BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

The Southern Triumph Report

General Summary

Før alle gjekk og la seg inviterte Gullkeisaren Dolk ut for å diskutere hens og Raiqwen sin framtid. Dolk forklarte situasjonen, og Gullkeisaren sa at det ville være uetisk å berre "slette" Dolk, så han ville gi dei mogelegheita til å velge kven av dei som skulle overleve, eller om dei var villige til å begge to forsvinne for å lage ein ny person som var meir enn summen av sine parter.
Dolk og Raiqwen sa at dei ville begge to bli ein, men at dei først ville sei ha det til vennene sine. Uglene samla seg i byen og hadde eit siste farvel med både Dolk og Raiqwen, som involverte klemmer og shots.
Når dei gjekk tilbake til Keisaren takka han dei for deira tjeneste, og sa ein bønn til Aurathear Drastrix. Dolk var plutseleg oppe i høgfjella i Ysgard, og såg ut over daler og skoger. Der vart hen mødt av ein ung mann med auge av sølv, som ga hen hens oppdrag i etterlivet: å være ein sølv-vokter og guide sjeler til deira designerte etterliv. Dolk fekk auge av sølv, ein rustning og vinger, og Døden peikte hen til hens første oppdrag: på ein fjellknaus under stod Raiqwen i full gullrustning og i all sin ære. Dolk og Raiqwen reiste inn i etterlivet saman, klar til å gå vidare.
I verkelegheita fekk no ein ny skapning form. Med alle minnene til både Dolk og Raiqwen vart denne nye personen ein fusjon av dei to, og hen huske sin originale form: Gulldraken hen ein gong var. Gullkeisaren ga denne krigaren namnet Israfel, med Dolk sitt hjarte for folket og Raiqwen sin beslutsomhet.
Israfel gjekk tilbake til Uglene, og vart velkommen i partyet som eit "nytt" medlem.
Om natten vart Po invitert av Madul til å diskutere hans overgangsritual til vaksen: Jakten. Han måtte finne Illithilichen og drepe den, og så ville han bli ein ekte githzherai-kriger.
Davor fekk ein draum frå Aurathear Darastrix, kor han såg Uglene i deira fulle potensiale gå inne i ein skog, og han såg at det var deira noverdige form og at dei endeleg var klar. Drakeguden viste at dei gjekk ned i djupet av Azerskogens mørke og slåss mot ein skapning av mørke, klør og vinger, med raude auge og ein aura av ondskap. Drakeguden kaldte denne Mordvinge, og sa at Davor endeleg var klar til å bli helgen og hans siste prøvelse venta no: å slåss mot Mordvinge og redde azardvergene frå dens innflytelse.
Po hadde og ein draum den natten, og han snakke med ein likbleik alv med svarte auge og horn i kjellaren til ein festning av knoklar og død. Denne alven spurte om Po var "han som surfer på det svarte vatnet", og introduserte seg sjølv som Orcus, stillhetens herre. Han sa at dei to hadde ein felles fiende: Lady of Sin, og at han var villig til å gi dei viktig informasjon om eit av hennar angrep på Toirecíud, i mot at dei ga han illitilichen sitt phylactery med dens livsessens i. Om dei ville hjelpe han med dette, kunne det være byrjinga på ein allianse mot Lady of Sin og Graz'zt.
Når Po spurte han kva han ville ha den for, forklarte han at illitider har vert ein vanskeleg nøtt å knekke, men med kunnskapen om illitilichen kunne han endeleg byrje å korrumpere illitidene og øydeleggje dei.
Po sa at han ville tenke på det, men om dei skulle jobbe saman ville han møte Orcus. Orcus sa ja til dette >:)))
Dagen derpå hadde imperiet bygd eit gigantisk amfiteater, og fleire av Uglane vart kontakta av forskjellege folk:
  • Ceren vart approached av mor Wells, også kjent som Mother Assassin, leiar av the Office of Secret Services og Eisenfried sin overordnede. Ho sa at det var ein spennande framtid for Prinsvakt prosjektet, og at OSS var villig til å gi Ceren og Ishmael praktisk talt uendelege ressurser for å utvikle eit strike-team til bruk mot opprøre i Akshus og ellers i imperiet: Nattuglene. Sjølvsagt ville OSS og bankrolle sivile utviklingar av teknologien, og Ceren sas eg einig i dette tilbodet.
  • Blaecbrand vart approached av lady Nokothula Mfalme, speaker av Sølvrådet. Ho tilbydde Blaecbrand ein plass på Sølvrådet når tiden kjem, ein plass kor ho kunne påverke heile imperiets politikk og bevege framtida med stor makt. Mfalme observerte frå Blaecbrand sin fil at ho ville være flink på denne politiske arenaen, og stilte seg til rådighet som mentor for å navige imperiets politikk.
  • Davor vart approached av pontiff Sullyvahn, leiaren for drakekyrkja, som sa at han kunne sjå at Davor openbart var velsigna, og kunne sørge for å gi han ein god posisjon nord i imperiet som biskop eller erkebiskop, om han ønska slik innflytelse. Men om han ville være i Akshus ville Sullyvahn og velsigne det.
  • Israfel vart approached av Gullkeisaren, som viste at kommandør Konstantin, leiar av Talonsne, og Aarjahn var komt sørover. Aarjahn var glad for å møte Israfel, og introduserte seg skikkeleg. Dei hadde og med seg Israfel sine søsken, og Gullkeisaren gjennopplivde dei ein etter ein, slik at tilslutt var alle tilbake, Hajax, Heskan og Thostic. Bortsett frå Jaxi, som Gullkeisaren fortalde at hadde fått eit fint etterliv. Israfel spurte om å få ein hundre års ferie i Akshus, og Gullkeisaren lo og sa at hen hadde fortjent. Søsknene sa at dei kom til å sakne hen, men om det var nokre store kamper skulle dei sende ord ned og få hen med i kampen.
Deretter var Uglene med på triumfen, kor størstedelen av imperiets viktige adelege og kyrkjas øvste styreorgan fekk sjå hæren som hadde erobra Akshus. Gullkeisaren ga ut gåver og medaljer til alle krigens helter, på begge sider, og Uglene og fekk gåver og heder og ære, i form av rustninger, bøker, velsignelser og magiske items.
Så kom kongefamilien opp, leia av Ibrahim. Asher var gitt ein magisk øks laga av vulkandvergene av Askedyb, som heitte Morgenklinge. Ishmael blei gitt ein magisk bok som ville gjere han enda smartare. Blaecbrand blei gitt eit drake-egg frå hvelvet, som før eller sida vil bli ein drake ho kan ri på og arve vidare. Ibrahim blei gitt ein krone av keisaren, og eit nytt namn: Ibrahim the Great, foreinaren av Akshus.
Til slutt kom Stor-Kommandør Allexander opp, og av keisaren vart han gitt kommando over Erobringslegionen i Qi, for å vinne tieflingene sine hearts and minds og utvide imperiet over havet.
Etter festivitetene ved triumfen snakkar Ishmael og Israfil saman og introduserer seg skikkeleg til kvarandre. Dei ender opp med å bli einige om å fortsette å date, og bli skikkeleg kjent etter alt dette er over.
På kvelden møtest Uglane med Madul for å byrje Jakten. Po sverger å oppholde sine eder, at han er klar til å bli voksen og at han vil drepe illitiden, som githzheraiene har slåss mot siden tidenes morgen. Po valgte ut resten av Uglene som hans jakt-kompanjonger, og byrja å reise til illithilichen.
Blaecbrand teleportete Uglene nedover, men dei vart fanga i eit anti-teleporterignsfelt som spytta dei ut i ein tunnell fylt med vampyrer av Hresh-dynastiet. Uglene drepte desse med ekstremt prejudice, og var klar til å gå mot illithilichens festning.

Missions/Quests Completed

Fool's War
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
19 Dec 2022
Primary Location
Related Plots

Comments

Please Login in order to comment!