som kom til å skje no: Ibrahim kunne aldri tilgi Dhamari for det han hadde gjort, men han kunne vise Dhamari nåde likavel. Dhamari ville bli sendt i eksil vekk frå Dain, han ville få eit skip og reise nordover til Maeril med nokre frivillige for å bli leigesoldater.
Samtidig ville Djamila bli igjen som høvding av kaleittene, og ho skulle få møte Asher, men Ibrahim lovte ingenting på Asher sine vegne. I mellomtida skulle Djamila sverge ein ed til Ibrahim som konge av Akshus og bli hans vassal. Og Ibrahim sin indre vrede brandt fram ein siste gong, for han lovte Djamila og Dhamari at om dei skulle prøve seg å gjere motstand ville han komme sør igjen med eld og stål og utslette folket deira.
Etter denne trusselen byrja feiringa i Tårnbyen, sidan fred endeleg hadde komt til Akshus. Ibrahim og Dhamari flaug til konsentrasjonsleiren i aust og braut den opp, og sørgde for at både mat, medisiner og legehjelp blei gitt til dei innsatte der, samtidig som Lazarus Winter gjemte seg vekk i laboratoriet sitt.
Uglene koste seg om kvelden med feiring av freden, og det var god stemning og god mat. Ceren reiste inn i draumeverdenen og besøkte foreldrene sine, og sa til dei at han snart var ferdig med oppdraget sitt, og at dei kunne faktisk gå inn i framtida og planlegge kor dei skulle være for dei neste åra. Foreldrene hans var glade, og ville gjerne bruke meir tid med han når alt dette var over. Før Ceren fekk forlate draumen viste Altsehash seg for han og viste han kva som skjedde med Song, at ho var under varulv-forbannelsen og bundet enda tettare til Altsehash sin makt. Ho var i stor smerte, og Altsehash sa at Ceren måtte sei det vidare til Blaecbrand, slik ho ville huske deira avtale.
Dolk brukte tid med dei akshusiske soldatane, medan Po gjekk til githzheraiene og Davor var med sceyanerne. Blaecbrand prøvde å bli kjent med Djamila, og oppdaga at ho var flink til drakesjakk.
Når natten byrja å nærme seg ein slutt teleporterte Eisenfried seg inn i leiren og spurte om "Han" var ankomt. Ceren sa nei, og Eisenfried byrja å gjere seg klar.
Nattehimmelen lyste ut som om ein ny sol hadde blitt skapt over Akshus, og momentant var det like lyst i Tårnbyen som ved høgdag. Eit lynnedslag slo ned frå denne solen, enda meir blendande og høglytt enn før, og det lynet slo ned stod det ein mann.
Ein mann i kvit uniform, med kort grått hår og fulskjegg stod framfor forsamlinga. Han hadde lysande gule auge og ein krone av gull. Gull-keisaren såg rundt på forsamlinga, såg Dolk og sa: "Du er framleis i live." Han var openbart overraska og glad.
Han gjenfant raskt sin composure, og grattulerte Ibrahim på hans erobring av Akshus, som endeleg brakte heile Dain under imperiet. Keisaren ville arrangere ein triumf neste dag i Ibrahim sin ære, og alle er inviterte.
Så gjekk keisaren bort til Davor, og sa at han hadde høyrd om Davor sine exploits frå Drakeguden. Han hadde fått githzheraiene inn i imperiet på fredfull måte, og no skulle han få sin belønning for det. Keisaren tok amuletten hans og holdt rundt den, medan den glødde glovarmt. Formen dens endra seg gradvis til ein hammer med ein drake krølla rundt seg.
Deretter slutta festen sakte men sikkert, og Uglene gjekk og la seg.

Rewards Granted

Level up.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
13 Dec 2022
Primary Location
Secondary Location
Related Plots

Comments

Please Login in order to comment!